Bibliotek og opphavsrett – lys i tunnelen?

Utan verken første- eller n’tehands kunnskap om US-amerikansk styringsverk og juridiske prosessar, tar eg sjansen på å dele dette frå Stillehavskysten: San Francisco Board of Supervisors, som ser ut til å ha mykje makt i denne byen, har einstemmig gått inn for eit lovforslag som vil gjere verksemda til Internet Archive lovleg. Pluss tilsvarande som andre bibliotek står for. Internet Archive skreiv sjølv om dette i april.

Internet Archive inneheld blant anna Wayback Machine med arkiverte kopiar av utruleg mange nettstader frå 1996 og frametter, arkiverte lydband, dataprogram og filmar osv., som anten er opphavsrettsleg beskytta eller har ein Creative Commons-lisens. Dei samlar også digitaliserte bøker frå ei rekke bibliotek verda rundt. Men bokbransjegigiantane i USA ønskjer å knekke IA gjennom ei omfattande rettssak der dei påstår at tenesta er rein piratverksemd.

Men lovforslaget var i alle fall ikkje skrota enno i oktober, for då blei politikaren som gikk i spissen for forslaget, utnemnd til IA-helt for 2023.

På bloggen har vi skrive mykje om IA gjennom fleire år. Og bruker Wayback Machine titt og ofte. Til dømes 5. desember då eg skreiv om skillingsvise-tenesta til Gunnerusbiblioteket i Trondheim. På WM fann eg at tenesta i alle fall hadde vore på nett sidan 27. januar i år. Då var nettstaden lasta ned første gong.

2 kommentarer om “Bibliotek og opphavsrett – lys i tunnelen?

Leave a Reply