Litteraturpolitikk utan sans for bibliotek

Slaatta og Rønning med kaffiflekkar frå Bergensbanen

>> Oppdatert på eit par punkt 16.8.2019

6. juli blogga vi om oppslaget i Klassekampen om boka «Litteraturpolitikkens verktøykasse» av Helge Rønning og Tore Slaatta. Verken vår eller (truleg) Ragnar Audunsons kritikk av karakteristikkane deira av biblioteket var basert på lesing av den blodferske boka. Men no har vi endeleg fått direkte innblikk i verktøykassa. Likevel utan å bli imponert.

NB: Forfattarane sin påstand om biblioteket som ein slags urimeleg, skattepengefinansiert konkurrent til litteraturhus og anna privat fremming av litteraturen, kjem vi ikkje til å ta opp igjen her, då Audunson og Sira Myhre avviste påstanden solid i Klassekampen, jf lenkene ovanfor.

Boka burde vore viktig, då lite blir skrive om dette i bokform, i alle fall ikkje til eit litt større publikum. Og denne stiller ikkje spesielt høge krav til lesaren gjennom dei små 131 sidene pluss godt noteapparat. Men det er ingen mangel på ambisjonar, for lanseringa av boka har forlaget kopla til Noreg som gjesteland under bokmessa i Frankfurt denne hausten. Det må vel bety at boka heilt eller delvis skal brukast internasjonalt, noko som ikkje blir mindre sannsynleg når forfattarane er dei dei er.

Nytt 4.8. >> Vi ser i dag at boka også har kome ut på engelsk.

Men då blir det endå viktigare å få meir debatt om boka enn her på bloggen og dei to tekstane i Klassekampen, pluss éin stutt omtale i Vårt Land (per 25.7. på Atekst). 

Vi finn stort og smått av oppdatert informasjon i boka som vi ikkje har funne andre stader og som bør interessere blant anna bibliotekarar. Som til dømes at 29 prosent av Hollywoodfilmane dei siste åra er baserte på romanar.

Og at det er 40 tusen bøker i sal her i landet til kvar tid (truleg meiner dei norske). Dei har også talet på utgjevne titlar per år, nemleg 11 tusen. Men dette avslører ferskvaredominansen i det kommersielle detalistleddet, noko dei godt kunne ha påpeika, i alle fall i høve til kva biblioteka tilbyr, nemleg ti gongar så mykje, rundt 450 tusen i trykk og digitalt, jf Nasjonalbiblioteket (klikk «Bøker»).

Bibliotekutlånet uinteressant

Biblioteka er sjølvsagt nemnde blant dei litteraturpolitiske verktøya. Men i samband med innkjøpsordningane, som årleg bidrar med over ¼ milliard skattekroner til den nasjonale bok-økonomien, er det påfallande at bibliotekutlånet verken av «kulturfondbøker» eller lokalt innkjøpte bøker blir nemnde som verdefull formidling av litteratur på linje med til dømes bokhandelen. Dei nemner at biblioteka står bak «Sommerles» og er viktige i andre kampanjar, men det jamne, daglege utlånet verker uinteressant for dei. Bokhandelen har til no vridd seg unna offentleggjering av salsstatistikken sin, så vi kan ikkje samanlikne, men å ignorere dei rundt 16 millionar årlege utlåna som folkebiblioteka står for, er merkeleg.

Faktisk var Oslo Economics betre på dette i si Utredning om litteratur- og språkpolitiske virkemidler som dei utførte for Kulturdepartentet i 2011. Dei skreiv til dømes om innkjøpsordningane at føremålet, i tillegg til å sikre forfattarane betre inntekter, også var å «Sikre tilgang til bøkene: De innkjøpte bøkene sendes til folke- og skolebibliotekene og til noen mottakere i utlandet. Publikum kan på denne måten gjøre seg kjent med hele årganger av samtidslitteraturen».

