Archive for ‘Tidsskrift’

januar 12, 2023

Tids­skrifta: «— Vi kan bare dumpe dem»

Dette blir det sikkert meir om (det er alt fem kommentarar kl. 15.30), så berre kjapt innpå no frå Khrono.no i dag:

I desse AI-tider søkte bloggaren i eigen Google Foto på «elektronisk» og fekk denne utsikta frå balkongen i mai … ?

Dei intervjuar rektor Curt Rice ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU), og han «peker på åpen publisering, også kjent som Open Access, og sier det er et forsøk på å få et nytt system, riktignok med tidsskrifter. Men overgangen til åpen publisering er blitt kuppet, …

— Den er blitt kuppet av de store forlagene, som har sitt primære ansvar overfor aksjeeierne. De er mer opptatt av inntjening enn kvalitet, sier han og peker mot forskning- og høyere utdanningsminister Ola Borten Moe.

— Om Borten Moe virkelig vil spare penger, da skal han si at vi ikke betaler for tidsskrifter fra de store forlagene. Jeg skulle ønske han gjorde det».

august 17, 2022

Ytringsfridomskommisjonen: Betre bibliotektilgang til aviser og tidsskrift?

Arendalsveka har fått litt større tyngde når ho i år er åstad for slepp av fleire viktige politiske utgreiingar. Ei av desse er Ytringsfridoms- kommisjonen sin «NOU 2022: 9 En åpen og opplyst offentlig samtale». Kritikken går på alt frå å tillate å kalle politiet «kålorm» til å opne for politisk reklame på tv. Viktigare er det likevel når medieprofessor Petter Bae Brandtzæg i Klassekampen i dag går laus på påstanden deira at «Ytringsfriheten har svært gode vilkår i Norge i dag». I staden må Noreg «ta flere nasjonale grep for å temme IT-gigantene», seier han.

Ein kunne trudd at folkebiblioteka hadde vore meir sentrale i NOUen i og med at utvidinga av §1 i biblioteklova i 2014 («debattbiblioteket») var såpass sterkt knytt opp til den førre kommisjonen (1999) si innføring av omgrepet infrastrukturkrav og endringa av §100 i Grunnlova. Altså at «at staten aktivt skal medvirke til at individer og grupper har en faktisk ytringsmulighet». 

Men biblioteklova er ikkje nemnd. Biblioteka er nemnde i ein «boks» om infrastrukturkravet, men berre i ei brei opplisting: «Begrepene «åpen» og «opplyst» skal minne om det ansvaret staten har for at forholdene legges til rette for en bred deltakelse i det offentlige ordskiftet. Dette kan være alt fra å ha en offentlig allmennutdanning for alle, bibliotek, samfunnshus, til ulike støtteordninger innen felt som media, kunst, vitenskap og biblioteker og en utdannings-, forsknings- og kulturpolitikk i vid forstand».

Dette er vel uttrykk for at «debattbiblioteket» ikkje har fått det gjennomslaget mange hadde håpa i 2014.

Men det som kan bety svært positivt nytt, om det passerer høyringsrunden og Stortinget, er punktet «12.7.3 Bedre tilgang til journalistikk i bibliotekene». Dette er éin av kommisjonens åtte «anbefalinger»:

«Bibliotekene tilbyr i dag tilgang til enkelte norske aviser gjennom tjenesten Pressreader. Mange steder kan man logge inn med lånekortet sitt også utenfor bibliotekene. Denne tjenesten tar utgangspunkt i avisenes papirutgaver. Kommisjonen anbefaler å arbeide for avtaler som gir tilgang til flere aviser, avisenes nettutgaver, magasiner og tidsskrifter når man befinner seg i biblioteket».

I morgon kjem forslaget om boklov, som Bok365 spår at vil utvide leveringsplikta av lydbøker til folkebibliotek. Men: «Utlånsvilkår må avtales nærmere mellom partene». Der prisen er éitt av vilkåra.

august 12, 2022

Tidsskrifta på nb.no

Kjapt innpå om at det no er 20 innlegg i debatten om Norart på forumet Bibliotek-Norge på Bibliotekutvikling.no (du må vere medlem). Blant anna fortel NB om framdrifta når det gjeld digitalisering av nye, og gamle, tidsskriftnummer. Dette var nytt i alle fall for underteikna.

juni 28, 2022

Eit (ikkje så stort) tidsskriftløft

Kulturrådet melder no at dei «etablerer ny modell for innkjøp av tidsskrifter til bibliotekene». Den nogjeldande modellen, der biblioteka kunne søkje om å få subsidiert abonnement på tidsskrift, har vore krevjande og dyr å administrere. Etter ei evaluering ved Høgskulen i Volda har rådet no vedtatt «å erstatte den med en modell der tidsskriftene vil kunne søke om å bli godkjent for innkjøp til folkebibliotekene, og der bibliotekene så vil kunne legge inn sine ønsker om abonnement på de tidsskriftene de ønsker, innenfor ordningens ramme».

