Archive for ‘USA’

august 8, 2022

Farleg vind!

Harald Sverdrup, frå diktsamlinga «Farlig vind», 1969. Klikk og kikk

Biblioteket er i vinden! Men i USA, og i Sverige, handlar det mykje om motvind. Vi har fleire gongar skrive om det stadig meir oppsiktsvekkjande biblioteklandet USA (sjå tæggen «USA), der lokale, for så vidt demokratiske*, debattar om bibliotektilbodet no risikerer å øydeleggje heile institusjonen. Dei omfattande aktivitetane til Alt-right, det såkalla alternativhøgre, kan stadig oftare speglast i den lokale bibliotekpolitikken. Særleg har det toppa seg rundt LHBT+, abort og kreasjonisme versus evolusjon. Kva blir det neste og kor alvorleg kan det ende?

* For så vidt demokratisk, for i US-amerikanske kommunar har dei politisk valde bibliotekstyre med stor makt (med variasjonar). Mens vi i Noreg har ei biblioteklov som gir biblioteksjefen nærmast alle fullmakter.

Det mest dramatiske dei siste vekene må vere rapporten frå Jamestown i Michigan, der det har blitt fleirtal i ei avstemming for å «definansiere» biblioteket om ikkje LHBT+-bøker for unge vaksne blir fjerna. Det som vil skje, er at …

read more »
mai 28, 2022

«Bibliotekarer kalles barnepornografer»

Usensurerte. Sellebakk, Årets bibliotek i Noreg 2021

Vi har i det siste, under taggen «sensur», blogga nokre gongar om foreldrekampanjane i USA mot ulike «upassande» bøker i skolebibliotek. Saka har også nådd norske aviser, blant anna Morgenbladet denne veka. Vi har lånt overskrifta frå dei. Éitt problem er mobbinga av bibliotekarar, som faktisk kan ta slike former.

MB har hatt direkte kontakt med blant anna Deborah Caldwell-Stone, sjefen for intellektuell fridom i den amerikanske bibliotekforeininga ALA. Ho trur det vil auke; temaet kan bli viktig i mellomvalet i USA seinare i år: «Mange republikanske politikere deltar i debattene om bokforbud. Dette selv om spørreundersøkelser viser at 71 prosent av velgerne er mot at bøker forbys fra offentlige biblioteker, og 67 prosent er mot forsøk på å fjerne bøker fra skolebiblioteker. – Dette gjelder for republikanerne også, som ofte stoler på at skolebibliotekaren tar gode valg. Men de mest høylytte stemmene …

read more »
april 13, 2022

New York Public Library saboterer boksensuren!

Vi har skrive mykje om den aukande «folkerørsla» for å fjerne «upassande» bøker frå bibliotek i USA. Men no har folkebiblioteket i New York i samarbeid med tre store forlag sikra gratis digital tilgang til førebels fire av titlane som er forbodne eller utfordra lokalt eller i enkeltstatar. Og her gjeld ikkje «eksemplarmodellen» som er vanleg for e-bøker. Alle får tilgang kor som helst, utan ventelister og faktisk utan lånekort!

april 13, 2022

Breaking News: Sosialist blei president i ALA!

Vi skreiv om det her om dagen, at den erklærte, profilerte sosialisten Emily Drabinski var den éine av dei to kandidatane til toppvervet i verdas største (?) bibliotekforeining. No er det klart at ho vann! Det er enno ikkje på topp på ALA sin nettstad, men du finn ei sak under News. Og Twitterkontoen hennar er sprekkfull av gratulasjonar.

I ALA-oppslaget seier ho dette:

«Thank you to everyone who participated in this election. I am humbled and excited to serve as your President-elect. Thank you to Kelvin Watson for standing for election with me. I have the deepest respect and gratitude for Kelvin and his commitment to libraries.

As we face an uncertain and challenging future, I know this: we have each other, and we are enough. I am ready to get to work with all of you to strengthen our association and our field to support library workers and the communities we serve. Thank you for your confidence and support of my vision for ALA and your role in that vision. We have a lot of work ahead to build collective power for the public good. I can’t wait to get started with all of you.»

