Archive for ‘UH-bibliotek’

januar 10, 2022

Idédeling om forskingsdeling no!

«Open Science Logo» by gemmerich (CC BY-SA 2.0)

Ei overskrift på Khrono.no i dag: «47 studenter kunne skrive master­oppgave etter at professoren delte forsknings­data». Professoren er Kirsti Klette, skoleforskar ved UiO. Men problemet er at ho måtte gjere heile jobben sjølv og på toppen av alle andre arbeidsoppgåver. Og at gode metodar for slikt arbeid manglar. Men:

>> Sjå godt spørsmål i kommentar nedanfor

«Klette er nå med i en ny gruppe, nedsatt av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir), som er i gang med å utrede hvilke verktøy forskerne trenger for å enklest mulig gjøre sine forskningsdata tilgjengelige og gjenbrukbare. Gruppen ønsker nå innspill og kommentarer fra forskere på deres foreløpige rapport».

Av rapporten ser vi at bibliotekmiljøet er sterkt med, med Maria-Carme Torras, UBB, i styringsgruppa. På side 11, under overskrifta «Presentasjoner og innspillsmøter» kan ein få inntrykk av at biblioteka, ved UHR-Bibliotek, alt har fullført begge delar, men det gjeld vel berre det første? I alle fall er det tillyst eit digitalt innspelsmøte 19. januar, sjå lenka i det førre avsnittet.

desember 30, 2021

Alvor for UH-biblioteka

På lista biblioteknorge skriv Helge Høivik ved OsloMet mykje og godt om høgare utdanning og bibliotek, men alltid om «Det Store Biletet». I dag er temaet at «Nå kaster internasjonale kapitalfond (hedge funds) sitt lystne blikk på utdanningsmarkedet, – 30 milliarder/år i Norge alene. På tide at norsk bibliotekvesen tar tak med systematiske oversikter og tilgang til OER-baserte digitale læreverk på norsk. UNIT’s MOOC.NO var et godt tiltak, men har ikke tilstrekkelig driv og er både for lett og tungt «i toppen». Det nasjonale biblioteksystemet med UB-ene som kjerne har verdier, tradisjon og evne til å forene den nødvendige lokale forankringen og den lokale kompetanse med nasjonal tilgang for alle».

PS: Biblioteknorge, e-postlista for bibliotekdebatt, er ope for både fagfolket og alle bibliotekinteresserte, medrekna journalistar og politikarar (som det finst mange prov på at var med). Påmelding her. For spørsmål: thomas@kunnskapsallmenning.no  

desember 22, 2021

Digital pliktavlevering: Pluss og fleire minus

Fjernlånshyllene i folkebiblioteka avslører ganske avanserte interesser i folkedjupet. Klikk og kikk

>> Sjå også viktig kommentar frå Lars Egeland nedanfor

Førstebibliotekar Åsne Høgetveit ved UiT er fast spaltist kvar sjette måndag på Khrono. Denne veka skriv ho om omlegginga til digital pliktavlevering av bøker til Nasjonalbiblioteket frå nyttår. Det blir endå færre papirbøker ved UH-biblioteka, og til fjernlån til andre bibliotek. For studentar og tilsette er betre digitalt tilbod eit stort framsteg, men nye utfordringar kjem til overflata, slike som vil råke blant anna frilansarar og forfattarar, som underteikna. Ho skriv:

«… bøkene skal vera knytt til «dokumentasjon eller forsking». Derfor må ein, for å få digital tilgang til materialet, signere på at det er innanfor ein slik bruk at ein ynskjer tilgang. Ein må sende søknad, som så vert godkjent før ein får ein tidsavgrensa tilgang.

Ein ting er at det ikkje er omtala kva dokumentasjon eller forsking inneber. Slik det vert praktisert i dag får til dømes studentar tilgang til bøker i samband med studiane sine, men om ein tolkar lova strengt er dette kanskje ikkje innanfor? Eg veit eigentleg ikkje».

Dét veit heller ikkje bibliotekarar i folkebibliotek. Underteikna, som i året som gjekk i bokform har grave djupt i østfoldsk målføregransking, har støtt på to ulike tolkingar ved tre ulike bibliotek. Éin stad kravde dei først tilknyting til eit UH o.l., noko eg ikkje har. Eg fekk tilgangen min, i periodar på åtte timar, men det var ikkje berre enkelt.

Dette har også Åsne Høgetveit røynsler med:

read more »
august 18, 2021

UH-bibliotek og publisering i støypeskjea?

