Archive for ‘Falske nyheiter’

mars 22, 2023

Oppsnappa veke 12

Rapporten der NTNU-bibliotekarane er høgt profilerte med «Data analysis and literature searches».

NTNU-BIBLIOTEKARAR FÅR SKRYT – FOR BIBLIOTEKARBEID! Mens Google, ChatGTP osv. overtar mykje av kunnskapsformidlinga som biblioteka tradisjonelt har stått for, er UH-biblioteka framleis høgt på banen. Vi høyrer berre ikkje så mykje om det. Og Universitetsavisa på NTNU i Trondheim gnir det inn i ei overskrift at det er «et lite kjent tilbud», men følgjer opp med at det «gjør forskning bedre og enklere». Reportasjen bør brukast aktivt av alle med behov for å overtyde (dei mange) bibliotekeigarane med lågt medvit om kva bibliotekarar gjer og om nytta av det svært avanserte arbeidet. Og ikkje minst om kommunikasjonen mellom forskarar og bibliotekarar.

BOKBÅL FØR OG NO  På svenske DagensArena skriv Lars Ilshammar om Bokbål som förändrat samhället. Dette konkrete bålet var Luther sitt i 1520, som førte til krig og elende, men som også innleia «den tidigmoderna tiden» med trykkekunsten, vitskapeleg framgang osv. Han minnar også om nyare bokbål, som nazistane sitt i Berlin i 1933, koranbrenningane i vår tid og russiske åtak på ukrainske bibliotek. PS: Han kunne også ha nemnd dei pågåande ukrainske utreinsingane av russiske forfattarar.

Ilshammar er historikar og inntil nyleg nestsjef ved det svenske nasjonalbiblioteket. Fleire vil også hugse han frå seminaret  ”Biblioteket – en ljuspunkt?” som vi arrangerte i Stockholm 31. mai, saman med Världsbiblioteket og BiS.

«MOT EN SMALERE OFFENTLIGHET?» er tittelen på ein artikkel i tidsskriftet Gnist av Isak Lekve, sosiolog i De Facto. Utgangspunktet er falske nyheiter eller fakta, ein mykje brukt artikkel-kategori her på bloggen, og eit tema for tallause bibliotekseminar. Men Lekve tillet seg å stille spørsmål ved kjende tiltak mot fenomenet. Konkret blant anna: Faktisk.no.

Han oppsummerer slik: «Faktasjekk forutsetter at kompliserte politiske spørsmål kan besvares med to streker under svaret, det forutsetter en interessefri offentlighet, og det tar ofte utgangspunkt i at ens egne snevre interesser kan generaliseres. Alt er feil. I tillegg bidrar faktasjekk effektivt til å utdefinere standpunkter som illegitime, og slik innskrenke offentligheten og demokratiet – til tross for at nesten alt vi tar for gitt i dag en gang har vært kontroversielt og radikalt».

januar 20, 2023

Hovmodet blant hyllene

Ehem …

I eit par månader no har vi latt oss imponere av, men også fått gode høve til å harselere med den «kunstig intelligente» ChatGTP. For vi representerer jo Biblioteket med Himmelhøge Kvalitetskrav og Kompetanse på Kunnskap.

Men då er det på sin plass, på ein fredag, å sitere frå eit intervju i Computerworld med teknologisjef Erling Schackt frå giganten Check Point Software. Han har både godt og dårleg å seie om ChatGTP og KI generelt, men vi merka oss særleg dette:

«– Lar du den [ChatGPT] løpe løpsk på internett og lese alt, blir den nok ganske rasistisk og fordomsfull. Det er jo mye på internett som ikke stemmer, påpeker Schackt. Å slippe den kunstige intelligensen løs på et bibliotek er heller ikke helt uproblematisk, forklarer han. – Dagens bøker er kanskje 80 prosent research og fakta, men for de øvrige 20 prosentene har vi kunstnerisk frihet til å legge til og trekke fra. ChatGPT lærer det siste også, men vet ikke om det er fakta eller fiksjon den trenes på».

Tenk dét, ja. Og med fare for å få Bernhard Ellefsen m.fl. på nakken kan vi leggje til kor raskt fagbøker på mange felt blir uaktuelle og villeiande. M.a.o. falske.

Go hælj!

august 10, 2022

6. august: Til minne om tidenes (?) falskaste fakta

Information Clearinghouse la ut ein tekst av John Pilger 6. august 2022: Another Hiroshima is Coming — Unless We Stop It Now. Her ser han altså framover, i lys av den pågåande krigen i Europa og nummeret-før-krigen om Taiwan. Men no attende til 1940-talet, her er kortversjonen av løgnene frå Washington og i pressa:

  • «Alle» sa: USA måtte utslette Hiroshima med atombomba for å få Japan til å overgi seg. Dette var feil. Washington sjølv vedgjekk i 1946 at Japan alt lenge hadde ønska fred. Bomba skulle brukast. USAs flyvåpen måtte berre ikkje bombe så tett at A-bomben ikkje fekk vist «potensialet sitt». Det viktigaste var å «vise seg» for Sovjet.
  • «Ingen radioaktivitet i runinane» skreiv NYT ein månad etter bomben. Den einaste journalisten som faktisk drog dit, australiaren Wilfred Burchett, blei seinare håna og skulda for løgn etter å ha skrive som det var.
  • På 1950-talet då USA testa nye A-bomber i Stillehavet fekk verda først langt seinare kunnskap om dei dramatiske følgjene for folk og natur på øyane. Og at noko av formålet faktisk var å teste kva menneske kunne tole av stråling.

Pilger har laga dokumentarar om alt dette. Og i 2016 ein film om Kinakrigen, som han meiner vil kome (du kan sjå han på Netflix i dag). Biblioteket vil nok ikkje få rett til å vise filmen, og Pilger er minst like vanskeleg å innby til ein debattkveld på eit norsk bibliotek, men det finst andre i Noreg som kan innleie og debattere eksistensielle utanrikspolitiske emne. Til dømes finst ICAN Norge.

Med-bloggar Mikael Böök har skrive mykje om kvifor særleg bibliotekmiljøa bør engasjere seg mot atomvåpen og krig.

mai 3, 2022

Facebook utan filter

Nettstaden Gizmodo.com er no i gang med å rulle ut, bit for bit, interne, avslørande dokument frå Facebook. I dag er det dei sterkt omdiskuterte algoritmane som kjem «under kniven». Algoritmane som rangerer kva du skal sjå av nyheiter på kanalen. Vi omset konklusjonen: «Det desse dokumenta viser oss, er at trass i Facebook sine utflukter om kva dei meiner er “meiningsfullt” for brukarane, eller “verdt tida” internt, ser tilsette i FB på rangeringa som altfor kompleks og uforståeleg til at dei nokon gong kan få gjort jobben gjort forsvarleg. Dei veit også at dette er eit system som er ein føresetnad for Facebook si framtid».

mars 19, 2022

Fake news til nye «høgder»

I den russiske utgåva av Pravda er stikkordet på topp мир /mir/ = fred. Til skilnad frå engelsk og fransk utgåve osv.

Heidi Taksdal Skjeseth, også kjend for boka Løgn : hvorfor Trump lyver og hva det gjør med oss, skriv på NRK.no no på morgonen om «Putins propagandakrig». Ingressen er ikkje berre eggjande, men også dekkjande for denne viktige teksten:

«Du skal ikke tro på alt du hører. Du skal egentlig ikke tro på noe som helst. Du skal rett og slett ikke bry deg. For hvis ingenting er sant, så er alt mulig i Vladimir Putins propagandamaskin».

Les og tenk over dette i helga. Om det trengst, sprett ei flaske raudt.

februar 27, 2022

Den falske krigsinformasjonen

Eitt av dei – til no – alvorlegaste døma på falsk informasjon i ein moderne krig. Klikk og kikk

Krigen om Ukraina er det mest alvorlege dei nolevande generasjonane i Noreg og Norden har vore med på, med unnatak dei rundt 80. Det same gjeld biblioteka våre. Og biblioteka må sjølvsagt vere med på å spreie mest muleg sann informasjon om kva som skjer, og ikkje vente til dei første bøkene kjem ut. Jamfør det europeiske bibliotekoppropet. Ikkje minst vil biblioteka få pågang frå flyktningar frå regionen. Pågangen på Pressreader vil auke, så annonsering av dette i lokalaviser og på nettet vil gi nye brukarar.

Falsk informasjon er tema i tv- og pressedekninga frå Ukraina, til dømes på NRK 1 i føremiddag i eit intervju med redaksjonsleiaren i NRK Utanriks. Men dette var mest allment sjølvskryt om kor mykje ressursar kanalen bruker på å verifisere, pluss nokre lite konkrete åtvaringar mot likt og ulikt i sosiale media. Men for å forstå omfanget og alvoret kan det vere lurt å følgje med på, og dele, slikt som Wikipediaartikkelen Disinformation in the 2021–2022 Russo-Ukrainian crisis. OBS: Her finn vi ikkje den vanlege lenka til «Recent changes», der vi kan følgje eventuelle diskusjonar eller «kampar» mellom bidragsytarar, då dette er eit delprosjekt under Current events.

BBC hadde i går ei sak om dei mest kjende falskneria, med illustrasjonar. Sjå også Faktisk.no sin artikkel Slik vurderer du informasjon om krigen i Ukraina.

januar 29, 2022

Falske fakta er god butikk (Neil Young vs. Spotify)

Frå Britt Karin Larsen si debutsamling «5mg blues og andre dikt», 1978

Vi visste jo at Facebook, Youtube og liknande tener stort på at folk klikkar på dei mest spanande, dramatiske og, som det ofte viser seg, falske bodskapa. FB har delvis retta seg etter kritikk, men slikt genererer framleis reklamemillionar til nettstaden. Dette er altså indirekte profittering på innhald frå små og store som legg ut innhald på eige initiativ. Men no går det fram at strøymetenesta Spotify, mest kjend for musikk, tener gode pengar på medvite å innby og spreie podcastar som inneheld konspirasjonsteoriar og falske fakta. Og dei vil ikkje gje seg, i alle fall ikke etter at «berre» Neil Young og Joni Mitchell krev fjerning av låtene sine frå tenesta.

>> 30.1.: Nils Lofgren sluttar seg til. Og Bare Egil, på sin måte.

Khrono.no har i dag ei sak om at 270 medisinske forskarar, legar og sjukepleiarar har signert eit opprop der dei «meiner Spotify er blitt ein av verdas største formidlarar av falsk og skadeleg informasjon».

Les også kva professor i medieinnovasjon ved Universitetet i Oslo, Petter Bae Brandtzæg, som vi kjenner frå ei mengd bibliotekkonferansar, seier om det aukande presset frå slike medium: «Når du først dukkar ned i dette, blir du svimmel. … Det blir meir og meir komplisert å orientere seg i dette landskapet fordi det kontinuerleg blir produsert enorme mengder innhald. Ingen var i nærleiken av å sjå dette komme 15 år tilbake i tid. Det var ei anna verd». 

Sjå dei i alt 39 innlegga med taggen «Falske nyheiter» her på bloggen.

mai 20, 2021

Som om ikkje falske nyheiter var nok

Relativt lett å skilje her

No har Medietilsynet i ei ny undersøking funne ut at slett ikkje alle ser skilnadane mellom redaksjonelt innhald, reklame og offentleg informasjon: «Rundt åtte av ti klarte de fleste testene, men fire av ti forvekslet en redaksjonell test av håndsprit i nettavisen VG.no med kommersielt innhold. Nesten halvparten svarte feil på at en sak om Netflix-serien The Queen’s Gambit var redaksjonell».

Men vi får også vite at « … Medietilsynet utvikler derfor råd og veiledningsmateriell for ulike grupper, og kommer snart med et nytt opplegg for eldre i samarbeid med Seniornett, … Medietilsynet har også utviklet undervisningsopplegg om kildekritikk for ungdomsskoleelever».

I september spurde vi om korleis det går med kursing for seniorar i nettbruk. I alle fall har Kristiansand folkebibliotek hatt ein aktiv vår med datakurs.

Kategorien «Falske nyheiter» her på bloggen er p.t. knytt til 38 innlegg.

november 16, 2020

Atlantisk tilsløring?

Foto: Nasjonalbiblioteket

Fleire bibliotek har sikkert gjort det alt, men det synst ikkje på heimesidene eg har sjekka. Men ei aktuell bokutstilling i desse tider, både fysisk og digitalt, må jo vere omkring kongehuset i USA under krigen og den omdiskuterte tv-serien «Atlantic Crossing», men med vekt på forskingsbasert litteratur. Her eit søk på «Märtha + Roosevelt» i nb.no, avgrensa til dei siste 30 åra. Og her eit søk på «The Lend-Lease Act». Har ikkje sjekka kor forskingsbasert alt dette er, men de tar poenget, ikkje sant?

september 22, 2020

Falske nyheiter

Kvar tysdag minnar vi om at vi på denne bloggen legg kategoriar til artiklane. Slik kan bloggen fungere som eit oppslagsverk i det små. Denne veka ser vi på «falske nyheiter». Her er det per i dag 36 artiklar. Den utvalde artikkelen er «Falske fakta-fella» frå november i fjor, der vi siterte den danske forskaren Johan Farkas som meiner heile tankegangen er feil.

juni 9, 2020

Framsynt pirat-pliktavlevering

Skjermbilde 2020-06-09 07.07.47Marion Stokes, radikal bibliotekar, forkjempar for sosiale rettar, tv-produsent, feminist og Apple-fan, starta 4. november 1979 opptak av US-amerikanske tv-program. Og slutta ikkje før ho gjekk ut av tida trettitre år seinare. Det blei 71 716 VHS-kassettar. Bakgrunnen hennar for denne private «pliktavleveringa» var uro over falske fakta i media.

No er første generasjon digitalisering av samlinga til Stokes i gang hos Internet Archive, noko vi kan lese om på bloggen deira. Samtidig som det er laga ein dokumentarfilm om dette: Recorder: The Marion Stokes Project.

Marion Stokes er med dette oppnemnt til Barsk Bibliotekar nummer 16 her på bloggen.

mai 12, 2020

Civic Lab Chat – også eitt debattbibliotek

Skjermbilde 2020-05-12 06.09.07Det US-amerikanske tidsskriftet Library Journal har ein artikkel nyleg om at «Libraries Fight Misinformation on Coronavirus». Og det er sjølvsagt interessant, men denne gongen skal det på bloggen handle mest om ein metode og ein type arrangement : Civic Lab. Dette er i slekt med «debattbiblioteket» og litt med BTS, det opprinnelege temaet for denne bloggen.

I Skokie, Illinois, ein by med 60 tusen innbyggjarar, har biblioteket i nokre år hatt denne typen arrangement dei kallar Civic Lab. Ei arbeidsgruppe på ti tilsette frå alle avdelingane i biblioteket overvaker jamleg nyheitene og spør folk kva dei er opptatte av, og så arrangerer dei labs om desse tema. Dette er ikkje berre møte med samtalar, men her kan folk kome med …

read more »

mai 11, 2020

Biblioteket og falske korona-nyheiter

Skjermbilde 2020-05-11 18.45.35Det har tatt av i det siste, og kampen mot falske nyheiter er viktigare enn nokon gong. Kva med å leggje ut tydeleg lenke til Faktisk.no sine artiklar om Korona-konspirasjonar på heimesida og lage ein plakat for skjermar og oppslagstavler?.

mars 28, 2020

Sosiale media underlagde krise-kontroll

«Opne Instagram i desse dagar, og du kan bli bombardert med oppfordringar om at «Hald deg heime». På YouTube får du kanskje ei lenke til ein regjeringsnettstad om Koronaviruset. Eller gå til Twitter og søk på uttrykket «å halde avstand er ikkje effektivt». Det kan finnast der, men sannsynlegvis ikkje lenge – fordi Twitter har forbode setninga som skadeleg».

>> Sjå fleire innlegg om Korona og biblioteka.

Dette er innleiinga i ei sak på NBC News onsdag denne veka. Ikkje slik å forstå at vi meiner at meteren til nestemann er feil, men det er prinsippet det handlar om. Vi berre omset vidare, før vi tar laurdagskvelden:

read more »

februar 6, 2020

Falske fakta for vidarekomne

Det er torsdag og Vassnes-dag i Klassekampen. Altså artiklar i den norske vitskapsjournalistikken sin elitedivisjon (det er rett nok ikkje mange deltakarar i denne sporten). Og dag låner Vassnes det aller meste frå éin mann, nemleg filosofen Gunnar Skirbekk.

Skirbekk skreiv i fjor ei bok om dei kunnskapsmessige utfordringane i den moderne tida, blant anna om ulike formar for falske nyheiter og tilsvarande «fakta», men den vanskelegaste typen er «de usannhetene som kommer forkledd som seriøs kunnskap, gjerne fra forskere eller til og med komiteer, og ofte i beste mening. Som Skirbekk skriver: «Det disse sier kan ofte være empirisk i orden og korrekt [ …] den epistemiske utfordringen ligger i den disiplinbaserte trangsyntheten i hans eller hennes begrepsmessige perspektiv.»»

«Om man bommer her, blir litt upresis, kan det få fatale følger for formidlingen. Faren er ekstra stor når folk tror at de som uttaler seg, er autoriteter, som når «FN» (ofte ett eller annet FN-utvalg, eller kanskje kun en talsperson) eller en «regjeringsoppnevnt ekspertkomité» hevder ditt eller datt. Det er ofte nettopp slike anonyme …

Translate »