OBS: Tid for bibliotektriksing!

Før nye Rygge ungdomsskole med folkebiblioteket var på plass for åtte år sidan, peika dette skiltet til biblioteket på Breisand (faktisk!). No blir det snart over ei mil til bibliotek for folk på Larkollen, sør i Moss kommune.

For fem år sidan gjekk kommunesamanslåingane over landet. No når velferdsrasering har kome på moten, har styresmaktene fått seg eit effektivt middel for sparing på bibliotekfeltet: Nedlegging av hovudbibliotek som for fem år sidan blei reduserte til filialar i dei nye storkommunene. Og dermed ikkje lovpålagde.

Bernhard Ellefsen skriv om nedlegginga av tidlegare Rygge bibliotek i Moss i Morgenbladet no på morran:

«Alle norske kommuner skal ha eget folkebibliotek. Her bidrar kommunesammenslåingen til å trikse med loven: Det er en administrativ endring som gjør det mulig å frata befolkningen et tilbud de inntil for fem år siden hadde lovfestet rett til. Og man kan si det mindre byråkratisk: Det er jo for jævlig å frata folk biblioteket! Norges mest populære kulturtilbud!»

Moss/Rygge blir ikke det einaste forsøket i nye storkommunar. Her på bloggen tar eg imot tips om fleire. Skriv til frilanders @ gmail.com.

PS 30.11.: Styringsfleirtalet i kommunen har forstått – litt av – alvoret og seier at Rygge bibliotek skal halde fram, men i staden skal 2,95 stillingar vekk.

No brenn dei bibliotek også

Hovudbiblioteket i Liverpool er ikkje råka

Ytre-høgre-mobben som terroriserer muslimar i England går no ikkje berre laus på moskear, men også bibliotek. Matutdeling var det også på den aktuelle filialen i Spellow i Liverpool, som avisa Independent skriv om.

I kommentarfeltet heiter det blant anna: It’s ALMOST unbelievable, how on earth did these people FIND a library? Men dei har vel følgt etter folk dit, for bibliotek er populære hos ikkje-kvite.

Det positive er at det spontant blei starta innsamling til nye bøker, noko som alt har kome opp i 115 000 pund.

PS: Klassekampen 29. juli har eit større oppslag om «Britisk kulturliv i krise», der det blant anna går fram at «Finansieringen til ­offentlig biblioteker er blitt halvert». Det dei kunne lagt til, er at mykje av pengane er «spart» ved å leggje ned filialar og ved å slå bibliotek saman med alt muleg anna og gjere dei til hubs, som i Spellow. Jf norske innbyggjartorg og sørviskontor.