Archive for ‘bokhylla.no’

april 19, 2023

Trettebergstuen har «svart»

Kulturministeren svarte i går på det skriftlege spørsmålet på Stortinget om ho vil «foreta seg noe for å sørge for at tilgangen til Nasjonalbibliotekets nettbibliotek «bokhylla» ikke blir kraftig redusert?». Og Forskerforum er først ute med nyheita. Men ingenting nytt kjem fram i høve til det statssekretæren sa til Klassekampen fredag. Og nasjonalbibliotekaren blir på ny sitert på at han «ikke kan forholde seg til revidert budsjett før det kommer».

Meir interessant på Forskerforum er at dei publiserer innlegget frå Klassekampen av Arne Skivenes, tidlegare byarkivar i Bergen: «Det dreier seg om ødeleggelser i kunnskapstilgang for hele nasjonen». Han drøftar blant anna signalet om «kassering» av dei 100 000 titlane i basen som «ikke er etterspurt eller lite brukt»: «Ikke start med å kutte marginallitteraturen fra tilbudet. Start med å kutte digitalt det som enkelt lar seg fremskaffe analogt: det mange har fra før, som er trykt i store opplag, finnes på antikvariater og loppemarked» (vår utheving).

Utan å framheve meg sjølv, må eg melde at tre dugnadsbaserte bokprosjekt av lokalhistorisk karakter som eg har vore med på dei siste par åra, ikkje ville blitt noko av utan omfattande søk i Bokhylla.no, både i bøkene, tidsskrifta og avisene. I til dømes denne årboka frå Østfold Mållag ville dei over femti sidene ikkje blitt realiserte om den nærmast bortgløymde autodidakte multi-kulturberaren Kristian Strømshaug (1921 – 2004). Her fekk vi utført viktig lokalhistorisk «grunnforsking» på materiale frå Strømshaug si side når det gjeld folkeminne og målføre, byggeskikk og utforming av gardstun og om kunstsnekring og lafting, som neppe har generert mange fleire klikk gjennom Bokhyllas historie.

april 14, 2023

– Alle vil redde Bokhylla

Klikk og sjå stortingspolitiske kjenseutbrot

Dette er hovudoverskrifta på kultursidene i Klassekampen i dag. Men dei jublande (?) stortingspolitikarane på fotoet har ikkje stort meir å seie enn at Bokhylla.no internt på NB må prioriterast høgare.

Silje Hjemdal, Frp, «forventer selvsagt at dette vurderes før alt annet». Høgres Tage Pettersen «ber ikke om at kulturministeren skal gi biblioteket mer penger» og viser til det skriftlege spørsmålet sitt til Trettebergstuen. Hege Bae Nyholt frå Raudt «har full forståelse for at de velger å holde på sine ansatte. Problemet er at den økonomiske ramma er for trang».

Så svarer heller ikkje statssekretær Aunan Bohmann (AP) meir enn at revidert nasjonalbudsjett vil «hensynta en økt pris- og lønnsjustering. … Bokhylla er en bra ordning, og vi håper Nasjonalbiblioteket klarer å unngå for store kutt i avtalen».

Avisa har dette også på leiarplass, der vi i tillegg blir minna på Entra-eigarskapen til NB-bygget i Oslo, som igjen er eigd av blant anna Citibank, J.P. Morgan og Goldman Sachs (mens den største deleigaren er svensk, noko vi sette i ein større bibliotekhistorisk samanheng i 2019!).

Og i eit lesarinnlegg skriv Arne Skivenes, tidlegare byarkivar i Bergen: Det måtte jo skje! Han stadfestar blant anna lokale bibliotekarhaldningar av typen «Det finnes jo digitalt hos NB, da kan vi kassere vårt eksemplar». Jamfør utdjupinga vår her om dagen om risikoen for store følgjefeil av denne digitaliseringsnaiviteten.

PS 1: I andre riksmedium er saka nemnd berre i Nettavisen, Nationen og Vårt Land, basert på korte NTB- og NPK-meldingar.

PS 2: I denne prosessen har no alle kanalar, pluss stortingspolitikarane og Kopinors Slettholm og NB-sjefen sjølv, og ein drøss store og små lokale bibliotek, brukt det tidlegare, gjennom fleire år innarbeidde namnet Bokhylla.no istaden for Nettbiblioteket. Så gjer vi det her på bloggen også. Og NB bør vurdere å revurdere si eiga namnevurdering.

april 12, 2023

Halvering av Bokhylla.no vil IKKJE svekke …

Den nemnde trefflista i Bokhylla.no. Klikk for stort bilete.

… bibliotekbruken. For fjernlån bør og vil kompensere for mykje av tapet; dette var eg inne på 3. april. Meir presist: Du vil framleis få treff i den fulle teksten i blodferske så vel som eldre norske bøker, og dette vil inspirere til fjernlånstingingar. Særleg om Nasjonalbiblioteket ganske enkelt legg til «Bestill fjernlån» ved informasjonen «Kilde for metadata». Som du i dag finn i postane nedanfor «ISBN», som til dømes her. Der kjem du til Oria.no, med fjernlånsfunksjonen sin. Lenker inn i Biblioteksøk ville gjort det ekstra enkelt for brukarar av folkebibliotek.

Dette er det minste NB kan gjere for å bøte på skadane. Funksjonane skulle sjølvsagt vore der heilt frå starten, med tanke på at meir enn halvparten av bøkene alt er «innestengde».

På denne måten vil samtidig den nasjonale utlånsstatistikken auke synleg, for i dag blir ikkje Bokhylla-bruken rekna med verken her eller der. Av ein eller annan merkeleg grunn.

Men ein føresetnad er sjølvsagt at dei lokale biblioteka ikkje har kassert alt som gjennom snart tjue år er blitt digitalisert.

Halveringa av Bokhylla.no vil heller ikkje svekke SALET av norske bøker. For så lenge NB held fram med å digitalisere alt nytt, vil Bokhylla.no framleis vere ein god reklamekanal for bokhandelen.

Eit døme på dette: Underteikna fatta for ei tid sidan interesse (negativ) for Peter Thiel, ein Silicon Valley-milliardær og ifølgje Wikipedia ein «politisk reaksjonær libertarianer». Eit søk på namnet hans i Bokhylla gav treff i 54 bøker, av desse 8 frå 2022 (sjå illustrasjonen). Dette påverka meg til å kjøpe Lena Lindbergs «Ekko – et essay om algoritmer og begjær» (meir om denne, følg med på bloggen) og Carline Tromps «Kulturkrig : det nye ytre høyre og normaliseringen av det ekstreme» (eg kjende til begge på førehand, men søket i Bokhylla fekk meg til å handle, bokstaveleg talt).

april 4, 2023

Alt snakket om digitalisering …

… er berre snakk. I alle fall når det gjeld biblioteka si sikring av historie og kunnskap. I desse dagar får vi vite av vår eigen regjering at digitalisering av norsk materiale ved Nasjonalbiblioteket ikkje er så viktig likevel. Og i USA har Internet Archive tapt første runde i kampen om deira digitale “National Emergency Library” då dei fleste biblioteka i landet måtte stenge under Koronaen.

april 3, 2023

Den nasjonale kasseringa

Frå opninga av NB i 2005, etter restaurering og utbygging, eitt år før starten på Bokhylla.no

Endeleg har ei riksavis, Klassekampen, tatt opp dei store kutta som NB må gjennom og som bortimot vil halvere den unike tenesta Nettbiblioteket, nb.no, tidlegare kjend som Bokhylla (eit namn som faktisk får ein renessanse no; til og med Sira Myhre bruker det i avisa i dag).

For lesarane av denne bloggen er det likevel ikkje så mykje nytt. Vi skreiv 6. mars at Det s kj ør e Nettbiblioteket er ein realitet og seinare om Ny, redusert normal for bibliotekbruk. Men til skilnad frå kva vi siterte assisterande nasjonalbibliotekar Roger Jøsevold på i det sistnemnde innlegget: «De bøkene som gjøres utilgjengelig for lesing hjemmefra er de som er minst brukt», kan ikkje sjefen hans, Aslak Sira Myhre, i dag «si noe om hvilke bøker som kan bli tatt vekk fra samlingen».

Protestane er, i alle fall til no, for få og for veike til at kutta kan bli reverserte eller sterkt reduserte. Sidan NB no har gått tilbake på å kutte dei «minst brukte», bør bibliotekmiljøet kunne meine noko om kva som er minst alvorleg å kutte. Det er bibliotekarane rundt i landet som veit noko om følgjene for det totale bibliotektilbodet. Til dømes: Kva får det å seie for fjernlånstilbodet når norske bibliotek no i snart tjue år har kassert med tanke på at «det finst jo digitalt på NB»?

Og kva når samtidig Depotbiblioteket må redusere tilbodet? Frå nyttår, når dette trer i kraft, må bibliotek av alle slag aktivt informere nb.no-brukarar om at dei kan tinge fjernlån. NB må også tydeleg gjere merksam på dette etter treff på «stengde» titlar.

Sira Myhre minner om at «det mange dokumenter som ligger åpent andre steder». Men kor enkelt er det for folk å finne dei?

Er kanskje den gamle skjønnlitteraturen mindre viktig enn faglitteraturen? For nokre er tidsskrift og aviser mykje viktigare enn bøker, men om dei er mindre brukte, er det kanskje dei som må ryke?

Og kva med dei mange tusenvis lenkene til bøker osv. i nb.no som no vil «døy»? I alt frå Wikipediaartiklar til doktoravhandlingar.

Klassekampen spør: – Kunne dere kuttet antall arrangementer for å redde flere bøker? Sira Myhre svarer at det blir kutta der også. Men kor mykje har arrangementa på Solli plass å seie for brukarane rundt i landet, spør vi oss? Ikkje alle blir strøymde heller.

PS 4.4.: Arne Vestbø, leiar av Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening, blir intervjua i Klassekampen: Tror kutt vil ramme forfattere. Også UBO-direktør Randi Halveg Iversby.

mars 8, 2023

Ny, redusert normal for bibliotekbruk

Med marssola i ryggen kan framtida sjå lysare ut for telefonkioskutlån enn for bibliotek

Vi blogga 6. mars om at Det s kj ør e Nettbiblioteket er ein realitet, altså om følgjene av dei 20 millionar store kutta i NB-delen av statsbudsjettet. Då var det få detaljar om fjerninga av kvar tredje digitaliserte bok, men no har nettstaden Kontekst.no intervjua assisterande nasjonalbibliotekar Roger Jøsevold om dette, og han «trøyster» oss med at «De bøkene som gjøres utilgjengelig for lesing hjemmefra er de som er minst brukt. Bøkene vil fremdeles komme opp når de gir treff i søket, men for å få lesetilgang må man enten søke om begrenset tilgang til forskning eller dokumentasjon eller oppsøke Nasjonalbiblioteket».

Trur vi regjeringa vil plusse på så det monnar i revidert nasjonalbudsjett i mai? (trygg er slett ikkje Sira Myhre i intervjuet i Forskerforum). Trur vi ei sannsynleg ny Erna-regjering til hausten, med FrP-støtte, vil gjere det?

Jo før, jo heller må folkebiblioteka meir aktivt marknadsføre og hjelpe folk å søke NB om 8 timars «begrenset tilgang til forskning eller dokumentasjon».