Men ordninga har klare avgrensingar, for det første vil ho omfatte berre kulturtidsskrift, og ikkje fleire enn «tentativt 15 – 25», står det på side 27 i Volda-rapporten, og for det andre vil kvart bibliotek berre få innvilga 4-5 gratis, etter eige ønske. Men nuiallafall, som svenskane seier.

Det vil også følgje med nokre tiltak frå Kulturrådet på formidlingssida. Og der det enkelte biblioteket må forplikte seg på nokre punkt. «Den nye modellen gjelder fra søknadsfristen 2. september 2022, og det vil bli avholdt et informasjonsmøte om endringene 18. august».

desember 27, 2021

Fagfellestreik!

Leif Longva og Bård Smedsrød ved UiT Norges arktiske universitet hadde i går, 26.12., eit debattinnlegg på Khrono.no med tittelen «Stans gratisarbeidet for grådige tidsskriftsforlag». Dei sett på kor mykje publiseringa burde kosta den norske vitenskapelige sektoren, nemleg ca. 68 millionar kroner per år, mens 482 millionar var det det faktisk kosta (i 2019) (kjelda deira her bør ein merkje seg, nemleg den ferske rapporten «Status for åpen publisering og kartlegging av kostnader» av Nina Karlstrøm, Lars Wenaas og Vidar Røeggen).

Men i tillegg kjem gratisarbeidet med fagfellevurdering, held Longva og Smedsrød fram:

«Tidsskriftene er helt avhengige av dette gratisarbeidet. Og det er kun forskerne som er kompetente til å utføre jobben. Denne gratisjobben må ses på som en del av betalingen til forlagene. Og da har man jo et forhandlingskort! Som forskernes arbeidsgivere bør universitetene kunne true med å stoppe dette gratisarbeidet, f.eks. i neste forhandlingsrunde med et av de aller grådigste forlagene. Og vi lurer også på om Riksrevisjonen har interesse for hvordan UH-sektoren forvalter sin forhandlingsposisjon».

Trass i juleglede, julestas og juleromantikk er ein kritisk kommentar alt på plass.

Forts go jul!

august 18, 2021

UH-bibliotek og publisering i støypeskjea?

På Khrono.no i går: «Foreslår en felles publiseringstjeneste i sektoren». Og i ingressen: «En arbeidsgruppe nedsatt av Universitets- og høgskolerådet (UHR) foreslår å slå sammen de åtte plattformene som i dag finnes på enkeltinstitusjoner, til én felles nasjonal publiseringstjeneste».

Alle dei aktuelle biblioteka er sentrale i publiseringa ved sine institusjonar. Det gjeld blant anna over 70 fagfellevurderte tidsskrift. Per Pippin Aspaas, historikar, førstebibliotekar ved UiT Norges arktiske universitet og medlem av arbeidsgruppa, seier til Khrono: 

«Dette startet opp med ganske få ressurser og er bygget på idealisme. Hver enkelt institusjon har selv laget sine egne tjenester. Det er et lavterskeltilbud. I motsetning til i tradisjonelle forslag, er ikke dette den eneste virksomheten ved et bibliotek. Vi trenger nok å samle ressursene mer, og løfte tjenesten, slik at det hele blir mer profesjonelt og strømlinjeformet … Det ligger egentlig en egen faglighet i å gi ut et tidsskrift … Ved å samordne arbeidet i sektoren kan vi ha veldig mye mer driv på utviklingsarbeidet. Det handler om å henge med i tiden».

juni 7, 2021

Trist om tidsskrift

I dagens Klassekampen er «Kneblet av The Lancet» hovudsaka på kultursidene. Det handlar om fjerning av eit lesarinnlegg av ein menneskerettsaktivist og tre legar, blant desse norske Mats Gilbert. Lancet-redaktør Richard Horton skal ha vedgått andsynes forfattarane at redaksjonen gjorde dette etter «eksternt politisk press fra pro-israelske miljø».

