Ytre-høgre-mobben som terroriserer muslimar i England går no ikkje berre laus på moskear, men også bibliotek. Matutdeling var det også på den aktuelle filialen i Spellow i Liverpool, som avisa Independent skriv om.
I kommentarfeltet heiter det blant anna: It’s ALMOST unbelievable, how on earth did these people FIND a library? Men dei har vel følgt etter folk dit, for bibliotek er populære hos ikkje-kvite.
Det positive er at det spontant blei starta innsamling til nye bøker, noko som alt har kome opp i 115 000 pund.
PS: Klassekampen 29. juli har eit større oppslag om «Britisk kulturliv i krise», der det blant anna går fram at «Finansieringen til offentlig biblioteker er blitt halvert». Det dei kunne lagt til, er at mykje av pengane er «spart» ved å leggje ned filialar og ved å slå bibliotek saman med alt muleg anna og gjere dei til hubs, som i Spellow. Jf norske innbyggjartorg og sørviskontor.