For to år sidan laga vi ei konkret, enkel skisse til plakat for nett, skjerm og vegg.

mars 6, 2023

Det s kj ør e Nettbiblioteket er ein realitet

I januar las vi på heimesida til Nasjonalbiblioteket om kutta dei vel å gjennomføre etter det omfattande kuttet i statsbudsjettet på over 20 millionar.

>> Oppdatert 7.mars med sitat frå Morgenbladet, og 8. mars frå Kontekst.no; sjå lenger nede.

Så intervjuar Forskerforum.no nasjonalbibliotekaren 27. februar, og der heiter det i tillegg at «100 000 bøker skal tas ut av ordningen Nettbiblioteket, som gir alle i Norge gratis tilgang til norske bøker som er utgitt før 2000. Dette for å spare inn på utbetalinger til vederlagsorganisasjonen Kopinor».

Alltinget i dag intervjuar dei Forskerforbundets leiar Guro Elisabeth Lind, og når det gjeld NB, er dette kuttet framstilt mest konkret. Og det ER alvorleg. I dag er det 292 000 frie bøker i Nettbiblioteket. Kuttet som no skal gjennomførast, vil redusere tilbodet med ein tredel!

Vi har sagt det fleire gongar tidlegare at Nettbiblioteket, eller tidlegare Bokhylla.no, er ei skjør teneste. Ikkje berre kan forlag og forfattarar når som helst trekkje tilbake titlar, Kopinor kan også krevje reforhandling av avtalen, men her har vi provet på at også regjeringar kan påverke gjennom budsjettkutt. Til no har vi åtvara om slike resultat med FrP i regjering, men her er det altså AP/SP-regjeringa som «går i spissen».

Gjennom fleire år no har norsk bibliotekvesen basert stadig meir av kunnskapsformidlinga på denne tenesta. Fjernlånstilbodet er sterkt pressa som det er, og no kjem dette på toppen. Samtidig som altså Depotbiblioteket i Rana skal redusere innsatsen.

Og: For ein måned sidan rekna vi ut at berre dei eldste 48,2 prosentane i Nettbiblioteket i dag er ope tilgjengelege, mot 62 prosent ved oppstarten i 2006. Over halvparten må ein altså søkje om tilgang til, for forskings- og dokumentasjonsformål.

>> Oppdatert 8.3.: Til Kontekst.no seier Jøsevold ved NB at «De bøkene som gjøres utilgjengelig for lesing hjemmefra er de som er minst brukt. Bøkene vil fremdeles komme opp når de gir treff i søket, men for å få lesetilgang må man enten søke om begrenset tilgang til forskning eller dokumentasjon eller oppsøke Nasjonalbiblioteket. … Ved å ta ut disse titlene regner Nasjonalbiblioteket med å spare rundt syv millioner kroner».

Men som betyr tilsvarande inntektstap for forfattarorganisasjonane. Tru kva dei vil seie?

I eit intervju i Morgenbladet forklarer Sira Myhre kvifor dei har prioritert vekk 1/3 av Nettbiblioteket:

read more »
februar 1, 2023

2023: Mange «nye» små og store forfattarar i det fri

Første januar kvart år markerer blant anna Internet Archive og The Public Domain Review at mengder av åndsverk «fell i det fri», at dei kan brukast fritt og eventuelt kopierast, trykkast opp og spreiast på nytt av kven som helst. Med andre ord er vernetida utløpt.

Til dømes eit bibliotek kan no fritt trykke opp og/eller lage e-bok, lydbok eller podkast av bl.a. lokalhistoriske tekstar eller skjønnlitteratur av forfattarar som gjekk bort i 1952. Eller tidlegare.

I Noreg og det meste av Europa og Sør-Amerika omfattar årets «frigjering» verk av personar som gjekk bort i 1952, altså landa som har regelen “levetida pluss 70 år”. Knut Hamsun er den mest kjende norske som blir «fri» i år. I New Zealand og dei fleste landa i Afrika og Asia gjeld “levetida pluss 50 år”. I USA gjeld det i år bøker og verk som kom ut i 1927 eller tidlegare.

Author and Book Info kan du søkje på dødsår. Engelskspråkleg Wikipedia har ei liste over dei viktigaste internasjonale namna.

Når det gjeld akademisk materiale finst ordninga med Open Access, som gjer mykje innhald fritt å lese ofte heilt frå tidspunktet for publisering. Denne bloggen har p.t. 50 artiklar om Open Access og 21 om Plan S.

Så må vi slett ikkje gløyme den verkeleg frigjerande akademiske artikkeltenesta Sci-Hub, starta opp av kazakstanske Alexandra Elbakyan, og som medbloggar Mikael Böök gjorde eit eksklusivt intervju med for to år sidan. Og tenesta Zlibrary som også inneheld bøker.

PS: Så har vi nb.no, den i verdsmålestokk unike avtalen

read more »
oktober 1, 2022

Nokre e-bokbetraktningar

Den svenske Bokmessan er over, med blant anna ein debatt om «hur vi ser till att biblioteken kan använda den digitala backlisten för att fullgöra sitt uppdrag». Altså ikkje berre det nyaste nye. Noreg er nemnd i denne samanhengen, og nærmast som «best i klassen»: «[man har] i Norge avtalat med samtliga förlag gällande backlist-böcker fram till år 2000». Hurra!?

Nei, norske forlag kjem då nesten ikkje med e-bokutgåver av anna enn krim, «løkkeskriftbøker» og relativt populære titlar frå dei siste 15-20 åra. Vi har sett litt på dette:

Her søk i Bookbites på dei Brageprisnominerte for skjønnlitteratur for vaksne i 1997 og -98, altså dei siste åra før det første gjennomslaget til e-boka (titlar i alt er tatt frå Wikipedia):

Brit Bildøen 9 av 14 / Kjartan Fløgstad 6 av 49 / Hans Herbjørnsrud 3 av 9 / Liv Køltzow 11 av 14 / Sissel Lie 3 av 18 / Geir Pollen 9 av 14.

Og så nokre frå den førre generasjonen, nemleg vinnarane av Riksmålsprisen frå 1960 til -65: André Bjerke 0 av 31 / Solveig Christow 0 av 34 / Odd Eidem 0 av 33 / Gunnar Bull Gundersen 0 av 23.

Og heller ikkje av nyare bøker finst det mykje digitalt, jamfør den norske Bransjestatistikken for 2021 (pdf, side 15): «Innenfor allmennlitteraturen er sakprosa i liten grad på digitale flater, mens skjønnlitteratur samlet er på 32% og barne- og ungdomslitteratur er på 26%».

Så må vel svenskane sin påstand handle om Nasjonalbiblioteket si digitalisering og fri bruk? Men éin ting er at …

read more »
august 12, 2022

Tidsskrifta på nb.no

Kjapt innpå om at det no er 20 innlegg i debatten om Norart på forumet Bibliotek-Norge på Bibliotekutvikling.no (du må vere medlem). Blant anna fortel NB om framdrifta når det gjeld digitalisering av nye, og gamle, tidsskriftnummer. Dette var nytt i alle fall for underteikna.

april 19, 2022

Lenkeråte?!

Tillegget til Wayback Machine i Safari

Dette er eit falskt eller i beste fall forskjønnande ord for at lenker har slutta å virke. Lenkeråte gir inntrykk av at ein ukontrollerbar sjukdom har råka nettstaden. Og ordet tilslører at også venteleg høgst seriøse utgivarar, til og med bibliotek og bibliotekorganisasjonar, plutseleg kan snu heile eller store delar av nettstaden på hovudet og/eller «effektivisere vekk» alt som ikkje er hyperaktuelt.

Denne bloggen, med fleire, har lenge vore offer for Norsk Bibliotekforening sine minst to store omleggingar sidan ca. 2014. Og no registrerer vi det same med Bibliotekarforbundet. Dette er synd for både fagfolk, forskarar, journalistar og politikarar som arbeider med bibliotekpolitikk i eit litt lengre perspektiv enn sidan hausten i fjor.

Men du kan jo gå til Nasjonalbiblioteket, svarer du kanskje. Nja. Bibliotekarforbundet sitt tidsskrift «Bibliotekaren» er skanna i Rana, men berre til og med 2016-årgangen. Det same gjeld «Bok og bibliotek», men berre med to av seks nummer det året. Og NBF sitt «Bibliotekforum» (1995-2014) har dei ikkje starta på enno, trass i lovnadar vi har fått referert.

Så her på bloggen må vi søkje og grave etter nye lokasjonar, om dei finst. Eller bruke Wayback Machine (WM). Med desse to metodane klarte vi i dag å «gjenopplive» dei tre lenkene i det siste avsnittet i denne bloggposten frå 2019. Dette var nokre viktige artiklar om bibliotekutfordringane i UK og i DK, men vi kan ikkje bruke tid på meir enn brøkdel av alt det andre som er dødt. Eller altså drept.

Men slett ikkje alt er på WM heller. Gjer det til ein vane å lagre på WM når du har ein mistanke om at noko viktig også er flyktig! I nettlesarane Chrome, Firefox, Edge og Safari kan du laste ned eit praktisk tillegg til WM i verktøylinja, så er arkivering gjort med eitt klikk eller to.

januar 8, 2022

Digitalibanisering

Ikkje i fare for nedstenging. Klikk og kikk

Det er utfordringar med å digitalisere. Til og med i det fredelege (relativt) og rike Noreg, med vårt nærmast altomfattande Nettbibliotek, nb.no, gjer reservasjonsrettar og tidsrammer (må vere utgitt før år 2001) at i dag er berre under halvparten (!) av dei skanna bøkene tilgjengelege for alle (sjå PS nedanfor). Og nettinnhaldet som NB haustar frå domenet .no, er for det meste avgrensa til forskingsformål.

Men kva då med Afghanistan? Det nye Talibanstyret har ikkje annonsert store digitaliseringsplanar; tvert imot starta dei etter maktovertakinga fjerning av nettinnhald dei ikkje likte. Men med tanke på historisk dokumentering finst det naudløysingar i dag:

I American Libraries 3. januar fortel Liladhar R. Pendse, bibliotekar ved den austeuropeiske og sentralasiatiske samlinga ved University of California, Berkeley Library, korleis han strarta prosjektet «At-Risk Afghanistan Website Archiving Project» (ARAWA) for å arkivere nettinnhald som var spesielt utsett for å bli tatt ned av Taliban. Det måtte skje fort, så prosjektet varte berre i sju veker. Arkiveringa omfatta nettstader, innlegg i sosiale medium og nyheitsklipp av og om artistar, journalistar, sosiale aktivistar og andre.

Dei gjorde dette på Internet Archive si «Archive it»-teneste, så der ligg det tilgjengeleg i dag, i alt 83 nettstader og over 100 GB. Saman med fleire andre.

PS: Når det gjeld tilgangen til nb.no-innhald per januar 2022: Eit søk i bøkene på nb.no på ordet «og» (det vanlegaste i norske tekstar) gir treff i 574 573 av dei skanna bøkene, men i berre 283 286 bøker med fri tilgang.

august 3, 2021

Historisk olympisk

I høve gullmedaljeløpet og verdsrekorden i Tokyo i natt er det på tide at bloggen også får sin første «idrettsreportasje». Mens alle andre no skriv og snakkar om Warholm, kan vi velje å grave i biblioteket (Nasjonalbibliotekets Nettbibliotek, sjå illustrasjonen og klikk) og minne om ein annan hekkeløpar som overgjekk seg sjølv i eit OL, nemleg Jan Gulbrandsen i Roma for 61 år sidan. I forsøket vann han over favoritten Glenn Davis, men som seinare tok gullet. Jan kom diverre ikkje til finalen.

Men han blei også historisk. Sjå Wikipedia: «Hans personlige rekord på 400 meter hekk var 51,5, en berømt tid som var norsk rekord i 16 år. Den ble satt på Gjøvik i 1964 og sto helt til i 1980».

Rett nok 5,5 sekund etter Warholm, men likevel. Og i Roma var det grusbane; først i Mexico i 1968 fekk den olympiske friidretten kunststoffdekke, bortimot nesten som i dag.

juli 12, 2021

Sjokk x 2 – når det gjeld «Bokhylla»

Døme på nytt satsingsområde for bloggaren

Bloggaren er gradvis i ferd med å flytte arbeidsinnsatsen sin frå bibliotekpolitikk (takk for god og jamn respons frå fleire av dykk, men oppover i systemet er dette fånyttes) over til Wikipedia og Lokalhistoriewiki, med vekt på østfoldhistorie.

Dermed er det blitt meir kontakt med lokalhistorikarar av alle slag, frå entusiastar på FB-grupper av typen «Du veit du er frå …. når…», via lokale historielag og til dei profesjonelle. Men med unntak av dei siste er det sjokkerande å treffe på mange som er dårleg kjende med NB.no, altså Nettbiblioteket, eller «Bokhylla.no» som det heitte før. Nokre har prøvd det «opne» tilbodet; det som har falle i det fri pluss det nyare t.o.m. år 2000 som er omfatta av avtalar med Kopinor. Men mange veit ikkje at dei på det lokale biblioteket kan få tilgang til også det «lukka» innhaldet, altså det som er nyare enn 2000 pluss aviser med ulike avtalar. Med andre ord det NB kallar «utvidet tilgang for forskning og dokumentasjon» (dei bruker også «pliktavlevert» om dette materialet, sjølv om mykje av det eldre også var pliktavlevert i si tid).

Sjå også dette forslaget til kva vi kan gjere

Mange journalistar og særleg skrivande frilansarar kunne også trengt betre informasjon.

Men så driv vi då med ein-til-ein-kursing her og der. Før vi nyleg forsøkte å finne ein god instruksjon på nett, så folk kunne bli meir sjølvhjelpne. Då fekk vi sjokk nummer to:

read more »
mai 10, 2021

Biblioteket i litteraturen

I februar forsøkte vi i eit innlegg å lage litt rabalder om kor spesielt vanskeleg det kan vere på nb.no å søkje og finne stoff om bibliotek og bibliotekarar i skjønnlitteratur, ganske enkelt fordi Nasjonalbiblioteket også har skanna alle stempla og exlibrisane til dei opprinnelege eigarbiblioteka. Men i dag fann vi ei imponerande liste over slikt innhald på den britiske bibliotekbloggen Publiclibrariesnews.com: «Books which feature public libraries».

Mykje av dette er lenker til wikipediaartiklar (men denne hadde vore minst like viktig!), noko går til bokomtalar, noko til Goodreads og liknande litteratursosiale media, noko til pedagogiske nettstader, noko til forfattarnettstader og noko berre til nettbokhandlar (som vi ikkje bryr oss om å reklamere for, særleg éin).

I Noreg og for norsk litteratur ville vi jo brukt Nettbiblioteket.no og lenka til full tekst der det er muleg.

Skal vi starte ein dugnad? (her på bloggen har vi alt ei samling med seks titlar som vil høyre til på ei slik liste, men som dessverre ikkje er spesielt flatterande for verken bibliotekarane eller forfattarane (mest det siste)).

PS: I innlegget i februar skreiv vi at domenet Nettbiblioteket.no ikkje var i bruk. Men no er det det, og det er NB som har sikra seg det. Bra.

Translate »