Eit par oppsnapp den siste tida, om bibliotek og maktbruk, sensur og sjølvsensur: Først dette med Trump og Kongressbiblioteket. Takk til Lars Egeland, som i Nettavisen fortel om avsettinga av biblioteksjef Carla Hayden (farga og kvinne, føy og føy!). Så fekk sjefen for copyright-kontoret sparken. Biblioteket blei oppsøkt av Elon Musk sine DOGE-folk, men dei blei avviste, så i dag er ei overskrift i The Washington Post: It’s called the Library of Congress. But Trump claims it’s his.
Så ein tur til Tyskland. Økonomen Norbert Häring, som også er sterkt opptatt av ytringsfridom mm., skriv på bloggen sin om korleis forvaltningsdomstolen i Münster no slår fast at biblioteka kan åtvare brukarane om «kontroversielle» bøker dei har i samlinga.
Det lokale biblioteket hadde på boka «Putin Herr des Geschehens?» av Jaques Baud påført merknaden «muligens ikkje forenlig med prinsippene i et demokratisk samfunn». Etter ein omtale av Häring redusert dei merknaden til «kontroversielt innhold». Ein annen forfattar, Gerhard Wisnewski, hadde også fått denne åtvaringa på ei bok, søkte om mellombels forføying for å få fjerna åtvaringa, men retten avslo søknaden og viste til at folkebibliotekene har eit pedagogisk oppdrag. Dei har ikkje berre lov til å tilrå visse bøker, men også uttale seg negativt om innholdet i bøker.

En kommentar om “Bibliotek i utforbakke”