Archive for ‘Sagt om biblioteket’

november 2, 2023

Gullkorn og … anna om biblioteket

Denne bloggen har ein tægg som heiter «Sagt om biblioteket». Det er p.t. 47 artiklar med like mange sitat i denne gruppa, frå Marcus Tullius Cicero til tidlegare fotball- og skihoppkommentator Arne Scheie.

november 2, 2022

Nora Dåsnes, ein vinnar!

Foto: Agnete Brun / Aschehoug

Éin ting er å seie lure ting om bibliotek og bibliotekarar, men ein annan å seie det på rett tidspunkt! Som forfattar Nora Dårsnes i går då ho takka for Nordisk Råd sin pris for beste barne- og ungdomsbok under utdelinga i Helsingfors. Blant anna nettstaden Bok365 fekk det med seg: «Dåsnes hyllet også bibliotekenes rolle i dagens urolige verden i sin takketale: – Når verden er som hardest, er det vel så viktig å ha et bibliotek å gå til. Takk til alle Nordens bibliotekarer».

Og på NRK Dagsrevyen i kveld fekk ho også høve til å utdjupe det i eit intervju.

Nokre av oss hugser Dag Solstad sin takketale då han fekk Nordisk Råds Litteraturpris i 1989. Han retta også mykje av takken til biblioteka. Nokre høgdepunkt: «Takket være gratis bibliotek kunne til og med en slyngel som jeg bli opplyst»… «jeg vil gjerne påpeke at folkebiblioteker er til nettopp for slyngler i 17-årsalderen.» Og vidare: «Til tross for at 1950-tallets radio var svært systemtro, og biblioteket i min hjemby ikke akkurat utmerket seg ved å føre de dristigste bøker, førte likevel idéen om folkeopplysning til at slyngelen uforvarende kunne stusse ved å høre en uvant tanke bli framført, eller ved at en scene i en roman stilte spørsmål ved selve grunnlaget for samfunnet».

august 30, 2021

Når vi snakkar om USA

Bloggaren går turar med lydbøker på øyret. I går var vandringa godt tilpassa ei bok på berre to timar og tjugefem minutt, nemleg Kurt Vonnegut si aller siste bok (han gjekk bort i 2007), og mest sjølvbiografiske, seier mange: «A Man Without a Country». Her får vi blant anna vite kor viktige folkebiblioteka er:

«I want to congratulate librarians, not famous for their physical strength or their powerful political connections or their great wealth, who, all over this country, have staunchly resisted anti-democratic bullies who have tried to remove certain books from their shelves, and have refused to reveal to thought police the names of persons who have checked out those titles*.

So the America I loved still exists, if not in the White House or the Supreme Court or the Senate or the House of Representatives or the media. The America I love still exists at the front desks of our public libraries».

* Dette med ikkje å sladre til FBI om lånarane har vi skrive mykje om i denne bloggen.

Det ser ut til at berre 11 av bøkene til Vonnegut er omsette til norsk. Om Gyldendal (det norske forlaget hans) ikkje syntest denne siste var viktig då ho kom i 2005, får dei eit godt høve til å skifte meining når no Vesten og USA (men kanskje ikkje det offisielle) blir nøydd til å gå i seg sjølv når det gjeld krigføring i framand land. Vonnegut, som sjølv var ung soldat i USA sine styrkar mot Hitler under den andre verdskrigen, blei ein av pasifismens viktigaste forfattarar. Og ein meister i bitande ironi. Etter blant anna å ha overlevd den skandaløse allierte bombinga av reine sivile mål i Dresden sentrum i februar 1945, skildra i «Slaktehus-5 eller barnekorstoget».

PS 31.aug.: Bloggposten ovanfor blei delt av folk også på svenske Biblist. Ein lesar svarte med å lenke til heile Vonneguts «bibliotek-kapittel» i det progressive nettmagasinet In These Times: «I Love You, Madame Librarian». Det framgår at boka inneheld blant anna artiklar han hadde på denne nettstaden, der han også var «senior editor until his death in April 2007».

juni 20, 2021

Biblioteket – den nye Rolexen

Bloggaren kjenner seg important

På TV-intervju under koronaen er jo studioveggar erstatta med heimlege miljø via Skype, Zoom, Signal osv. Dei fleste som blir intervjua på TV er VIP-arar – og med kvar sine VIL – Very Important Libraries – som dei no endeleg kan få vist fram for all verda (rett nok med fare for pinlege avsløringar).

Eit ekstremt døme på den gjenoppliva statusen til biblioteket og p-boka fann vi her om dagen på ABC-Nyheter. Dei skriv om eit luksushotell i Coimbra i Portugal, «nær Joanina-biblioteket, som står på Unescos verdensarvliste». Men nærleiken til eit flott bibliotek er ikkje nok. Her har dei kopiert og planta bibliotekstemninga heilt inn på baderomma: «Flislagt med 1.200 håndlagde og gullbelagte marmor-bokrygger, som alle skal korrespondere med bøker tilgjengelig til låns på hotellet». Berre 5000 NOK for natta. God reise.

PS 1: Espen Andersen blogga for ti år sidan om «hvordan skal man signalisere status med elektroniske bøker?» Med ei skildring av korleis den norske bokbransjen famla seg fram på e-bokmarknaden på den tida! Rørande for oss i ettertid, men BI-professoren sette dei på plass der og då.

PS 2 kl. 22.13: Apropos bøker og bibliotek som kulisse: Knut Hegna skreiv i fleire år e-brevet «Mandag morgen fra informatikk» frå seg til resten av Realfagsbiblioteket på hovudcampus på Blindern. 17. mars 2015 har han ein tekst om temaet vårt; gå til punkt 15 på side 12. Han spør seg om kvifor alle desse professorane og bokhyllene:

«Er det fordi det ikke fins andre kulisser eller kan vi håpe på at det skal uttrykke faglighet, faglig tyngde, kunnskap og visdom. Da legger det jo et press på oss for å holde den forestillingen vedlike gjennom å ha:

• de gode samlingene (på kort og langt sikt),
• en katalog som gjør det mulig å finne fram
• et personale som kjenner disse punktene og er i stand til yte tjenester på basis av dette»

PS 3: Alle desse PS-ane kjem av så mange gode innspel, til og med på ein søndag i juni, som i dag. Ja takk til fleire 🙂

mai 21, 2021

Romærane kåmmer (de ær freddan)

Cicero, romar (ekte)

Bloggaren er blitt svak for Fredrikstad bibliotek sine faste bok- og mediemeldingar i Fredriksstad Blad. I dag skriv avdelingsbibliotekar Anne Trine Skjulhaug varmt om boka «SPQR – det gamle Romas historie» av Mary Beard.

Underteikna har også stor glede av denne boka. Noko bibliotekrelevant som dukkar opp i minnet er om Marcus Tullius Cicero (106 – 43 f.v.t.), blant anna kjend for fyndordet «Har du ein hage og eit bibliotek så treng du ikkje noko meir». Men i Beard-boka kan vi også lese om to av bibliotekarane hans, som også var slavar (sic!), men som begge rømte, etter å ha knabba med seg bøker. Beard diskuterer med seg sjølv om motiv; om dei rømte for å skjule at dei hadde stole bøker eller om dei stal bøker for å finansiere livet i fridom. Men ho er i tvil om kor god marknaden i Roma var for stolne bibliotekbøker.

Når vi først er i Fredrikstad og snakkar om rampestrekar – og om romarar, og sidan det er fredag: På Lykkeberg, midt i sentrum, men på ein knaus bak rådhuset og hotellet, kinoen, Blå Grotte osv., står eit svært spesielt «fortidsminne» som slett ikkje alle veit om.

mai 16, 2021

For mykje kunnskap

W. Ewart, den første biblioteklovas far. Foto: Rept0n1x, Wikimedia Commons (CC BY-SA 3.0)

Forskarar, har vi høyrt, må lese mykje og samanhengande. Blant anna derfor er denne bloggaren ikkje blitt forskar. Han har alltid vore ein halvstudert oppsnappar av stort og smått, og er sjeldan sett med ein skikkeleg «murstein» i fanget. Og på nattbordet ligg helst slike bøker som Steve Lowe og Alan McArthur: «Is It Just Me Or Is Everything Shit? : The Encyclopedia of Modern Life». God, britisk samfunnsatire i passe korte kapittel. Her frå oppslagordet «Libraries, public» (vår omsetting):

«Då den liberale parlamentarikaren William Ewart introduserte lova om folkebibliotek i 1849 protesterte dei konservative mot at dei skattebetalande middel- og overklassene skulle finansiere ei teneste som hovudsakeleg blei brukt av arbeidarklassen. Ein Tory-parlamentarikar meinte at «folket allereide har for mykje kunnskap: det var mykje lettare å administrere dei for 20 år sidan; jo meir utdanning folk får, jo vanskelegare er dei å administrere».

«Heldigvis», skriv forfattarane, «slik det moderne biblioteksystemet er blitt, er det ingen stor fare for at folket blir grusomt overutdanna eller vanskeleg å administrere. I fjor blei det oppdaga at heile samlinga til eitt bibliotek i Taunton besto av eitt seks år gamalt eksemplar av Gramophone magazine. Der dei fleste sidene mangla».

mai 9, 2021

Har bok

Har bok? Klikk og kikk

No når Eli Hagen endeleg er i farta igjen på FrP-landsmøtet kan vi jo minnast (etter to oppmodingar faktisk) eit gullkorn frå henne med påstått bibliotekrelevans. Heilt irrelevant, vågar andre å meine. Det var etter éi av ektemannen og partiformanden sine utblåsingar mot gratis bibliotek:

«Jeg kan ikke forstå at det skal bli så mye bråk om disse bøkene .. jeg mener .. Carl Ivar og jeg, for eksempel, vi har bok, vi .. !?»

Og når vi først er i det hjørnet:

NTB har jo desse notisane sine om kva som hende den eine og andre dagen heile året. 3. mai i år kunne vi i fleire aviser, til dømes ksu.no, lese om suksessromanen til Margaret Mitchell, «Tatt av vinden», som kom ut denne dagen i 1936, eller -37 (dét blir litt uklart her). Men greia var at ho truleg aldri ville blitt forfattar om ikkje mannen hennar hadde gått lei av «å slepe bunkevis av bøker med hjem til henne fra biblioteket», og derfor ein dag skal ha sagt: «For guds skyld, kan du ikke skrive en bok selv i stedet for å lese tusenvis av dem?»

april 26, 2021

Sagt om biblioteket

Janne

I tidsskriftet Gnist nr. 2/2021 (det kjem vel her etter kvart) skriv lokførar Janne Lisesdatter Håkonsen om korleis ho ser føre seg sosialismen, og ho avrundar slik:

«Og ønskes et lite boost av inspirasjon hentet fra det virkelige liv, så er det bare å se til folkebiblioteket. Denne über-kommunistiske innretningen midt i vårt kapitalistiske samfunn gir mengder med håp om at vi i fremtiden kan organisere hele samfunnet som et eneste stort bibliotek!»

Flott! Men biblioteket, slik vi kjenner det i dag, slit med identiteten sin under den globaliserte kapitalismen. Men Mikael Böök løfta det opp på Jannes nivå her på bloggen i førre veke: «Håller makten över biblioteket på att övergå till Big Tech?»

PS: Dette er faktisk det 41. blogginnlegget kategorisert under «Sagt om biblioteket».

desember 12, 2020

Heime

Frå Ski bibliotek

Signaturen Astronauten skriv om bibliotek i ein petit i Klassekampen 3. desember. Hen rundar av slik:

«Noen ser kanskje bare døde trær samlet på hyller i et bygg. Jeg ser skattkamre, fylt til randen av det mest dyrebare vi har skapt. Summen av sivilisasjonen. Tilgjengelig for deg, meg og barnet som kommer dit for første gang og vet at her, her hører hun hjemme».

Er du abonnent kan du lese heile.

oktober 30, 2020

Bibliotekvennen Jan Myrdal er død

Jan Myrdal i arbeidsrommet i Fagervik 1995. Foto: Anders Ericson (CC BY-SA 2.0)

Han var kontroversiell på mange område, og intervjuet underteikna gjorde med han i 1995 i den dåverande heimen i Fagervik for Bok og bibliotek, nr. 8, 1995, opnar med at kranglane hans med bibliotekarstanden hadde vore langvarige: «Han har kritisert og kommentert stort og smått ved dei svenske biblioteka. Han og Författarförbundet har blant anna aksjonert mot klassifikasjonssystemet! Dei har ved fleire høve reagert på korleis Bibliotekstjänst plasserer bøker i båsar, der dei etter deira meining ikkje høyrer heime. På toppen av det heile har venstreradikale Myrdal uttrykt tvil om folkebiblioteka eigentleg burde vere offentlege! I alle fall må bibliotekarane frigjere seg frå rolla som kommunetilsette, har han sagt. For ein kommunal institusjon kan aldri overtyde folk om at det er bra å lese!».

Elles er intervjuet fullt av sitérbare utsegner som denne: « – Browsinga – den nyfikne litterære hyllevandringa i det opne biblioteket – er avgjerande viktig for folk. Men eliten forstår ikkje dette. Akademikarane går på skjener, mens dei folkelege intellektuelle browsar. På folkebiblioteket skal til dømes ein handverkar kunne ha gleda av å snuble over ei bok om brubygging før ingeniørane si tid».

Vi har også sitert han tre gongar på denne lista. Gå ned til «Andre verdifulle utsagn».

august 17, 2020

Sagt om biblioteket (eit lite)

Skjermbilde 2020-08-17 kl. 14.18.20

Tidl. soppherja bibliotek. Villaen i Tønsberg blei restaurert etter utflyttinga i 1992. Foto: Krg /Wikimedia (CC BY-SA 4.0)

Aslak Borgersrud skriv, på sitt vis, om «Navn i nyhetene» for Dagsavisen, og fredag kom turen til soppekspert Nina Berge. Eit fast spørsmål går på lesevanar, og vi får vite at ho «selvfølgelig [har] lest mye science fiction. Det er jo underholdningslitteratur, men får deg til å tenke.

Nedvurdering av scifi, har vi ikke vokst av oss det ennå?

– Jo. Jeg oppdaget det da jeg begynte å lese skolebiblioteket, fra A. Jeg kom til Bing og Bringsværd og fant science fiction.

Hvor langt kom du i biblioteket?

– Jeg kom i hvert fall til D, for jeg husker jeg leste Dumont. Men det var et lite bibliotek, altså».

mai 25, 2020

Sagt om biblioteket

«Virkeligheten og verden vil bestandig gjøre seg gjeldende, så i siste instans kan ikke engang det mest omfattende bibliotek beskytte oss mot tilværelsens realiteter».

Henning Hagerup i Klassekampen 3.10.2015.

april 24, 2020

Sagt om biblioteket

Det er mykje trist og leit i kvardagen denne våren, men den herverande bloggen er no oppe i 35 innlegg med stikkordet «Sagt om biblioteket». Og det meste av dette er klokt og positivt.

april 21, 2020

Sagt om biblioteket

«Bonden som dro til kirkegården, forelsket seg i bibliotekaren. (Men de andre bøndene gjorde det ikke.)»  Korrekturavdelingen.no. 🙂

november 16, 2019

Med tankane på springmarsj

Skjermbilde 2019-11-16 13.09.55

Bringsværd 80. Foto: Chris Nyborg/ Wikimedia Commons. (CC BY-SA 3.0)

Eit steinkast eller sju nord for Moss ligg landsbyen Hølen i Vestby kommune. I 2004 var bibliotekfilialen der truga med nedlegging. Då skreiv dagens 80-årsjubilant, hørningen og forfattaren Tor Åge Bringsværd, eit lesarinnlegg i Moss Avis. På ein nettstad underteikna hadde på den tida, fekk eg lov av forfattaren å gjenbruke det. Han har sikkert ikkje noko imot at eg gjenbruker det endå ein gong, her og no.

Filialen gjekk likevel ut av soga, men heldt på eit vis fram på trass og basert på lokal dugnad med frivillige amatørar. Dei fekk behalde bøkene og fekk bruke lokalet. Det blei ein fin, liten kafé kombinert med boksamlinga. Men eigentelege bibliotek blir ikkje slike særleg lenge, sjå berre døma på dette i Storbritannia og andre stader. Men her kjem Bringsværd sin tekst, og gratulere med dagen:

read more »