Første januar kvart år markerer blant anna Internet Archive og The Public Domain Review at mengder av åndsverk «fell i det fri», at dei kan brukast fritt og eventuelt kopierast, trykkast opp og spreiast på nytt av kven som helst. Med andre ord er vernetida utløpt.
Til dømes eit bibliotek kan no fritt trykke opp og/eller lage e-bok, lydbok eller podkast av bl.a. lokalhistoriske tekstar eller skjønnlitteratur av forfattarar som gjekk bort i 1952. Eller tidlegare.
I Noreg og det meste av Europa og Sør-Amerika omfattar årets «frigjering» verk av personar som gjekk bort i 1952, altså landa som har regelen “levetida pluss 70 år”. Knut Hamsun er den mest kjende norske som blir «fri» i år. I New Zealand og dei fleste landa i Afrika og Asia gjeld “levetida pluss 50 år”. I USA gjeld det i år bøker og verk som kom ut i 1927 eller tidlegare.
På Author and Book Info kan du søkje på dødsår. Engelskspråkleg Wikipedia har ei liste over dei viktigaste internasjonale namna.
Når det gjeld akademisk materiale finst ordninga med Open Access, som gjer mykje innhald fritt å lese ofte heilt frå tidspunktet for publisering. Denne bloggen har p.t. 50 artiklar om Open Access og 21 om Plan S.
Så må vi slett ikkje gløyme den verkeleg frigjerande akademiske artikkeltenesta Sci-Hub, starta opp av kazakstanske Alexandra Elbakyan, og som medbloggar Mikael Böök gjorde eit eksklusivt intervju med for to år sidan. Og tenesta Zlibrary som også inneheld bøker.
PS: Så har vi nb.no, den i verdsmålestokk unike avtalen …