Krigen om Ukraina er det mest alvorlege dei nolevande generasjonane i Noreg og Norden har vore med på, med unnatak dei rundt 80. Det same gjeld biblioteka våre. Og biblioteka må sjølvsagt vere med på å spreie mest muleg sann informasjon om kva som skjer, og ikkje vente til dei første bøkene kjem ut. Jamfør det europeiske bibliotekoppropet. Ikkje minst vil biblioteka få pågang frå flyktningar frå regionen. Pågangen på Pressreader vil auke, så annonsering av dette i lokalaviser og på nettet vil gi nye brukarar.
Falsk informasjon er tema i tv- og pressedekninga frå Ukraina, til dømes på NRK 1 i føremiddag i eit intervju med redaksjonsleiaren i NRK Utanriks. Men dette var mest allment sjølvskryt om kor mykje ressursar kanalen bruker på å verifisere, pluss nokre lite konkrete åtvaringar mot likt og ulikt i sosiale media. Men for å forstå omfanget og alvoret kan det vere lurt å følgje med på, og dele, slikt som Wikipediaartikkelen Disinformation in the 2021–2022 Russo-Ukrainian crisis. OBS: Her finn vi ikkje den vanlege lenka til «Recent changes», der vi kan følgje eventuelle diskusjonar eller «kampar» mellom bidragsytarar, då dette er eit delprosjekt under Current events.
BBC hadde i går ei sak om dei mest kjende falskneria, med illustrasjonar. Sjå også Faktisk.no sin artikkel Slik vurderer du informasjon om krigen i Ukraina.
Leave a Reply