Ifølgje eit kjent bibliotekjungelordtak skal også falske nyheiter og tabbar formidlast korrekt og, om muleg, opplysande. Derfor:
Det aktuelle dømet mitt blei utløyst av at Amanda Gorman las dikt under presidentinnsettinga til Biden i januar 2021 *1. Dette blei ei hovudsak på kultursidene i Klassekampen 25.1.: Bør diktlesing bli fast praksis på det norske Stortinget? Blant anna lyrikaren Henning Bergsvåg blei intervjua: «I den grad poesien har vært i Stortinget, har det vært til spott og spe, som da Arild Nyquists dikt ble lest med tullestemme i 1972, for å vise det uforklarlige og nytteløse ved poesien».
Særleg i høve til statsbudsjettet, meinte nokre på Løvebakken. Den nye innkjøpsordninga sikra auka inntekter til forfattarane og ny skjønnlitteratur til biblioteka, men til ein årleg kostnad på fire skattemillionar (1971). Då hadde olja i Nordsjøen berre så vidt pipla fram, og Oljefondet drygde i endå tjue år.
Men til opplesinga: Det finst faktisk ikkje spor etter at noko som helst dikt av Arild Nyquist har blitt lese opp frå Stortingets talarstol. Men diktet «Nå er det jul igjen», frå samlinga med same namn, blei referert til, og forfattaren blei grundig harselert med, særleg inspirert av VG og bokmeldar Bjørg Jønsson, som hadde fillerista han på førstesida: «Vekk med skrotet!».
Likevel fann eg at i nyare tid hadde minst tre andre røynde litteraturfolk påstått at julediktopplesinga fann stad: Jan Inge Reilstad i Morgenbladet 23.12.2005, Karin Haugen i Klassekampen 17.10.2009 og Ottar Fyllingsnes i Dag og Tid 28.05.2010. Og på ei Facebookgruppe med 39 tusen (!) følgjarar, «Poesiringen» (17.12.2019). Nærmare folkeeige kjem vi vel ikkje på skjønnlitteraturfeltet?
Men i 2021 skjedde det meir, no på debattsidene i Klassekampen: Først var det litteraturvitar Kristoffer Jul-Larsen som slog fast ikkje-opplesinga av julediktet i eit lesarinnlegg 30.1., og han hadde sikra seg solid støtte: «I «Norsk litteraturkritikks historie 1870–2010» viser Eirik Vassenden at det ikke finnes spor av noen latterliggjørende Nyquist-lesing i stortingsreferatene. Historien ser ut til å skrive seg fra Einar Øklands etterord til «Nå er det jul igjen! og andre dikt» fra 1972. Der skriver Økland: «Vi kan tenkje oss ein stortingsmann sitere ‘Nå er det jul igjen’ i Stortinget og deretter spørje KUD-ministeren kva som blir gjort for å hindre at slikt gjentar seg»». Altså: «Dessverre er denne gode historien ikke sann».
Faktiske opplesingar
Likevel var ikkje gravearbeidet fullført enno: I eit lesarinnlegg 13. februar stadfesta også lyrikar Thor Sørheim fråveret av opplesing, men lista samtidig opp …
…fire andre faktisk parlamentarisk opplesne – og uthengde – og etter kvart velkjende, lyrikarar.
I ei e-postveksling med meg kjem Sørheim med endå éin lyrikar, og han utdjupar: «Diktet til Stig Holmås handlet om en som gikk rundt i byen og skjøt folk. I dag kan vi si at det er et dikt om f.eks. skolemassakrer, og et varsel om det som skulle komme. Jorunn Aanderaas bok «Hansen på jorden» var en eksperimentell samling som mange av oss unge på den tida leste med glede. Jan Erik Vold, Helge Rykkja og Jorunn Aandraa representerte det nyenkle, inspirert av beatpoesien og konkretismen. Stig Holmås og Gert Nygårdshaug var revolusjonære politisk sett, og det falt også mange tungt for brystet. Kravet om ytringsfrihet sto ikke høyt i kurs den gangen på Stortinget» *2.
Eg fekk lyst til å grave endå meir i dette, men tenkte det kunne liggje til jul. Men høgtida kom som på kjerringa, både ein og to gongar, og først nyleg blei eg minna på dette då myten dukka opp igjen, og no på bokbransjens eigen nettstad Bok365.no. Anders Neraal siterer og går god for Arild Linneberg sin påstand: «Fra Stortingets talerstol blei diktet lest opp og sabla ned: ikke statsstøtte til slikt!».
Sørheim hadde ikkje detaljane om kven som las opp dei ulike lausrivne dikt-utdraga. Men med utgangspunkt i forfattarnamna han oppgav (stortingsrepresentantane oppga sjeldan forfattarnamna; dei tenkte vel desse hadde ekskludert seg sjølve for all framtid), tok eg ein runde på nb.no med Stortingsforhandlingene:
I denne kronologiske lista fører lenka på politikarnamnet til sida i den konkrete stortingsdebatten, mens lenka med namnet på diktsamlinga går til det aktuelle diktet, også dette på nb.no:
- Jorunn Aanderaa: «Hansen på jorden», 1966 / Erling Engan, Sp, 6.12.1966
- Gert Nygårdshaug: «Impulser», 1966 / Jon Leirfall, Sp, 6.12.1966
- Jan Erik Vold : «Hekt», 1966 / Jon Leirfall, 4.2.1969
- Helge Rykkja: To dikt frå: «Poesi», 1968 / Jon Leirfall, 4.2.1969
- Stig Holmås: To dikt frå: «Vi er mange», 1970. / Kjeld Langeland, H, 1.12.1970) (Les meir i Arngeir Berg: «Skrive og kjempe».)
Senterparti-rindalismen
Alfred Fidjestøl si bok «Eit eige rom : Norsk kulturråd 1965 – 2015» er ei svært god kjelde til alt dette. Han tar i bruk eit uttrykk, «senterparti-rindalismen», om Leirfall, Engan & co. sine utspel mot lyrikken. Det har ikkje noko med Rindal i tidlegare Sør-Trøndelag å gjere; Leirfall var frå Stjørdal i det dåverande nordfylket, og Engan var frå Nordland. Men det har med Peter Rindal å gjere, ein dansk folketingspolitikar for Fræmskridtspartiet. Ifølgje dansk Wikipedia blei han «landskendt for sin kamp mod statsstøtte til kunstnere, ofte benævnt rindalisme«. Rindal sette spor også i den norske kulturdebatten.
Fidjestøl skriv at rindalistane var «moderne politikarar i den forstand at dei instinktivt forstod at ein frå Stortingets talerstol primært talte til opinionen, ikkje til kollegaene i salen». Han minnar også om at «Leirfall lånte mykje av retorikken frå Øverland og tungetaledebatten», anti-modernisme-utspelet hans frå 1953.
Og han oppsummerer: «Det meste av taletida i Stortinget blei brukt til populistisk kritikk av den moderne kunsten. Aksepten for at Stortinget gjennom opprettinga av Kulturrådet hadde gjeve frå seg retten til å meine noko om innhaldet i samtidslitteraturen, var ikkje etablert. Framleis kunne einskildpolitikarar sjølvsikkert gjere seg til litteraturkritikarar frå Stortingets talarstol, i tråd med den over 100 år lange tradisjonen i denne salen. Og folk lo ikkje av denne 70 år gamle stortingsbonden som trudde han kunne meine noko om den modernistiske kunsten. Dei lo med han. Det var eit historisk vendepunkt, stemninga hadde snudd. Det kulturelle hegemoniet forfattarane hadde hatt fem år tidlegare, då dei offentleg kunne refse dei dumme vekebladkjøparane, var gått tapt».
Fidjestøl har også med den utrulege historia om tv-duellen mellom VG-Jønsson og Ebba Haslund, dåverande formann i Forfattarforeininga. Som førstnemnde på sett og vis vann. Men nyt heile denne boka! (Orsak, Fidjestøl og Samlaget, eg fekk ikkje meldt boka på bloggen då ho kom, så eg tar det igjen her).
Men Alfred Fidjestøl manglar nokre av dei uthengde lyrikarane og opplesarane deira, og han er ikkje opptatt av tusenkronarsspørsmålet: Blei eller blei ikkje «Nå er det jul igjen» lese opp på Stortinget?
Leirfall høgt på banen
Litt meir frå Stortinget på denne tida: Leirfall må ha lagt mykje arbeid og prestisje i dette. Mykje av pressa hadde blitt anti-lyrisk, men Leirfall meinte også å ha til dømes litteraturprofessor Willy Dahl på si side. I eit parodisk diktsamling-stunt, («Melkior Pedersen»), som faktisk også blei innkjøpt, hadde Dahl utfordra både lyrikarane, forlaga og Kulturrådet. Men i eit intervju i «Aktuell», som er det Leirfall truleg viser til, etterlyser Dahl først og fremst ei betre løysing enn automatisk innkjøp. Og det er lyrikken frå typisk kristne forlag han kallar «det rene søppel» (PS: sjå også Dahls stort sett svært positive omtale i Arbeiderbladet av Nyquists «julebok»).

Med utgangspunkt i forordet til den viktige antologien «Gruppe 68», kunne Leirfall takknemleg harselere med formuleringa «datamaskinteknikk med permutasjoner av gitte variabler» (dette var femti år før ChatGTP!). Forordet var signert Jan Erik Vold, Dag Solstad og Georg Johannesen. Formuleringa, som vel handlar om noko samtidig poetisk metodikk, høyrast mest ut som Johannesen, men han vil dessverre ikkje kunne forklare det lenger.
Ein annan støttespelar var ifølgje Leirfall bibliotekdirektør Anders Andreassen. Han og mange i bibliotekmiljøet meinte at både fysisk plass og litterær kvalitet var utfordringar. Mally Skanche, biblioteksjef i Trondheim og høgrekvinne på Løvebakken frå 1961 til -65, var for ordninga, men meinte kvart bibliotek måtte få avgjere kva dei ville ta imot *3. Slik blei det ikkje, men det var med støtte frå bibliotekarstanden at «nullinga» etter kvart blei innført. Femtiårshistoria om Statens bibliotektilsyn, «Bok over land», har eit godt kapittel om utfordringane rundt den tidlege innkjøpsordninga.
«Private litteraturmeldingar»
Men ikkje alle heiv seg på svertekampanjen på Tinget mot den nye lyrikken. Venstremannen Olaf Kortner forsøkte verkeleg å parkere Leirfall under debatten i 1969. Til dømes: «Hr. Leirfall mener også at man skal gå ut over den rent kunstneriske vurdering og legge andre kriterer til grunn for vurderingen — noe jeg ennå ikke har hørt noe annet menneske i dette land mene». Her handla det – blant anna – om Noel Cobb som leirfallistane meinte ikkje burde blitt innkjøpt, då han hadde eksperimentert med hasj, og var utvist.
Einar Førde (Ap), seinare kulturminister, bør siterast frå debatten i 1972: «Så vidt eg kan sjå, har hr. Aano og hr. Langeland ikkje utvikla seg det grann som litteraturmeldarar i alle åra eg har høyrt dei gjenta dette temaet her i Stortinget. Nå presiserer dei at kritikken ikkje har adresse til innkjøpsordninga — innkjøpsordninga er bra, og den vil ein på ingen måte ramme. Men kvifor kjem ein då med kritikk? At desse representantane meiner at einskilde lyrikksamlingar som kjem ut, er delvis vrøvl, uinteressante og ikkje burde ha kome ut, kan sjølvsagt ha interesse i engare krinsar. Men eg synest ikkje at desse private litteraturmeldingane fortener den tida som Stortinget etter kvart har tatt til å bruke på akkurat den saka».
Sjå også redaktør Jostein Nyhamar sin leiarartikkel i vekebladet «Aktuell» om Bjørg Jønsson og Nyquist, der han spår at «før eller senere kommer det nok fra Stortinget – også denne gang». Datert fire dagar etter debatten på Stortinget. Men alt tok lenger tid den gongen.
Kven vann?
Den mest omfattande debatten om Kulturfondet sine årsmeldingar var i 1972 (15 tette sider, men då også om annan kultur): Her er det altså inga opplesing, men to referansar til julediktet. Først av høgremannen Lars Roar Langslet (seinare kulturminister bl.a.), utan at han var spesielt krass: «Jeg skal for min del ikke bringe noe sitat, seiv om den berømte verselinje «nå er det jul igjen» jo kunne ha stemningsfull aktualitet nu da jule trærne allerede er reist ute i «vandrehallen»». Men seinare i ordskiftet er det skarpare lut frå Krf-aren Jacob Aano. Han var ein av dei største lyrikk-skeptikarane, også i 1974. I denne debatten kom Harald Slettebø (ALP, Anders Langes Parti, forgjengaren til Frp) med forslaget om å leggje ned innkjøpsordninga.
Krf-aren Kjell Magne Bondevik (seinare statsminister) var ikkje einig, men: «I den melding vi i dag behandler, ser vi jo også til vår ergrelse at boken «Nå er det jul igjen! og andre dikt» er med på listen over dem som har nytt godt av offentlig støtte. Da er det sjølsagt lettvint å rette kritikk. Men det er for lettvint å gå så langt som ut fra slike eksempler å kreve hele ordningen fjernet».
Når alt dette er sagt: Med unntak av Leirfall og nokre til, var nok dei fleste, medrekna dei som ikkje tok ordet, mest opptatte av pengane, av dei sterkt pressa statsbudsjetta.
Fidjestøl går langt i å karakterisere prosessen som eit nederlag for kulturfeltet: «Debatten blei eit historisk vendepunkt: Forståinga av Kulturrådets autonome rolle etablerte seg, grunnane til at nokre avgjerder var flytta ut frå stortingssalen til eit eige rom utanfor politikken, blei tydelegare. Paradoksalt nok var det den utvatna populismen, leirfallismen på tomgang, som framprovoserte erkjenninga».
Tjue år seinare

I Nationen i 1992 meinte kulturjournalisten Idalou Larsen derimot at «debatten tapte de folkevalgte». Det var i omtalen av ei ny bok av Nyquist, «Nå er det jul igjen – tyve år etter». I tillegg til dikta frå 1972 inneheld denne eit utval av innlegga i det som har blitt ståande som «Søppelfeiden», ein Nyquist-bibliografi og eit lett melankolsk etterord av forfattaren, skrive frå Stamsund i Lofoten, der han budde i fleire år. Han avsluttar slik:
«Så begynner det å snø der ute. Himmelen åpner for sine stillferdige gaver og pudrer jorden hvit. Det har den gjort for meg i 55 år nå. Jeg ser at kalenderen er i ferd med å snu et nytt blad på denne forunderlige reisen. Året er 1992. Og jeg tenker stillferdig, tyve år etter: «Nå er det jul igjen!»»
– – –
Eg oppdaga at også Georg Arnestad, i Bok og Bibliotek i 2014, hadde grave fram at diktet så langt ikkje var blitt lese opp i det nemnde møtelokalet i Karl Johans gate 22. Men han oppsummerer: «Kanskje skjedde det i vandresalen? Uansett. Noka positiv oppleving var ikkje dette for diktar Arild».
* 1 Den US-amerikanske «hoffpoeten» Amanda Gorman si diktlesing under presidentinnsettinga, og seinare også i ein pause på Superbowl, førte til åtte – 8 – positivt vinkla lyrikkrelaterte oppslag i VG!
* 2 Dette utdjupar Sørheim i boka «Stuntpoetenes historie», Flamme forlag, 2016. Der går det også fram at desse stortingsdebattane og medieoppslaga om «søppel-lyrikken» på slutten av 1960- og starten på -70-talet, var noko av grunnlaget for danninga av Stuntpoetene og aksjonane deira ti år seinare, der dei blant anna stal bokstav etter bokstav frå namnet til kulturminister Langslet («Angst» var det som blei igjen) for å få han til lese dikt høgt i Stortinget, og tok beslag i bøker på Notodden bibliotek.
*3 Nokre stader løyste dette seg på anna vis. I 1977, fram til underteikna overtok som (første høgskoleutdanna) biblioteksjef i Vestby kommune i Akershus (nygamalt fylke frå nyttår!), måtte styraren av bibliotekfilialen i Hvitsten rutinemessig levere frå seg kartongane med nye kulturfondbøker til leiaren av det lokale menighetsrådet. Så las ho gjennom alle bøkene og returnerte berre dei som ikkje inneheldt bannord og det minste ymt om kjønnsliv. Men ordninga fortsette ikkje under etterfølgjaren hennar i dette vervet. Filialstyraren fortalde meg dette uoppfordra. Då han var filialstyrar måtte han berre akseptere dette som ei hevdvunnen ordning.
Fidjestøl skriv i Kulturrådhistoria si at Jakob Aano i spørjetimen på Stortinget lurte på «… kvifor dei innkjøpte bøkene hadde påklistra dette emblemet der det stod at dei var kjøpte inn av Norsk kulturfond. Når dei ikkje var kjøpte inn på bakgrunn av ei kvalitetsvurdering, kunne dette verke misvisande, meinte Aano. … etter konferanse med Statens bibliotektilsyn vedtok ein å fjerne emblemet frå omslaget [merket til venstre, min merknad] og i staden ha eit klistremerke på innsida av bøkene [merket til høgre] der det stod: «Denne bok er innkjøpt for Norsk kulturfonds midler, som et ledd i støtteordningen for ny norsk skjønnlitteratur.» Ordninga hadde så dårleg omdømme at denne eigenreklamen for Kulturfondet på framsida hadde skadd utlånet».





En kommentar om “«Nå er det jul igjen» – glimt frå innkjøpsordningas parlamentariske pubertet”