For to år sidan var bloggaren i Chicago på den US-amerikanske bibliotekforeninga sin årskongress, og heldt blant anna dette foredraget. Men noko av det viktigaste var intervjuet med Michael Gorman med tittelen «Bibliotekets varige verdier.» I ingressen heiter det at han «er mest kjent som «faderen» til AACR2, de internasjonale katalogiseringsreglene gjennom de siste par generasjonene. Men fokuset i hans nyeste bok, Our Enduring Values Revisited (2015), er på bibliotekpolitikk og -etikk og er en vass polemikk mot nye, fancy trender på bibliotekfeltet.»
Kategori: Reprisetimen
Reprisetimen (1)
Då Frode Bakken tysdag kveld på fagforumet Biblioteknorge delte det viktige intervjuet eg gjorde med bibliotekprofessor Joacim Hansson i mai 2018, har det på under to døgn ført til 316 nye nedlastingar!
Det inspirerte til ein ny serie her på bloggen: Reprisetimen! I dag tar vi fram frå gløymsla artikkelen «Behovet for informasjon og kommunikasjon i De Alternative Faktas Tidsalder», av endå ein klok professor, R. David Lankes, som han gav oss lov å omsetje til norsk i mars 2017.