Archive for ‘Internet Archive’

mars 20, 2023

Kampen for Internet Archive står no!

Klikk biletet og bli med på støtteoppropet

Her på bloggen har vi gjennom fleire år ikkje berre promotert og støtta tenesta Internet Archive og «filialen» Wayback Machine. Vi har også fleire gongar kunna dokumentere sletta nettsider og av andre grunnar døde lenker ved hjelp av WM. Sjå blant anna bloggposten Kampen mot 404. Og innsatsen deira under Koronaen var heilt spesiell. Men no vil bokbransjegigiantane i USA knekke tenesta gjennom ei omfattande rettssak der dei påstår at tenesta er rein piratverksemd.

Ein støttekampanje er på gang, og varm skriftleg støtte får dei frå aust og vest, blant anna frå ei gruppe biblioteksjefar ved store fagbibliotek på nettstaden Inside Higher Ed. Les denne!

Her på bloggen har vi kategoriar for blant anna Internet Archive og Open Access. Og vi skriv også om Sci-Hub, som statlege styresmakter forsøker å knuse, men som heile tida må gøyme seg på ulike tenerar verda rundt.

På ulike måtar er dette uttrykk for at kunnskap må vere fri!

mars 2, 2023

Twitter og historieskrivinga

Brewster Kahle, gründeren til Internet Archive, skreiv artikkelen «Our Digital History Is at Risk», først i TIME Magazine, så på IA sin blogg. Bakgrunnen er særleg faktumet at (vår omsetting):

«Twitter sitt eigarskifte har avslørt ein underliggjande ustabilitet i det digitale informasjonsøkosystemet. Mange har no sett at når nokon slettar Twitter-kontoen sin, blir profilen vekk, tweetsane og til og med direktemeldingane deira. Ifølgje MIT Technology Review har rundt ein million menneske forlate Twitter så langt, og all denne informasjonen har forlate plattformen saman med dei. … Å miste tilgang til viktig privat informasjon utan tvil urovekkjande, men situasjonen er endå meir urovekkjande når vi tenkjer på den rolla digitale nettverk speler i verda i dag. Regjeringar kjem med offisielle uttalar på nettet. Politikarar driv valkamp på nettet. Forfattarar og kunstnarar finn eit publikum for arbeidet sitt og ein stad å kome til orde. Protestrørsler finn trekkraft og tilhengarar. Og sjølvsagt var Twitter ei viktig publiseringsplattform for ein viss amerikansk president. … Om Twitter skulle svikte fullstendig, kunne all denne informasjonen forsvinne frå nettstaden deira på ein augeblink. Dette er ein viktig del historia vår. Burde vi ikkje prøve å bevare han?»

Det er ikkje overraskande, skriv han, at i 2017 stansa dei Library of Congress sitt føderale program for å ta vare på det heimlege nettinnhaldet …

Kva med Noreg? Nasjonalbiblioteket seier dei driv med nettsanking av «helt syke datamengder», og at dei «Soper opp alt». Men ser vi nærmare etter, haustar dei ikkje «Sosiale medier (Facebook, Instagram, Twitter)»; klikk på «Hva høster vi».

Og frå to år tilbake veit vi jo at dei ser på tjue år fagleg bibliotekdebatt som verdilaus.

oktober 8, 2021

Kampen mot 404!

The Wayback Machine er 25! Sjå intervjuet med grunnleggjar Brewster Kahle frå 1996. Der han viser fram utstyret som skulle til for å kopiere “the whole web … estimated to between one and ten terabyte».

Eit overslag i 2019 var at berre Google, Amazon, Microsoft og Facebook representerte 1,2 millionar terabyte.

Men nokre motset seg lagring, til dømes Nasjonalbiblioteket

juni 30, 2020

Biblioteket (nesten) utan grenser 1

Skjermbilde 2020-06-30 13.30.33

Mange format til nedlasting for denne boka, men ikkje slik for alt i IA.

1-talet i overskrifta er eit signal om at det kjem meir – om den utrulege digitale ressursen Internet Archive. Det kjem i små drypp. I dag fann eg tilfeldigvis boka «Hvem er hvem i norsk kulturliv» frå 1987 då eg leita etter biografiske opplysningar om den tidlegare sjefen min og blant anna IFLA-president Else Granheim.

Boka finst på nb.no også, men ikkje i ti ulike format, blant anna ikkje lydbokformatet DAISY! Og du kan, til skilnad frå NB, laste ned alle. Du kan også få side for side lesen opp frå skjermen (sjå ikon på linja under). Med svensk talesyntese (?).

Apropos svensk, så finst boka også på Runeberg, og det er der ho kjem frå til IA. Ser vi nærmare etter lastar Runeberg opp alt (?) dei har dit. Fordelen er då at på IA finn vi alt på éin plass. Det same gjeld ei mengd andre digitaliseringsprosjekt.

Nasjonalbiblioteket kan ikkje vere med på dette, ifølgje avtalen med KOPINOR, der berre norske IP-ar får tilgang. Men så ser vi at folk likevel bidrar med enkelte titlar frå NB, i alle fall slike som har falle i det fri. Dette bør vi følgje opp.

Translate »