Ho tiltrer i 2023 og har vervet eitt år, men dette vil gi meirsmak!

april 5, 2022

729

Dette er talet på klagar og krav om fjerning av bøker frå folkebibliotek i USA i 2021. Klagane omfatta i alt 1597 titlar. Dei fleste av desse var skrivne av eller handla om farga eller LGBT-personar. Tala er mykje høgare enn nokon gong før, og no kjem det klagar i alle delstatane.

Slike saker har fått stor plass i den US-amerikanske bibliotekforeininga sin årlege rapport om «rikets tilstand»: State of America’s Libraries Report 2022. Denne aukande tendensen er ei påkjenning for dei tilsette. Til dømes fortel ein skolebibliotekar:

«Det som plagar meg mest, er at innsatsen min for å følgje retningslinene for bokval førte til at skoleleiarane både lokalt, i distriktet og lokale lærerforeiningar stilte spørsmål ved profesjonaliteten min … Eg hugsar eg gret under skrivebordet på kontoret mitt, eg hugser eg skalv av sinne etter møtet der min tillitsvalde og distriktsadministratorar mildt, men tydeleg skulda meg for å ha brote dei etiske pliktene mine som lærar» (vår omsetting).

Blant anna også kampen mot falske fakta er grundig dokumentert.

juni 19, 2021

Vegar, vatn, straum – og bibliotek

Både tog og informasjon er viktig infrastruktur

Etter pandemien har president Biden satsa på heilt naudsynt styrking av infrastrukturane i samfunnet. Men det trengst meir: «Mens vi fiksar vegane, bruene, vatn-, avløps- og kraft-infrastrukturane i landet, må vi også reparere dei lokale institusjonane som bind saman lokalsamfunn, som let små verksemder overleve, let arbeidarar finne jobbar og får foreldre i arbeid».

Dette skriv den etablerte biblioteklobbyisten David Vinjamuri i artikkelen «How Libraries Can Save Democracy». Og han meiner biblioteket er den viktigaste av desse institusjonane i USA. I tillegg kjem den yrkesretta utdanninga (community colleges) og museum for barn.

Nyleg skreiv vi om Vedum sin stortingsval-lovnad om statlege sørviskontor, som han tenkjer seg fusjonerte med dei kommunale. Vi var skeptiske med bakgrunn i røynsler der kommunar har utpeika bibliotek til «vertskap». For då er ikkje lenger biblioteket ein «fristad», den einaste offentlege etaten utan styresmaktenes peikefinger og kontroll. 

Men vi nemnde også at særleg i USA har mange bibliotek blitt «uoffisielle sørviskontor» ved at dei på eige initativ bruker mykje tid og kompetanse på å løyse alle slags problem for dei store ressurssvake gruppene, både språklege minoritetar, fattige og alle dei som “berre” manglar tilgang til nettet. 

Og så kjem altså Vinjamuri med fleire viktige oppgåver biblioteket …

read more »
mars 19, 2021

NOK 1 699 380 000 i koronastøtte til bibliotek!

Frå NYPL på 5th Ave.

Okei, denne overskrifta er reinspikka klikkhoreri for å få folk til å lese om krisestøtta til US-amerikanske folkebibliotek. Det er CNN som melder at 200 millonar dollar av Joe Bidens pakke på 1,9 milliardar er øyremerkte til biblioteka.

Pengane kjem i stor grad til å gå til meir datautstyr for å hjelpe millionane av fattige som har biblioteka som einaste stad å gå for få registrert seg for å motta statlege dagpengar. Bibliotektilsette hjelper også folk å navigere på nettet og blant anna kommunisere på video med legane sine, gjennomføre jobbintervju og no registrere seg for vaksine.

For eit år sidan gjorde den norske regjeringa ein del digitale tenester lettare tilgjengelege for elevar og studentar, pluss nokre millionar til biblioteka for innkjøp av fleire e-bøker. Men no under den nye nedstenginga i nesten halve kongeriket får ikkje biblioteka eingong dét.

I september lista vi opp bibliotekutfordringar og -behov etter pandemien i 19 punkt under tittelen: Korona-omstillinga for biblioteka vil KOSTE, herr kulturminister!

januar 6, 2021

Library of Congress evakuert

Kongressbiblioteket i fredelegare former for nøyaktig tjue år sidan. Fotograf, her med ryggen mot Kongressbygget, Anders Ericson, CC BY 4.0

Nettstaden The Hill skriv i dag: «The U.S. Capitol Police on Wednesday locked down the Capitol building and evacuated multiple congressional buildings amid increasingly violent protests outside. Buildings being evacuated included the Library of Congress’s Madison Building across from the Capitol as well as the Cannon House office building».

Men på twitter i dag har ikkje biblioteket noko meir dramatisk å melde enn eit nys, rett nok det første forsynt med copyright.

oktober 31, 2020

Bibliotekarar mot kupp

«Alle» i bibliotekfeltet er for demokrati. Konferanse på konferanse har demokrati som tema, og dei siste tiåra har vel alle strategiske dokument om folkebiblioteka fokusert på dette. I vår del av verda handlar det mest om å slå inn opne dører. I USA derimot, kan det snart bli langt meir konkret og tilspissa. Social Responsibilities Round Table (SRRT) er ei «spesialgruppe» av den US-amerikanske bibliotekforeininga ALA. Dei har no sett det naudsynt å vedta ei fråsegn om å slutte opp om fredelege demonstrasjonar mot alle forsøk på å ikkje respektere resultatet i presidentvalet 3. november.

SRRT viser til eit sett med ti råd frå organisasjonen Choose Democracy dersom det blir uro etter valet. Eit døme på svært konkrete førebuingar er dette rådet:

«To start preparing, talk to at least 5 people who would go into the streets with you — the safest way to take to the streets is with people you know and trust»

Choose Democracy har fire krav:

  1. We will vote.
  2. We will refuse to accept election results until all the votes are counted.
  3. We will nonviolently take to the streets if a coup is attempted.
  4. If we need to, we will shut down this country to protect the integrity of the democratic process.
juli 29, 2020

Bibliotekdrift og avdrift i USA

Skjermbilde 2020-07-29 17.41.35

Bærum bibliotek har laga ei leseliste for ungdom om BLM. Klikk og kikk.

I Washington Post finn vi to urovekkjande oppslag om bibliotek denne veka: I hovudstaden har folkebiblioteka opna igjen, men raskare og meir uforsiktig enn dei fleste andre stader. Trass i fleire klagar er ikkje biblioteksjefen einig i dette. Blant anna meiner han det ikkje er naudsynt å informere personale eller publikum når ein tilsett har fått påvist smitte, fordi «tilsette ikkje er meint å kome nærare enn seks fot frå kundene meir enn ein augneblink». I tillegg viser han til dei tilsette sitt personvern. Han seier han «forstår uroa blant dei tilsette, men meiner innbyggjarane må kunne kjenne seg trygge når dei kjem for å låne bøker».

Og i Douglas County, Nevada, vil ikkje sheriffen svare på eventuelle naudtelefonar frå biblioteket, fordi dei har erklært at dei stør #BlackLivesMatter….

juli 10, 2020

Tjue milliardar til biblioteka?

Skjermbilde 2020-07-10 13.46.54

Yoga kan ikkje redde biblioteka no, men det var eit tilbod under ALA-konferansen i Chicago i 2017

Dette er grovt omrekna frå dollar, og då forstår vi at det handlar om USA, ikkje Noreg. Og det er førebels berre eit forslag som to sentrale politikarar frå Demokratane har lagt fram og som bibliotekforeininga ALA sjølsagt stør. Til skilnad frå korona-støtta her i landet er dette ikkje prosjektpengar, men støtte for å kompensere for konkrete øydeleggingar etter pandemien:

  • $1.7 billion to be distributed to local libraries through state library agencies based on state population, with a minimum of $10 million to each state
  • $45 million in formula grants to Tribal libraries
  • $200 million in competitive grants to strengthen library services to communities affected by COVID-19
  • $40 million for IMLS to administer grants and conduct research and data collection related to the impacts of COVID-19
mai 22, 2020

Bibliotekopning med pisk og gulrot

Skjermbilde 2020-05-22 12.05.27

Foto: Brad Segal

For nokre veker sidan skreiv vi om kor viktig det er at bibliotekmiljøet dannar breie alliansar nasjonalt og lokalt med venar av kunnskap og demokrati for å forsvare framtida til institusjonen og tilbodet. I USA er slike ting på gang. Der har no more than 30 businesses and nonprofit organizations skrive under på eit opprop for ei stor statleg krisepakke til biblioteka.

Men dette kjem saman med ein sterk tendens i statar og byar for å opne biblioteka så fort som råd. Ein bloggar seier det slik:

There’s been a trend of articles coming out in major publications that are all about how excited people are to get back to their libraries, how resilient libraries are, all kinds of happy-go-lucky “we’re doing just fine!” stuff.

Opning skal skje med visse smitteverntiltak sjølvsagt, men ofte i eit tempo …

read more »

august 9, 2019

Flyktig utlån

Skjermbilde 2019-08-08 17.30.52

Sett, og mobiltelefonisk dokumentert i feb 09

Peter Alsbjer, bloggarkollega aust for Kjølen, byr i dag på ein type utlånsmedium vi ikkje har sett før, nemleg ryggsekk med kikkert og fuglebøker, elegant videopresentert av eit bibliotek i Kanada.

Og så er det jo fredag, og vi kan ikkje stå imot freistinga å kople dette til ein ur-standup-komikar frå Peter sitt heimland. Som tilrår å starte fågelskådandet med utstoppa eksemplar. Her har, som tidlegare omskrive, Moss bibliotek eit potensial.

PS: Denne kategorien lånarar bør få info om fuglesong-appen Whatbird. PS: Heromskogs synst vi han gir vel mange treff på dompap i høve til kor få vi faktisk ser. Kva er det med dompapen?

juni 26, 2019

CIA på bibliotekmøtet

I fleire medium i USA, blant anna på Common Dreams, kan ein lese om protestane mot at CIA fekk ha ein stand under bibliotekforeininga ALA sin store årskongress som fann stad i Washington DC helga som var. Eit forslag om utestenging fekk likevel ikkje fleirtal, med grunngjevinga at CIA ville bli nekta ytringsfridom…

Intitiativtakar til protesten var Alison Macrina, som alt er ein av dei Barske Bibliotekarane her på bloggen (sjå nr. 3). Ho argumenterte med at “Everything they stand for is a violation of the values of librarianship.” Og med at det finst ein viss tradisjon for rekruttering av bibliotektilsette til hemmeleg overvåking for styresmaktene. Noko vi skreiv om tidlegare i år, sjå avsnittet “Biblioteksporet i røynda”. Då handla det rett nok ikkje om CIA men FBI.

april 12, 2019

Assange fakka, men «De virkelig skyldige går fri»

Skjermbilde 2019-04-12 12.02.20Slik konkluderer redaktør Mari Skurdal i leiaren sin i Klassekampen i dag. Ho minnar blant anna om ei av lekkasjane Assange kjem til å bli livstidsdømt for i USA, om ingen får stoppa dei, filmen frå helikopteret under og etter at dei i 2007 skaut og drepte mange sivile i Bagdad, blant anna ein journalist. På denne versjonen av filmen har dei lagt på undertekster, sjå også biletet her til høgre: «Look at all those dead bastards», seier ein. «Nice», svarer ein annan i helikopteret.

I desember hadde med-bloggar Mikael Böök eit innlegg i Hufvudstadsbladet og her på bloggen, med overskrifta – Stöd Julian Assange och ge WikiLeaks en trygg fristad i biblioteken. Elles har vi i over elleve år skrive om Wikileaks her på bloggen.

Translate »