Archive for ‘ytringsfrihet’

november 20, 2019

Kommunikasjon og kunnskap i Midt-Austen

Skjermbilde 2019-11-20 22.07.23

Diagrammet i Klassekampen 20.11. viser den internasjonale auken i Nett-stengingar

I dag skriv Gizmodo om korleis styresmaktene i Iran har stengt Internett for folk flest i samband med opprøret der. På fjerde dagen er trafikken på nettet berre 5% av normalen, som truleg er det styresmaktene sjølv treng for å halde undertrykkinga gåande.

I oktober delte vi ei anna sak frå Gizmodo som vi kalte «Om Nettet tok kvelden». No skreiv mange i kommentarfeltet deira at total stenging ikkje er sannsynleg, fordi Nettet er slik konstruert at trafikken finn nye vegar. Men i land som Iran, Kina med fleire er det altså muleg å stenge. Iranske bibliotek er ikkje unntatte frå stenginga, kan vi konstatere.

Vi finn samtidig fram gårsdagens Klassekampen (19. november) og ein av mine favoritt-skribentar, Hussein Maxos, med spalta «Dagbok fra Damaskus». I går skreiv han om «Kunnskap eller mysterier», som går på korleis styresmakter, religiøse autoritetar og dessverre store delar av folk flest ser på kunnskap. Her ein smakebit:

read more »

november 8, 2019

I den vestlege verda

… lærer vi at det meste er på stell. Men her eit par nyheitsbrev og bloggar som kan få oss til å revurdere dette. Først bibliotekforeininga ALA sin Intellectual Freedom News, der blant anna den politiske sensuren mot biblioteket i Citrus county, Florida, er eit tema, og så nyheitene hos Transparency International, som dekkjer heile kloden.

Elles: Go hælj til alle.

september 19, 2019

«Sitronlimonaden» rasistisk?

Skjermbilde 2019-09-19 14.54.10.png

>> Etter denne kommentaren frå Larsen har det vore fleire lesarinnlegg i Klassekampen. Adampour og to andre har sagt seg ueinige.

Dette spør forfattar Dag Larsen seg, på nettstaden til Norsk PEN, der han er leiar av Litteraturutvalget. Forfattarane, Hilde Henriksen og Helena Ohlsson, skildrar «en lojalitetskonflikt mellom en [syrisk, vår merknad] gutt som vil være som alle andre, og en mor som ikke vil være som alle andre norske mødre.» På Dagsrevyen 14. september blei Mina Adampour intervjua då ho har innklaga boka for Likestillings- og diskrimineringsombodet. Ho seier seg «lamslått over denne typen tekst» og mener at den er klart rasistisk».

Men vi siterer Dag Larsen:

read more »

september 18, 2019

Hol i ytringsfridomen

Skjermbilde 2019-09-18 23.21.35

Hol, type svart

Høgsterett har forkasta ankane i både Rettspraksis– og Popcorn Time-sakene. Men desse lenkene viser at Rettspraksis.no held fram med å leggje ut rettsavgjerder, for forbodet mot å gjenbruke dei offentlege dokumenta som domane er, vil «berre» gjelde åra 2003 til 2007.

Dei to initativtakarane må betale til saman over 773 000 i sakskostnadar, så vi vil tru innsamlinga på Spleis.no framleis er aktuell. Der har dei stilt opp fleire alternative summar ein kan betale. Eitt alternativ er 16 125 kroner, eller «det samme som det koster for en privatperson å abonnere på LovdataPRO et år» (breitt glisefjes!).

Her på bloggen har vi fulgt saka Lovdata mot Rettspraksis.no sidan i fjor sommar. Og meint at bibliotekorganisasjonane burde støtte dei.

Dette innlegget fann vi kvalifisert til tre taggar: Offentleg innsyn, Opphavsrett og Ytringsfridom.

juni 4, 2019

Røe Isaksen, ytringsfridomen og biblioteket

Skjermbilde 2019-06-04 12.52.05

Bibliotekarar i USA drikk kaffi av slike krus. Sjå ALA Shop

Under bibliotekdelen av Litteraturfestivalen på Lillehammer for ei dryg veke sidan var ytringsfridom hovudtemaet. I dei siste par minutta av den generelle paneldebatten (video) handla det om utspelet til næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) i Klassekampen 20. mai om behovet for ein ny ytringsfridomskommisjon. Paneldeltakarane på Lillehammer var skeptiske, men dette var berre rundt tjuefire timar etter Røe Isaksen sitt utspel. Men så i kronikken i Klassekampen i dag (for abonnentar) svarer medievitar Helge Rønning i eit større format.

Ministeren sitt poeng er at førre gjennomgang var tjue år sidan. I mellomtida har vi fått Internettets allmenne gjennomslag, med sosiale media og polarisering, hat-kultur, falske fakta osv. Men Rønning meiner situasjonen ikkje er prinsippielt ny og konkluderer: «Spørsmålet er altså om å nedsette en ny kommisjon er noen løsning? Viktigere ville det være å handle nå for å sørge for at forutsetningene for den åpne og opplyste offentlige samtalen styrkes.» (les heile, det er bra).

Det han viser til her er det nye sjette punktet til § 100 etter revisjonen av grunnlova i 2004: «Dei statlege styresmaktene skal leggje til rette for eit ope og opplyst offentleg ordskifte.»

Læt det kjent? Jau, det er unisont med den nyaste versjonen av §1 i biblioteklova: «Folkebibliotekene skal være en uavhengig møteplass og arena for offentlig samtale og debatt.» 

Og her er det ein samanheng:

read more »

mai 29, 2019

Debattvegring på Bokmässan

Skjermbilde 2019-05-21 22.56.35

Debattreol i biblioteket i Kulturhuset i Stockholm

Hovudoppslaget på kultursidene i Klassekampen i dag handlar om to bøker der forfattarane på ulike vis blei råka av meetoo-rørsla, men der dei no altså forsvarer seg i bokform. Dei same to bøkene er tema i ein kronikk av kulturredaktøren i GP – Göteborgs-Posten. Her er naturleg nok haustens Bokmässa i fokus, eit årvisst arrangement i Göteborg med lang tradisjon, dit også mange norske bibliotekarar finn vegen. Men, skriv kulturredaktøren, i år «undviker Bokmässan att sticka ut och skapa debatt för att få fler besökare.» Dei to bøkene «syns inte röken av på de officiella scenerna.» Kommersen rår.

Og frå før veit vi at ingen svenske forlag ville gje ut boka til den uthengde og no yrkesforbodne journalisten Fredrik Virtanen, så eit norsk forlag måtte trå til.

april 12, 2019

Assange fakka, men «De virkelig skyldige går fri»

Skjermbilde 2019-04-12 12.02.20Slik konkluderer redaktør Mari Skurdal i leiaren sin i Klassekampen i dag. Ho minnar blant anna om ei av lekkasjane Assange kjem til å bli livstidsdømt for i USA, om ingen får stoppa dei, filmen frå helikopteret under og etter at dei i 2007 skaut og drepte mange sivile i Bagdad, blant anna ein journalist. På denne versjonen av filmen har dei lagt på undertekster, sjå også biletet her til høgre: «Look at all those dead bastards», seier ein. «Nice», svarer ein annan i helikopteret.

I desember hadde med-bloggar Mikael Böök eit innlegg i Hufvudstadsbladet og her på bloggen, med overskrifta – Stöd Julian Assange och ge WikiLeaks en trygg fristad i biblioteken. Elles har vi i over elleve år skrive om Wikileaks her på bloggen.

mars 18, 2019

Satirestopp etter opphavsrettsdirektivet?

Deutsche Welle har ein sak på Nettet 12. mars: Nettfilter må til for å stanse det som ifølgje direktivet vil vere ulovleg bruk av åndsverk. Men ein professor i media-juss frå Stuttgart minnar om at sjølv om Facebooks algoritme som skal oppdage og stoppe nakenscener og -bilete er blitt kontinuerleg forbetra, har han framleis store problem med å adressere dette presist i ein kunstnarleg samanheng. Lova handlar om mange svært ulike typar verk, til dømes tekst, bilete, audiovisuelt innhald, dataprogram og dansekunst: «At ein algoritme kan identifisere kritikk, satire eller sitat i alle tenkjelege former og samanhengar, er heilt umuleg. Dette krev vurdering av menneske», avsluttar professoren.

Så lukke til. Minnar om at Sigurd Evensmo blei psykisk og fysisk sjuk av å måtte sjå rundt 350 filmar i året som filmsensor i Statens filmkontroll. 

 

februar 14, 2019

«Debattbiblioteket» og dei ytterleggåande (nytt frå Stavanger II)

ytringsfrihet porsgrunnRogalands Avis har (bak betalingsmur) hatt fleire oppslag den siste tida om at bibliotek i distriktet har late det såkalla Selvstendighetspartiet halde lokale stiftingsmøte i biblioteklokala.

Anne Torill Stensberg, bibliotek- og kulturhussjef i Stavanger, forsvarte vedtaket deira om å leige ut lokalet i eit leserinnlegg 8. februar. Ho viser til Sivilombodsmannens konklusjon i ein tilsvarande sak i 2014 i Kristiansand: «Sivilombudsmannen sa … at bibliotekene kan vise skjønn i situasjoner hvor det er snakk om å «framsette ytringer som grenser mot det straffbare og som vil oppfattes som grove krenkelser, ikke minst for andre brukere av biblioteket», men en generell henvisning til organisasjonens formål er ikke tilstrekkelig som argument for å nekte dem lokaler med denne begrunnelsen.»

Ho meiner også at …

read more »

oktober 11, 2018

Ytringsfrihet på jobben? Sprutande debatt på biblioteket

Skjermbilde 2018-10-11 16.22.01Moss bibliotek ser ut til å ha tatt poenget til NBF-leder Mariann Schjeide om å arrangere «debattar som det sprutar av». Torsdag til uka kjører de åpent debattmøte med tittelen «Ytringsfrihetens kår i norske bedrifter og kommuner».

Sissel Trygstad, forskningssjef i FAFO, vil innlede om kommuners forhold til krav om innsyn, frimodige ytringer og varsling. I tillegg deltar en representant for Utdanningsforbundet og en ansatt og varsler i Oslo kommune.

Moss kommunes ordfører kommer også. Og her er det ikke bare idyll. Ifølge Moss Avis i fjor «svarer flere ansatte i Moss kommune at de har opplevd eller frykter å oppleve negative reaksjoner fra nærmeste leder ved å melde fra om kritikkverdige forhold». Siden da er riktignok H-ordføreren og det borgerlige flertallet bytta ut med AP-ordfører og et nytt flertall. Og kommunen har fått seg varslingsutvalg.