Archive for ‘Kunnskapsbiblioteket’

mars 22, 2023

Oppsnappa veke 12

Rapporten der NTNU-bibliotekarane er høgt profilerte med «Data analysis and literature searches».

NTNU-BIBLIOTEKARAR FÅR SKRYT – FOR BIBLIOTEKARBEID! Mens Google, ChatGTP osv. overtar mykje av kunnskapsformidlinga som biblioteka tradisjonelt har stått for, er UH-biblioteka framleis høgt på banen. Vi høyrer berre ikkje så mykje om det. Og Universitetsavisa på NTNU i Trondheim gnir det inn i ei overskrift at det er «et lite kjent tilbud», men følgjer opp med at det «gjør forskning bedre og enklere». Reportasjen bør brukast aktivt av alle med behov for å overtyde (dei mange) bibliotekeigarane med lågt medvit om kva bibliotekarar gjer og om nytta av det svært avanserte arbeidet. Og ikkje minst om kommunikasjonen mellom forskarar og bibliotekarar.

BOKBÅL FØR OG NO  På svenske DagensArena skriv Lars Ilshammar om Bokbål som förändrat samhället. Dette konkrete bålet var Luther sitt i 1520, som førte til krig og elende, men som også innleia «den tidigmoderna tiden» med trykkekunsten, vitskapeleg framgang osv. Han minnar også om nyare bokbål, som nazistane sitt i Berlin i 1933, koranbrenningane i vår tid og russiske åtak på ukrainske bibliotek. PS: Han kunne også ha nemnd dei pågåande ukrainske utreinsingane av russiske forfattarar.

Ilshammar er historikar og inntil nyleg nestsjef ved det svenske nasjonalbiblioteket. Fleire vil også hugse han frå seminaret  ”Biblioteket – en ljuspunkt?” som vi arrangerte i Stockholm 31. mai, saman med Världsbiblioteket og BiS.

«MOT EN SMALERE OFFENTLIGHET?» er tittelen på ein artikkel i tidsskriftet Gnist av Isak Lekve, sosiolog i De Facto. Utgangspunktet er falske nyheiter eller fakta, ein mykje brukt artikkel-kategori her på bloggen, og eit tema for tallause bibliotekseminar. Men Lekve tillet seg å stille spørsmål ved kjende tiltak mot fenomenet. Konkret blant anna: Faktisk.no.

Han oppsummerer slik: «Faktasjekk forutsetter at kompliserte politiske spørsmål kan besvares med to streker under svaret, det forutsetter en interessefri offentlighet, og det tar ofte utgangspunkt i at ens egne snevre interesser kan generaliseres. Alt er feil. I tillegg bidrar faktasjekk effektivt til å utdefinere standpunkter som illegitime, og slik innskrenke offentligheten og demokratiet – til tross for at nesten alt vi tar for gitt i dag en gang har vært kontroversielt og radikalt».

mars 18, 2023

Apropos debattar

Mange har dei siste par åra lånt, lese og diskutert Marte Michelets bok «Hva visste hjemmefronten», nokre også éi eller fleire av dei tre kommentarbøkene, «Rapport frå ein gjennomgang av Hva visste hjemmefronten?», «Historie og moral» og «Hva vet historikerne?». Og Michelets «Tilsvar : svar på motboken til Hva visste hjemmefronten?».

Og i Aftenposten i dag har historeprofessor Jan Heiret ein kronikk om alt dette: «Hva kan vi vite om det norske holocaust?» Som byggjer på ein artikkel med same tittel i Historisk tidsskrift, som også i dag, 18. mars, er publisert, gratis, på tidsskriftportalen Idunn.no.

Norske kunnskapsbibliotek, som burde vere alle, lagar kanskje ei sak om artikkelen på heimesida og på digitale og andre plakatar i biblioteket? Og startar planlegginga av eit ope debattmøte?

Også i Aftenposten i dag: Ei bokmelding av Sylo Taraku: «Lettvint om trusselen fra islam» (ikkje på nett) og med ingressen: «Vi trenger kritiske bøker om islam, men «Midtøsten midt iblant oss» bidrar ikke til å løfte islamdebatten i Norge». Det handlar om Carl Schiøtz Wibyes nye bok «Midtøsten midt iblant oss». Vi har merka oss at den pensjonerte ambassadøren turnerer ganske ivrig i norske bibliotek med denne og tidlegare bøker, men sjeldan ser møta ut til å vere av typen debattar, trass i det store debattpotensialet, med blant anna antirasistar og muslimske miljø i alle kommunar.

mars 2, 2023

Twitter og historieskrivinga

Brewster Kahle, gründeren til Internet Archive, skreiv artikkelen «Our Digital History Is at Risk», først i TIME Magazine, så på IA sin blogg. Bakgrunnen er særleg faktumet at (vår omsetting):

«Twitter sitt eigarskifte har avslørt ein underliggjande ustabilitet i det digitale informasjonsøkosystemet. Mange har no sett at når nokon slettar Twitter-kontoen sin, blir profilen vekk, tweetsane og til og med direktemeldingane deira. Ifølgje MIT Technology Review har rundt ein million menneske forlate Twitter så langt, og all denne informasjonen har forlate plattformen saman med dei. … Å miste tilgang til viktig privat informasjon utan tvil urovekkjande, men situasjonen er endå meir urovekkjande når vi tenkjer på den rolla digitale nettverk speler i verda i dag. Regjeringar kjem med offisielle uttalar på nettet. Politikarar driv valkamp på nettet. Forfattarar og kunstnarar finn eit publikum for arbeidet sitt og ein stad å kome til orde. Protestrørsler finn trekkraft og tilhengarar. Og sjølvsagt var Twitter ei viktig publiseringsplattform for ein viss amerikansk president. … Om Twitter skulle svikte fullstendig, kunne all denne informasjonen forsvinne frå nettstaden deira på ein augeblink. Dette er ein viktig del historia vår. Burde vi ikkje prøve å bevare han?»

Det er ikkje overraskande, skriv han, at i 2017 stansa dei Library of Congress sitt føderale program for å ta vare på det heimlege nettinnhaldet …

Kva med Noreg? Nasjonalbiblioteket seier dei driv med nettsanking av «helt syke datamengder», og at dei «Soper opp alt». Men ser vi nærmare etter, haustar dei ikkje «Sosiale medier (Facebook, Instagram, Twitter)»; klikk på «Hva høster vi».

Og frå to år tilbake veit vi jo at dei ser på tjue år fagleg bibliotekdebatt som verdilaus.

januar 9, 2023

Flyktningbiblioteket

Inga dårleg horisontutviding for ein måndag i januar. Og her frå Mosseelva aust for Krapfoss.

Kollega Runar Eggen på Helsebiblioteket.no bloggar på PsykNytt – siste nytt for psykisk helse-feltet. I dag skriv han blant anna om Nettbibliotek for forskning om flyktninger. Flyktningbiblioteket «kan hjelpe dem som arbeider med flyktninger til å gi flyktningene et så godt liv som mulig, … Kunnskapen er like relevant enten man arbeider i skolen, mottak eller som terapeut». Samlinga har p.t. 129 referansar, alle ope tilgjengelege.

Og då vi såg nærmare etter, har dei også eit ope Koronabibliotek med for tida 1148 referansar til «psykososiale forhold og sårbare grupper ved pandemi, med fokus på covid-19 spesielt».

desember 15, 2022

Fjernlånet – den avgjerande 4-prosenten!

Les om fjernlånet av denne nasjonalhistorisk viktige boka nedanfor

I det ferske nummeret av Bok og bibliotek kjem Ola Eiksund, biblioteksjef i Arendal, med innlegget og konklusjonen: «Fjernlånsordningen er statens ansvar». Dette som svar på to artiklar i førre nummer i kjølvatnet av den ferske rapporten om fjernlånet.

Eiksund og sikkert mange andre i både folke- og fylkesbibliotek er ueinige med nasjonalbibliotekar Sira Myhre, som under bibliotekleiarkonferansen i oktober skal ha sagt at «Kostnadene knyttet til fjernlån må ned». Det blir for enkelt.

