Med marssola i ryggen kan framtida sjå lysare ut for telefonkioskutlån enn for bibliotek
Vi blogga 6. mars om at Det s kj ør e Nettbiblioteket er ein realitet, altså om følgjene av dei 20 millionar store kutta i NB-delen av statsbudsjettet. Då var det få detaljar om fjerninga av kvar tredje digitaliserte bok, men no har nettstadenKontekst.no intervjua assisterande nasjonalbibliotekar Roger Jøsevold om dette, og han «trøyster» oss med at «De bøkene som gjøres utilgjengelig for lesing hjemmefra er de som er minst brukt. Bøkene vil fremdeles komme opp når de gir treff i søket, men for å få lesetilgang må man enten søke om begrenset tilgang til forskning eller dokumentasjon eller oppsøke Nasjonalbiblioteket».
Trur vi regjeringa vil plusse på så det monnar i revidert nasjonalbudsjett i mai? (trygg er slett ikkje Sira Myhre i intervjuet i Forskerforum). Trur vi ei sannsynleg ny Erna-regjering til hausten, med FrP-støtte, vil gjere det?
Jo før, jo heller må folkebiblioteka meir aktivt marknadsføre og hjelpe folk å søke NB om 8 timars «begrenset tilgang til forskning eller dokumentasjon».
For to år sidan laga vi ei konkret, enkel skisse til plakat for nett, skjerm og vegg.
Kultur: 4,1% av kommune-budsjetta. Klikk og forstørr. Kjelde: SSB
Vi har i fleire samanhengar referert undersøkingar og spådomar om redusert interesse for kultur etter korona-nedstengingar, medreknabibliotek. Så kom Klassekampen 18. desember med eit større oppslag om faren også for «kulturelle seinskadar»; ein langsiktig nedgåande og sjølvforsterkande spiral, slik vi forstår det:
Kulturforskar Bård Kleppe seier til avisa: «Det kan være at vi nå vil se endrede kulturvaner blant publikum – at flere velger å gå turer i skog og mark enn å benytte kulturtilbudene i de store byene. … dette [kan] ramme mer enn bare publikumsinntektene som mange aktører er avhengig av. Dersom kulturbruken går ned, kan det også føre til at befolkningen blir mindre opptatt av at det offentlige skal bruke mye penger på å støtte kulturlivet».
Saka i Klassekampen har fleire innfallsvinklar. Professor Anne-Britt Gran ved Institutt for kommunikasjon og kultur på BI meiner blant anna at: «Myndighetene burde brukt pengene på å bygge opp helsevesenet, … snarere enn å komme løpende med kompensasjonspenger etter hver stenging».
11. desember blogga vi om eit lesarinnlegg av Magne Nylenna i Aftenposten med støtte til Helsebiblioteket.no: «Hva tenker dere på, Bent Høie og Erna Solberg?» Tenesta har hatt ei mengd tidsskriftabonnement som helsepersonell utanfor sjukehusa har fått bruke fritt, men no må dei kuttast.
Eit søk i Atekst viser 22 treff i desember. Her inngår Dagens medisin, men også blant anna Norges optikerforbund og Fysioterapeuten meiner dette er alvorleg.
Nylenna tar imot prisen for Årets bibliotek for 2012
I Aftenposten i går fann vi eit kort, men fyndig lesarinnlegg om ei biblioteksak, og med foto av helseministeren, noko som ikkje skjer kvar dag. Forfattar er Magne Nylenna, professor dr.med., og tidlegare redaktør av Helsebiblioteket.no frå 2005 til 2017. Og det er dette biblioteket han skriv om, om korleis regjeringa no vil vengjeklippe tenesta endå meir: «Vi har allerede mistet tilgangen til The Lancet. Nå forsvinner BMJ, JAMA (Journal of the American Medical Association) og andre av verdens beste, medisinske tidsskrifter». Denne modellen med sentral opphandling av lisensar for alle dei registrerte brukarane, helsearbeidarar i heile landet, er ein modell der Helsebiblioteket har vore ein pioner, og som mange har snakka om å overføre til fleire felt.
Dette er altså ikkje eit vanleg bibliotek, men fekk likevel NBF-prisen Årets bibliotek i 2012. Les talen på regjeringa.no som dåverande statssekretær Ragnhild Mathisen heldt ved overrekkinga.
>> Oppdatering 3.12: DnF-leiar Heidi Marie Kriznik: «Det er ikke til å tro … Kuttet betyr i praksis realnedgang av fondet … ».
Rådsleiar Lars Petter Hagen går i dag ut på Kulturrådet si heimeside: «I budsjettforhandlingene på Stortinget i går ble det klart at Norsk kulturfond reduseres med 10 millioner kroner for 2021. – Dette er et kutt som vil gå ut over mange av de som er hardest rammet av pandemien. … – Norsk kulturfond dekker hele bredden av det frie kunstfeltet, … Det gjelder alt fra den enkelte kunstner, forfatter, musiker og danser, til store og små arrangører, festivaler og spillesteder. Det gjelder biblioteker og andre kulturformidlere, og ikke minst de mange konkrete tiltakene rettet mot barn og unge. Når disse satsingene svekkes går det ut over både kulturaktører og publikum (vår utheving)
>> Korreksjon mottatt om at avgifta på brennevin ikkje er redusert. Men då måtte vi funne ein annan illustrasjon. Skål.
Noko konkret seier han ikkje om litteraturfeltet og innkjøpsordningane.
I slutten av oktober var norsk sakprosa i biblioteka ei stor sak i media. Men så kom det …
Berre den museale bibliotekbiten blir styrka. Frå inngangen til eitt av sikringsmagasina til Nasjonalbiblioteket i Rana
Hovudsaka på kultursidene til Klassekampen i dag handlar, sjølvsagt, om statsbudsjettet, og overskrifta er «Ingen hjelp til bokfolket». Det går på forfattarane, men også biblioteka, for kulturfondet gjeld i stor grad begge gruppene. Vi siterer like godt frå faktaboksen:
«Norske forlag og forfattere fikk i sommer kuttet sine utbetalinger fra innkjøpsordningen for ny norsk skjønnlitteratur.
Bakgrunnen for kuttet er et økende antall påmeldte bøker.
Bransjen har bedt om 17 millioner kroner til å reversere kuttene, men det ligger ingen økning i budsjettet for 2021».
Mens kulturminister Abid Raja svarer: «Innkjøpsordningen er ett virkemiddel, som vi kommer tilbake til når vi innretter stimuleringsordningen». Dei har også ei evaluering av innkjøpsordninga på gang.
Elles seier han ubeskjedent: «Vi styrker bibliotekene, den kulturelle skolesekken, barne- og ungdomskulturen og litteraturhusene, altså infrastrukturen i hele litteraturfeltet».
Styrkinga i biblioteka er ein ny fjellhall hos NB i Rana, og dét i ein situasjon som krev korona-omstilling.
Etter dette vil mange samanslåtte kommunar gå frå lovnader om å bevare alle biblioteka (her Stavanger).
Det kommersielle kulturlivet har fått ein del statsstøtte for å overleve, men ikkje biblioteka, for dei har jo ikkje hatt inntekter å tape under Koronaen. Heilt i starten etter lukkinga var kulturministeren raus, trudde vi, men som NBF-leiar Vidar Lund skriv på Facebook i dag var støtta til e-bøker berre ei omdisponering av NB sine prosjektmidlar (og ikkje kompenserte dei for meir enn éin månads normalt utlån heller).
Og for 2021 er desse prosjektmidlane uendra, om vi ikkje fram til budsjettvedtaket får på beina tidanes bibliotek-opprør, som i Finland på 1990-talet.
Vi må i alle fall krevje at Nasjonalbiblioteket lyttar til grasrota og bruker pengane klokast muleg utfrå at folkebiblioteka står framfor ein heilt ny type omstilling. Frå norske og internasjonale nettstader samla vi nyleg 19 korona-relaterte utfordringar dei kan tyggje litt på. Ein kan også spørje seg om NB «må ha» endå eitt fjellmagasin til 120 millionar no?
Men regjeringa Solberg er ikkje veldig fortvila over dette, for med FrP på slep har dei lenge ønska å jekke ned den offentlege velferden. Og det var faktisk inga fascistisk britisk regjering som gjennom 26% kutt til kommunane blant anna «oppnådde» at 4 av 10 stillingar for barnebibliotekarar blei vekk og opningtidene blei reduserte med 11 prosent.
Fiskeri- og sjømatminister Odd-Emil Ingebrigtsen valde altså å presentere 2021-budsjettet i Stormen bibliotek i Bodø. Elles har dette svært liten relevans til biblioteka her i landet (sjølv om det kunne ha hatt det for tretti år sidan). Men Nordland, nærmare bestemt NB si avdeling i Rana, står for det mest synlege om bibliotek i budsjettet til Kulturdepartementet. Dei får 120 millionar til endå eitt sikringsmagasin.
Elles er vi mest imponert over at regjeringa si oversikt «Statsbudsjettet fra A til Å» framleis manglar temaet «bibliotek».
Verkeleg irrgang i magasina på Deichman på Hammersborg
Kronikken i Klassekampen i går var av Chr. Anton Smedshaug, økolog og dagleg leiar av AgriAnalyse, «en faglig premissleverandør og et kompetent utredningsmiljø i spørsmål knyttet til landbruk og politikk». Her er temaet at det kunne gått endå mykje betre med norsk økonomi om omstillinga frå olja var annleis. For «omstillinga» (ja, han bruker hermeteikn) « … synes drevet av kraftforsyning, veier, anlegg og flyttinger/ombygginger av fungerende strukturer.» Der han blant anna spør seg kvifor Deichman skal flytte: «I praksis er man i ferd med å gjøre Oslo nord for Karl Johan til distrikt, til kostnader i timilliardersklassen.»
No kan det hende han ikkje vore på biblioteket på Hammersborg dei siste åra og sett kor umuleg det er å drive moderne bibliotek i dei lokala. Men han gjer det godt igjen når han kjem inn på mulegheitene vi har med oljeformuen:
Vi skreiv om det for ei veke sidan, om at kommunebudsjettet kan bli sitjande med ein kolsvart svarteper når regjeringa, med Siv Jensen i si sentrale rolle, skal sy bompengeforliket saman med statsbudsjettet for 2020. Og då kan det bli ekstra svart for biblioteket i fleire kommunar. Eigedomsskatten skal jo også ned.
Til Klassekampen i dag seier Ketil Raknes, SV-ar og tidlegare politisk rådgjevar i Kunnskapsdepartementet og statssekretær i Miljøverndepartementet, at «En ekstremt viktig driver for økte utgifter, er at Nasjonal transportplan ikke er et bindende dokument. Det kan sammenlignes med en stor samling uforpliktende politiske løfter. NTP er bare hva politikere ønsker å gjøre dersom de har ubegrenset med penger. Så er det slik at det er statsbudsjettet hvert år som er bindende. Og der må samferdsel inn og konkurrere med sykehus, skole, miljø og pensjoner.»
Vi hadde egentlig ikke tenkt å kommentere statsbudsjettet på annen måte enn med et ironisk hint om at de ferske millionene til Språkbanken måtte kunne brukes til bedre analyser av Kulturdepartementets omfattende tekstkorpus, med deres hyppige bruk av sprudlende adjektiver og eufemismer og ord av typen sikring, satsing, styrking osv.
I tillegg kunne vi påpekt, for n-te år på rad, at bibliotek og folkebibliotek glimrer med sitt fravær i skyene med søkeord til statsbudsjettet, både i Regjeringas og i Kulturdepartementets.
Men hva er vitsen? Isteden lenker vi til Bibliotekarforbundets svært grundige gjennomgang. Gratulerer!