Archive for ‘Korona og biblioteka’

mai 7, 2021

Vaksinepass = meirarbeid

Vred dansk borgar anno 1013. Svein Tjugeskjegg invaderer England

Det danske «bibliotekarforbundet» Kultur og information har spurt bibliotek i by og bygd (det sistnemnde finst vel ikkje i DK) om røynslene med gjenopning og ikkje minst ordninga med coronapas. Størst problem er i det i dei større byane, der «man måske ikke har helt samme personlige relationer». Dei aller fleste er positive, men det finst også «vrede borgere». Truleg dei som ikkje har dette passet med seg eller ikkje er kvalifiserte for det, og må snu i døra. Om dei ikkje tingar bøker på førehand og får dei utleverte ved oppmøte.

Sjå også Bibliotekopning for A- og B-lånarar?

«- Medarbejderne oplever at have masser af opgaver, så det er ikke en blød start. For selvom der generelt er færre borgere på biblioteket p.t., så er der meget at lave i forhold til materialehåndtering, hvor alle udlånte materialer afleveres, og hvor man samtidig skal afsætte ekstra bemanding til at håndtere coronpas og de ekstra opgaver, det medfører».

mai 7, 2021

Flytting av oversikta over nye bibliotek

Frå Arnesen: Bibliotekbygninger, 1919. Klikk og kikk

Etter å ha opplevd stor interesse for lista med nye bibliotek og planar for slike på bloggposten Koronabibliotek på gang! (557 nedlastingar sidan publiseringa i januar), vel vi å flytte lista til ei side på bloggen: Nye bibliotekbygg (bloggen har pt. tolv sider til skilnad frå innlegg. Lenker til dei finn du nede til høgre).

Lista Nye bibliotekbygg har fleire formål. Det har alltid vore spørsmål etter bibliotek å reise på studietur til, i alle fall før koronaen. Men utveksling av idear og røynsler treng ikkje skje fysisk. Arkitektane kan også ha glede av denne oversikta. Tips dei.

Vi vil framheve der utbyggjar og arkitekt melder at dei vil følgje nye krav som koronaen og framtidige pandemiar stiller. Men når vi skriv 7.5.21 finn vi ingen…?

april 26, 2021

Parkbibliotekets renessanse? :-( :-) :-0

Eller må biblioteket kapitulere for denne «rørsla»? Foto: Haeko (CC BY-SA 3.0) Klikk og kikk

NRK melder i dag at «Amerikansk studie sår tvil om en- og tometeren». Og vidare: «Forskerne mener du er like utsatt for å bli koronasmittet innendørs – uavhengig om du befinner deg 2 eller 20 meter fra smittekilden. – Jo lenger man oppholder seg i samme rom som en smittet, jo høyere er risikoen for å bli smittet, … De mener anbefalingen om avstand er med på å gi folk en falsk trygghet».

Denne saka kjem stadig høgare på nyheitsnettstadene no i kveld, men kor kvalitetssikra denne forskinga er, får vi jo sjå på.

Men må vi eventuelt omskrive fullstendig den trass alt optimistiske lista over tiltak for post-korona-biblioteket?! Blir det registrering i døra og alarm på ein app etter så og så mange minutt for kvar bibliotekbrukar inne i lokalet? Eller får securitassane eit nytt arbeidsfelt?

I 1901-07 gjennomførte Deichman eit forsøk med friluftsbibliotek parkane i Kristiania. Blir dette den tryggaste løysinga framover? For to år sidan prøvde dei seg igjen.

april 24, 2021

Korona-plassmangel i skolane – kva då med biblioteka?

Tronge biblioteklokale blir svært tronge i framtida

I Dagsavisen i går handla det om plassmangelen ved mange skolar på grunn av koronaen. Avisa skreiv også i mars: «Osloskolen om to meters avstand mellom elever: «Helt umulig»». Også omorganisering av klassane i kohortar krev meir plass. Skolane forsøker då å leige andre lokale i nærleiken.

Men skolebyråden i Oslo er ikkje uroleg for dette. Ho har «hele tiden tydelig kommunisert til skolene at de vil få dekket utlegg til leie av ekstra lokaler da dette vil være ekstraordinære koronautgifter. Denne typen ekstrautgifter forutsetter vi at staten kompenserer».

Kva då med folkebiblioteka?

For det første høyrer vi ingen verdas ting frå departementet eller Nasjonalbiblioteket om korona-kompensasjon. Dei ser ut til å meine at det held med e-boktilskota i fjor.

Men i biblioteket er det ikkje berre å leige kvadratmeter rundt hjørnet når biblioteklokalet i praksis er redusert til kanskje det halve på grunn av to-meteren mellom folk. Og permanent blir det; vi må bli betre førebudd mot nye pandemiar, og etter koronaen er bibliotekarkitekturen klart i omforming mot større areal per brukar. Og: For tida aukar kanskje ikkje utlånet, men dét gjorde besøket i åra før koronaen. Og mange brukte meir tid når dei var på biblioteket.

PS: Og apropos ei anna utfordring, nemleg …

read more »
april 21, 2021

Bibliotekopning for A- og B-lånarar?

«I skoledøra» av Nikolai Bogdanov-Belsky, 1897. Klikk og kikk

>> Meir om dette på Kulturforbundet 21.4.

For nokre dagar sidan nemnde vi kor glade danske bibliotekarar er for å kunne helse skikkeleg på lånarane for ein gongs skuld. Fordi dei etter gjenopninga må stoppe dei i døra for å be om «coronapas».

Det såg ikkje ut til at dette var noko problem i dronningrikets bibliotekmiljø, men nu er det lige blevet ét. I eit innslag på DR P1, referert på Kulturforbundets sider, vedgår forbundsleiaren at:

«Det er jo en udfordring. Biblioteket er en institution med fri og lige adgang, man løser ikke billet til biblioteket, og det er for alle, og det kan kollidere lidt med tanken om coronapas. Så det er en balancegang, at biblioteket skal være et trygt og sikkert tilbud for borgere og medarbejdere. Som land og som borgere skal vi vænne os til coronapas, så jeg er glad for, at der lægges op til en vis form for fleksibilitet i forhold til, hvornår der skal vises coronapas, og hvornår man eksempelvis kan hente materialer uden at vise coronapas».

Det er mange som enno ikkje får vaksine eller ikkje ønskjer å vaksinere seg (noko vi må håpe flest muleg likevel gjer) – eller ikkje ønskjer å bli registrerte med vaksinepass/-bevis av personvernmessige grunnar.

Vaksinepass kan opne for feriereiser til (enkelte) land, men samtidig bli eit ekstra hinder for alt frå å ha ein jobb til å kunne bruke biblioteket sitt skikkeleg.

Les også om alle FHI sine tvilsspørsmål til vaksinepass.

Slikt snakkar danskane ikkje om. Av ein eller annan grunn. Det er vel «lige meget»? Og dei kallar oss «aber»?!

april 15, 2021

Høve til å helse på bibliotekbrukarane

Opning kan vere risikabelt

No skal danskane opne biblioteka sine. Ein biblioteksjef seier til Perspektiv, tidsskriftet til Forbundet Kultur og Information, at: – Vores forventning er, at der bliver tale om en genåbning, hvor borgerne må tage ophold, fordi vi tager coronapas i brug. Derfor indstiller vi os på at skulle tjekke pas, når folk kommer, og vores udgangspunkt er, at det bliver en lejlighed til at få hilst ordentligt på vores brugere.

Her i landet er det større skepsis til vaksinepass. Av fleire gode grunnar. Mens altså i Danmark: – Bare simpelthen gør vi det!

april 15, 2021

Koronakommisjonsbefalinga

Ein illustrasjon vi fann med ein slags felles svensk-norsk referanse (klikk og kikk)

Ingen hadde vel trudd at biblioteket var nemnt i Kommisjonens rapport. Kulturlivet er også avspist med berre éi setning og då berre om den kommersielle delen: «Reiselivsnæringen og kulturnæringen er særlig hardt rammet». Nedstenginga av skolane får romsleg omtale.

Men i Sverige har Myndigheten för kulturanalys levert ein rapport om «den offentligt finansierade kulturen under pandemin». Bloggarkollega Peter Alsbjer siterer det viktigaste som står om følgjene for biblioteka, og hugs, dei var mykje lenger opne enn her i landet. Det mykje her vi må merke oss:

”Majoriteten av kommunerna uppger att kulturverksamheterna mer eller mindre stängdes ned under våren 2020, men i de flesta kommuner hölls biblioteken öppna mellan mars och november 2020. Kulturens roll i demokratiutvecklingen, som blivit tydlig exempelvis när biblioteken varit stängda, är viktig att synliggöra. Ett relaterat problem som lyfts fram från regionalt håll är relationen mellan centrum och periferi i glesa län; att nå ut till nya målgrupper var ett problem redan innan och är det ännu mer nu. Pandemin uppges ha förstärkt demografiska och geografiska ojämlikheteter ytterligare genom att förutsättningarna ser olika ut regionalt. Vidare uppger flera kommuner att biblioteken – när andra offentliga verksamheter stängt – särskilt fått brottas med att vara den enda offentliga aktören som fått möta många användarbehov som inte vanligtvis ligger inom bibliotekens uppdrag.”

PS: Den svenske «opne bibliotekdørs politikk» skapte uro blant mange tilsette, noko vi har følgt med på her på bloggen.

april 12, 2021

Kjem snart til eit bibliotek nær deg?

Utlånsregistrering ved hjelp av ein slik?

Med ein uklar referanse til tryggleik i samband med koronapandemien innbyr Disney sin Magic Kingdom Park folk til å vere med på test av såkalla biometrisk ansiktsgjenkjenning. Dei vil vel også freiste oss med slikt som å kunne gå ut og inn utan billett og betale «attraksjonar» og servering berre med våre blide åsyn. Men folka bak ein underskriftkampanje mot dette åtvarar mot lekkasjar, hacking osv. som kan føre til misbruk av slike data, ikkje berre til aggressiv marknadsføring, men til overvåking med ulike løynde føremål.

Når det gjeld «digitaliseringa av samfunnet» høyrde vi alt i mars i fjor at «utvikling som ville tatt 10-15 år tidligere, nå kommer i stand på noen få uker». Men miksen av pandemitrugsmål, terrorisme og kunstig intelligens vil flytte …

read more »
april 7, 2021

DK: 75 000 e- og lydbøker til unge elevar

Frå det Kgl. bibliotek i København

I ei pressemelding i dag på Ritzau kan vi lese at det danske kongelege nasjonalbiblioteket har inngått eit samarbeid med Saxo, «Danmarks største online boghandel og driver medlems- og streamingplatformen Saxo Premium», om å tilby «over 75.000 titler i e- og lydbogsformat til mere end 200.000 studerende på ungdomsuddannelserne».

Det ser ikkje ut til å vere primært lærebøker og pensum, men det vanlege tilbodet av e-bøker og e-lydbøker, som vel også i DK er mest skjønnlitteratur. Og mykje «krimi».

Interessant at staten her ikkje berre speler på lag med det private næringslivet, men at dei favoriserer eitt firma.

Til skilnad frå det norske Nasjonalbiblioteket som i fjor samarbeidde med organisasjonane til forlaga og forfattarane om eit ekstraordinært konronarelatert tilbod til bibliotek og studentar og forskarar.

Utan at vi har sett teikn til noko liknande under nedstenginga i år.

april 2, 2021

Biblioteket og dei nye mutasjonane

Klikk for større bilete eller sjå FHI-foredrag

I mai i fjor gjekk Norsk Bibliotekforening og Bibliotekarforbundet saman om ein god, detaljert og relativt fleksibel «Smittevernveileder for bibliotek». Men etter dét har vi fått mutasjonar av viruset, der dei tre mest kjende er den «britiske», den «brasilianske» og den «sørafrikanske». Og som vi enno ikkje kjenner på langt nær så godt som det «vanlege» viruset og sjukdomen, men alt tyder på at dei er farlegare på ulike måtar. No er vi rett nok i gang med vaksinering i vår del av verda, men kanskje må nye vaksinar utviklast.

Dette mens presset aukar for å opne biblioteka. Før den nasjonale nedstenginga frå november og utover haldt biblioteka lengre ope enn dei fleste andre kulturtilboda med grunngjevinga at «det er lite som tyder på at bibliotek er en betydelig smittekilde».

Men med dei nye mutasjonane er dette argumentet svekka. Alt i januar ga FHI ut ein rapport der vi kan lese at …

read more »
mars 30, 2021

Variasjon for bibliotekfotografane!

Som heil- eller deltids bibliotekjournalist gjennom førti år veit bloggaren kor vanskeleg det er å illustrere ein artikkel ved hjelp av fotoapparat. Ambisjonar om kule vinklar og oversiktsfoto blir fort slått til jorda av reolar og bokryggar som kjem i vegen. Sikkert åtte av ti foto frå bibliotek har dette motivet. Og det er effektivt internalisert også i yrket sine eigne kanalar, sjå berre her (skal vi sjå om det kjem noko nytt her over påske?)

Men med koronaen blei det litt variasjon. Ovanfor frå eit bibliotek i London etter at dei annonserte ring-klikk og hent-tenste etter siste nedstenging.

mars 26, 2021

Ibsenbiblioteket i Skien: «- It cannot be a real library»

Arkitekturnettstaden dezeen.com har denne veka eit solid oppslag om det komande biblioteket i Skien, med fleire overveldande «arkitektteikningar». Det er mykje skryt å lese om alt frå val av materiale på yttertaket («sånt ville gode båtbyggjarar vore stolte av») til samspelet mellom bygget og parken («dette vil maksimere potensialet som møteplass»).

Men når det gjeld det funksjonelle er det tvil å spore i kommentarfeltet: «… stakkars dei forfattarane som vil vere umulege å nå på toppen av dei høge bokreolane». Og «har arkitektane høyrt om Dewey?». Ein konklusjon er at «dette kan ikkje vere eit verkeleg bibliotek». Noko ein annan kommentator stadfestar: «I dag er bøkene der berre berre for å dekorere» (vår omsetting).

Men det står ingenting om arkitektoniske følgjer av Koronaen. Under overskrifta Koronabibliotek på gang! samla vi i januar Skien og fleire andre planlagde bibliotek som i utforminga bør ta omsyn til denne og framtidige pandemiar.

mars 23, 2021

Biblioteket og vaksineskepsisen

Vaksinemotstand i London i 1802. Klikk og les om bakgrunnen for karrikaturen

I Klassekampen i dag er redaktør Mari Skurdal klar på at det finst «Ingen snarvei» når det gjeld å hindre eller avgrense vaksineskepsisen i folket. Med solide referansar skriv ho at «Det eneste som hjelper, er å ta skepsis på alvor og besvare den så saklig som mulig».

Altså bibliotekarmat! Kunnskap skal vere biblioteka sin styrke, har vi høyrt. Og folk har stor tiltru til biblioteket.

Men kva kan biblioteket by på? På Biblioteksøk gir «Vaksineskepsis» null treff og «vaksinemostand» eitt, men dette er irrelevant. Men «Covid19» gir 64 treff i bøker og «vaksinasjon» 127. Det kan ein kanskje få gjort ei lita bokutstilling av.

Men kva så med heimesida og informasjonsskjermane? Då går vi sjølvsagt til Helsebiblioteket.no, der vi i alle fall finn lenker til to oppdaterte artiklar på FHI. Men med gode lenker vidare pluss referansar til fagleg stoff. Bokmåls-Wikipedia ser også ut til å ha ein god, i alle fall omfattande artikkel. Søk i Helsebiblioteket.no på «vaksine AND covid19» gir 93 treff som ser lesbare ut for dei fleste.

Litt meir prøving og feiling: I Google Scholar får vi 22 ferske treff (nyare enn 2016) på «vaksinemotstand» og 16 treff på «vaksineskepsis». Vi har ikkje søkt på andre språk.

Men så er jo biblioteket blitt eit debattbibliotek og skal også vere skeptisk til vaksineskepsisskeptikarane …

Dei danske biblioteka si teneste Faktalink.dk har sjølvsagt ein balansert artikkel om «Vacciner». Kvifor har ikkje norske bibliotek ei tilsvarande teneste?

mars 19, 2021

NOK 1 699 380 000 i koronastøtte til bibliotek!

Frå NYPL på 5th Ave.

Okei, denne overskrifta er reinspikka klikkhoreri for å få folk til å lese om krisestøtta til US-amerikanske folkebibliotek. Det er CNN som melder at 200 millonar dollar av Joe Bidens pakke på 1,9 milliardar er øyremerkte til biblioteka.

Pengane kjem i stor grad til å gå til meir datautstyr for å hjelpe millionane av fattige som har biblioteka som einaste stad å gå for få registrert seg for å motta statlege dagpengar. Bibliotektilsette hjelper også folk å navigere på nettet og blant anna kommunisere på video med legane sine, gjennomføre jobbintervju og no registrere seg for vaksine.

For eit år sidan gjorde den norske regjeringa ein del digitale tenester lettare tilgjengelege for elevar og studentar, pluss nokre millionar til biblioteka for innkjøp av fleire e-bøker. Men no under den nye nedstenginga i nesten halve kongeriket får ikkje biblioteka eingong dét.

I september lista vi opp bibliotekutfordringar og -behov etter pandemien i 19 punkt under tittelen: Korona-omstillinga for biblioteka vil KOSTE, herr kulturminister!

mars 16, 2021

Ny nedstenging, men kva med ekstratilboda?

Verdas mest populære Nasjonalbibliotek? Vel, dette var under ei brannøving i november 2008

Biblioteka er no stengde i store delar av Noreg; nemleg i Oslo og det såkalla Viken fylke, med rundt to millionar innbyggjarar i alt og fleire titusen skoleelevar, studentar, forskarar, forfattarar og andre kunnskapssøkjande. I første omgang varer det «berre» ein snau månad, men kven veit.

Nasjonalbiblioteket annonserer at dei held ope på nett. Men vi finn ingenting tilsvarande dei fire ekstra tiltaka som NB og Kulturdepartementet lanserte for eit år sidan:

  • Ekstraordinære innkjøp av e-bøker. 
  • Midler til digital formidling via bibliotek. 
  • Tilgang til pliktavlevert materiale via Nasjonalbiblioteket til forskning og dokumentasjon og annen bruk.
  • Tilgang til alt digitalt pliktavlevert materiale for skoler, elever, og studenter. 

Det bør ikkje gå for lenge før dei friskar opp slike idear igjen.