På Khrono.no i går: «Foreslår en felles publiseringstjeneste i sektoren». Og i ingressen: «En arbeidsgruppe nedsatt av Universitets- og høgskolerådet (UHR) foreslår å slå sammen de åtte plattformene som i dag finnes på enkeltinstitusjoner, til én felles nasjonal publiseringstjeneste».

Alle dei aktuelle biblioteka er sentrale i publiseringa ved sine institusjonar. Det gjeld blant anna over 70 fagfellevurderte tidsskrift. Per Pippin Aspaas, historikar, førstebibliotekar ved UiT Norges arktiske universitet og medlem av arbeidsgruppa, seier til Khrono: 

«Dette startet opp med ganske få ressurser og er bygget på idealisme. Hver enkelt institusjon har selv laget sine egne tjenester. Det er et lavterskeltilbud. I motsetning til i tradisjonelle forslag, er ikke dette den eneste virksomheten ved et bibliotek. Vi trenger nok å samle ressursene mer, og løfte tjenesten, slik at det hele blir mer profesjonelt og strømlinjeformet … Det ligger egentlig en egen faglighet i å gi ut et tidsskrift … Ved å samordne arbeidet i sektoren kan vi ha veldig mye mer driv på utviklingsarbeidet. Det handler om å henge med i tiden».

august 2, 2021

« … minst 1 meter, gjerne mer»

Slike lause lappar med «1» og «2» vil nok alternere i semesteret som kjem

Dette handlar om «avstand mellom ansatte i skranke og låner» ved biblioteka ved Høgskolen i Innlandet. HINN er blitt oppsøkt på heimesidene av Khrono.no i eit oppslag om «Større smitteutbrudd. Slik planlegges studiestarten som nærmer seg akkurat nå». Khrono har også blant anna sjekka UiT Norges arktiske universitet, der dei skriv at «I fellesarealer som kantiner og bibliotek vil imidlertid 1-metersregelen fortsatt gjelde».

juli 26, 2021

OsloMet og digitalisering

OsloMet Foto: Ssu (CC BY-SA 4.0) Utsnitt

Khrono.no hadde i går eit «konstituerings-intervju» med Nina Waaler på OsloMet: «Vil løfte OsloMet til en teknologisk ener». Ho seier ho vil «utnytte og benytte de teknologiske mulighetene som finnes. Det gjelder i utvikling av både faglige og administrative prosesser. Det er viktig å styrke samarbeidet mellom institusjonene slik at vi kan dra nytte av hverandres digitale løsninger, samt utvikle felles digitale løsninger».

Då var det ikkje veeeldig overraskande å sjå Helge Høivik først i kommentarfeltet. Han har mykje å melde, blant anna:

«Skal det faglig forankrede tiltaket Bokskapet med 30.000 registrerte studenter – utenfor Canvas – og forvaltet av universitetsbiblioteket, forbli der? Eller vil Waaler flytte det inn under studieadministrativ ledelse? Dette handler egentlig om faglig forvaltning i partnerskap mellom fagmiiljø og universitetsbibliotek». 

Og: «Det gjelder de to hovedlinjene i nøkkelspørsmålet om hvordan man digitaliserer: Forsterkes maktforskyvningen fra fagmiljø til sentral studieadministrasjon opp mot det topptunge? Blir studentene kunder? Eller bruker vi teknologiens muligheter til å bemyndige lærere og studenter så de kan møte høyere faglige krav? Vi trenger større engasjement i digital transformasjon. Det kan skje ovenfra-ned eller med delaktighet. Nå blåser det en anti-sentralistisk vind».

juli 22, 2021

Fokus på UH-bibliotek og info om kjeldebruk

Kjelde. Til Mossevassdraget. Smalvannsmåsan nær Skullerud i Oslo

Khrono.no følgjer i dag opp saka om sjølvplagiering, der ein sjukepleiarstudent UiA fekk eit års utestenging for sjølvplagiat og nokre referansefeil på ein eksamen. Studenten meinte sjølv at informasjonen rundt spesielt sjølvplagiering ikkje var god nok. Khrono har no snakka med studentleiarar, og «alle sier det varierer for mye fra institusjon til institusjon, fra studie til studie og fra underviser til underviser».

Sjå også fyldige kommentarar nedanfor

Men: «Utdanningsdirektør ved UiA Greta Hilding, mente også i den originale selvplagiatsaken at informasjonen og opplæringen universitetet tilbyr er tilstrekkelig». Og: «Universitetsbiblioteket ved UiA … gjennomfører blant annet kurs i kildebruk».

Vi får også vite at «UiA, sammen med Universitetet i Stavanger (UiS) og Universitetet i Sørøst-Norge (USN), står også bak nettsiden kildekompasset.no».

mai 26, 2021

Folkebiblioteket og høgare utdanning i distrikta

Lesesalar som denne ved gamle British Library (dessverre stengd no) er uaktuelle ved desentrale UH-tilbod, men bibliotektilbod må dei ha

For ein månad sidan skreiv vi om Støre og AP sitt desentraliseringsforslag av høgare utdanning, med utgangspunkt i Kongsvinger bibliotek sitt samarbeid med det lokale utdanningssenteret til Høgskolen i Innlandet (men Støre nemnde aldri denne viktige sida ved det).

Etterpå har det vore ein god del skriving, blant anna i Dag og Tid, og i dag kan vi på Khrono.no lese om eit initiativ frå «ressursgruppa for framtidsskulen» i Nesna. Dei skal ha eit ope videoseminar i Bodø onsdag 2. juni kl. 8.30.

Får vi snart sjå om bibliotekbehovet kjem opp i debattane?

mai 5, 2021

Sentrum – periferi? Digitalt eller ikkje? Brukarbetaling??!

Klikk og kikk

Slik opnar Helge Høivik eit innlegg på lista Biblioteknorge i dag:

«Det skjer en samlet politisk dreining mot fellesløsninger i norsk politikk. En viktig driver er de økende forskjellene mellom folk og økt spenning mellom sentrum og periferi. Klima-krise, digitalisering og pandemi er også drivere. Kunnskapspolitikken er et delområde her med to viktige tendenser: Tydelig motstøt mot sentralisering av høyere utdanning og ny strid om gratisprinsippet. Dette er også bibliotekpolitikk».

Her burde det altså vere nok av «bibliotekar-mat», men denne veka har ikkje bloggaren kapasitet til å gå skikkeleg inn i dette, derfor berre nokre lenker til debatten på Khrono.no i kronologisk rekkjefølgje:

26.4.: Asheim vil åpne for mer egen­betaling ved videreutdanning

30.4.: Helge Høivik: Gratisprinsippet truet av digitale læringsressurser

4.5.: Venstresiden tar dissens om egenbetaling

Pluss 5.5.: Høst på universitetene: Annethvert sete. Minst!

Minnar også om: Slår Støre inn opne lesesalsdører?

Dei som er med på Biblioteknorge bør ta del i debatten Helge prøver å få igang. Meld deg på biblioteknorge-lista igjen

april 27, 2021

Slår Støre inn opne lesesalsdører?

Stine Merete Raaden, biblioteksjef på Kongsvinger

Før landsmøtet til Arbeidarpartiet var Jonas Gahr Støre ute på blant anna Khrono.no med bodskapen at han «vil flytte lesesalen ut i distriktene : Arbeiderpartiet går inn for lokale utdanningssentre for å fylle hullene i kartet for høyere utdanning».

Han nemnde nokre slike senter som førebilete, blant anna Kongsvinger. Her ringde det faktisk to små bjøller hos bloggaren: Ligg ikkje senteret til Høgskolen i Innlandet på Kongsvinger vegg i vegg med det relativt nye og delikate Kongsvinger bibliotek? Og hadde vi ikkje vore borti ein rapport om samarbeid mellom desse to institusjonane? Var samarbeidet blitt noko av?

Vi tok kontakt med biblioteksjef Stine Merete Raaden. Ho kunne stadfeste begge delar:

– Ja, høgskolesenteret ligg rett ved sidan av biblioteket. Men dei har verken bibliotek eller lesesal, berre studieplassar og gruppebord rundt i bygget. Vi har formalisert samarbeid med dei om innkjøp og utlån av litteratur. Vi er veldig tilgjengelege for studentane, og dei bruker oss mykje. Vi har meirope og vi veit at mange studentar vanlegvis sit utover kveldane.

Vi tenkjer også på denne brukargruppa når vi utviklar tenestene våre. Nyleg etablerte vi ein bokklubb for unge vaksne i samarbeid med ein kafé i byen. Det var med tanke på blant annet å nå studentane.

– Samarbeid med folkebiblioteket i satsinga på desentralisert utdanning er vinn-vinn, tenkjer eg. – Det er mange berøringspunkt, og det er naturleg på mindre stader at folkebiblioteket …

read more »
april 12, 2021

Frantsvåg om diamant-OA-tidsskrifta

I Khrono.no i mars blei Jan Erik Frantsvåg grundig intervjua om desse publikasjonane versus «kommersielle tidsskrifter med profittmarginer som ikke ligner grisen»:

«- Om du ikke bryr deg om disse tidsskriftene setter du krokfot på mange forfattere.

