Google og KI – ufrivillig komisk/tragisk

Gizmodo tar 24. mai kritisk føre seg Google sine «AI overviews», det vil seie samandraga som søkemotoren den seinare tida har presentert på toppen av trefflistene. Artikkelforfattaren meiner Google «hallusinerer» i fleire av desse tekstane, som at, jau, ein kan koke spaghetti i bensin og at Barack Obama var muslim: «Hallusinering gir grunn til uro, men det er ikkje heilt overraskande. Som vi har sett før med KI chatbots, ser denne teknologien ut til å forveksle satire med journalistikk … Problemet er at denne AI-en tilbyr eit autoritativt svar til millionar av menneske som dagleg bruker Google for å søkje kunnskap».

Det heiter vidare: «Det som har skjedd, er at Google har følt seg pressa til å haste frå ord til handling ved å leggje KI-satsinga si til søkemotoren. Folk vel i aukande grad ChatGPT, Perplexity eller andre KI-tenester som den viktigaste metoden for å finne informasjon på nettet, og Google ser på dette kappløpet som eksistensielt, men dei har kanskje sett søkeopplevinga i fare ved å prøve å ta igjen forspranget» (mi omsetting).

Nettstaden legg fram 11 slides med døme på slike «hallusinerande» samandrag. Her er eitt, men spørsmålet var kanskje ikkje så seriøst:  How do cats teleport?

Leave a Reply