I innlegget åtvara forfattarane «om hvilke konsekvenser covid-19-pandemien kunne få i Gaza og hevdet at helsevesenet i den palestinske regionen var i ferd med å kollapse etter flere tiår med «strukturell vold fra israelske myndigheter». De hevdet videre at «pandemien kunne bli ødeleggende for en av de mest sårbare befolkningene i verden»».

Innlegget var sjølvsagt på førehand kvalitetssikra og godkjent av redaksjonen på linje med alt anna innhald i det leiande medisinske tidsskriftet.

Interessant er det også at eit tilsvar på det fjerna innlegget, skrive av leiaren av den israelske legeforeininga, i dag kan lesast på nettstaden, mens eit svar til hen er blitt avvist av redaksjonen. Heile prosessen har tre av dei fire i staden gjort greie for i ein artikkel i British Medical Journal.

Gilbert seier til Klassekampen at dette «er etter vårt skjønn noe helt nytt. Og derfor vil vi nå bruke mye krefter på å bekjempe den praksisen som The Lancet – av alle – nå er med på å etablere».

Men ikkje heilt nytt:

read more »
januar 18, 2021

Fagfellefeil

The Scientist skriv om ei metaundersøking av koronaforskinga som blei publisert den første tida etter utbrotet. Faktisk mangla fleirtallet av dei tidlege kliniske studia originale data, og dei som hadde, var forserte, og forfattarane kompenserte ikkje for metodefeila.

Undersøkinga omfattar 10 000 artiklar på engelsk og kinesisk til og med mai månad. I dei fagfellevurderte artiklane mangla 56,1 percent nye data, og mange av dei første artiklane kan berre karakteriserast som gode råd («advice») og personlege synspunkt («personal reactions»). Berre 9,6 prosent inneheldt pasientdata.

Mange viktige koronatiltak blei baserte på denne typen forsking, og det var fleire døme på at forsking måtte trekkast tilbake, jamfør blant anna «the Lancet Gate».

juli 17, 2020

«Revolusjon» godt i gang

Skjermbilde 2020-07-17 13.44.15

Ikkje fallen betalingsmur, men ruin av bygdeborg. Frå ei bok der to kapittel er «open access». Klikk og kikk 🙂 

Dette er ein mellomtittel fra Khrono.no sitt intervju med direktør i Forskingsrådet, John-Arne Røttingen. Det handlar om at «Frå 2021 får norske forskarar ikkje lenger pengar frå Forskingsrådet dersom dei gir bort opphavsretten til tidsskrift og forlag».

Røttingen seier blant anna: «Forskaren og institusjonen skal ha opphavsretten, og dermed retten til å arkivere og gjere artiklane tilgjengelege. Vi trur dette er noko alle tidsskrift må og vil akseptere. Vi er i tett dialog med redaktørane for dei største tidsskrifta, og forlaga har sagt at dei ønskjer å finne gode modellar for å vere i samsvar med Plan S».

I dag følgjer Khrono opp med to litt ulike synspunkt frå to forskarar: «Meiner forskarar må ha rett til å «klippe og lime» frå publiserte artiklar».

april 3, 2020

Enno ikkje Korona

Skjermbilde 2020-04-03 11.43.28Den delvis Open-Access norske tidsskriftbasen Idunn.no har under Koronakrisa opna seg heilt og fullt for alle. Vel å merke fram til biblioteka opnar igjen, men då kan du igjen, ved personleg oppmøte, få same tilgang.

Vi gjorde i dag eit søk i basen, men førebels utan spesielt notidsrelevante treff på «Corona» (men om alt muleg anna frå ølet til Ibsen), eller på «Korona». Og enno ingen på «Covid». Vi fekk 16 treff på «pandemi», men ikkje berre i medisinsk samanheng.

februar 8, 2020

Slik gjekk det med kulturtidsskrifta på Narvesen

I september skreiv vi om at den svenske distributøren Tidsam hadde sagt opp avtalen med kioskselskapet Narvesen om å distribuere rundt tretti norske tidsskrift av typen kulturtidsskrift. Det første fotoet under viser korleis det var på Narvesen på Moss stasjon før endringa, og det neste er frå denne veka, i februar 2020:

desember 20, 2019

God jul med teikneseriar

Skjermbilde 2019-12-19 11.41.13

Klikk og kikk

Har du sakna ein seriøs guide til julehefta? Som etter kvart er blitt så dyre at biblioteka bør vurdere å ha dei av reinspikka sosiale grunnar. I alle fall eit utval.

I bunken vår av leseeksemplar av tidsskrift etter at vi på bloggen starta serien Hugs tidsskrifta, ligg det også nokre heil-elektroniske, og eitt av dei er Empirix, som du kan få gratis via nyheitsbrev på e-post ein gong i månaden. Dei legg ut to nye artiklar kvar veke, som dei meir utolmodige kan lese på nettsida deira.

Og som dei alt innvigde veit, har dei ein artikkelserie med namnet «På biblioteket».

Emprix seier om seg sjølv at dei «har som mål å løfte journalistikken og kritikken om tegneserier i Norge. … Vi mener alle medier må forstås på sine egne premisser, men den offentlige samtalen om tegneserier er bare unntaksvis på samme nivå som den tilsvarende meningsutvekslingen om film, musikk, scenekunst eller litteratur. Empirix er støttet av Grafill, Fritt ord og Norsk kulturråd, men er redaksjonelt uavhengige».

I teikneserieavdelinga i biblioteket ser vi for oss ein enkel plakat for dei genuint interesserte, med nettadresse osv. til Empirix. Eventuelt også på info-tavler. Vi har lufta ideen med redaksjonen, så kan hende kjem det noko frå dei i rimeleg framtid.

desember 16, 2019

Papirtidsskrift «ikke en ny idé»

Fram til 2014 blei papirutgåva av fagbladet «Journalisten» sendt alle medlemmar av Norsk Journalistlag (NJ) to gongar i månaden. Så blei det berre digitalt. Men no skal eit magasin på papir kome i postkassa fire gongar i året. I tillegg til Journalisten.no. Redaktøren seier, ikkje overraskande, at: «Papir har en del egenskaper som det digitale ikke har, og sannsynligvis aldri kommer til å få. Ikke minst gjelder dette leseropplevelsen.»

november 27, 2019

«Tidsskrift – ei uåpna skattkiste»

Skjermbilde 2019-11-27 22.36.10Dette er tittelen på eit programpunkt på Bibliotekmøtet i 2012 (der bloggaren ikkje var) og ein samtidig artikkel på Tidsskriftforeningen.no. Som vi alt saman oppdaga no. Her ser vi kor mange opne dørar vi eigentleg slo opp då vi tidlegare i år først spurde, pessimistisk
«Tida over for tidsskrift i folkebibliotek?», og så starta serien «Hugs tidsskrifta». For dette hadde kanskje hundrevis av bibliotekfolk lytta til og diskutert på møtet for sju år sidan. Utan at det dermed skjedde så mykje. Så ein reprise skada nok ikkje.

I artikkelen hos Tidsskriftforeningen blir det vist til ein faktaboks med «ti tips til bibliotekarer som vil synliggjøre sine tidsskrift». Men faktaboksen er ikkje der. Derimot blir det vist til at artikkelen opprinneleg sto i Bok og bibliotek nr. 3, 2012. Og her finst artikkelen og faktaboksen på sidene 52 – 53.

Dei som hadde ansvar for programpunktet om tidsskrift på Bibliotekmøtet var Bente Riise, leiar i Norsk tidsskriftforening, Eva Haga Rogneflåten, rådgjevar i Nasjonalbiblioteket og Line Fallan Sørensen, rådgjevar i Norsk kulturråd. Dåverande, i alle fall.

oktober 7, 2019

«Kvantesprang» for Plan S

plan s logoPressemelding fredag frå Kunnskapsdepartementet, men som berre universitets- og forskingsavisene har fått med seg til no:

«Norge har nå undertegnet avtaler med de fire største forskningsforlagene.Det betyr at norske forskningsresultater kan publiseres åpent i over 7 400 tidsskrifter. Det utgjør om lag 40 prosent av tidsskriftene som norske forskere rangerer som de beste.»

Forsknings- og høyere utdanningsminister Iselin Nybø seier: «Det har ikke vært enkelt, men nå har vi landet avtaler som få trodde var mulig da forhandlingene startet. Vi har ikke vunnet kampen om åpen publisering ennå, men vi har fått den drivkraften vi trenger for å på plass lignende avtaler med alle forlag i løpet av neste år.»