Archive for ‘Innkjøpsordninga’

februar 26, 2020

Kulturfonna går?

Fonna som gjekk i Lom her om dagen. Tvitra av biblioteksjef Rita, ein av landets beste litteraturformidlarar

I Klassekampen i dag er overskrifta til hovudsaka på kultur: «Skal bremse bokskred». For intervjuobjekt Anne Oterholm, leiar av fagleg utval for litteratur i Kulturrådet, er Kulturrådets økonomi det store problemet: «Det finnes ingen maksgrense for hvor mange bøker som kjøpes inn årlig, og dermed kan utgiftene bli høye når antallet påmeldte bøker stiger, slik som har vært tilfelle de siste årene. I september i fjor meldte Klassekampen at Kulturrådet «drukner i påmeldinger». Mens det i 2016 var 274 påmeldte bøker, kom det 346 påmeldinger i 2019».

Kulturrådet innfører no fire endringar som dei håper vil hjelpe.

Men fleire får problem. For dei fleste lesarane av denne bloggen er det ikkje noko nytt at auken i nye bøker frå «Fondet» ikkje er heilt problemfri for biblioteka heller. Bibliotekarar eg snakkar med er ofte i tvil om …

read more »
januar 31, 2020

Innkjøpsordningar utan orden

«Innkjøpsordningen er vanskelig å forutsi». Ifølge forlagssjef Myriam H. Bjerkli på BOK365 onsdag. Samtidig som ho foreslår å gjere vurderinga av påmeldte bøker anonym. Dei skriv mykje om nulling for tida, både der og i Klassekampen blant anna.

Men til ei anna side ved innkjøpsordninga: Eg høyrde her om dagen at særleg sakprosabøkene tar så j… lang tid fram til biblioteka. Rekorden hos dei eg snakka med er ni – 9 – månader. Nokon høgare? 😦 Bruk kommentarfeltet.

Kunnskapsbiblioteket blir jo ein vits mange stader, der dei ikkje har råd til å kjøpe inn mens dei venter. Og dei som kjøper inn sit brått med for mange eksemplar. Dette har sikkert nokon prøvd å gjere noko med, men …

No ser vi tydeleg innkjøpsordningane sine sovepute-eigenskapar. Dei lokale mediebudsjetta er gradvis over mange år justert ned som resultat av innkjøpsordningane. Dette må vi rekne på og diskutere meir.

desember 18, 2019

Tvilsam tittel i Klassekampen

Skjermbilde 2019-12-18 10.52.10

>> Debatt i gang. Sjå kommentarfeltet lengst nede.

Hovudsaka på Klassekampen sine kultursider i dag har ein tittel som kan få både bibliotekar- og bibliotekbrukarhjarte til å slå eit ekstra slag eller sju: Betaler for hylleplass, får vi vite, og med eit foto frå ein typisk biblioteksituasjon. Vi veit jo korleis forlag kjøper seg plass hos visse bokhandelkjeder, men no også i biblioteka?!

I ingressen får vi vite litt meir, men med ei solid overdriving i starten: «Norske biblioteker fylles opp med bøker som blir avslått av Kultur­rådet. Selv om avslagene svir, sier flere småforlag at det viktigste er å få bøkene spredt».

Det handlar altså om ordninga som gjer at også nulla bøker blir sende til biblioteka, men på forlaget si rekning, ikkje Kulturrådets. Denne er det spesielt «hobbyforlag» som gamblar med, skriv Klassekampen.

Heilt på slutten har dei intervjua fylkesbiblioteksjef Ruth Ørnholt, som ikkje trur « … det er en særlig god idé å se på hylleplass som markedsføring. Hun viser til at bibliotekene kan kaste de «nullede» bøkene når som helst, mens de innkjøpte bøkene må beholdes i fem år. … Det er trangt nok fra før av, og alle bibliotekarer ønsker jo kvalitet i hyllene, legger hun til.»

 

august 26, 2019

Tidsskriftrealitetane frå og med september

Narvesen Moss aug19 AI bakgrunnen for debattane om kulturtidsskrifta i Klassekampen og så i NRKs Dagsnytt18 fredag (oppsummert her på bloggen) ligg også at den svenske distributøren Tidsam har sagt opp avtalen om rundt tretti norske tidsskrift av denne typen. Så frå september vil dei ikke lenger finnast hos Narvesen.

Vi tok i går nokre foto på Narvesen på jernbanestasjonen i Moss som viser følgjene av dette.

Fotoet ovanfor er eit lite utsnitt av ein av veggane med tidsskrift som framleis vil vere tilgjengeleg i småbyen (trass i auke til over 50 tusen innbyggjarar etter samanslåinga med Rygge på nyåret).

Og her er fleire døme:

read more »

august 22, 2019

Har ikkje biblioteka råd til norske tidsskrift?

Skjermbilde 2019-08-22 22.52.51

>> Saka kom på Dagsnytt18 23. aug., med viktig fråsegn av NBF-leiaren.

Både i går og i dag handlar hovudoppslaga på Klassekampen sine kultursider om ulike problem for dei norske kulturtidsskrifta. I dag, torsdag 22. august, ser dei på følgjene for folkebiblioteka, og dei intervjuar NBF-leiar Mariann Schjeide.

Svaret hennar kan vi kort, men litt polemisk, oppsummere slik: Innkjøpsordninga må biblioteka få behalde, for dei har ikkje råd til å bruke meir på tidsskrift, fordi det er så vanskeleg å måle bruken av dei, og ikkje blir dei mykje brukte heller. Følgjeleg: Vi må prioritere det som synest på statistikken.

Det siste er det ikkje ho som seier, men det er vår svært nærliggjande konklusjon.

Men kan kunnskapsinstitusjonen det norske folkebiblioteket sjå seg sjølv i augo om dei lèt framtida bli slik?

I dagens avis får vi vite kva som kjem i staden for innkjøpsordninga, nemleg at «tidsskriftene kan søke om subsidiering av abonnementer til offentlige institusjoner. Kulturrådet tilbyr seg å subsidiere abonnementene med 75 prosent av ordinær pris.»

Dette er sjølvsagt ein nedtur for biblioteka. Og NBF-leiaren seier det er …

read more »

juli 27, 2019

Meir litteraturpolitikk

Mens professorane Slaatta og Rønning har skrive bok om litteraturpolitikk der biblioteka framstår nærmast uinteressante, seier forlagssjef Gerd Johnsen i Res Publica dette til Bok365 på spørsmålet «Hvis du fikk være kulturminister for en høst – hva er det første du ville gjort?»:

– Som kulturminister ville jeg økt bevilgningene til innkjøpsordningen for ny norsk sakprosa – det skrives så mange gode bøker i Norge som fortjener å bli kjøpt inn til bibliotekene og få lesere landet rundt!

april 23, 2019

Stopp for tidsskrift hos Narvesen – og biblioteka

avisk10sk

Står no i Reitangruppens HQ i Oslo. Kjelde: Moss Avis 17.10,.81

Stort sett berre Dagsavisen og initiativtakaren, Kulturrådet, har skrive om dette. Dagsavisen har blant anna intervjua generalsekretær Bente Riise i Norsk Tidsskriftforening og Fritt Ord-sjef Knut Olav Åmås om den nye støtteordninga for «tidsskrift og kritikk». Det viser seg å vere to problem her; at innkjøpsordninga, som følgje av den nye ordninga, fell bort, noko som rammar biblioteka som ikkje lenger vil få eit trettital kulturtidsskrift gratis, og samtidig at den svenske distributøren Tidsam seier opp avtalen med norske tidsskrift.

I eit år no har det vore diverse kromspring som vi har forsøkt å dekkje her på bloggen. Vi skal forsøke i framtida også.

februar 25, 2019

Radikal innkjøpsvri

Også i Klassekampen i dag: «Boldbooks-gründer Kristin Over-Rein [sendte] Kulturdepartementet et nytt forslag til innkjøpsordning for ny norsk skjønnlitteratur. … I forslaget blir det blant annet foreslått at bøker skal meldes på anonymt og at bibliotekene selv skal få bestemme hvilke bøker de vil kjøpe inn.»