IFLA-versjonen av Covid-19

November-idyll. Ikkje som på IFLA-seminaret, men i indre Østfold. Klikk for større foto

Av Anders Ericson og Mikael Böök

IFLA er sjølvsagt sterkt opptatt av bibliotekas evner til å takle kriser. Men når dei drøftar slikt i 2021, må dei famne breiare enn berre covid-19 og breiare enn store, ressurssterke bibliotek i i-land.

27. oktober kom innbydinga på postlista til folkebibliotekseksjonen i IFLA til eit éin times web-seminar i dag, 10. november, med tittelen «Public Libraries Responding in Times of Crisis». I innbydinga viste dei til at «people all over the world are facing all kinds of different crisis, such as the covid-19 pandemic, forest fires, climate crisis, etc. Public libraries and their staff have to respond to these challenging times. How are they responding and what can we learn from experiences all over the world?»

Alt i opninga forsto vi at dei hadde innsnevra temaet til å omfatte berre covid-19-pandemien. Mikael Böök skriv meir nedanfor om opplevinga si som aktiv deltakar som hadde førebudd seg på ei langt breiare «kriseforståing».

Men først nokre tankar rundt seminaret slik det framstod. Eg må spørje meg kor stor verdi det har å einsidig høyre om best-practise frå to storby-bibliotek, det eine i Nord-Amerika og det andre i ein av Asias mest vestleggjorde statar. Forfattaren og bibliotekprofessoren David Lankes var med som kommentator, men dette var eit døme på at han er best i det store formatet, på trykk:

Innleiarane var biblioteksjefane i Toronto og Singapore. Først fortalde dei om tiltaka dei hadde gjennomført etter nedstengningane. Biblioteket i Toronto er kjent frå ulike tidsskrift og her på bloggen, der vi har kunna lese bl.a. om korleis dei på eit tidlig tidspunkt ringde heim til «seniorar» i byen og spurde korleis dei hadde det og kva biblioteket kunne gjere for dei. Eit flott tiltak! Dei stilte også filialar og bokbussar til rådvelde for vaksinering, og dei reiste rundt og lånte ut laptoppar til folk som ikkje lenger kunne bruke utstyr på biblioteket, og dei sørga for nett-tilgang. I tillegg gjorde dei om tolv filialar til food banks for huslause og andre, i samarbeid med frivillige organisasjoner. I Singapore gjorde dei visst litt av det same.

På éitt punkt konfronterte ordstyraren dei to biblioteksjefane med eit «vanskeleg» spørsmål, nemleg om balansen mellom å halde ope for publikum, men samtidig gje dei tilsette ein viss tryggleik på jobben. Toronto-sjefen vedgjekk at omsynet til de tilsette blei problematisk, og at utrygge arbeidsforhold skapte problem med motiveringa hos folk.

Korleis dette har vore i Noreg, har vi ikkje høyrt veldig mykje om, men vi treng ikkje gå lenger enn til Sverige for å sjå denne konflikten i full blomst.

Men elles var det første (?) IFLA-seminaret om dette emnet prega av ein idyllisk konsensus, til dømes om biblioteket som framtidas «community hub». Det var semje om at kompetansen på det digitale har auka sterkt. Lankes nemnde eit bibliotek som normalt hadde 50 tilhøyrarar på arrangement, men som no kunne ha 2000 digitalt. Og krisa har changed people’s perceptions and the importance of the public library. Pandemien betydde vidare opning for nye partnerships med private, organisasjoner og frivillige: «Vi kan no innby oss til organisasjonar vi aldri før har hatt kontakt med» (Toronto). Dette skal ha opna for veldig mykje nytt og positivt. Og biblioteket som equaliser blir eit endå sterkare honnør-ord etter dette. For ikkje å seie first responders. Og vi fekk vite at krisa betydde framgang for verdien av vitskap i konkurranse med falske fakta. Pluss the power of being local.

Sjølvsagt er det aller meste av dette berre positivt. Men vi fekk desse best-practise-dømene presentert av sjefane for to store, ressurssterke bibliotek. Derfor kan vi ikkje gå god for konklusjonane før det er blitt forska på internasjonalt og breitt, ikkje før vi har høyrt om det frå små bibliotek i utkantkommunar, og på alle kontinenta. Mange slike har heilt sikkert opplevd det heilt annleis.

A.E.

Mikael Böök:

Jag upplevde också starkt att deltagarna i paneldiskussionen noga höll sig till COVID-temat trots att man av inbjudan kunde få för sig att webinariet skulle handla om det faktum att vi alla och inte minst biblioteket står inför flera globala/internationella kriser samtidigt.

Det var för övrigt enbart panelisterna som fick använda sina mikrofoner. Men övriga deltagare hade möjlighet att lägga in frågor till panlisterna i Zooms chattspalt. Eftersom webinariet bara räckte en timme var detta antagligen också klokt. Således undrade jag i chatten om vi kan enas om att IFLA borde stöda FN-avtalet om ett kärnvapenförbud eftersom kärnvapnsystemen är ytterst ohållbara. Efter en liten stund kom följande svar från arrangören: Din fråga är “off topic” och du ska i stället skicka den direkt till IFLAs huvudkontor. Jag tackade för det snabba svaret och konstaterade att det har jag gjort redan tidigare, dock utan att någonsin få ens en bekräftelse på att min fråga kommit fram.

IFLA-webinariet slutade som vanligt i allmänt ryggdunkande och hurra vad vi är bra.

Leave a Reply

Translate »
%d bloggers like this: