Nye bibliotekbygg

Fotosøk på «nytt bibliotek». Minus Deichman, for det ville dominert fullstendig

Her forsøker vi på bloggen Biblioteket tar saka å følgje opp nybygging og større ominnreiingar av bibliotek i Noreg. Og i Norden, men her meir tilfeldig. Vi vil framheve der utbyggjar og arkitekt melder at dei følgjer nye krav som koronaen og framtidige pandemiar stiller (når vi skriv 7.5.21 finn vi ingen…?). På bloggen har vi ein god del stoff om «koronaarkitektur» under kategorien «Biblioteklokale».

For kvart bibliotek har vi lenker til ny, viktig informasjon i media og på eigne eller kommunale nettstader. Rekkefølja er kronologisk etter når bloggaren fekk greie på planane, med det nyaste øverst.

Bli med på å halde denne aktuell og god. Send ny info og tips til frilanders @ gmail.com.

>> Sjå innlegg på bloggen i kategorien Biblioteklokale.

– – –

Nordre Follo. Nytt hovudbibliotek i Ski sentrum, saman med kulturskolen og ny vidaregåande skole. Viken fylkeskom.

Holmestand. Hof filial inn i nye lokale. Innflytting over sommaren 2021. Heimesida / Avisa Jarlsberg.

Røros. Flytting til sentrum. Ombygging. «Arbeidets Rett»: 16.4.21 / 23.4. Reg.plan til handsaming 22.4. Byggestart april 2022.

Holtålen. Flyttar inn no. Kommunen. Nytt 3.6: Nea Radio: «Nybiblioteket åpnet».

Sandefjord. Debatt om nybygg i sentrum, i utgangspunktet 5 alternativ. SB: 19.4. / 27.4. / 27.4. / 29.4. / Kommunal rapport 2020.

Lunner. Nytt bibliotek på Roa (sentralisering; nedl. av ein filial). Ferdig 2021. Kommunen.

Nannestad. Nytt bibliotek i Kommunehuset, ferdig 2023(?) KommunenPDF.

Vestby. Kulturkvartalet, ferdig -23? Kommunen. Eigen byggeblogg!.

Kristiansund. Kulturhuset, ferdig ? Veien til Kulturhuset.

Sarpsborg. Opnar 2. kvartal 2023. Sarpsborg Arbeiderblad 25.1.21 / Vinnaren av arkitektkonkurransen! Skråll nedover for fleire bilete: Kommunen 6.5. /

Skien. Arkitektkonkurransen avgjort. Kommunen: Ibsenbiblioteket

Harstad. Rettssak pågår! Kommunen

Moss. Nytt bibliotek innan 2024? Moss Avis: 2.7.20 / 4.7.20

Horten. På debattnivå. Flytting til «Portalbygget»?: Søk i «Gjengangeren».

Larvik. Gjennoppføring etter brannen, «om to år»?: Kommunen / 20.2.: Arkitektstudentar med eige innspel. 21.4.Bibliotekbrann koster Larvik dyrt etter forsikringssak.

Rælingen. Byggestart -21: Kommune

Skiptvet. «… ferdigstilling utpå høsten 2022»: Kommunen

Steinkjer. Ferdig -23: Prosjektside

Våler, Innlandet. Lokale under ominnreiing: Kommunen

Fredrikstad, verneverdig HB frå 1926. Debatt pågår: Fredrikstad Blad; liste med debattinnlegg lengst nede.

Steigen. Debatt om flytting av biblioteket. Avisa Nordland 9.3.

Heim, formannskapet sa ja til nytt HB i Kyrksæterøra.

Hälsingborg, Sverige. Planstadium; ferdig -27. Til- og ombygging og modernisering av HB. Kommunen / «… ska bli Europas mest innovativa».

Ulricehamn, Sverige. Nye lokale, «integrering med Ica supermarket». Kommunen.

Gävle, Sverige. «Nytt kultur- och bildningscentrum» ferdig -23. Kommunen.

Örebro, Sverige. Kulturkvarteret, ferdig våren -21. Kommunen

Translate »
%d bloggers like this: