EU og opphavsretten: Nokre direktiv-smular til bibliotek og forsking?

Skjermbilde 2019-02-17 14.20.48

Kva veg bikkar det for biblioteket?

13. februar blei det i lukka møte inngått eit kompromiss mellom EU-parlamentet og Rådet om opphavsrettdirektivet. Men gjer det nokon skilnad frå det høgst tvilsame direktivforslaget vi skreiv mykje om i sommar og haust?

Ifølgje Julia Reda, leiaren av opposisjonen i parlamentet, tyder det siste vedtaket at «This law will fundamentally change the internet as we know it – if it is adopted in the upcoming final vote». Før ho legg til: «But we can still prevent that!» Og i Tyskland og andre stader er demoane alt i gang.

I ein kommentar frå IFLA alt dagen etter vedtaket seier dei at lobbyverksemda frå bibliotekhald har bore nokre frukter: Unntaket om data mining skal ha blitt romslegare og forenkla. Og det skal ha blitt større rom for å digitalisere verk for bevaring, også i nettverk på tvers av landegrenser.

Men det er også tilbakeslag ifølgje IFLA: «While Article 11 (which grants copyright in short snippets of news) explicitly does not include scientific publications, it still risks harming smaller services which provide a major contribution to media and information literacy efforts, while strengthening the hand of major players.» «Smaller services», det lét vel også som bibliotek?

Kva den europeiske bibliotekorganisasjonen EBLIDA har å seie, kjem vel snart.

Ifølgje Cory Doctorow på EFF er denne siste versjonen den dårlegaste av alle, sett frå ein brukarståstad. Rhett Jones på Gizmodo meiner vedtaket tyder omskriving av heile regelverket for Internett.

Elles har eit innlegg på bloggen til EU-kommisjonen skapt uro. Før det blei fjerna. Men som vi ser av denne kopien som blei sikra på Wayback Machine, var karakteristikkene av motstandarane ganske dryge. Blant anna meiner dei alt i overskrifta at skeptikarane eggja «the mob» til å stø Draken i kamp mot Sankt Georg.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere like this: