Archive for ‘Storbritannia’

september 3, 2022

– Ingen stengde bibliotek til vinteren! (UK)

Når gassen blir altfor j…. dyr vil elektriske vatnkokarar vere løysinga, meiner Boris & co.

Frå det britiske folkedjupet aukar signala på sosiale medium om at biblioteka må stille opp for dei som ikkje får råd til å varme opp heimane sine til vinteren. Vi har omsett to ferske meldingar:

Save Our Libraries Essex: «Med energiprisane til himmels og når dei kaldere månadane nærmar seg, vil mange menneske slite med å ha råd til oppvarming og leite etter fristader frå kulda. Vi merker oss at bibliotek rundt om i landet førebur seg på å møte dette behovet, medrekna å skaffe ekstra møbel og utvide opningstidene».

Save Nottingham Libraries: «Denne vinteren vil endå fleire menneske bli kasta ut i fattigdom på grunn av auka levekostnadar. Regjeringa hadde ikkje anna svar å kjøpe ein ny vatnkokar?! Lokale styresmakter må vere klare med «varme møtestadar». Felleslokale for å halde varmen. Bibliotek er perfekte. Forferdeleg å stengje NOKRE no».

Bibliotekaktivisten Alan Wylie følgjer utviklinga på Twitter.

april 13, 2022

Bibliotekforsvar med utestemme!

Ingen påskefred å få i Nottingham: Ifølgje NottinghamshireLive har kampanjen Save Nottingham Libraries spandert 450 GBP på å få fram bodskapen sin på dette elektroniske reklameskiltet i byen. Dei har også sendt ei heil lita protestbok av rundt hundre forfattarar til kvar j…. bystyremedlem.

mars 19, 2022

Falske bibliotekfakta

Klikk og kikk
januar 6, 2021

UK: Fagforbund-nei også til take-away

Einaste teneste i drift ved Liverpool Public Library?

UNISON, det britiske fagforbundet for 1,3 millionar tilsette i offentlege tenester, seier no, når den tredje nedstenginga i landet er i gang i samband med den nye, meir smittsame korona-varianten, at folkebiblioteka bør stengje heilt. Omsynet til biblioteksarbeidarar og familiane deira må prioriterast. Men dette er i strid med retningslinene frå regjeringa som seier at bibliotek framleis kan tilby i alle fall tilgang til IT og tinging og henting av bøker. UNISON meiner at også desse avgrensa tenestene utset biblioteksarbeidarar og brukarar for ikkje naudsynt risiko.

mars 13, 2020

Blodig bibliotekalvor

Alan Wylie, den skarpaste kritikaren av den rådande britiske bibliotekpolitikken og sitert her tallause gongar, kom no med denne, ved første augekast overraskande, twittermeldinga.

desember 8, 2019

Når biblioteket er «ikkje-essensielt»

defend the 10 london

Denne bibliotekaksjonen var før eit lokalval i Lambeth i London

Det britiske forlagshuset Penguin publiserer også nyheiter og feature-artiklar på heimesida si. Nyleg intervjua dei Labour sin statsministerkandidat Jeremy Corbyn i samband med valet 12. desember, likevel ikkje om Brexit, men om framtida til folkebiblioteka i landet.

Corbyn er ihuga bok-elskar, får vi vite, og han er klår på at biblioteket ikkje lenger skal definerast som ei «ikkje-essensiell» teneste, slik det har vore under toryane i snart ti år. Han ser på dette som eit klassespørsmål: «Dei har stengt hundrevis av bibliotek fordi dei ikkje ser eller vil sjå livlina som dei gratis biblioteka representerer for alle, uavhengig av privatøkonomi».

Labour har lova ei pakke på 1 milliard pund til eit løft innan kunst og kultur, men dei har enno ikkje spesifisert kor mykje som faktisk vil gå til å redde biblioteka. Dei konservative kutta i velferden har gått ut over mange felt. Intervjuaren listar opp fleire «sexy» felt som biblioteket må konkurrere med om Labour vinn valet: «Sjukehussenger, ventetider, pensjonsrettferd for kvinner, patruljerande politifolk, klimaendringar og jamvel søppelhenting.»

Bibliotek-kutta har fått ein viss merksemd dei siste åra, og det er sjeldan såpass mykje blir sagt om bibliotek før eit parlamentsval. Også Boris Johnson og dei konservative …

read more »

juli 7, 2019

#NotALibrary

Bibliotekaktivistar i Bristol, og snart over heile landet, set Theresa May på plass på Twitter etter at ho fekk The Telegraph med på eit rett nok litteraturvenleg stunt, men som sår tvil om kva eit bibliotek er. Lagre og følg hashtaggen #NotALibrary på twitter.

Skjermbilde 2019-07-07 15.34.19

juni 30, 2019

Bibliotekkriser – teikn på at samfunnsverdiar er svekte

Skjermbilde 2019-06-30 12.48.43

Innsamlingar må til for alt anna enn helse. Her frå biblioteket i Manchester

På den britiske nettstaden Politics.co.uk tar ein sabla god kronikk 25. juni utgangspunkt i at biblioteka har tapt i budsjettkampane. Men vinnarane etter snart ti år med reindyrka marknadsliberalt høgrestyre er ikkje som Carl I. Hagen alltid messa her heime: Eldre, helse og skole. Nei, helse har soleklår prioritet i dei politiske kampane i dronningriket: «Politicians have learned that it’s the service that matters most in public discourse.» Nedlagde bussruter på bygdene, hol i vegbanen og at lærarar må betale skolemateriell privat, er blitt heilt uinteressant.

Eit anna prov på dette …

read more »

mars 28, 2019

UK: Oppheving av gratisprinsippet neste krisetiltak?

Huffington Posts britiske utgåve har vore i East Sussex og sett på bibliotekkrisa. Der har fylkesrådet sendt ut eit skjema der dei spør folk om kva for tiltak dei kan akseptere i neste runde med innsparingar. Eitt av alternativa er om dei kan tåle årsavgift for bibliotekbruk, under føresetnad om at biblioteklova sitt gratisprinsipp blir oppheva.

I artikkelen får vi nye tal for nedskjeringane sidan 2010: Minst 846 færre bibliotek, mellom 8 og 10 000 færre «professional library workers». Og om lag 400 tidlegare offentleg drivne bibliotek er blitt «community-run», som er bibliotek-nytale for at dei er overtekne av frivillige, stort sett amatørar.

februar 19, 2019

Der bibliotek er Big Business

Vi har skrive mykje om dei ulike sidene ved bibliotekkrisa i Storbritannia. Ei av sidene heiter konkurranseutsetting. No har bystyret i York inngått avtale med ein av dei mange private drivarane av bibliotek. Sukringa av pilla er at avtalen sikrar vidare drift av alle biblioteka i femten år framover. Dei er ikkje dumme korkje dei næringsdrivande eller det politiske høgrefleirtalet. I York har nok protestane mot biblioteknedlegging stilna.

Den norske kulturministeren har etter både Jeløya og Granavolden forsikra oss om at formuleringa at dei skal satse på «nye modeller for drift av bibliotek» ikkje tyder konkurranseutsetting etter britisk eller svensk modell. Men kor lenge vil dei blåblå sjå på «suksessen» i grannelanda utan å opne døra på gløtt?

februar 2, 2019

Bibliotek-nytale i rivande utvikling

Skjermbilde 2019-02-02 19.24.38

Klikk og sjå scena om nytale i filmen 1984

Bibliotekaren Alan Wylie frå London held på bloggen sin ved like ei ordliste over «doublespeak & spin used by councils to hide library cuts.» Nokre døme:

Libraries Extra – what Brighton Council call a staffless ‘library’ that offers less!!!

Library Ambassador – someone in Northamptonshire who’s daft/naive enough to pay twice for their library service.

Partnership Libraries – what Barnet Council calls a volunteer/community org-led ‘library’ that’s open for 15hrs a week, users/campaigners call it a staffless book exchange that’s hardly ever open.

Bloggen til Wylie har ikkje hatt nye innlegg sidan mai 2018. Han har i staden auka aktiviteten sin på twitter, og her kan du fleire gonger dagleg få inntrykk frå ein av dei største bibliotekraseringane sidan bibliotekbrannen i Alexandria.

januar 30, 2019

Ente bara blogg

Som det kan låte i Østfold. Bloggaren har den siste tida vore aktiv med foredrag for Bibliotekarforbundet i Oslo (vi tar gjerne slike oppdrag! For ein ganske billeg penge), reportasjar for Bibliotekaren nr. 4 om store og litt mindre bibliotekkriser i Storbritannia og Danmark (eller på papir/pdf side 17-23). Pluss intervju same stad. Og vi er blitt intervjua om liknande ting på Norsk Bibliotekforening sine sider i Bok og bibliotek nr. 4, 2018 (kjem vel snart nedi her).

januar 23, 2019

Gladnytt frå Liverpool

Som her i landet, er bibliotek-skilnadene i Storbritannia store, typisk mellom (nokre) byar som i desse tider har det med å oppføre påkosta «signalbygg» og på den andre sida småkommunar med spreidd busetting, som slit med deltidsstillingar og små og lite eigna lokale. Noko vi også meiner blei tydeleg i Bibliotekaren nr 4 i fjor. Gode bibliotek blir meir og meir eit by-fenomen.

Tweeten nedanfor frå Liverpool viser eit slikt typisk avvik frå det som vi her på bloggen har skrive om bibliotekkrisa i landet. Liverpool har eit fantastisk renovert hovudbibliotek som vi vitja for to år sidan. Og tok ein del foto.

 

 

 

 

 

januar 4, 2019

Det provoserande biblioteket

Vi har ei påbegynt kåring her på bloggen av Barske Bibliotekarar. Tru om ikkje biblioteksjefen i Taunton i Somerset, UK, bør med på lista, med dette arrangementet der ei ekte Drag Queen les LGBT-relaterte forteljingar for førskoleungar!

november 22, 2018

UK: Vant anbud etter løfte om store kutt i bibliotektilbudet

Skjermbilde 2018-11-22 12.41.31

GLLs varmerke «Better» fins over alt i biblioteka de driver. Bedre – for hvem?

De siste ukene har et vinneranbud fra det britiske jernbaneselskapet Go-Ahead gitt mange og store overskrifter i norsk presse, med blant annet sterke mistanker om taktisk budgiving.

Men liknende tilstander viser seg nå også i konkurransene om å «drifte» bibliotek i britiske kommuner. London-avdelinga av fagforbundet Unite, som organiserer svært mange bibliotekansatte i øyriket, avslører i dag på Facebooksidene sine at den største private «bibliotekdriveren» i landet, Greenwich Leisure Ltd (GLL), vinner kontrakter ved å love kommunene store kutt i tjenestene. Videoklippet viser Diana Edmonds, leder av bibliotekseksjonen i selskapet (de driver også idrettsanlegg og fritidssentra for kommunene) idet hun innrømmer hvordan det skjer. En leder i Unite forteller at forbundet har vært i forkant med å avsløre …

read more »

Translate »