Archive for ‘Privatisering’

september 28, 2021

Digitalt innhald = privatisering av biblioteka innanfrå

Det er dette som skjer, skriv Sveriges författarförbund i Biblioteksbladet og viser til «appar som används för utlåning av e-böcker ägs av privata företag som inte har något demokratiskt uppdrag. … Är det bibliotekens uppdrag att förmedla eller ska det överlåtas på strömningstjänster? Digitala ljudböcker kräver också sin plats i en samlad biblioteks- och litteraturpolitisk diskussion». Og: «I apparna råder också tystnad, konstaterar författarförbundet som befarar att den professionella vägledningen av bibliotekarier går förlorad. I apparna ”jämställs… facklitteraturens standardverk med lättviktigt strunt” och varje låntagare är ensam. Vad händer då med bibliotekarieyrket?»

Her i landet er det kanskje litt annleis? Appane til bibliotekbrukarar er i alle fall delvis bibliotekstyrte. Men kva forlaga opnar for, er ein annan ting.

Dei svenske forfattarane reagerer også på korleis betaling per utlån av digitale e- og lydbøker «stel» frå bibliotekbudsjetta, slik at det blir mindre til p-bøker og dei andre tenestene.

I Noreg bør vi merke oss dette. Vi er enno ikkje på langt nær så digitale som i Sverige og Danmark. Sjå illustrasjonen, eit utsnitt frå ein tabell Digi-folka presenterte under seminaret i Stavanger i førre veke. Her i landet bruker vi samanlikna med dei berre omlag halvparten per innbyggjar til digitalt innhald.

PS: Nettstaden BOK365.no hadde same dag eit oppslag med vekt på følgjene for dei «tradisjonelle» delane av bibliotekbudsjetta, noko Norsk Bibliotekforening tok opp på Facebook.

august 4, 2021

Bokkjøp på anbod: Bøker frå små forlag blir problem

Truleg problemfritt

Ikkje i Noreg denne gongen, men ofte går det her som i Sverige: Det er blitt ei sak i svensk presse dei siste dagane at lokale bibliotek vil få ekstra utgifter og meirarbeid om dei vil kjøpe bøker frå andre enn dei store forlaga. Blant anna Svt.se hadde dette på nett og TV 2. august: «Bibliotekens oro efter Adlibris nya krav: ”Utbudet försämras”».

For bokhandelen Adlibris har maila til bibliotekkundane sine at «de förlag som inte hittat en extern distributör innan den första september inte kommer att finnas kvar på Adlibris hemsida. – De mindre förlagen, som har egen distribution, har ingen möjlighet att lägga de här pengarna på en extern distributör», seier ein representant for eit mindre forlag.

Men i dag skriv SvT at blant anna Stockholms stadsbibliotek vurderer å finne seg ein annan leverandør ved neste anbodsrunde i oktober.

Adlibris har lenge hatt mykje av salet til svenske folkebibliotek, basert på at det er heilt vanleg å innhente anbod på kjøp av bøker og media i Sverige, og Adlibris er store og konkurransedyktige. BTJ, den svenske «Biblioteksentralen», ser ut til å vere taparen på dette feltet.

Historikaren Rasmus Fleischer blogga i 2010 om at …

read more »
mars 22, 2021

Look to Linköping and Hällefors!

Vi skreiv nyleg om ein svensk rapport om konkurranseutsetting og ulike former for bibliotekprivatisering både i Sverige og internasjonalt (i Noreg fann dei ingenting, denne gongen). Organisasjonen Bibliotek i samhälle (BiS) har no gjort ein pdf der dei i nokre få punkt gjer greie for Varför är privatiserade folkbibliotek en så dålig idé?

Linköping og Hällefors? Dei blir nemnde som kommunar i Sverige som har gått bort frå driftsavtalar med private.

Med det same: BiS er eit tidsskrift som er relevant også for oss. Nyheitsbrevet deira er gratis.

januar 7, 2021

Ny rapport om bibliotekprivatisering i Sverige. Og Noreg

Sorry: Siste del av tittelen ovanfor er reinspikka klikkhoreri frå vår side. For forfattarane av den ferske svenske rapporten «Folkbibliotek på entreprenad» har praktisk talt ingenting å melde om konkurranseutsetting eller privat drift av norske bibliotek. Heldigvis. Men det vi får å lese om slike fenomen i Sverige, og særleg i Nederland, Storbritannia og USA, bør gjere oss uroa og skjerpa.

I tillegg kjem faktumet at den største kommersielle «drivaren» av bibliotek i Sverige, Axiell, er etablert her i landet og marknadsfører seg også her med bibliotekdrift.

Vi tar utgangspunkt i ein omtale av rapporten i tidsskriftet BiS nr. 4/2020 og på heimesida til BiS, Bibliotek i Samhälle. Vi siterer: «… stora nedskärningar i Nederländerna har lett till att privata företag tagit över driften av en kommuns bibliotek och andra mer provisoriska lösningar har ersatt nedlagda bibliotek. Storbritannien följer en lika dyster utveckling där många bibliotek drivs av volontärer och privata finansiärer och organisationer, något som den engelska staten uppmuntrar till trots att kvaliteten och ekonomiska förutsättningar kraftigt försämras. Sedan 2010 har över 600 offentliga bibliotek lagts ned i Storbritannien. …

Problemet är att trots om en skulle vara för privat driftsform av bibliotek finns det ändå inte tillräckligt med understöd för att …

read more »
september 28, 2020

2021: Startskot for konkurranseutsetting?

I 2011 foreslo FrpU dette.

Vi noterer oss at Svensk biblioteksförening har vedtatt å gjennomføre «en grundlig och allsidig undersökning av folkbibliotek med alternativa driftsformer». Dette blant anna etter at Axiell no satsar stort på å drive bibliotek for svenske kommunar og i fjor overtok alle biblioteka i Nacka kommune.

I Noreg er Axiell mest kjend for biblioteksystema Mikromarc+ og Quria, men har også her bibliotekdrift på tilbodslista.

Så den svenske utgreiinga blir også interessant her heime, sjølv om norske kommunar på langt nær har vore så ivrige på privat drift som svenske. Men det første korona-prega budsjettåret vil bli …

read more »
februar 13, 2020

Folkebiblioteket = «annleislandet»? Tankar om NPM

«Folkebiblioteket blir noko av ein anomali. Dei blir avvikarar, for dei fungerer ikkje etter dei marknadsmessige lovene». Dette sa Joacim Hansson då eg intervjua han for tidsskriftet Bibliotekaren i november. Men kor mykje avvikarar er dei?

I intervjuet med Hansson er dette eit utsnitt av ein meir nyansert heilskap. Men det er for det meste éin ting i dag som gjer at folkebiblioteket skil seg ut, nemleg gratisprinsippet. Geir Vestheim gjer svært godt greie for dette i boka «Fornuft, kultur og velferd» (identisk med doktoravhandlinga hans frå 1997 – det viktigaste som til no er skrive om norsk folkebibliotekpolitikk!)

On request: Annleislandet = The Different Country / Anderledelslandet /Annorlundalandet
Gratisprinsippet står minst like fast i dag som i 1997, faktisk takk vere kulturminister Trond Giske i 2005, godt understøtta …
read more »

juli 14, 2019

Sommarreprise – utan gåveforsterking

Skjermbilde 2019-07-14 13.27.55

Gåver, men til bibliotekpublikum i Århus

I samband med søstrene Fredriksensaka eller skal vi seie Nasjonalmuseumsaka for ikkje å seie Skei Grandesaka nr. ørten i 2019, kjem dette med regjeringa si gåveforsterkingsordning opp igjen.

For at ingen skal vere i tvil, så slår vi fast at det er fullt lovleg for bibliotek å søkje og også hakket meir enn teoretisk muleg for bibliotek å få støtte. Men berre såvidt. Vi skreiv om dette i mai.

mai 30, 2019

Biblioteket på gåvebotnen

Skjermbilde 2019-05-30 13.06.18Klassekampen har i nokre oppslag sett på effektane av den blåblå regjeringa si gåveforsterkingsordning, ei ordning for å «stimulere til økt privat finansiering av kunst og kultur gjennom pengegaver. Pengegavene utløser en gaveforsterkning til mottakeren på normalt 25 prosent av gavebeløpet.»

Hovudsaka for Klassekampen er at mangemillionærar har fått mest. Fleire av dei har fått «store beløp til kulturformål som de selv har grunnlagt eller tatt initiativ til, og som på grunnlag av disse overføringene fikk utløst millionbeløp fra regjeringens gaveforsterk­ningsordning.»

Dette er interressant nok, men på ein bibliotekblogg finn vi også andre ting å ta fatt i:

read more »

mai 29, 2019

Privatiseringstrygge norske bibliotek?

Skjermbilde 2019-05-29 21.23.16

Frå ein fransk aksjon mot privatisering

No vil næringsminister Røe Isaksen få utgreia konsekvensane av konkurranse- tilpassing av hittil offentlege tenester, og det ved hjelp av eit konsulentfirma som er kjent for å vere spesielt privatiseringsvenleg. Vi har tidlegare nemnt Hjelmeng-utvalet som Solberg I sette ned i 2016 for å sikre «like konkurransevilkår for offentlige og private aktører.» Kort fortalt må kommunale symjehallar, treningsentra og liknande vere førebudde på å tilpasse seg vilkåra for kommersiell drift.

Men bibliotek ser ut til å gå fri, fordi dei er gratis. Om den nye utgreiinga vil vri søkjelyset over på biblioteket, er ikkje sikkert, men vi må ikkje tru at slike juridiske subtilitetar er nok til å tryggje bibliotek mot konkurranseutsetting. Sjå berre korleis ekspansive britiske og svenske firma no spesialiserer seg på å drifte bibliotek. Og det utan slikt juridisk påtrykk. Vi har eit stikkord for artiklane våre om sånt: Privatisering.

Privatisering og konkurranseutsetting vil Solberg, Jensen, Skei Grande & co. svært gjerne kome lengre med innan Stortingsvalet om to år. Ganske mykje lengre. Helst så det ikkje kan reverserast.

mai 9, 2019

Motiv for privat bibliotekdrift?

privat psVed Lunds universitet har Sofia Berg gjort ein master om kvifor kvifor i all verda konsernet Axiell går på «bibliotekmarknaden», no ikkje berre med datasystem, men også med drift av folkebibliotek. Til tidsskriftet Bibliotek i samhälle (Bis) seier ho at ho ikkje trur det er for å tene pengar, men for å oppnå makt og posisjonere seg for framtida:

« … att driva folkbibliotek låter inte som en av de mest lukrativa affärsidéerna genom tiderna. Vad är deras egentliga drivkraft? Jag gissar att det snarare handlar om makt. Axiell är förvisso redan betydande, till exempel levererar de bibliotekssystemet BOOK-IT till en stor del av Sveriges folkbibliotek [og Quoria i Noreg, vår merknad]. Men landskapet kring bibliotekssystem håller på att förändras. Fler bibliotek väljer att använda fria bibliotekssystem med öppen källkod istället. Ett exempel på ett sådant system är Koha – ett fritt internationellt bibliotekssystem som idag används av 33 bibliotek i Sverige. Bland dessa finns stora bibliotek som Stockholms universitetsbibliotek och Lunds universitetsbibliotek.»

Det liknar på korleis den største private «drivaren» i Storbritannia tenkjer; GLL (Greenwich Leisure Ltd). Dei satsar også på fleire hestar, særleg på drift av kommunale fritids- og sportsentra i tillegg til bibliotek.

Men det er ikkje umuleg for dei å tene pengar på bibliotek, …

read more »

april 20, 2019

Lydbøker med lekkasjar

fullsizeoutput_114fVi skreiv nyleg om Deichman sitt nye tilbod om engelskspråklege elektroniske lydbøker. På mobilen møter lånarane tenesta i form av appen Libby. Alt blir administrert av det US-amerikanske firmaet OverDrive Inc. via nettstaden deira, men visuelt tilpassa oslofolket: https://deichman.overdrive.com. I Stavanger har biblioteket hatt dette sidan 2010, og som tidlegare journalist i Norsk Bibliotekforening fulgte vi denne utviklinga gjennom fleire oppslag. Mange svenske bibliotek har vore kundar i fleire år, og der skal no også svenske e-bøker og e-lydbøker kome med denne appen.

Men i førre veke las vi på den etablerte media- og teknologinettstaden CNET.com om tekniske og menneskelege veikskapar som kan ramme lånarar ved bibliotek som på denne måten set bort strøymetenester fullt og heilt til private firma, ofte på den andre sida av kloden. Igjen er det personvernet det handlar om. CNET bruker OverDrive som eit døme, men det kan gjelde fleire. Vi omset delar av artikkelen:

read more »

februar 19, 2019

Der bibliotek er Big Business

Vi har skrive mykje om dei ulike sidene ved bibliotekkrisa i Storbritannia. Ei av sidene heiter konkurranseutsetting. No har bystyret i York inngått avtale med ein av dei mange private drivarane av bibliotek. Sukringa av pilla er at avtalen sikrar vidare drift av alle biblioteka i femten år framover. Dei er ikkje dumme korkje dei næringsdrivande eller det politiske høgrefleirtalet. I York har nok protestane mot biblioteknedlegging stilna.

Den norske kulturministeren har etter både Jeløya og Granavolden forsikra oss om at formuleringa at dei skal satse på «nye modeller for drift av bibliotek» ikkje tyder konkurranseutsetting etter britisk eller svensk modell. Men kor lenge vil dei blåblå sjå på «suksessen» i grannelanda utan å opne døra på gløtt?

februar 1, 2019

Framleis greit med privat bibliotekdrift?

skjermbilde2019-02-0112.51.00Denne gongen gjeld det Sverige, men les vidare likevel, for ein dag gjeld det oss:

Lena Lundgren frå Föreningen BiS har levert eit forslag til Svensk biblioteksförenings (SB) årsmøte med oppfordring om å utgreie «bibliotek med alternativa driftsformer». BiS har dei siste par åra kritisert SB for å vere likegyldige til privat drift eller bibliotek «på entreprenad», med eit anna ord: konkurranseutsetting. BiS kartlagde omfanget av dette i 2007 og 2001 og fann rundt tjue døme av privat drift, dei fleste der veneforeiningar har tatt over ein nedlagd filial, og eitt døme, den såkalla Dieselverkstaden i Nacka, der dei tilsette fekk tilbod om, og godtok, å drive biblioteket for kommunen, som eit føretak. Og no er det kjend at konsernet Axiell skal overta drifta av dei andre biblioteka i Nacka.

Lundgren krev at SB skal «belysa de olika aspekter som rör förhållandet till bibliotekslagen och övriga lagar som berör biblioteken, hur samarbetet mellan biblioteken, inom och mellan kommunerna, kan påverkas, samt möjliga konsekvenser om fler kommuner väljer att lägga ut biblioteksservicen på entreprenad.»

 

november 29, 2018

Et ærlig forsøk av SV, men dessverre

Redaktør Erling Bergan har i Bibliotekarens nettutgave i dag kommentert behandlinga i Familie- og kulturkomiteen på Stortinget av SVs sjupunkts forslag om et bibliotekløft fra april i år. I komitéinnstillinga fikk SV bare støtte fra Senterpartiet.

Bergan skriver blant annet: «Men betyr det at det var bortkastet av SV å fremme forslaget? Nei, ikke nødvendigvis. For arbeidsmåten i slike saker tvinger partiene på banen i bibliotekpolitikken. I innstillingen gjengis nemlig synspunktene til alle partiene som er representert i Familie- og kulturkomiteen (som er alle bortsett fra Miljøpartiet De Grønne og Rødt), hvilke forslag de har fremmet alene eller sammen med andre partier.»

Ut fra dette leser han at:

read more »

november 22, 2018

UK: Vant anbud etter løfte om store kutt i bibliotektilbudet

Skjermbilde 2018-11-22 12.41.31

GLLs varmerke «Better» fins over alt i biblioteka de driver. Bedre – for hvem?

De siste ukene har et vinneranbud fra det britiske jernbaneselskapet Go-Ahead gitt mange og store overskrifter i norsk presse, med blant annet sterke mistanker om taktisk budgiving.

Men liknende tilstander viser seg nå også i konkurransene om å «drifte» bibliotek i britiske kommuner. London-avdelinga av fagforbundet Unite, som organiserer svært mange bibliotekansatte i øyriket, avslører i dag på Facebooksidene sine at den største private «bibliotekdriveren» i landet, Greenwich Leisure Ltd (GLL), vinner kontrakter ved å love kommunene store kutt i tjenestene. Videoklippet viser Diana Edmonds, leder av bibliotekseksjonen i selskapet (de driver også idrettsanlegg og fritidssentra for kommunene) idet hun innrømmer hvordan det skjer. En leder i Unite forteller at forbundet har vært i forkant med å avsløre …

read more »