Fjernlånet utgjer 4 prosent av alt utlån, men er dette «for mykje» eller «for lite»? Faktorar her er at sjølvforsyningsgraden i folkebiblioteka er synkande. Og at (for) mykje av fjernlånet er nye bestseljarar og underhandningslitteratur. Men samtidig aukar fjernlån av faglitteratur. Her er det kanskje ubrukt potensial. Og undersøkinga viser at fjernlån i 2022 avlar meir fjernlån. Trass i nb.no og internett.

Som frilansjournalist, forfattar, mållagsaktivist og debattant i lokalsamfunnet har eg mange gode fjernlånsopplevingar, men eg registrerer at andre i same situasjon, pluss frivillege organisasjonar og miljø, manglar kunnskap om både bøker og nettressursar, blant anna om digitaliseringa på nb.no.

Og som Ola Eiksund skriv: «Noen av de store taperne er masterstudenten som ikke lenger kan ta det desentraliserte studiet, og hen som tar videreutdanning på siden av jobb».

Det er fleire andre problem rundt dette, til dømes med Biblioteksøk og transportmangel i Nord-Noreg. Les rapporten eller intervjuet med to av dei mest involverte, Britt Ellingsdalen og Trygve Kikut.

Utan fjernlånet er det samla folkebibliotektilbodet sterkt svekka. Men fjernlånet er den avgjerande bagatellen som politikarane og det breie laget av brukarar aldri vil gå i demonstrasjonstog for. Her må fagfolka diskutere og presse på. Køyr debatt!

>> Til illustrasjonen: Eg har nyleg fått fjernlånt denne boka, «The Nansen Photographs», på 712 sider. I tillegg til fotografia inneheld ho dei tidlegare upubliserte dagbøkene til mannskapa på ekspedisjonane, noko som må føre til omskriving av historia om nasjonalhelten. Med forsvarleg innpakking ville mål og vekt (4,3 kg) bety 169 NOK for postsending og tilsvarande i retur. Med Transportordninga kostar denne boka like mykje eller lite som ei pocketbok.

Eit av hovudfunna i fjernlånsrapporten er at «Selvforsyningsgraden ved bibliotek og internt i landets fylker er generelt sett fallende». Den viktige Nansenboka finst berre ved seks bibliotek i Noreg, fem UB-ar pluss NB!

november 28, 2022

Ikkje berre i november

Ei av fleire aktuelle bøker i haust

Gamle fordomar er ikkje som før, og det er større openheit om psykisk helse. Og det har aukande merksemd blant folk. Berre ikkje i regjeringa i deira aktuelle statsbudsjett

Også biblioteka merkjer dette i form av ny både populærvitskapeleg og skjønnlitteratur med dette som tema. Og i det første vitskapelege verket om det norske «debattbiblioteket», Elin Golten si ferske doktoravhandling ved OsloMet, kan ein til dømes lese i eit intervju med ein bibliotektilsett at hos dei har dei hatt «fleire arrangement om psykisk helse, og då har det kome mange som dei ikkje har sett på biblioteket elles».

Under Verdsdagen for psykisk helse no i oktober var det ein god del arrangement og utstillingar i bibliotek (men dei ansvarlege, Mental Helse, på vegner av Helsedirektoratet, kunne gjerne ha hatt bibliotek som eitt av vala under «Type markering»).

Og i dag har Helsebiblioteket presentert ressursane dei har på feltet, blant anna mange frie «Oppslagsverk innen psykisk helse». Du kan enkelt tinge nyheitsbrev frå Helsebiblioteket, lengst nede her.

oktober 8, 2022

Kudos! – ny og viktig, men selektiv

Berre statleg innhald i Kudos

Måndag 10. oktober er det lansering på Nasjonalbiblioteket av Kudos – «nettstedet som samler 17 000 kunnskapsdokumenter i offentlig sektor på ett sted» (18 502 står det på nettstaden i dag, 8.10., så her går det unna). Vidare: «Nettstedet skal gjøre det lettere for deg og andre å få tilgang til offentlig kunnskapsgrunnlag fra departementer og statlige virksomheter som blant annet evalueringer, utredninger, strategier og årsrapporter. Målet er at det skal legge til rette for bedre beslutninger og bedre styring, organisering og ledelse».

Namnevalet kan tyde på ei svært sjølvnøgd statsmakt. Så nøgd at ein kan mistenkje litt sjølvironi hos hen som fann på namnet. For det er nemleg ikkje, som ein kan få inntrykk av, ALT på éin stad. Kudos gir berre dei statlege svara. Og utan lokale kjelder og utan mot-informasjon og debatt får ein ikkje heile biletet. Men her kan eventuelt folkebiblioteket bidra.

Lat oss ta eit døme. Her ein statleg initiert konflikt som bloggaren kjenner godt til:

read more »
oktober 7, 2022

«Alternativ» helse på biblioteket?

I Danmark går det no debatt i tidsskriftet Perspektiv om folkebiblioteka skal opne for flaumen av bøker som fremjer «alternative» behandlingsmåtar, preparat osv. Vel, saka er at danske bibliotek for lengst har opna slusene, jamfør fotoet til høgre som vi tok på Dokk1 i Århus i 2018.

Bakgrunnen er ein kronikk av ein bibliotekar i avisa Politiken. Han seier til Perspektiv:

«- Min kritik går på, at bibliotekerne i deres formål skal fremme oplysning, men at købe bøger om alternativ behandling fremmer ikke oplysning. Det er det modsatte. Når det handler om fagbøger, så går kvalitet på, om indholdet bygger på virkelighed eller ej. Der er selvfølgelig fagbøger om for eksempel politik og ideologi, hvor bibliotekerne skal have værkerne på hylderne, selvom det ikke er fakta, men holdninger. Men med fagbøger om sundhed og lægevidenskab er vi på naturvidenskabens grund, og der har vi stor viden om, hvordan kroppen er indrettet, hvorfor man bliver syg, og hvordan man kan blive helbredt». 

Kva er stoda i norske bibliotek? Her er det nærliggjande hausten 2022 å søkje på ein viss medaljongprodusent og sjå kor godt representert han er. I Biblioteksøk fann vi to titlar (der éin ser ut til å vere dobbelt oppført… sukk… Men med ulike ISBN, så då blir det kanskje dobbeltsukk?). Dei står med frå 0 til 21 eksemplar ute i biblioteka. Det er jo ikkje veldig mykje.

PS: Den siste tittelen, «Spirit Hacking Hacking : 4 datamanic emails …», på 9 sider, utan ISBN og med eit litt utradisjonelt forlag, har fått hylleplass berre i Stavanger. Eller handlar det kanskje om hacking av Biblioteksøk? (ironisk smilefjes).

august 22, 2022

Byråkratar bruker ikkje bibliotek

På Krono.no i dag: «Overrasket over hvor lite forskningsbasert skole­politikken er». Dei intervjuar Kirsten Sivesind ved Institutt for pedagogikk, UiO, som leiar eit prosjekt der dei «undersøker kunnskapsgrunnlaget for de siste tiårenes skolereformer i de fem nordiske landene. … I Norge har de lagt særlig vekt på stortingsmeldingene og de offentlige utredningene (NOU-ene) som lå til grunn for Kunnskapsløftet i 2006 og Fagfornyelsen i 2020».

Og dei har kome fram til at: «Byråkratene som skriver stortingsmeldinger, henviser helst til de tekstene de har tilgang på via offentlige kanaler. De vil heller referere til en oppdragsrapport enn en vitenskapelig artikkel fra samme prosjekt. Forskere velger gjerne det motsatte … De [byråkratane, vår merknad] kan jo få tilgang via biblioteker og digitale søk, men tiden kan være knapp, og det er på mange måter rimelig at en oppsummerende rapport kan være mer tjenlig for dem enn en referee-vurdert artikkel». 

Nyleg har vi her på bloggen lese og kommentert to typiske byråkratutgreiingar, rett nok ikkje på skolefeltet; høyringsnotatet til ny boklov og ytringsfridomskommisjonen. Vi har ikkje finlese noteapparat og litteraturlister. Trur ikkje vi orkar heller.

februar 24, 2022

Arkivert arkiv? 2

Vi blogga i går om ei sak på Khrono om alvorlege problem med prosjektet Nasjonalt vitenarkiv. Dette genererte gode innlegg i kommentarfeltet. I dag kjem det eit nytt større oppslag på Khrono: «Dom over nytt vitenarkiv: Leverer ikke det sektoren trenger».

Blant anna intervjuar Khrono bibliotekdirektør Anna Løken ved Høgskolen i Innlandet:

«Vi er ikke fullt ut orientert, men jeg har inntrykk av at våre innspill ikke har fått gehør. Det første av innspillene, finansieringsplan, har verken vi eller sektoren fått respons på. Heller ikke kartlegging av ressurser brukt til arbeid med Cristin. Hun legger til at Innlandet i sitt innspill var opptatt av god og effektiv ressursbruk, og ønsket en solid arbeidsflyt, der en institusjon kunne kontrollere og godkjenne en publikasjon på vegne av institusjoner med forfattere i den aktuelle publikasjonen. — Slik det er i dag, blir hver eneste publikasjon vurdert og nøye kontrollert av alle institusjoner som har medforfattere i den. Det ser ut til å bli videreført, slik NVA er planlagt. Men det må merkes at flere institusjoner ønsket å beholde full kontroll på sine publikasjoner, og ønsket at kontroll og godkjenning hos alle involverte blir videreført».

Også biblioteksjef Torunn Skofsrud Boger ved Høgskolen i Østfold blir intervjua. Ho seier mykje av det same, og ho legg til: «Jeg vil på ingen måte kritisere sekretariatet [til Cristin], men det ble tydelig for meg at de ikke har de ressursene de trenger for å bidra når slike saker oppstår».

Framleis ventar vi på ein kommentar frå UHR-Bibliotek, som altså har sagt at dei vil vere ein «Tydelig aktør i arbeidet med utvikling av prosjektet Nasjonalt vitenarkiv».

februar 23, 2022

Arkivert arkiv? 1

>> Sjå også del 2 om denne saka.

Underteikna, med berre eitt år på baken som høgskolebibliotekar (1990-91), kjem til kort når det gjeld å forstå alvoret og endå mindre blogge noko lurt om temaet i denne saka på Khrono.no: «Ber departementet vurdere full stopp i nytt forskningssystem». I ingressen heiter det: «Sentrale organisasjoner i kunnskapssektoren roper alarm om ny løsning for registrering av forskning og vitenskap. De ønsker at Kunnskaps­departementet vurderer full stopp av ny løsning».

>> Debatten er i gang nedanfor. Følg opp!

Namn i denne nyheita er: UHR, FFA (Forskningsinstituttenes fellesarena), Unit, Cristin, Sikt og NVA (Nasjonalt vitenarkiv) (der det er ikkje er lenker har det vore omorganiseringar).

Men vi spør: Kor verkeleg alvorleg er dette for Vitskaps-Noreg på kort og mellomlang sikt osv? Kor alvorleg for fagbiblioteka?

Kan bibliotekorganisasjonane gjere noko? I alle fall har Arbeidsutvalget til UHR-Bibliotek på lista si over «Prioriterte innsatsområder og tiltak for UHR-Bibliotek 2020-2022» at dei skal vere «Tydelig aktør i arbeidet med utvikling av prosjektet Nasjonalt vitenarkiv».

Andre lesarar av bloggen kan vel også ha peiling. Bruk gjerne kommentarfeltet.

november 22, 2021

Kjerkol og Toppe på «bibliotekbesøk»

I 2005 var det framleis mange p-tidsskrift i biblioteket på Riksen

Magne Nylenna skreiv i går i Dagens Medisin om stoda for Helsebiblioteket.no. Han minnar om at «Under Legeforeningens landsstyremøte i 2021 – på spørsmål om Helsebibliotekets skjebne – fraskrev Bent Høie seg alt ansvar. Ingvild Kjerkol og Kjersti Toppe understreket imidlertid at dette er nødvendige ressurser for kommunehelsetjenesten. Dette gir håp. Under Stortingets budsjettbehandling i fjor fremmet Arbeiderpartiet følgende forslag: «Stortinget ber regjeringen sikre at Helsebiblioteket skal være en fellesskapsløsning som sikrer god tilgang til nødvendige kunnskapsressurser for helsepersonell». Det ble nedstemt. Nå forventes det at forslaget blir gjentatt og vedtatt – og effektuert! Om ikke Folkehelseinstituttet klarer å forvalte arven de har overtatt, må Helsebiblioteket få et nytt hjem».

Og for ei veke sidan hadde Ingrid Hokstad, lege i spesialisering i medisinsk biokjemi ved Sykehuset Innlandet, eit saftig innlegg om det same i Tidsskrift for Den norske legeforening. 

Nylenna er tidlegare redaktør av Helsebiblioteket.

november 13, 2021

Saftig om Helsebiblioteket.no!

Ikkje heeeilt relevant, men kult Av: Daniel Solis (CC BY 2.0)

Vi merka oss at det var ein svær konferanse denne veka om e-helse: EHIN. Vi veit ikkje om det var plass til debatt om Helsebiblioteket.no? Vi ser at Håvard Kolle Riis, no avdelingsdirektør for helsedata i Direktoratet for e-helse, tidlegare assisterande bibliotekdirektør ved UBO, hadde eit delansvar, men dette handla om andre ting.

Men i alle fall hadde Ingrid Hokstad, lege i spesialisering i medisinsk biokjemi ved Sykehuset Innlandet, eit saftig innlegg i Tidsskrift for Den norske legeforening no i oktober: «Jakten på evidensen». Ho avsluttar slik: «Hva hadde pasientene sagt om de visste at vi ikke engang har tilgang til å lese de nyeste tidsskriftene innen eget fagfelt? Neste gang du hører en pasient klage på at hen ikke får tilgang på nye behandlinger eller diagnostiske metoder, er det kanskje ikke så rart. Vi som jobber i helsevesenet har trolig ikke hørt om det, skjønner du».

Les og del!

september 2, 2021

Berre minnar om …

.. at om vi hadde vore i Danmark hadde vi, som registrerte bibliotekbrukarar, hatt full tilgang til blant anna Faktalink.dk, den kvalitetssikra informasjons- og kunnskapstenesta under den nasjonale digitale bibliotekparaplyen Netbib. Der store overskrifter og klikkhoreri er bannlyst og oppdatering av dei tematiske artiklane skjer løpande.

Klikk og kikk.

august 15, 2021

Etterlysing: Fleire kravstore brukarar!

I Lofot-Tidende 5. august skriv biblioteksjef Joep Aarts i Vestvågøy: «Et godt bibliotek trenger et kravstort publikum».

Han opnar tilsynelatande resignert, med dette som dei fleste av oss veit er institusjonens store utfordring: «… vi bibliotekansatte blir ikke avkrevd mye, verken av publikum eller lokalpolitikere». 

Men, skriv han om sitt eige bibliotek: «Fra å være et nokså passivt lager for bøker som bare tilbyr kunnskap, jobbes det nå med å gjøre folk i stand til å anvende, videreutvikle og dele denne kunnskapen. Biblioteket har blitt en demokratisk møteplass, en arena for offentlig samtale og debatt, og et sted for (digital) læring, kunnskapsdeling og lek».

Biblioteksjefen skriv også at dei har «et utstrakt samarbeid med lokale organisasjoner». Det er det mange som gjer, men her er det i eit prosjekt som vil bli evaluert. Det blir spennande å sjå resultatet.

Og her ringer det ei bjølle: Den svenske forfattaren Sven Lindquist tok dette eit steg vidare i eit foredrag i Trondheim, sjå Bok og bibliotek nr. 6, 1988. Der seier han at folkebiblioteka må «få resurser att hjälpa miljögrupper och andra opinionsgrupper, stadsdelsföreningar och fackklubbar och byalag att ta fram faktaunderlag som de behöver – ungefär som riksdagens upplysningstjänst idag betjänar riksdagspartierna med utredningar i olika frågor. Det är det jag menar med att folkbiblioteken bör bli folkets forskningscentraler».

Translate »