Dei fleste bibliotekbrukarar ville kunne skrive under på at bibliotekbesøk og -lån har inspirert dei til å bli lesarar og bokkjøparar. Og i fjor kunne vi blogge om ei US-amerikansk undersøking som stadfestar samanhengen mellom bibliotekutlån og sal gjennom bokhandel. Men sånt er vi blitt vane med at både bokbransje og rikspolitikarar ignorerer.

Likevel: Trond Andreassen, tidlegare generalsekretær i Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (NFFO), gjekk ikkje av vegen for å terge bibliotekfolket, men det går no opp for oss korleis vi saknar ei fjerde revidert utgåve av den litteratursosiologiske boka hans, «Bok-Norge», med dei ofte rundt tretti sider lange og saklege kapitla om biblioteket. Tredje og siste utgåve kom i 2006.

Når biblioteket «fullstendig tar over»

Biblioteket er stort sett overflatisk og upresist handsama i denne boka. Til dømes: For lesarar med liten bakgrunnskunnskap kan eit par formuleringar (på sidene 16 og 20) gje inntrykk av at alt innkjøp til bibliotek er sentralstyrt, ikkje berre «kulturfondbøkene». Utan at vi dermed vil skulde forfattarane for å meine dette.

Og når det gjeld e-bøkene skriv dei at «det må skapes «friksjon» i bibliotekenes lånesystemer, for å hindre at bibliotekets gratismodell fullstendig tar over og dekker all etterspørsel etter litterære verk». Som om ikkje forleggjarane langt på veg alt har sikra dette. Ei slik forståing av situasjonen er det lovleg å ha, men vi stussar, for å seie det mildt.

Når det gjeld e-lydbøker vil vi minne om at dette tilsynelatande rabiate bibliotekmiljøet ikkje er heilt åleine når dei krev meir brukar- og bibliotekvenlege løysingar, men at også kulturministeren står bak kravet.

Men utan å kunne påvirke. Og dette er vel typisk når vi snakkar om litteraturpolitikk i 2019 og frametter: Politikarane har dei siste åra, etter det (relative) digitale gjennombrotet, abdisert for marknaden. Slaatta og Rønning har liten grunn til verken å klage eller vere særleg urolege for framtida. I motsetnad til biblioteka, om vi ser på nedskjeringane og privatiseringa som framtidsscenarier, særleg i UK, men også i Sverige.

Med dette vi har nemnt, pluss den negative vinklinga i høve til både gratisprinsippet og Open Access (her har politikarane faktisk valt brukarane og biblioteka si side), blir boka eit opplagt partsinnlegg for den private og kommersielle delen av Litteratur-Noreg.

Den STORE litterære utfordringa

Men utfordringa for biblioteket er større enn som så. Les Mikael Bööks kommentar her på bloggen om «biblioteksvetarnas (inkl. prof Audunson?) metodologiska nationalism». Ifølgje Böök burde ein «kanske börja med att fråga sig hur väl biblioteken för närvarande klarar sig i «konkurrensen» med Amazon, Google, Barnes & Noble osv.»

I boka finn vi eit kort kapittel om «De nye platformene», og Amazon blir nemnt, men inntil dei eventuelt fullstendig raserer dei heimlege børskatedralane våre vil desse kunne halde fram med litteraturen på det vesle språket vårt, om enn på strammare vilkår. Men for biblioteket, institusjonen som har – eller burde ha – eit mykje større ansvar for den totale kunnskapen i samfunnet, blir det tyngre. Det er der vi treng ein – global – litteratur- og kunnskapspolitikk.

PS: Apropos bibliotek versus bokhandel: Det var under ein «turné» frå Mandal via Stavanger til Bergen det gjekk opp for oss at Pax hadde tatt fellesferie og ikkje kunne skaffe oss leseeksemplar. Då forsøkte vi bokhandlane, men i byane langs ruta var det berre éin butikk i Bergen som hadde eit eks. Samtidig var det i alle fall seks bibliotek som hadde boka. Men ingen langs ruta.

One Trackback to “Litteraturpolitikk utan sans for bibliotek”

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere like this: