Archive for ‘Møteplass’

desember 8, 2022

Biblioteket og kroppsvarmen

«Varmestuen», Oslo, 1931. Utsnitt. Fri bruk. Nasjonalbiblioteket

Ikkje berre sjeleleg, men også kroppsleg er biblioteka blitt viktige denne hausten. Særleg på dei britiske øyene har energiprisane kombinert med haust- og vinterkulda auka behovet for varmestover for folk, og biblioteka har mange stader peika seg ut til dette. Så frå å ha vore eit dilemma for den seriøse kultur- og kunnskapsinstitusjonen har dette blitt «eit bein å stå på», om ikkje redninga, for mange nedleggings- og nedskjeringstruga bibliotek.

Også rikspressa der borte har skrive om dette, no sist The Guardian i sjølve leiarartikkelen søndag: «The cost of living crisis has cast new light on their role as places not only to read and learn, but to keep warm. They cannot be allowed to dwindle».

Det var behov for dette også før i tida, men praksisen varierte nok. Ifølgje det bibliotekhistoriske verket «The Library», som vi omtalte i august, spurde seg presidenten for ALA, den US-amerikanske bibliotekforeininga, i 1894 om dei som kom til biblioteket for å lese aviser nokon gong las noko anna: «Are they not, for the most part, a vagrant and mal-odourous class, whose presence in the reading room repels many who would receive more benefit from it?».

Heilt enkelt var det heller ikkje for seksti år sidan i Oslo; også då var kroppslukt eit tema. Bok og bibliotek nr. 4, 1962 siterer sjefsbibliotekar Henrik Hjartøy i Deichmans årsberetning 1961:

read more »
oktober 25, 2022

Kulturhuskrise

Nrk.no melder at «Kulturlivet rammes igjen»: Ei undersøking viser at det blir 40 prosent lågare aktivitet i år, og ifølgje ein prognose kan billettsalet ved norske kulturhus «falle med så mye som 65 prosent, sammenlignet med 2019».

Utan å kunne vise til nokon statistikk, vil bloggaren påstå at høgare billettprisar har ein del å seie.

Men dette kan bety eit løft for folkebiblioteka, som ikkje er kjende for dyre arrangement, faktisk gratis inngang ofte. Sjå fotoet frå ein presentasjon av ei ny lokalhistorisk bok på Moss bibliotek i førre veke. Stappfullt hus!

Rett nok liten variasjon i hårfargar …

oktober 17, 2022

Biblioteket – varmestove med stengt dør?

Rett nok ikkje SÅ stengt

Vi skreiv nyleg om folkebiblioteka i UK som førebur seg på å bli varmestover for folk som ikkje har råd til å fyre heime. Sjølv om bustadene her i landet stort sett er betre isolerte, er kulda strengare, og biblioteka våre blir nok også brukt slik. Utan at det har vore snakk om eigne tiltak (?).

Så las vi om ein fersk plan for straumsparing i Oslo. Ifølgje NTB er planen i to delar: «I den første delen av planen skal innetemperaturen i kommunale kontorer settes ned til maks 20 grader. Også på skoler, i barnehager og i flerbrukshaller skal temperaturen ned. Men her er 20 grader minimum». Det går ikkje fram om dette også gjeld bibliotek (vi finn ikkje originalen nokon stad og har ikkje tilgang til Aftenposten, som skal ha skrive meir). Uansett frys du ikkje ved 20 grader, så det går vel bra.

Men del to av planen betyr «reduserte åpningstider i kulturbygg og biblioteker».

Det blir ein stor overgang særleg for brukarane av nybiblioteket i Bjørvika, dominert, som det er i dag, av folk som sit der lenge og jobbar med studium og anna. Då blir biblioteket som møteplass, den store nye trenden på 2000-talet, ein skugge av seg sjølv. Og kva då med meirope? Høyrer vi demonstrasjonstog?

august 3, 2022

VIKTIG bok om bibliotekas for- og framtid

Følgjarar til Internet Archive har ikkje problem med å slå i hel tida. Éin ting er det omfattande innhaldet, nedlastingar heilt frå nettets barndom og mengdar av stoff som seinare er digitalisert. Men IA publiserer også eige materiale om bibliotek, til dømes heldt dei eit webseminar 20. juli med forfattarane av boka The Library – a Fragile History. Historikarane Andrew Pettegree (UK) og Arthur der Weduwen (NL) har skrive ei svært lesbar bibliotekhistorie, der dei altså vågar å fokusere også på institusjonens skøyre sider, om ulike trugsmål mot og åtak på biblioteket gjennom tidene, målretta eller ikkje.

PS: I dag skriv også bibliotekhistorikar Mats Myrstener varmt om denne boka på BiS!

Og dei ser også på notida og framtida. Frå den første «dataalderen» nemner dei, ikkje utan ironi, leiaren for RAND Corporation som i 1979 spådde bibliotekets snarlege død. Og forsøka på å lage bibliotek heilt utan papirbøker. Og sjølvsagt digitaliseringa og spreiinga av kunnskap elektronisk, i regi av ideelle eller kommersielle, med eller utan intensjonar om å konkurrere ut offentlege bibliotek. Men framleis har vi 4,6 millionar bibliotek i verda, og det har kome mange flotte bibliotekbygg dei siste åra, slår dei fast.

Så har vi den nye trenden med biblioteket som møteplass og som møtearrangør. Dette blir hos desse forfattarane utgangspunktet for hovudkonklusjonen – at dei trykte bøkene framleis må og vil vere avgjerande viktige. I sluttkapitlet («Reading Without Boooks») har Pettigree og der Weduwen nokre avsnitt der dei, kanskje betre enn nokon annan, set ord på dei unike eigenskapane både ved boka og biblioteket, og på kvifor dei begge må – og vil – overleve. Bloggaren har fått forfattarane og forlaget si tillating til å omsetje nokre avsnitt til norsk:

read more »
september 19, 2021

«- Hvis du kjeder deg på julaften…»

Siste nytt frå avisa Varden: Når Porsgrunn bibliotek lanserer meiropning vil dei lokke folk til å gøyme seg på biblioteket på julekvelden! (meir får vi ikkje vite, for vi blir stoppa av betalingsmuren).

Å leike gøymsle på biblioteket er ikkje noko nytt, i alle fall ikkje i Denver, Colorado. Men seriøst: Ein kan vel også gå dit denne kvelden for å vere sosial? Til denne lågterskelmøteplassen vår framfor alle!

Ser vi ein ny, alternativ julekveld-trend!? For folk som har fått nok av både svineblót og basusjern.

august 15, 2021

Etterlysing: Fleire kravstore brukarar!

I Lofot-Tidende 5. august skriv biblioteksjef Joep Aarts i Vestvågøy: «Et godt bibliotek trenger et kravstort publikum».

Han opnar tilsynelatande resignert, med dette som dei fleste av oss veit er institusjonens store utfordring: «… vi bibliotekansatte blir ikke avkrevd mye, verken av publikum eller lokalpolitikere». 

Men, skriv han om sitt eige bibliotek: «Fra å være et nokså passivt lager for bøker som bare tilbyr kunnskap, jobbes det nå med å gjøre folk i stand til å anvende, videreutvikle og dele denne kunnskapen. Biblioteket har blitt en demokratisk møteplass, en arena for offentlig samtale og debatt, og et sted for (digital) læring, kunnskapsdeling og lek».

Biblioteksjefen skriv også at dei har «et utstrakt samarbeid med lokale organisasjoner». Det er det mange som gjer, men her er det i eit prosjekt som vil bli evaluert. Det blir spennande å sjå resultatet.

Og her ringer det ei bjølle: Den svenske forfattaren Sven Lindquist tok dette eit steg vidare i eit foredrag i Trondheim, sjå Bok og bibliotek nr. 6, 1988. Der seier han at folkebiblioteka må «få resurser att hjälpa miljögrupper och andra opinionsgrupper, stadsdelsföreningar och fackklubbar och byalag att ta fram faktaunderlag som de behöver – ungefär som riksdagens upplysningstjänst idag betjänar riksdagspartierna med utredningar i olika frågor. Det är det jag menar med att folkbiblioteken bör bli folkets forskningscentraler».

juni 10, 2021

Biblioteket og bylivet

Det tidlegare nyheitsbiblioteket satsa på skjerm-media og «bestseljarar»

Vi har tidlegare her på bloggen vore inne på at bibliotek er eit ettertrakta element i kjøpesenter. I tillegg til å vere publikumsmagnetar vil vi tru at Thon, Steen og Strøm osv. set pris på bibliotek som kulturelle, ikkje-kommersielle alibi. Og her er det potensial, for Noreg har ifølgje kjøpesenter-ekspert Ronny Spaans 900 kvadratmeter kjøpesenter per 1000 innbyggjarar. Det skal vere europarekord.

Ein følgje av denne utviklinga er at mange gamle bysentrum har stagnert. Men no kan vi lese i Berlingske at sentrum i Herning på Jylland er blitt revitalisert etter at dei flytta biblioteket inn i gågata i sentrum: «Biblioteket er rykket ind i bymidten, og bylivet er flyttet med». 

Det tidlegare hovudbiblioteket var ein typisk dansk «bibliotekborg» anno 1960- og -70-tal. Faktisk kalla «Ørkenfortet»! Og det låg eit godt stykke frå sentrum.

I 2009 var underteikna i Herning og skreiv om «nyheitsbiblioteket» dei hadde innreidd i ein underetasje i sentrum, sjå Bibliotekforum nr. 2, 2010 side 28-29. Om dette var i same bygg som det nye hovudbiblioteket, skal ikkje seiast sikkert.

På den faste sida vår «Nye bibliotekbygg» går det blant anna fram at på Ski i Nordre Follo flyttar dei no biblioteket ut av kjøpesenteret til eit nybygg i sentrum. Men der ligg alt kjøpesenteret i sentrum.

januar 16, 2021

Bokbad utan bølger

Frå sjølve ur-bokbadet i 1997. På godt og vondt! Klikk og kikk

I Aftenposten 3. januar skriv bokmeldar og forfattar Erle Marie Sørheim frigjerande om «Koseprat og humring preger scenesamtalene. Det er på tide å gi forfatterne litt motstand». Og ho held fram: «Når litteraturformidlingen forflytter seg fra spaltene til scenen, forsvinner kritikken med det samme. Den litterære scenesamtalen vil bli en av de mest sentrale historiske kildene til vår tids litterære miljø – og debatt. Så hvor blir det av debatten? Vi trenger ikke anse disse samtalene som et fristed hvor forfatter og samtaleleder kan plapre litt mens publikum drikker vin, ser på mobilen eller strikker skjerf. Vi kan ta dem på langt større alvor. … Å snakke om litteratur på en scene betyr ikke at man må bli mikrofonstativ for forfatternes ønskede lanseringsstrategi. I særdeleshet ikke når arrangøren er en festival, et offentlig bibliotek eller et litteraturhus».

Sjølvsagt kjem det straks ein lokal bokbademeister som meiner at «Dette er skivebom. En samtale mellom forfatter og bokbader er ikke en konfronterende debatt, men en meningsfylt samtale. … Det er noe som et litteraturinteressert publikum vet å sette pris på».

Men korleis går det eigentleg med litteraturformidlinga og bokbadinga i bibliotekbassenget? For ikkje å seie …

read more »
desember 16, 2020

Bibliotekstrategien: Bibliotek+demokrati er ikkje konkretisert

Særleg under og etter lovrevisjonen i 2012-14 blei demokrati eit heilt sentralt punkt i bibliotekpolitikken og -debatten, noko som førebels har kulminert med den andre, nogjeldande nasjonale bibliotekstrategien med den ambisiøse tittelen «Rom for demokrati og dannelse». Men har regjeringa og bibliotekstrategane klart å heve ordparet bibliotek og demokrati over klisjé-nivået og det heilt allmenne?

Eit seriøst forsøk på å svare finn vi i ein fersk artikkel i «Nordic Journal of Library and Information Studies» (vol 1 no 2 2020) med tittelen «Den digitale offentligheten i kultur- og bibliotekpolitikken». Forfattarane er professor Håkon Larsen ved OsloMet og spesialbibliotekar Per Alexander Solheim ved UiO. Men i studien deira av dei sentrale styringsdokumenta finn dei alvorlege manglar:

«Den siste bibliotekstrategien har flere beskrivelser av hvordan biblioteket skal være en sterk bidragsyter til opparbeidelse av digital medie- og informasjonskompetanse for befolkningen, men i likhet med den forrige bibliotekstrategien er det ingen konkrete eksempler på hvordan bibliotekene skal gjennomføre dette, utenom generelle målbeskrivelser».

Men noko Larsen og Solheim ikkje har sett på er prosessen knytt til bibliotekstrategien som Nasjonalbiblioteket er i gang med no i haust. Dette skjer i samarbeid med eit «Strategisk råd», og bak ei lenke på nb.no med dette namnet finn vi fila «Status for arbeidet med bibliotekstrategi». Så no nærmar vi oss vel det meir konkrete?:

read more »
november 24, 2020

Student- og anna einsemd

Einsemda i ein lesesal

Dette er sikkert ikkje noko nytt for norske UH-bibliotek, men vi vil berre nemne at Khrono.no no tar for seg ein rapport frå ei ekspertgruppe som blant anna meiner at bibliotek kan vere viktig for studentar under koronaen. Artikkelforfattaren nemner verken namnet på rapporten eller lenker til han, men vi fann han: «Tiltak for oppfølging av studenter ved fagskoler, høyskoler og universiteter under pandemien».

Punkt 5.2. heiter «Studentene trenger faglige og sosiale møteplasser hvor de kan overholde smittevernregler», og her kan vi lese: «Institusjonene bør så langt det er mulig også stille lokaler til disposisjon slik at studentene kan bruke lesesaler, bibliotek, kantiner og andre rom til faglige og sosiale aktiviteter innenfor de gjeldende smittevernrammene» (vår utheving). 

Men dét er også alt.

Vidare har vi no for første gong lånt ei e-bok på Allbok: «Ensomhetens århundre« av britiske Noreena Hertz. Boka er så fersk at ho har med koronaen, men så har ho også preg av hastverk. Vi kjem ikkje til å lese heile. Det er ein flaum av …

read more »
september 22, 2020

Opp- og nedturar i Bjørvika

Vanskeleg bodskap under koronaen

>> 22.9. kl 13: Fekk vite no at fotoet i magasinet er frå då skolebarn sjaua bøker frå det gamle biblioteket – i januar. Men det skal ha vore ganske intime tilhøve i sommar også.

I Agenda magasin skriv Helga Gitmark veldig fint om «Den norske drømmen i Bjørvika». Ein sentral bodskap er den moderne einsemda og kor viktige dei nye møteplassane i samfunnet er blitt, og at «Det går en tydelig linje mellom Putnam og Hertz´ bekymringsmelding og bibliotekets muligheter. Det er ikke knapphet på informasjon i dag, men det er knapphet på felles møteplasser der alle får ta del i kunnskapen, og få hjelp til å prioritere hva som er relevant og viktig, og der vi rett og slett kan være sammen med andre mennesker».

NTB-fotoet dei har valt som illustrasjon er frå eit arrangement på nye Deichman ein gong i sommar, der verken byrådet, bibliotekleiinga eller brukarane kan ha hatt angst for nærkontakt på den nye møteplassen. Medvite eller ikkje medvite val av foto; kontrasten blir nesten hjarteskjerande til restriksjonane Deichman nyleg måtte innføre på grunn av oppblomstringa (for ein metafor!) av koronaen i hovudstaden.

mai 28, 2020

Full ominnreiing av Nye Deichman?

Skjermbilde 2020-05-28 23.59.54Dei fleste lesarane av denne bloggen kjenner godt til historia om korleis det nyleg stengde hovudbiblioteket på Hammersborg i Oslo var blitt «umoderne» før det opna i 1935. Det bygde på ein elitistisk og lite fleksibel trapp-og-søyle-dominert bibliotekarkitektur som elles var forlate, til dømes fjorten år før i Stockholm då dei opna det nye hovudbiblioteket sitt.

Men no kan det vise seg at dei mykje omtalte opne løysingane i det nye biblioteket i Bjørvika som opnar 18. juni er så smitte- og helsefarlege at det vil haste med større endringar der også. Og ikkje berre der, men i svært mange, for ikkje å seie alle moderne bibliotek som har som prinsipp å få flest muleg innbyggjarar til å bruke lokala.

Bakgrunnen for denne påstanden vår er blant anna ein artikkel i dag i Khrona: Smitteekspert trekker fram åpent kontorlandskap som høyrisiko. Som byggjer på ei sak i Dagsavisen om tilsvarande utfordringar i det nye regjeringskvartalet. Ordet bibliotek finst ikkje i artiklane, men begge illustrasjonane til saka i Khrono viser bibliotekrom, ei arkitektteikning av eit myldreareal og typisk «møteplass» og eit foto frå ein lesesal.

« … koronaviruset ser ut til å ha spredt seg svært raskt nettopp i kontorbygninger der det finnes åpne kontorarealer og fellessarealer hvor mange oppholder seg». Dette seier professor i smittevern Bjørg Marit Andersen, tidlegare smittevernoverlege ved Oslo universitetssykehus Ullevål, og ho konkluderer med at:

read more »

februar 20, 2020

Optimisme-biletet av møteplassen

Oppblåsen møteplass i Chicago

«Pumpet opp teatertall» var hovudsaka på kultursidene i Klassekampen 14. februar. Det er BI-professor Anne-Britt Gran som meiner SSB sitt tal for teaterbesøk «brukes i et optimisme-bilde», då dei «inkluderer … alle deltakere på omvisninger, konferanser og ulike formidlings- aktiviteter, uten at dette er opplyst om».

Og SSB lagde seg flate. Til skilnad frå då Ørjan Persen presenterte på Medium ein, etter mi meining, godt underbygd påstand om «Oppblåste tall i nasjonal bibliotekstrategi». Då fekk han ikke eit einaste svar.

I motsetnad til saka i KK har kanskje dette gått langt under radarane til både Kultur- og Kunnskapsdepartementa, så dei får få ein ny sjanse. Vi skal i alle fall tvitre dei om dette. Og poste det i statistikkgruppa på Bibliotekutvikling.no.

Persen viser til at feilen oppsto i evalueringa av den førre bibliotekstategien, men på kort tid har dette optimisme-biletet spreidd seg til fleire viktige fora, blant anna i regi av Nasjonalbiblioteket.

Kommentér gjerne her, og/eller hos Ørjan.

januar 30, 2020

NETTHAT i Moss! Djupdykk i eit «debattbibliotek»

På ein sur tysdagskveld i januar og midt i beste EM-i-handball-sendetid er Moss bibliotek fullt av folk! For her har bibliotekarane sidan lovpålegget i 2014 aktivt forsøkt å realisere biblioteket som møteplass og debattarena. Og det viser seg at mossingane ikkje blir skremde verken av eit tema som netthets eller at det sit ein netthets-forskar og ein ung Utøya-overlevar på podiet.

Er biletet av folkebiblioteket verkeleg i ferd med å frigjere seg frå det tradisjonelle «lånebiblioteket»? Men kva skal til for å kunne halde fram? Vi fekk ein prat rundt dette med representantar for både biblioteket og initiativtakarane til dette møtet.

Den fulle tittelen på møtet var «Netthets: Hva er dette fenomenet? Er kvinner og jenter mer utsatt enn menn? Hva kan vi gjøre for å forebygge?». Dette var berre første møte av fire om kvinnerelaterte spørsmål, og initiativtakar er Moss Arbeiderpartis kvinnenettverk.

Debatt er eitt av dei mest potente stikkorda for det moderne biblioteket når vi skriv 2020, men å finne folk som er for netthat er ikkje lett, så det blei to innleiarar som utfylte kvarandre;

read more »

januar 9, 2020

BI-rapporten: MYKJE interessant også om bibliotekbruk og «Bokhylla.no»

>> Oppfølging 10.1.: Bokbransjen vil ha ny lesepolitikk, men kva med biblioteka?

I Klassekampen i dag er hovudsaka på kultursidene at «Forlagene hevder nordmenn leser 13,6 bøker i året. En ny undersøkelse kommer fram til tallet 8,5.» Og forsidehenvisninga har vi som ingressbilete her, med tittelen «Knuser bokorm-myten!»

Det handlar om «Bokforbruk, bibliotek og lesing i digitale tider«, rapport nummer 4 frå BI sitt forskingsprogram «Digitisation and Diversity» (som vi har skrive om i tre tidlegare bloggpostar.)

Den dramatiske skilnaden i boklesing per nordmann kjem av at forlaga sine undersøkingar ikkje tar omsyn til utdanningsnivå. Dette meiner Anne-Britt Gran, leiar av programmet. Ho seier til avisa: «Begge undersøkelsene er vektet på kjønn, alder og geografi. Vi har i tillegg vektet på utdannelse, siden kulturforbruk i så stor grad korrelerer med lengden på folks utdannelse.»

Men verken Klassekampen eller dei som (i løpet av torsdagen) har sitert avisa eller publisert NBT-meldinga som byggjer på henne, nemner noko som helst av det svært interessante i rapporten om både bruken av «Bokhylla.no» og generell bibliotekbruk. Blant anna om lån i ulike former og på ulikt leseutstyr (framleis klår førsteplass til papirboka) og om ventetider på dei ulike boktypene (få klagar på nokon av dei).

Interessant er det også kva bibliotekbrukarane trur om bibliotekframtida:

read more »