– Disse tidsskriftene, som Frantsvåg snakker om, er tidsskrifter innen såkalt diamant-OA. Det dreier seg kort sagt om tidsskrifter som publiserer med åpen tilgang (OA), uten å ta betalt fra verken lesere eller forfattere. De utgis ofte av en institusjon og er basert på utstrakt gratisarbeid. Mens institusjonene stiller infrastrukturen til disposisjon, stiller forskere og andre med egen arbeidstid».

Lesbart for folk som jobbar med sånt, men tyngre å bidra med kloke kommentarar og eventuelle innvendingar for ein bloggar med folkebibliotekbakgrunn. Sjå gjerne dette også i samanheng med Lars Egeland sin tekst frå BIBSYS-møtet i ferske Bok og bibliotek nr. 2. Og på bloggen hans.

januar 8, 2021

Digitaliseringskunnskapsoppsummeringar i kjømda

Bak tittelen «Hva sier forskningen om digitalisering og studentenes læring?» på Khrono kan vi i dag lese: «I det digitale Læringsbiblioteket har vi utført systematiske litteratursøk og samlet nesten 100 kunnskapsoppsummeringer av forskningen på feltet. Kunnskapsoppsummeringer er en viktig kilde til kvalitetsutvikling av undervisning og læring i høyere utdanning. Slike oppsummeringer viser hvor kunnskapsstatusen står og hvor det mangler kunnskap. Foreløpig er Læringsbiblioteket begrenset til helsefag».

november 24, 2020

Student- og anna einsemd

Einsemda i ein lesesal

Dette er sikkert ikkje noko nytt for norske UH-bibliotek, men vi vil berre nemne at Khrono.no no tar for seg ein rapport frå ei ekspertgruppe som blant anna meiner at bibliotek kan vere viktig for studentar under koronaen. Artikkelforfattaren nemner verken namnet på rapporten eller lenker til han, men vi fann han: «Tiltak for oppfølging av studenter ved fagskoler, høyskoler og universiteter under pandemien».

Punkt 5.2. heiter «Studentene trenger faglige og sosiale møteplasser hvor de kan overholde smittevernregler», og her kan vi lese: «Institusjonene bør så langt det er mulig også stille lokaler til disposisjon slik at studentene kan bruke lesesaler, bibliotek, kantiner og andre rom til faglige og sosiale aktiviteter innenfor de gjeldende smittevernrammene» (vår utheving). 

Men dét er også alt.

Vidare har vi no for første gong lånt ei e-bok på Allbok: «Ensomhetens århundre« av britiske Noreena Hertz. Boka er så fersk at ho har med koronaen, men så har ho også preg av hastverk. Vi kjem ikkje til å lese heile. Det er ein flaum av …

read more »
november 12, 2020

Virtuell, smittefri lesesal!

Biblioteket på NTNU har no opna ein ny lesesal: «Sitter du hjemme og trenger hjelp til oppgaveskriving, referering, litteratursøk eller lån av bøker? Besøk Det virtuelle biblioteket i Zoom alle hverdager mellom kl. 10-14».

Dette er delvis det same som den tidlegare, men sidan 2012 nedlagde tenesta Biblioteksvar. Nasjonalbiblioteket kutta då den økonomiske støtta til administrasjon, men i fleire år deltok til kvar tid 250 norske bibliotekarar i dette. Dei blei fristilte til nokre timars innsats i månaden av arbeidsgjevarane sine, dei rundt 60 biblioteka som deltok. Mange sakna denne tenesta, men ikkje mange nok for NB-leiinga. Argumentet for kutt i støtta var at bruken gjekk ned. Men det var før det hadde vore økonomi til noka skikkeleg marknadsføring. Pandemien, som vi no veit blir langvarig, gjer dette enå meir aktuelt enn før. Noko liknande må på plass igjen for forkebibliotekbrukarane!

Vi (underteikna var med heile vegen, som konsulent) starta opp omtrent samtidig i alle dei nordiske landa. Og hos dei andre finst tenestene framleis: Den danske Biblioteksvagten.dk, den svenske Bibblan svarar og den finske Fråga bibliotekarien.

Jamfør også punkt 12 i samlinga vår med tiltak for biblioteket under og etter korona.

september 17, 2020

Forskningsrådet: – Vi er i ferd med å nå målet om åpen tilgang

Kontant avvising av rykter om gravlegging av Plan S frå direktør Røttingen og tre andre leiande personar i Norges Forskningråd på Khrono.no onsdag. Dei skriv blant anna: «Mange har fått med seg at ERCs vitenskapelige råd ikke lenger fullt ut støtter Plan S-implementeringen. Dette er beklagelig, selv om det vil ha liten praktisk betydning for Forskningsrådet og andre finansiører i cOAlition S».

Translate »