Kamp for meirope bibliotek?

Biblioteket i Stavern var det første «meirope» i Noreg i 2013. Oppslag i lokalpressa i desse dagar tyder ikkje på at meirope har styrka bibliotekets status.

I Klassekampen 17. november er dei tillitsvalde på Deichman negative til at byrådet no likevel prioriterer “meirope”: “… det er ikke noe faglig innhold i meråpne bibliotek utover at det står bøker i bokhyllene og ligger aviser på bordene”. Og: “det [er] ikke bibliotekets oppgave å demme opp for at det kuttes i fritidsklubbtilbudet”. 

“Meirope” heiter mykje meir treffande “staff-less” på engelsk. Det starta med ei dansk naudløysing for å unngå omfattande biblioteknedleggingar etter kommunesamanslåingane i 2007. Det er ei grei tilleggsteneste for folk med studiebehov og når arbeids- og reisetid skapar problem. men er det grunn til å hausse det opp som noko av det viktigaste å kjempe for?

>> I denne bloggen har vi 27 artiklar om fenomenet meiropne bibliotek.

2026 vil bli eit negativt tidsskille for kommunale tenester generelt, og særleg for kultur. Derfor vil nok “meirope” vise seg å auke rundt i landet. På jakt etter lettvint innsparing vil kommunane erstatte betjent opningtid med ubetjent. Ei anna «hendig» løysing blir nedlegging av filialar. Dei fem år gamle samanslåtte kommunane kan, utan å bryte lova, kvitte seg med avdelingar utanom den eine sentrale.

Flotte nye bibliotekbygg i ein del byar og kommunar gir eit falsk inntrykk av velstand, men i distriktskommunar er nedslitne lokale og låg bemanning det typiske. Talet på besøk har auka noko etter koronaen, men på tjue år har likevel talet på bibliotekbrukarar gått ned frå 54 til 48 prosent.

Leave a Reply