Oppløftande frå fjellheimen

Mens vi driv og terpar på at kunnskapsbiblioteket er daudt, dukkar det opp ei prosjektoppsummering frå Hemsedal, der ingen skulle tru at andre enn slalåminstruktørar og bartenderar kunne bu. Men der driv folkebiblioteket målretta sørvis til studentar. Av typen ganske fjern-, forstår vi.

Eit utval erfaringar:

  • I løpet av prosjektet har me fått styrka kompetansen vår, slik at me er betre rusta til dette arbeidet.
  • Dei fleste av studentane i Hemsedal er i jobb (ofte 100%) og svært mange av dei har i tillegg barn. Med den studentmassen me har er det difor ikkje arrangement og kurs som er det viktigaste å satse på vidare.
  • … fleire studentar som ikkje kjende kvarandre har møtst og dette har ein stor verdi.
  • Sidan midlane frå Nasjonalbiblioteket ikkje har kunna brukast til lønn, har dette ført til at arbeidet med prosjektet både har gått utover andre viktige oppgåver, samt at vi i periodar jobba alt for mykje.

Har vi høyrt det før? Vi kjenner ikkje kjønnssamansettinga til dei tilsette ved biblioteket i Hemsedal, men får assosiasjonar til … artikkelen til Halvard Vike: Kvinnelig bemanning – og dugnaden i velferdsstaten.

PS: Hugs at education is not knowledge. Dette understreka Chris Batt på Next Library-konferansen i Århus for ti år sidan. Vi dekka evenemanget for nettutgåva av NBFs Bibliotekforum, men slakta heile greia, med unntak av Batt, og får neppe innbyding når dei held ein ny New Library i år. Men dei som har lyst har lov.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere like this: