Archive for ‘Bibliotekframtida’

april 3, 2023

Den nasjonale kasseringa

Frå opninga av NB i 2005, etter restaurering og utbygging, eitt år før starten på Bokhylla.no

Endeleg har ei riksavis, Klassekampen, tatt opp dei store kutta som NB må gjennom og som bortimot vil halvere den unike tenesta Nettbiblioteket, nb.no, tidlegare kjend som Bokhylla (eit namn som faktisk får ein renessanse no; til og med Sira Myhre bruker det i avisa i dag).

For lesarane av denne bloggen er det likevel ikkje så mykje nytt. Vi skreiv 6. mars at Det s kj ør e Nettbiblioteket er ein realitet og seinare om Ny, redusert normal for bibliotekbruk. Men til skilnad frå kva vi siterte assisterande nasjonalbibliotekar Roger Jøsevold på i det sistnemnde innlegget: «De bøkene som gjøres utilgjengelig for lesing hjemmefra er de som er minst brukt», kan ikkje sjefen hans, Aslak Sira Myhre, i dag «si noe om hvilke bøker som kan bli tatt vekk fra samlingen».

Protestane er, i alle fall til no, for få og for veike til at kutta kan bli reverserte eller sterkt reduserte. Sidan NB no har gått tilbake på å kutte dei «minst brukte», bør bibliotekmiljøet kunne meine noko om kva som er minst alvorleg å kutte. Det er bibliotekarane rundt i landet som veit noko om følgjene for det totale bibliotektilbodet. Til dømes: Kva får det å seie for fjernlånstilbodet når norske bibliotek no i snart tjue år har kassert med tanke på at «det finst jo digitalt på NB»?

Og kva når samtidig Depotbiblioteket må redusere tilbodet? Frå nyttår, når dette trer i kraft, må bibliotek av alle slag aktivt informere nb.no-brukarar om at dei kan tinge fjernlån. NB må også tydeleg gjere merksam på dette etter treff på «stengde» titlar.

Sira Myhre minner om at «det mange dokumenter som ligger åpent andre steder». Men kor enkelt er det for folk å finne dei?

Er kanskje den gamle skjønnlitteraturen mindre viktig enn faglitteraturen? For nokre er tidsskrift og aviser mykje viktigare enn bøker, men om dei er mindre brukte, er det kanskje dei som må ryke?

Og kva med dei mange tusenvis lenkene til bøker osv. i nb.no som no vil «døy»? I alt frå Wikipediaartiklar til doktoravhandlingar.

Klassekampen spør: – Kunne dere kuttet antall arrangementer for å redde flere bøker? Sira Myhre svarer at det blir kutta der også. Men kor mykje har arrangementa på Solli plass å seie for brukarane rundt i landet, spør vi oss? Ikkje alle blir strøymde heller.

PS 4.4.: Arne Vestbø, leiar av Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening, blir intervjua i Klassekampen: Tror kutt vil ramme forfattere. Også UBO-direktør Randi Halveg Iversby.

mars 16, 2023

Lydboklandskapet stadig meir kupert

Ikkje berre for biblioteka og det motarbeidde, beskjedne utlånet, men for alle dei andre aktørane i den norske bokbransjen. I førre veke hadde Stavanger Aftenblad ei dobbeltside om lydboka med overskrifta, eit sitat av forfattar Tore Renberg: – Dette er den største omvelt­ningen siden bok­trykker­kunsten. Renberg held fram slik: « … og det er den mest kritiske. Det er fryktelig paradoksalt, siden det leses mer bøker nå enn noen gang i historien».

Framleis Renberg: «.. bokforlagenes inntekter [øker ikke] i takt med lyttingen. … Vi har valset inn i en Spotify-situasjon med åpne øyne. Det er egentlig ikke nok penger i bunn til å lønne alle. Det er den store tragedien, sier Renberg».

Og vidare i artikkelen: «Den månedlige prisen på en strømmetjeneste må opp. Det er kun det som kan skaffe inntekter. Forlagene og strømmetjenestene kan ikke tømme sin kasse for å selge noe som ikke er bærekraftig».

Og i dag kan vi lese at Bauer Media lanserer lydbøker med reklamepauser (PS 18. mars: – Det høres helt skrekklig ut!, seier Helene Uri til Bok365.no.

Men kva med prisen biblioteka må betale?

Med Google, og no «kunstig intelligens», er kunnskapsbiblioteket ein skugge av seg sjølv. Musikkbiblioteket er blitt praktisk talt musealt. Og med lydbokutviklinga blir også det litterære biblioteket ein parentes for andre enn dei spesielt interesserte.

Før i verda hadde vi styresmakter som sikra eit levande kulturliv. Har vi det framover?

PS: Dette blogginnlegget har vi kategorisert under Bibliotekframtida, saman med 61 andre.

oktober 29, 2022

Åtvaringa frå Åmås

Åmås og Aftenposten trumfar dei andre kulturavisene i dag

Fritt Ord-direktør Knut Olav Åmås er i Aftenposten i dag og i det store formatet, under overskrifta (men bak betalingsmuren) «Ro er den nye rocken». Han opnar slik: «Folkebiblioteket rister folk sammen i et av de siste fellesrommene der du kan være bare borger og ikke bruke en krone som forbruker. Det vil nok mange oppdage at de trenger på vei inn i en tid med svekket økonomi. Flere vil ikke ha råd til kulturtilbud som koster mye lenger. Flere vil søke seg til bibliotekene, som alltid er gratis og åpne for alle. Det norske folkebiblioteket er en usannsynlig stor suksess».

>> Tysdag denne veka skreiv vi om krisa for det billettbaserte kulturtilbodet.

Det høyrast jo oppløftande ut for biblioteka, men den tidlegare statsekretæren i Kulturdepartementet veit betre: «Kutt som kommer» er den første mellomtittelen hans. Han spør seg om «politikere lokalt og nasjonalt ser det, eller om en svak sektor blir kuttet enda svakere i trangere tider som starter nå. Sannsynligvis skjer det siste. … Satt opp mot helse og eldreomsorg taper bibliotekene alltid. Statistikkene viser at utgiftene til alle kulturområder har økt kraftig – bortsett fra bibliotekene som står om trent stille».

Vi kan ikkje sitere alt, men han får blant anna fram kvalitetane ved Deichman i Bjørvika, men også at «Det er svære forskjeller fra kommune til kommune. Det utfordrer likhetsprinsippet som er så viktig i Norge». Og han set spørjeteikn ved at bibliotek overtar så mange andre oppgåver lokalt, og viser der til Siri Lindstad i Forskerforum denne veka.

Åmås har grunn til uro:

Vi gjer eit søk i Retriever for den siste veka og finn blant anna noko vi har skrive om før; planane om kortare opningstider i Oslo på grunn av straumprisane. Og om naudskrik frå Nordre Follo: «En rasering av bibliotektilbudet», om at «Biblioteket vil [om budsjettforslaget går gjennom] ha mistet en fjerdedel av stillingene sine siden kommunesammenslåingen i 2020». Og i Ås blir den einaste filialen vekk, i Lindesnes skal det bli «effektivisering» av bibliotek/innbyggertorg og i Levanger blir det «en rekke kutt for å komme i budsjettbalanse. Stillinger holdes vakante også her. Bokbussen for Åsen og Ekne fjernes, og biblioteket reduserer skranketjenester».

PS 30.10.: Med nokre års mellomrom kjem Åmås med store bibliotek-kronikkar i Aftenposten. I 2008 skreiv han om «Blålys for biblioteket», som var med på å skaffe han Norsk Bibliotekforenings pris i 2010. Les dei gjerne i rekkjefølgje. Noko har skjedd på fjorten år, men …

september 27, 2022

Arkitekten som angra. Eller kva er eit bibliotek i 2022?

Ein høgst uvanleg arkitektonisk sjølvkritikk var å lese denne veka i svenske Biblioteksbladet. Der vedgår dei velrenommerte arkitektane bak det berre eitt år gamle hovudbiblioteket i Örebro at dei «inte [är] entydigt förtjusta i slutresultatet». Og i overskrifta står det at arkitekten «sågar nya svenska bibliotek». «Att såga» tyder ifølgje Svensk Ordbok «att kritisera skonings­löst och från­känna allt värde». Arkitekten sitt eige pinlege poeng er: «Om vi fick göra ett bibliotek till, så skulle vi vilja göra en massa olika rum, som en labyrint, eller en slags basar».

Korleis er ei slik heilomvending muleg på dei fem åra frå teiknebordet til kort etter opninga? Seier det berre noko om at arkitektar ikkje tar bibliotek alvorleg, eller er heile tenkinga rundt folkebibliotek, og dermed -arkitekturen, blitt ein postmoderne tombola?

Vi kjenner verken arkitekten eller bibliotek- eller kommuneleiinga i Örebro, så dette blir rein spekulasjon, men kan dette vere endå eit døme på at viktige avgjerder blir tatt utan dialog med, eller også i strid med, dei bibliotekfaglege?

Deichman i Bjørvika kunne faktisk blitt Dømet med stor D på eit slikt uføre. Liv Sæteren, Oslos biblioteksjef fram til ho gjekk i pensjon i 2014, karakteriserte dialogen med byggherren, altså kommuneleiinga, som «å stå på hver sin side av en brusende elv og snakke til hverandre», grundig utbrodert i eit intervju eg gjorde med henne for Bibliotekforum i 2014.

Gratis lån av bøker i seg sjølv skaper ikkje trufaste bibliotekbrukarar på 2000-talet. Kjøpesentra innbyr gjerne til «ei god handleoppleving», og biblioteket må ha …

read more »
august 3, 2022

VIKTIG bok om bibliotekas for- og framtid

Følgjarar til Internet Archive har ikkje problem med å slå i hel tida. Éin ting er det omfattande innhaldet, nedlastingar heilt frå nettets barndom og mengdar av stoff som seinare er digitalisert. Men IA publiserer også eige materiale om bibliotek, til dømes heldt dei eit webseminar 20. juli med forfattarane av boka The Library – a Fragile History. Historikarane Andrew Pettegree (UK) og Arthur der Weduwen (NL) har skrive ei svært lesbar bibliotekhistorie, der dei altså vågar å fokusere også på institusjonens skøyre sider, om ulike trugsmål mot og åtak på biblioteket gjennom tidene, målretta eller ikkje.

PS: I dag skriv også bibliotekhistorikar Mats Myrstener varmt om denne boka på BiS!

Og dei ser også på notida og framtida. Frå den første «dataalderen» nemner dei, ikkje utan ironi, leiaren for RAND Corporation som i 1979 spådde bibliotekets snarlege død. Og forsøka på å lage bibliotek heilt utan papirbøker. Og sjølvsagt digitaliseringa og spreiinga av kunnskap elektronisk, i regi av ideelle eller kommersielle, med eller utan intensjonar om å konkurrere ut offentlege bibliotek. Men framleis har vi 4,6 millionar bibliotek i verda, og det har kome mange flotte bibliotekbygg dei siste åra, slår dei fast.

Så har vi den nye trenden med biblioteket som møteplass og som møtearrangør. Dette blir hos desse forfattarane utgangspunktet for hovudkonklusjonen – at dei trykte bøkene framleis må og vil vere avgjerande viktige. I sluttkapitlet («Reading Without Boooks») har Pettigree og der Weduwen nokre avsnitt der dei, kanskje betre enn nokon annan, set ord på dei unike eigenskapane både ved boka og biblioteket, og på kvifor dei begge må – og vil – overleve. Bloggaren har fått forfattarane og forlaget si tillating til å omsetje nokre avsnitt til norsk:

read more »
juli 18, 2022

Alvorleg åtak på digital bibliotekverksemd

Dagens 70-årsjubilant, Per Petterson, har 41 bøker i Open Library. Pluss nokre radioinnslag. Klikk og kikk

I magasinet The Nation er det i dag ei større sak som opnar slik:

«I eit oppsiktsvekkjande innspel innlevert 7. juli i det pågåande søksmålet deira, skuldar fire gigantar innan forlagsverda (Hachette, Penguin Random House, HarperCollins og Wiley) Internet Archive for å stele, å utføre «storskala brot på opphavsretten» og å «[spreie] fulltekst digitale piratkopiar gratis.” Dette er ganske ville påstandar – spesielt med tanke på at Internet Archive’s Open Library opererer på dei tradisjonelle vilkåra som biblioteka i dette landet har følgt i fleire hundreår. Open Library låner ut bøker, som det eig, til éin låner om gangen, for ein fast periode – akkurat som alle andre bibliotek. Som alle andre offentlege bibliotek tar ikkje Open Library pengar for denne tenesta. Hovedskilnaden er at Open Library låner ut e-bøker på nett. Kvar e-bok blir skanna frå ein papirkopi, og papirkopien er lagra og sirkulerer ikkje; denne praksisen kallast Controlled Digital Lending, eller CDL».

Dette er ei sak også hos EFF (The Electronic Frontier Foundation) og sjølvsagt hos Internet Archive sjølve. Som også ber om økonomisk støtte for sitt eige forsvar. Denne bloggaren sende i alle fall 25 dalar.

juni 2, 2022

Opplevingar med papir

Berre dei aller største Pressbyrån har desse to i tillegg til Expressen og Aftonbladet

Torsdagar skal det vere noko nytt på bloggen, men oppsummeringa etter den stockholmske globale idéverkstaden krev litt meir tid. Derfor berre nokre lause tankar rundt papirbaserte medium og institusjonar. På bussen heim gjennom Värmland.

Klassekampen, elles ein av dei mest «papirtrygge» norske avisene, så lenge dei ikkje konkurrerer om nyheiter, har nyleg sett på papirprisutviklinga og (dermed) strategival i avisbransjen. Veldig kort fortald: Dei nemnde prisane har auka 70 %, stadig fleire lesergrupper går no helst digitalt og mange synst kortfatta bodskap frå influenserar og andre via sosiale medium er meir enn bra nok.

Vi har enno ikkje sett det heime på same måten som i Sverige, i alle fall Stockholm, men etter nokre dagar her borte konstaterer vi blant anna at papiravisene er heilt vekke frå frukostsalane i hotella, og berre dei aller …

read more »
februar 22, 2022

Kva er verst, lydbøkene eller …?

Klikk og kikk. Frå tv-serien «The Librarian»

Kvifor blir den dårlege modellen for lydbøker så opprørande for bibliotekmiljøet? Blant anna fordi vi ser føre oss at dei strøymde lydbøkene vil erstatte papirbøkene, sjølve grunnmuren til biblioteket. Men få snakkar om tv-seriane, som i eit par tiår har fortrengt boklån og -lesing i eit omfang ingen tidlegare har sett.

Men no tar Morgenbladet tv-seriane alvorleg, meir presist film- og tv-meldaren Aksel Kielland i artikkelserien «Hva vi snakker om når vi snakker om kjempebra serier». Dei to første delane er alt ute. Del 1 heiter «Den store innsnevringen», del 2 «Kjempebrahetens historie». Med viktige påminningar frå nyare kultur- og mediehistorie og ganske så lesbart. Sjå også: « – Jeg har i stor grad kuttet tv-serier fra mediedietten min», eit intervju med ein serieskapar og ein produsent.

Det er kanskje ikkje ei trøyst for bibliotekarane, som på eit ti-år har mista både lydbok-, film- og musikktilbodet til brukarane, men Kielland med fleire er overtydde om at gullalderen for tv-seriane er over og at folk vil gå lei:

read more »
februar 6, 2022

Etter Covid: Det fysiske er favoritten

Fysisk og godt bibliotek. Liverpool

Ei undersøking nyleg utført av Strathclyde-universitetet i Glasgow viser at folk flest i Storbritannia har ønska det fysiske biblioteket tilbake og at heimlån av trykte bøker framleis står sterkt. Meir enn halvparten av vaksne (57%) meiner det digitale ikkje kan erstatte det fysiske biblioteket, mens berre 22 prosent meiner det motsette. Og folk av alle aldrar gjekk primært inn for det fysiske; frå 48% av dei yngste (18 til 34 år) til 64% av dei over 55. Leiaren for undersøkinga seier at: «Folk har sakna fysiske bibliotek mens dei har vore lukka. Dei er stressfrie, roande stader der folk kan gå for å slappe av, låne bøker eller studere».

Trass i periodar med nedstenging og det auka tilbodet om e-innhald har berre kvar femte bibliotekbrukar brukt det digitale. I dei aller fleste biblioteka utgjer aukinga i e-bokbruk i gjennomsnitt 10-20 % av dei fysiske utlåna ein kunne ha venta om biblioteka hadde vore opne.

Kvar fjerde bibliotekbrukar (24%) seier endringane under pandemien vil påverke måten dei bruker biblioteka på i framtida, mens halvparten (47%) seier det motsette.

Då er det trist å vite at nedlegginga og frivillegiseringa av britiske folkebibliotek, som var omfattande etter det konservative regjeringsskiftet i 2010, berre har halde fram under pandemien.

januar 19, 2022

IFLA og alvoret rundt den digitale kunnskapen

Her på bloggen har vi den siste tida av fleire grunnar ikkje vore spesielt imponerte over IFLA, den internasjonale bibliotekorganisasjonen. Men når dei no legg fram ein ny Trend Report 2021 Update, er det grunn til å studere han nærmare. Heilskapen i rapporten vil vi nok kome tilbake til, men her og no vil vi konsentrere oss om noko av det aller viktigaste, men dessverre ikkje mest oppmuntrande, nemleg «The Privatisation of Knowledge» (trend nummer 16, side 23).

Kapitlet er problematiserande og ikkje forskjønnande på nokon måte, til skilnad frå det meste anna frå den kanten. Til dømes kjenner vi i dag svært godt til kor vanskeleg det er for biblioteka at musikk og lydbøker i overveldande grad er blitt digitale strøyme-medium. Produsentsida som avtalepartnar har aldri vore så avvisande og likesæle til biblioteka som no (at berre under halvparten av bøkene i nb.no i dag er opne for alle, er også uttrykk for dette, då denne «døra» har vore like stengd i seksten år; for bøker nyare enn 2000). Og når pliktavleveringa er blitt heildigital frå nyttår, har også dette negative følgjer for bibliotektilbodet.

I teksten om trend 16 gjer IFLA også merksam på dei ytterlegare avgrensingane vi vil få når blockchain blir standard teknologi for tilgang til informasjon og kunnskap. Berre få politikarar og samfunnsstrategar «leikar seg» i dag med at biblioteka ikkje trengst, for vi har jo internett, men …

read more »
oktober 29, 2021

«Drømmen om det store neste internettet»

Frå den verkelege verda. Frå House of Foundation i Moss, 28.10. 2021

I Klassekampen i dag blir vi oppmoda til å «klokka halv elleve i kveld heve glasset og si «lo» høyt og tydelig. For det var den aller første meldinga sendt mellom to noder koblet sammen i et nettverk, nærmere bestemt Arpanet som er forløperen til internett av i dag».

I dag kan vi også lese om ein påstått avløysar til internett: Metavers. Det er Eirik Solheim på NRK Beta som skriv om denne nye (overlevings-)strategien til Facebookgründar Zuckerberg: «Det de vil lage er et slags univers på utsiden av det vi allerede har. En parallell verden som foregår på internett og i datamaskinene våre. De skal kombinere sosiale medier, netthandel, videomøter, spill og underholdning. Denne verden skal du kunne kaste deg inn i ved hjelp av sensorer, mobiltelefoner og VR- og AR-briller».

Kor ser vi biblioteket sin plass i dette?!

Jo, her er det kanskje håp! (ironisk smilefjes) For Solheim minnar om at «ordet metaverse er hentet fra Neil Stephensons novelle Snow Crash fra 1992 og har vært direkte inspirasjon for tredimensjonale virtuelle verdener som Active Worlds og Second Life». Og sistnemnde hadde ei viss oppslutning i bibliotekmiljøet for ti-tolv år sidan. Her er det ein del halvunge folk som sit med solide røynsler!

På den tida hadde ideen om «Norgesbiblioteket» utlevd rolla si i den verkelege verda (det blei aldri noko meir enn ein idé i tidenes mest ignorerte/daudfødde nasjonale bibliotekutgreiing (sjå side 13)), men ideen fekk ein periode kunstig overleving i Second Life.

oktober 28, 2021

Framtidas to typar folkebibliotek

Nye Deichman i Oslo – ein publikumsmagnet

At det er skilnad på store og små bibliotek, på bibliotek i byar og bygder, er ikkje noko nytt. Men mykje tyder på at skilnadene vil auke. Før kunne ein utlikne skilnader ved hjelp av fjernlån, men i dag er lån av fysiske bøker berre éin del av etterspurnaden og tilbodet, og denne delen er synkande.

Gjennom blogging og reiser får vi kontakt med bibliotekarar og biblioteksjefar også i slike heilt små kommunar. Dette er folk med aukande frustrasjon etter kvart som også nye oppgåver blir lagde til biblioteket. Lovpålegg om møteplass og debattar er éin ting, ein annan er nye kampanjar og trendar som leseløft, berekraft, digital formidling og kjeldekritikk. Alt dette er spanande og utviklande, men mest for dei som alt har hovudet godt over vatnet.

I 2019 hadde ifølgje årsstatistikken 235 av kommunane, altså 55 prosent, to årsverk eller mindre i biblioteka sine. Og 89 av desse hadde berre null komma noko årsverk å rutte med (i tillegg kjem ti bibliotek som ikkje leverte statistikk, noko som truleg også fortel om lågt nivå på bemanninga).

Dette var før kommunesamanslåingane, så no er mange av dei små blitt usynlege i statistikken. Men frå 2019 til i fjor auka talet på årsverk med berre 9, så realitetane er dei same (talet er no 1843; i t.d. 1998 var det 1901). Og om det no blir nedlegging av filialar i Ålesund og kanskje fleire …

read more »
september 28, 2021

Digitalt innhald = privatisering av biblioteka innanfrå

Det er dette som skjer, skriv Sveriges författarförbund i Biblioteksbladet og viser til «appar som används för utlåning av e-böcker ägs av privata företag som inte har något demokratiskt uppdrag. … Är det bibliotekens uppdrag att förmedla eller ska det överlåtas på strömningstjänster? Digitala ljudböcker kräver också sin plats i en samlad biblioteks- och litteraturpolitisk diskussion». Og: «I apparna råder också tystnad, konstaterar författarförbundet som befarar att den professionella vägledningen av bibliotekarier går förlorad. I apparna ”jämställs… facklitteraturens standardverk med lättviktigt strunt” och varje låntagare är ensam. Vad händer då med bibliotekarieyrket?»

Her i landet er det kanskje litt annleis? Appane til bibliotekbrukarar er i alle fall delvis bibliotekstyrte. Men kva forlaga opnar for, er ein annan ting.

Dei svenske forfattarane reagerer også på korleis betaling per utlån av digitale e- og lydbøker «stel» frå bibliotekbudsjetta, slik at det blir mindre til p-bøker og dei andre tenestene.

I Noreg bør vi merke oss dette. Vi er enno ikkje på langt nær så digitale som i Sverige og Danmark. Sjå illustrasjonen, eit utsnitt frå ein tabell Digi-folka presenterte under seminaret i Stavanger i førre veke. Her i landet bruker vi samanlikna med dei berre omlag halvparten per innbyggjar til digitalt innhald.

PS: Nettstaden BOK365.no hadde same dag eit oppslag med vekt på følgjene for dei «tradisjonelle» delane av bibliotekbudsjetta, noko Norsk Bibliotekforening tok opp på Facebook.

august 16, 2021

Kva vi også bør snakke om når vi snakkar om biblioteket som demokratisk arena

>> Sjå også kommentarfeltet nedanfor. Lat det bli debatt om dette.

Under bibliotekseminaret i Stavanger 22. september ser vi at eit hovudpunkt vil vere: «Hva er det politikere og byråkrater snakker om når de snakker om “biblioteket som demokratisk arena”»? Dette blir spennande og viktig. Særleg fordi professor Håkon Larsen ved OsloMet skal innleie. Han er ein av svært få her i landet som har forsøkt å trenge under overflata på dette feltet. Vi siterte frå ein artikkel av han og Per Alexander Solheim her på bloggen i desember. Dei har same konklusjon som oss: «Bibliotek+demokrati er ikkje konkretisert».

Den nasjonale bibliotekstrategien og andre styringsdokument er breiddfulle av ord om bibliotek og demokrati, men inneheld lite konkret om kva eit bibliotek kan gjere. Å kjøpe inn og låne ut bøker med ulike syn på saker, pluss arrangering av bokbad, foredrag og (nokre få reelle) debattar, er sjølvsagte aktivitetar. Men kva anna?

For ikkje berre politikarane og styresmaktene, men i fagmiljøet på alle nivå blir det heile tida snakka og skrive om dette; om kor varmt og nært demokrati er knytt til biblioteket og kor viktig biblioteket er for å sikre demokratiet. Demokratiet er særleg etter lovrevisjonen i 2014 blitt ei uslåeleg sak for å fremje bibliotekideen, for alle er jo opptatte av dette.

Men kor djup forståing har vi av demokratiet og om problemkomplekset bibliotek og demokrati?

read more »
august 13, 2021

Utopien biblioteket

Men likevel berre ein utopi (frå førstesida på avisa)

Ei «bibliotek-sak» over tre sider i Klassekampen i dag! Med utgangspunkt i ei ny bok på Manifest forlag: «Antikapitalisme. Strategier og muligheter i det 21. århundret» av US-amerikanaren Erik Olin Wright. Avisoppslaget startar sånn:

«En annen verden er mulig. Veien dit går gjennom biblioteker og kooperativer, ifølge marxist Erik Olin Wright. Når du går inn dørene på ditt lokale bibliotek, tenker du kanskje ikke først og fremst på at du befinner deg i en sosialistisk utopi. Men ifølge sosiologen Erik Olin Wright er bibliotekene gode eksempler på nettopp det».

Dette er jo hyggeleg, men mange har sagt det før han, alt frå ærverdige universitetsbibliotekdirektørar i New York til norske lokomotivførarar.

Boka er sikkert interessant, men ordet «bibliotek» førekjem berre i fem avsnitt i boka, og det mest presise Wright har å melde om bibliotek er (frå den engelskspråklege originalen}: «In a democratic socialist economy, there would be an expansion of nonmarket, library-like ways of giving people access to many resources».

Konkrete forslag til korleis bibliotek skal kunne bidra til «en annen verden» må vi sjå langt etter.

Og Wright må vedgå at:

«… cooperatives, peer-to-peer production, the social economy and public libraries. These are all possible “moves in the game” even when capitalism is dominant. The problem is that capitalism’s rules of the game severely restrict the space for such moves. Specifically, the existing rules seem unlikely to allow alternatives to grow in ways that would significantly erode capitalism’s dominance».

Og nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre oppsummerer til Klassekampen: «Kapitalismen har vist seg å være veldig levedyktig, og adaptiv. Så den var ikke på randen av sammenbrudd i 1917 og heller ikke i 1968 eller i 1989 – og jeg tenker ikke at den er det nå heller, selv om vi har biblioteker».

Nei, nokon revolusjonær er ikkje Wright.

I staden bruker vi akkurat i desse dagar tid og krefter på ei kanadisk bok: «Confronting the Democratic Discourse of Librarianship : A Marxist Approach» av Sam Popowich. Kjem snart til ein blogg nær deg. Go hælj.

Translate »