Archive for ‘Bibliotekøkonomi’

januar 25, 2023

– Lokalpolitikarane bergar biblioteka!

B for Bibliotek i Bodø

I november blogga vi om alvorlege varsel om budsjettnedskjeringar og at «den “nye” funksjonen som møteplass og debattarena kan vere den første som ryk ifølgje ferske avisinnlegg i BodøNordre FolloKragerø og Arendal». Men i Kommunal Rapport kan no NBF-leiar Vidar Lund under tittelen ovanfor fortelje at:

«Heilt på tampen av 2022 kom gladmeldinga om at bystyret i Arendal denne gongen auka budsjettet til biblioteket med 500.000 kroner. Vi må vone at det er fyrste del av ein snuoperasjon, men for biblioteksjefen var det for lite og for seint. … I Kragerø berga biblioteket frå å kutte 1/3 av personalbudsjettet. I Nordre Follo berga ei stilling, i Bodø berga to stillingar, i Ås berga Nordby filial – og fleire døme finst».

Dette er sikkert også resultat av lesarinnlegg og lobbyverksemd frå NBF-arar, fagrørsla og brukarar. Kunne vore fint å få vite kva som har virka? Har leita på FB-sidar osv., men ikkje funne noko særleg.

Og opplæringa av politikarar og administrasjon må pågå heile tida. Her eit døme på at ein kommunedirektør er alvorleg feilinformert: «Det kan òg bli aktuelt å kutta i tenester som ikkje er lovpålagde [min kursiv], men som mange har kjært. Som å kutta innan bibliotek og kulturskule».

oktober 29, 2022

Åtvaringa frå Åmås

Åmås og Aftenposten trumfar dei andre kulturavisene i dag

Fritt Ord-direktør Knut Olav Åmås er i Aftenposten i dag og i det store formatet, under overskrifta (men bak betalingsmuren) «Ro er den nye rocken». Han opnar slik: «Folkebiblioteket rister folk sammen i et av de siste fellesrommene der du kan være bare borger og ikke bruke en krone som forbruker. Det vil nok mange oppdage at de trenger på vei inn i en tid med svekket økonomi. Flere vil ikke ha råd til kulturtilbud som koster mye lenger. Flere vil søke seg til bibliotekene, som alltid er gratis og åpne for alle. Det norske folkebiblioteket er en usannsynlig stor suksess».

>> Tysdag denne veka skreiv vi om krisa for det billettbaserte kulturtilbodet.

Det høyrast jo oppløftande ut for biblioteka, men den tidlegare statsekretæren i Kulturdepartementet veit betre: «Kutt som kommer» er den første mellomtittelen hans. Han spør seg om «politikere lokalt og nasjonalt ser det, eller om en svak sektor blir kuttet enda svakere i trangere tider som starter nå. Sannsynligvis skjer det siste. … Satt opp mot helse og eldreomsorg taper bibliotekene alltid. Statistikkene viser at utgiftene til alle kulturområder har økt kraftig – bortsett fra bibliotekene som står om trent stille».

Vi kan ikkje sitere alt, men han får blant anna fram kvalitetane ved Deichman i Bjørvika, men også at «Det er svære forskjeller fra kommune til kommune. Det utfordrer likhetsprinsippet som er så viktig i Norge». Og han set spørjeteikn ved at bibliotek overtar så mange andre oppgåver lokalt, og viser der til Siri Lindstad i Forskerforum denne veka.

Åmås har grunn til uro:

Vi gjer eit søk i Retriever for den siste veka og finn blant anna noko vi har skrive om før; planane om kortare opningstider i Oslo på grunn av straumprisane. Og om naudskrik frå Nordre Follo: «En rasering av bibliotektilbudet», om at «Biblioteket vil [om budsjettforslaget går gjennom] ha mistet en fjerdedel av stillingene sine siden kommunesammenslåingen i 2020». Og i Ås blir den einaste filialen vekk, i Lindesnes skal det bli «effektivisering» av bibliotek/innbyggertorg og i Levanger blir det «en rekke kutt for å komme i budsjettbalanse. Stillinger holdes vakante også her. Bokbussen for Åsen og Ekne fjernes, og biblioteket reduserer skranketjenester».

PS 30.10.: Med nokre års mellomrom kjem Åmås med store bibliotek-kronikkar i Aftenposten. I 2008 skreiv han om «Blålys for biblioteket», som var med på å skaffe han Norsk Bibliotekforenings pris i 2010. Les dei gjerne i rekkjefølgje. Noko har skjedd på fjorten år, men …

april 2, 2022

Stange ned til biblioteklovas minimum?

I UK og USA er det kampanjar mot «staffless libraries» der løysinga brukast for å spare pengar.

I eit lesarinnlegg i Hamar Arbeiderblad i dag rettar Henriette Stranger Gulseth, tillitsvald ved biblioteket i Stange, og Mailin Toft, tidligare biblioteksjef, svært skarpe skyts mot lokalpolitikarane sine negative signal om bibliotekøkonomien. Dei opnar for at lovas minimumskrav kan vere bra nok, og for sparing ved hjelp av auka meirope, ubemanna bibliotektilbod.

Bibliotekarane i Stange skriv blant anna:

«Kommuneleiinga har for det første «bedt om en utredning for å innføre såkalt meråpent, altså ubetjent bibliotek, i kommunen. 

Dette er for å kunne kutte ytterligere i driftskostnadene på biblioteket gjennom økt bruk av selvbetjeningsløsninger. I dette forstår vi at politikerne foreslår økonomiske kutt ved å nedbemanne. I tillegg ber politikerne om et notat om hva Lov om folkebibliotek (Folkebibliotekloven) sier om hvilke tjenester en kommune må tilby.

Det er kanskje flere som har et inntrykk av at bibliotekaren rydder og låner ut bøker, og lite annet? 

Det vitner i så fall om uvitenhet rundt bibliotekarens arbeidsoppgaver og hvilken rolle biblioteket har i et lokalsamfunn. Hvis man i tillegg tror at et meråpent bibliotek er en ren mulighet for å spare penger, har man misforstått konseptet om ubetjente bibliotek».

Med eit anna ord kan dette ende med regelrett nedbygging av bibliotektilbodet. I Stange er dei tidleg ute med slikt, men vi vil nok dessverre sjå liknande i fleire kommunar. Ein del kommunar har i år fått betre økonomi, men KS er samtidig klar på at betringa kjem av at «2021 var et spesielt år». Det handlar særleg om koronakompensasjonen og at kommunar med netto innflytting har fått auka skatteinntekter. Og det siste gjeld slett ikkje alle kommunar.

desember 11, 2021

Ny bibliotekpolitikk?

Anette Trettebergstuen. Foto: Arbeiderpartiet (CC BY-ND 2.0)

Tidsskriftet Bibliotekaren nr. 4 (blir etter kvart å sjå her) har eit større intervju med kulturminister Anette Trettebergstuen. I tillegg til boklova, som dei alt er i gang med, lovar AP-ministeren ein snarleg avløysar for den borgarlege bibliotekstrategien frå 2020, ein leselyststrategi og nytenking om innkjøpsordninga med tanke på sakprosaen.

Men øyremerkte statstilskott til bibliotek avviser ho, som alle før henne. Og meir beintfram enn forgjengarane prioriterer ho kulturen lågare enn skolen og helsestellet: «Derfor må kommunene settes i stand til å prioritere kultur».

Dette kan bli meir spanande enn vi har godt av.

Nokre vil hugse lovnaden til AP og SV rett etter stortingsvalet: «Den kulturelle grunnmuren skal styrkes over hele landet, i tråd med anbefalingene fra det såkalte Enger-utvalget i 2013». Men den klart mest forvitra biten av grunnmuren var ingenting anna enn biblioteket, og Enger & co. kravde tøffe tiltak og meinte styresmaktene måtte vurdere øyremerking.

Bladet intervuar også Erling Bergan, avtroppa redaktør for bladet og mangfaldig aktivist. Han har sett mange spor etter seg, og du kan framleis donere til det medisinske biblioteket «hans» i Gaza!

juli 21, 2021

Koronakompensasjonen, kommuneøkonomien og biblioteket

“Berre” 15 kommunar er no på ROBEK-lista. Men ikkje denne smoothie-kjeda i USA. Foto: Jrorman (CC BY-SA 4.0)

Tysdag var NRK på nett med bodskapen at «Kommuneøkonomien går med dundrende overskudd». Rett nok med tilføyinga: «– samtidig er gjelden mer enn firedoblet». Og om det siste intervjuar dei blant anna to økonomar som «advarer … mot å se seg blind på kommunenes overskudd».

Og i leiarartikkelen sin i dag siterer Nationen KS-leder Bjørn Arild Gram som meiner «kommuneøkonomien [har] strammet seg til. Oversikter KS har, viser at kommunene har vært nødt til å gjennomføre større kutt enn tidligere». Og vidare: «… kommuneøkonomien må styrkes fordi store, krevende oppgaver står i kø for kommunene: Barnehagereformen – som er kraftig underfinansiert. Dessuten er fastlegeordningen i ferd med å kollapse, og kommunene får flere eldre som trenger velferdstjenester, for eksempel».

På bloggen har vi tidlegare påpeika at det vil koste å få folkebiblioteka opp på før-korona-nivået. Og opp på eit trygt nivå for brukarar og tilsette med tanke på at pandemien ikkje er over og at nye vil kome. Den einaste øyremerka støtta biblioteka fekk var i fjor, til ekstra e-bøker. Nokre bibliotek har nok fått noko kompensert frå eigen kommune for løpande utgifter til vakthald osv., men slett ikkje alle. Dette er likevel noko alle bør søkje om. På kort sikt.

Men med tanke på 2021-budsjetta og framover må biblioteka rekne ut kor mykje dei vil trenge for den varige omstillinga.

juni 19, 2021

Vegar, vatn, straum – og bibliotek

Både tog og informasjon er viktig infrastruktur

Etter pandemien har president Biden satsa på heilt naudsynt styrking av infrastrukturane i samfunnet. Men det trengst meir: «Mens vi fiksar vegane, bruene, vatn-, avløps- og kraft-infrastrukturane i landet, må vi også reparere dei lokale institusjonane som bind saman lokalsamfunn, som let små verksemder overleve, let arbeidarar finne jobbar og får foreldre i arbeid».

Dette skriv den etablerte biblioteklobbyisten David Vinjamuri i artikkelen «How Libraries Can Save Democracy». Og han meiner biblioteket er den viktigaste av desse institusjonane i USA. I tillegg kjem den yrkesretta utdanninga (community colleges) og museum for barn.

Nyleg skreiv vi om Vedum sin stortingsval-lovnad om statlege sørviskontor, som han tenkjer seg fusjonerte med dei kommunale. Vi var skeptiske med bakgrunn i røynsler der kommunar har utpeika bibliotek til «vertskap». For då er ikkje lenger biblioteket ein «fristad», den einaste offentlege etaten utan styresmaktenes peikefinger og kontroll. 

Men vi nemnde også at særleg i USA har mange bibliotek blitt «uoffisielle sørviskontor» ved at dei på eige initativ bruker mykje tid og kompetanse på å løyse alle slags problem for dei store ressurssvake gruppene, både språklege minoritetar, fattige og alle dei som “berre” manglar tilgang til nettet. 

Og så kjem altså Vinjamuri med fleire viktige oppgåver biblioteket …

read more »
februar 10, 2021

Prosjektbanken!

Etter den svenske bibliotekstrategien i 2018 kom dei seg delvis ut av «prosjektmyra». Klikk og les

Eit «evig» krav frå bibliotekmiljøet, også her på bloggen, har vore at prosjektmillionane frå Nasjonalbiblioteket må brukast best muleg. Og at informasjon om resultata må bli spreidd, slik at gjenbruk kan finne stad, der det er grunnlag for det. Mislykka prosjekt er det også viktig å få vite om, så gjer ein ikkje feila om igjen.

No ser det ut til at Nasjonalbiblioteket har funne ei god løysing på dette, med vidareutvikling av tenesta Prosjektbanken. Som dei skriv i nyheitsbrevet sitt: Prosjektbanken «gir tilgang til søknadsteksten for hvert prosjekt samt en pdf-versjon av søknaden. Det er mange muligheter for å avgrense søk etter aktuelle prosjekter, f.eks. prosjekteier, fylke, bibliotektype, innsatsområder, tildelingsbeløp og prosjektets varighet. Og det kan søkes i fritekst i søknadsteksten».

Søknadene gir ein god del informasjon, men der prosjekta er avslutta (noko ein kan avgrense søket til) manglar dessverre sluttrapportane fleire stader. Og nokre av sluttrapportane er berre rekneskap. Men dette reknar vi med det blir orden på frå no av.

Når dét er sagt, så står vi fast på at fleire av millionane, for ikkje å seie ein milliard (!), burde gå til øyremerka tilskot i staden for prosjekt. Særleg no når biblioteka må kome på fote igjen etter koronaen, for Korona-omstillinga for biblioteka vil KOSTE, herr kulturminister!

desember 23, 2020

«Det er synd at Tinnesand og Nasjonalbiblioteket tilsynelatende mangler oversikt over den utfordrende virkeligheten mange norske folkebibliotek opplever»

Dei siste vekene har vi her på bloggen brukt mykje spalteplass på Nasjonalbiblioteket og den svært optimistiske analysen deira av folkebibliotekas vilkår og mulegheiter. Blant anna om «gullalder»-foredraget til Sira Myhre og Tinnesands oppfølging i Bok og bibliotek. Og avvisinga av andre syn på saka bidrog vel også til protestane frå viktige stemmar i bibliotek- og kulturlivet. Og no kjem leiaren av Bibliotekarforbundet, Veronicha Angell Bergli, i leiarartikkelen i nyaste nummer av Bibliotekaren (4/2020), og her på nettet, med oppsummeringa i tittelen ovanfor. Med meir.

Vi må håpe at 2021 blir året då NB stig ned til bibliotekfolket og sluttar med ein-vegs-kommunikasjonen sin.

desember 11, 2020

Bibliotek versus velodromar og tennishallar

Vi måtte låne foto av ein velodrom frå Store norske. Foto: Peter Mettler (CC BY SA 3.0)

Vi spådde i går, då vi tok for oss Nasjonalbiblioteket sine bastante signal om at «nu går alt så meget bedre» for norske folkebibliotek, at Svein Arne Tinnesand sin optimistiske artikkel i Bok og Bibliotek ville resultere i fleire motinnlegg. Og i dag er NBF-leiar Vidar Lund på banen med konklusjonen at «Jo, folkebiblioteka får mindre pengar».

Og han supplerer Georg Arnestad på eitt viktig punkt: «Utfordringa er at SSB og kommunane framleis held seg til det utvida – eller utvatna – kulturomgrepet frå 70-talet. Det er liten tvil om at idretten har styrkt seg, mykje på grunn av den enorme stimuleringa som skjer gjennom spelemidlane til idrettsanlegg. Av di fordelinga av spelemidlane er så utruleg skeiv som ho er, blir det økonomisk lettare for kommunane å investere i velodromar og tennishallar med 1/3 dekning frå spelemidlane. Medan kommunen i røynda må ta heile investeringskostnaden om det trengst eit nytt bibliotek eller anna kulturlokale. Dette påverkar òg sjølvsagt driftskostnaden, ved at kommunen må betale mykje meir i renter og avdrag ved å byggje eit bibliotek til 50 millionar kr enn eit idrettsbygg til 50 millionar kr».

Les også slutten på innlegget, om kommune- og bibliotekøkonomien i 2021. Og gå heim og sprett ei flaske raudt eller to.

desember 6, 2020

Er dette gullalderen for norske bibliotek?

Frå videoen med foredraget for det strategiske rådet

Uavhengig av kor sterkt koronakrisa råkar biblioteka skal det sjølvsagt leggjast offensive planar for framtida. Då trengst det analysar om stoda i dag, basert på bibliotekstatistikken for 2019. Nasjonalbiblioteket tar no dette på alvor og har nyleg i tre kanalar (om ikkje fleire? Vi går jo ikkje på møte og konferansar med dei) kome med optimistiske og ganske skråsikre meiningar om stoda, men som nok vil overraske fleire. Vi vågar oss på denne kortversjonen, utan å karrikere altfor mykje:

Norske folkebibliotek har aldri hatt det betre; når vi ser heile landet under eitt har utlånsnedgangen stagnert og besøk og arrangement aukar i omfang, så no skal vi berre sjå opp og fram, både lokalt og sentralt. Dei framleis 49 prosentane ikkje-brukarar kan vi få med på laget om berre fagfolket sluttar å sutre og bruke krefter på uforståelege (for politikarane) detaljar som metadata, katalogar, fjernlån osv. Og om det likevel finst lokale negative avvik frå dagens gullalder-nivå (sjå nedanfor), er dei «så små at makrotallene ikke påvirkes».

>> Seinare innlegg om dette: 9.12.: Veronicha Angell Bergli, leiar av Bibliotekarforbundet. 11.12.: Vidar Lund: leiar av Norsk Bibliotekforening.

Men i ein påfølgjande, og truleg framleis pågåande, debatt i Bok og bibliotek på nett har (per 10.12.) to tunge aktørar protestert kraftig på både bruken av fleire av tala og på analysane.

Første NB-utspel av denne kaliberen var 2. oktober i det svenske Biblioteksbladet i eit større intervju med NB-direktør Aslak Sira Myhre. Redaktør (og intervjuar) Thord Eriksson skriv i ein leiarartikkel nokre dagar seinare:

«När jag intervjuade Norges nationalbibliotekarie Aslak Sira Myhre i Oslo i somras raljerade han om att norsk bibliotekspersonal har en omotiverat mörk syn på sina förutsättningar att vara relevanta i framtiden. ”De som jämt säger att det går åt skogen, är bibliotekarierna”» (det var fleire ting som overraska svensken, sjå nedanfor, og les intervjuet).

21. oktober heldt same direktør eit foredrag for NBs strategiske råd. Dette er i forma ein glimrande pep-talk til bibliotekarane om både strategiperioden og tida etter koronaen, men då må også skildringa av situasjonen vi står i stemme sånn omtrent. Men det er her han underbygger påstanden at vi no er midt i gullalderen til norske bibliotek, særleg karakterisert ved at …

read more »
september 17, 2020

Korona-omstillinga for biblioteka vil KOSTE, herr kulturminister!

Slike møblematiske forandringar må til (takk til Håkan Nesser!)

Næringsverksemder av alle slag får statsstøtte for å overleve, eller også leve over evne. Kulturinstitusjonar og kulturarbeidarar som har tapt billettinntekter o.l. får også støtte. Men biblioteka tar ikkje brukarbetaling, så det meste dei har fått til no er noko til e-formidling og 20 millionar til e-bøker (men dette kompenserte berre for omlag éin månads normalt utlån). Andre støttetiltak fekk også eit bibliotek-stempel, som utvida tilgang til pliktavlevert materiale og opninga av Idunn.no osv, men dette hadde i beste fall berre med Nasjonalbiblioteket å gjere og kom først og fremst forsking og organisert utdanning til gode.

Men no er det på tide å diskutere krav til den omstillinga og nytenkinga som trengst i folkebiblioteka etter den første korona-bølgja og frametter.

Skal biblioteka unngå å bli reduserte til stader for bokutlån på 1990-nivå og unngå endå fleire domenetap til den kommersielle verda (musikk og film har vi jo alt tapt), må dei få høve til ei offensiv omstilling, og der staten må bidra mykje sterkare enn til no med både pengar og planlegging. Den berre eitt år gamle nasjonale bibliotekstrategien må nyskrivast. Andre prioriteringar må gjerast.

Sentrale aktørar i bibliotekmiljøet er sjølvsagt i full gang med drøfting av sånt, pluss finsliping av lobbyist-verktøya, men det skadar verkeleg ikkje om grasrota bidrar. Derfor nokre innspel nedanfor:

read more »
september 14, 2020

Dårleg teikn

«Droppet kommunene i landsmøtetalen» står det om Erna og Høgre-landsmøtet på Kommunal Rapport. Som ikkje-abonnent får vi ikkje lese stort meir, men når ho droppa det, er det vel ikkje så mykje meir vi treng å vite …

september 11, 2020

Kampen for velferden i 2021

I går blogga vi om den svenske bibliotekforeininga si åtvaring om at biblioteket kan bli ein alvorleg budsjett-tapar i 2021. Her i landet ser vi førebels berre signal om velferden generelt. Til dømes når Fagforbundet blir sitert i Kommunal Rapport i dag: «Fagforbundet frykter at den svake kommuneøkonomien vil gå utover velferdstjenestene til innbyggerne og smitteverntiltakene i kommunene». Vidare heiter det blant anna at: «Fagforbundet tror at koronakrisen vil prege det norske samfunnet i lang tid framover. Det krever derfor at «regjeringa og Stortinget omgående øker bevilgningene til kommunene for å sikre velferdstjenestene». 

august 8, 2020

Ny rapport: Blir folkebiblioteket sett tiår tilbake etter koronaen?

Skjermbilde 2020-08-10 kl. 11.41.09

Biblioteket anno 1990 – og 2021?

I april skreiv vi om at medlemmane av den europeiske bibliotekorganisasjonen EBLIDA tok del i ei kartlegging av tilstanden i biblioteka under koronaen. No har dei laga ein – førebels – rapport, «A European library agenda for the post-Covid 19 age» (pdf), der dei ikkje berre oppsummerer kartlegginga, men innbyr til debatt rundt fem felt der koronaen har endra vilkåra for bibliotekdrift:

  1. Exponential social distancing: a well-connected two-meter library;
  2. Technologies are mutating and shaping libraries in new ways;
  3. Uncharted economic territory: review the library budget composition;
  4. Library governance at central and local levels;
  5. Do not forget the climate change opportunity and threat.

Innhaldet i dei to første punkta kjenner vi godt igjen frå den norske utviklinga sidan mars, blant anna skildra i mange punkt her: «Kreativitet mot korona». Men i den nye rapporten synst vi punkt 3 er aller viktigast, særleg fordi det ikkje har vore på dagsorden enno. Fritt omsett: «Det ikkje-kartlagte økonomiske feltet; ein ny gjennomgang av bibliotekøkonomien». Nedanfor ei like fri og høgst uoffisiell omsetting av dette punktet i samandragskapitlet («executive summary»), pluss nokre andre sitat. Vilkåra for finansiering av lokale bibliotek er altså sterkt endra (våre uthevingar): 

read more »

august 7, 2020

Ingen beredskap mot den økonomiske pandemien?

Skjermbilde 2020-08-07 kl. 12.25.51Kommunal rapport siterer i dag KS-leiar Bjørn Arild Gram som er «misfornøyd med at arbeidsgruppen som skal vurdere hvordan koronakrisen har påvirket kommuneøkonomien, ikke er kommet i gang. Nå starter organisasjonen i tillegg egne utredninger».

Tre månader etter at kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup (H) kunngjorde at han ville setje ned ei arbeidsgruppe som skulle gi «en faglig vurdering av hvilke typer inntekter og utgifter som blir påvirket av koronakrisen», har ingenting skjedd.

Til Klassekampen 12. juni sa Gram om dei borgarlege partia sin manglende garanti for kommuneøkonomien:

read more »

Translate »