Thomas Gramstad om den laust funderte nedlegginga av Biblioteknorge, og kva legg NB i å «bevare»?

Thomas Gramstad
Foto: Thomas Gramstad CC-BY

På fagforumet Biblioteknorge torsdag denne veka var det heitaste temaet forståeleg nok at Nasjonalbiblioteket på ėin dags varsel meldte at dei skal leggje ned lista, eit fagforum for bibliotektilsette og andre gjennom tjue år, der også politikarar og journalistar har heldt seg orienterte.

Kritikken var krass og mangfaldig. Den mest konkrete kritikaren var Thomas Gramstad, blant anna styreleiar i EFN, styremedlem i ISOC Norge og sekretær for NUUG, etter å ha vore nestleiar der i 2019-2020. Vi har her bedt han utdjupe nokre av ankepunkta.

NB er jo ikkje på nokon måte konkrete på korleis og når dei vil bevare innhaldet på lista og eventuelt om dei vil gjere det allment tilgjengeleg, og du etterlyste i går løysingar både for bevaring/arkivering og for alternativ drift. Men no har du også sett nærmare på heile grunnlaget for nedlegginga. Og dėt meiner du ikkje er spesielt godt fundert?

– NB hevdar at Listserv er forelda teknologi. Det er nok rett at dei konkurrerande frie programvarene Sympa og Mailman blir oppdaterte oftare, har fleire funksjonar, er meir moderne, brukast av mange fleire i dag, og at det ville vore betre å gå over til ein av dei. Likevel kan eg ikkje la vere å påpeike at det framgår av NB sine websider at dei køyrer ein gamal versjon av Listserv (15.5), mens produsenten Lsoft.com oppgir at versjon 17.0 blei sluppe 10. juni 2019. Det er ganske mange versjoner mellom dei to, så kanskje versjon 17 er litt mindre forelda.

Og eg merker meg spesielt …

dette om «Seamless List Archives»«The list archives are now completely seamless and offer a continuous access experience with three viewing modes to choose from: classic, forum and blog view».

Det betyr at dei som ikkje vil ha mykje e-post eller ikkje liker e-post 
istaden kan lese og poste til lista ved å bruke listearkivet som webforum eller blogg, gjennom dei to nye modusane for dette.

Kvifor då lage ei eiga separat webløysing som forumet på Bibliotekutvikling.no som ikkje har e-postliste-funksjonalitet, istadenfor å oppgradere e-postlista til nyaste versjon med integrert webforum- og bloggfunksjonalitet?

Og på oversikta over epostlister hos NB sin listetenar, ser vi at det finst minst 34 andre lister enn Biblioteknorge. Skal dei også nedleggjast? 

– Du skreiv også på lista i går at kanskje nokon annan enn NB kunne overta drifta av lista. For fleire enn deg påpeika at NB sitt alternativ, eit mangfald av ulike tematiske grupper på Bibliotekutvikling.no, blir svært uoversiktleg og krevjande å finne tilbake i. Men du var også inne på som eit minimum å sikre innhaldet i den nedlagde lista med tanke på historieforsking og at gamle debattar ofte blir som nye.

– Det beste hadde altså vore å integrere filene i ein ny listetenar som ein del av arkivet til ei ny liste utanfor NB. Dette ville 
krevje litt arbeid med tilpassing av filene, ikkje veldig mykje, men 
nokre lønnsmidlar frå ein eller annan stad hadde vore til god hjelp.

For historisk sikring og tilgang av det gamle arkivet hadde det beste vore å integrere heile arkivet i ein søkbar database, altså uavhengig av nokon listetenar og websider som ofte flyttast rundt omkring, men dette er nok det mest arbeidskrevjande alternativet. Men det er enkelt å slå saman til ei stor tekstfil, og så kan 
ein søke på tekststrenger i den fila.
 Om altså NB vil stille det til disposisjon.

Berre bevaring av listearkivet, slik ein kan forstå Nasjonalbiblioteketinnholdet fra disse årene ønsker vi å bevare for framtiden»), er ikkje nok, det kan jo bety eit lukka rom, berre tilgjengeleg for forskarar og doktorgradsstudentar. Det må vere minst like god tilgang som idag, dvs. at
arkivet ligg ope for alle, og synleg og finnbart i søkemotorar.

Det er mulig eg kan få til gratis hosting for ei ny liste hos NUUG på 
Mailman-serveren der (lists.nuug.no), men nokon må nok betale litt for ei eventuell integrering av det gamle arkivet. 
Eller enda betre, kunne kanskje nokon i ei leiarstilling på UBO seie at dei vil ha Biblioteknorge inn i Sympa på UiO og at det skal settjast av personar og midlar til oppsett og integrering?

Elles har eg sjekka at oversikta over alle abonnentane, altså abonnentlista, berre er synleg og tilgjengeleg for listeadministratorane og ikkje for abonnentane. Det er ikke noko gale i dette, for om kven som helst kunne melde seg på lista og hente ut alle abonnentane ville det vore ei gullgruve for spammarar og svindlarar. Men det betyr at om andre skal ta over drifta av lista, så må NB dele abonnentlista med dei som skal overta drifta.

– Du hadde i eit innlegg eit håp om å kopiere innhaldet månad for månad, slik det ser ut til å liggje her: https://www.nb.no/cgi-bin/wa?A0=BIBLIOTEKNORGE.

– Nei, eg ser no at dette ikkje er «månadsfiler», slik eg trudde. Kvar månadslenke går til ei ny webside med ei eiga lenke til kvart innlegg den månaden. Så i webgrensesnittet får du berre opna eitt innlegg kvar gong. Men det teknisk underliggjande er truleg ein arkitektur med éi fil per månad, eller kanskje ėi samla fil per år, eller ėi for heile listas historie. Iallfall vil det vere teknisk muleg å få minst ėitt av desse alternativa utleverte frå NB.

5 Trackbacks to “Thomas Gramstad om den laust funderte nedlegginga av Biblioteknorge, og kva legg NB i å «bevare»?”

Leave a Reply

Translate »
%d bloggers like this: