Klassekampen og Morgenbladet har nyleg vekt bloggaren i meg. Det handlar om KKs reportasje 23. oktober om Deichman som møteplass for unge, men som blir rasert når meirope blir kutta i budsjettet. Og i MB Bernhard Ellefsens kulturpolitiske «manifest» ei veke seinare.
Biblioteket som møteplass, studiestad osv. er sjølvsagt relevant og viktig, men er det nok til å redde biblioteket – som bibliotek?
Universitets- og høgskolebiblioteka har ei klar hovudoppgåve å sortere og levere kunnskap. For førti-femti år sidan, i den før-digitale tida, var det slik også for dei kommunale folkebiblioteka. Men for dei har det seinare handla om å kompensere på forskjellig vis for det sviktande utlånet av papirbøker.
Biblioteket som møteplass har berre vore éin av dei forsøksvise “redningsplankane”. Biblioteket som studiestad ein annan. Universiteta i Oslo har “mista” hundrevis av studentar til stolar og bord i det nye, kule Deichman i Bjørvika, eit døme på kor viktig det er med arkitektur og sentral lokalisering.
Og vidare: Biblioteka trudde dei kunne halde tritt med utviklinga av digitale medium, men forlagsbransjen, med hjelp av staten, har sett grenser for biblioteka når det gjeld tilgangen til e-bøkene og dei stadig meir populære digitale lydbøkene.
For tjue år sidan satsa biblioteka sterkt på kvalitetssikra, handplukka kunnskapsportalar på nett, for å konkurrere med Google, men som kjent er kunnskapen i dag heilt overtatt av dei nettbaserte internasjonale konserna, no også av KI-ane deira. Snøgg levering er blitt mykje viktigare enn kvalitet.
For ti år sidan skulle biblioteka bli offensive debattforum, men forsking viste at berre i nokre store kommunar har dei ressursar til dette. Enklare arrangement som foredrag og opplesing har auka bibliotekbesøket ein del, men på tjue år har likevel talet på dei i landet som bruker biblioteket gått ned frå 54 til 48 prosent.
Det same med talet på bibliotek. Lova krev berre eitt bibliotek i kvar kommune, og det blir spanande å sjå kor mange av dei nye samanslåtte kommunane som no kvittar seg med bibliotekavdelingar utanom det eine sentrale.
Korleis kan det ende? I Storbritannia, eit nesten-granneland med sterke kulturelle tradisjonar, har dei femten siste åra, med eit bastant høgrestyre, men ikkje ultrapopulistisk, redusert biblioteka sine driftsbudsjett med 18% og bokutlånet med 40. Kvart femte bibliotek er nedlagt. Frivillige lånarar har “redda” eit halvt tusen, men få av desse amatørdrivne boksamlingane har pengar til nytt innhald. Og andre bibliotek er reduserte til community hubs, det vil seie “kreative” samanslåingar av bibliotek med alt frå skattefuten til politiet (og då går biblioteket som uavhengig aktør fløyten, jf Merete Lie i kronikken i Klassekampen, også 23. oktober).
Det er ikkje tal på kor mange bibliotekfaglege og -politiske konferansar dei siste åra som har hatt biblioteket som demokratisk aktør som hovudtema. Men kva kjem det ut av det? I dei nasjonale bibliotekstrategiane som Nasjonalbiblioteket og departementet har stått bak, har demokrati vore sentralt, men forskarar har oppsummert at dei inneheld “ingen konkrete eksempler på hvordan bibliotekene skal gjennomføre dette, utenom generelle målbeskrivelser”. Kan vi håpe på ein forløysande augneblink under “demokratiworkshopen” i regi av Norsk bibliotekforening på Litteraturhuset i Oslo 7. november?
I Morgenbladet denne veka vågar Bernhard Ellefsen å vere visjonær om kulturpolitikken over ni sider. Han skriv at “kulturpolitikkens reelle subjekt igjen [må] være folket. Det er effekten som må styre bruken av disse dyrebare kulturkronene”. Ikkje institusjonane.
Ei ekstra utfordring er at det bibliotekfaglege miljøet er så lite at det ikkje når fram med krav og synspunkt. Det blir ofte “gløymt” i viktige samanhengar, til dømes i det nye dokumentet “Ytringsberedskap : Nasjonal strategi for eit ope og opplyst offentleg ordskifte”, lagt fram 23. september av ingen annan enn bibliotekas eigen minister Lubna Jaffery. I den grundige gjennomgangen av 9 slag infrastruktur for ytringsfridom er biblioteket berre nevnt, nærmast i forbifarta, under “Kunst og kulturliv”. Ikkje eitt ord under “Språk, leseferdigheiter og leselyst”. Og ingen andre stader.
Men kan andre, utanforståande, forsøke å gjere noko med det?
Konkret forslag: I kommunane før budsjettdebattane kan fagrørsla, minoritetsgrupper, interesseorganisasjonar osv ta Ellefsen på alvor og gå saman om å stoppe kutt på biblioteket. Og i neste omgang vere med på å utvikle det til ein verkeleg demokratisk ressurs.