Ukrainalitteraturen på under to timar

Frå venstre: Marina Hobbel, Dina Roll Hansen og Tora Vassnes. Bak: Neste nummer av «Mellom» med temaet ukrainsk litteratur.

Rygge bibliotek, eit mossebibliotek dei siste tre åra, har ei venneforeining med gode tradisjonar. Torsdag denne veka gjorde dei eit løft ved å innby til møte om ukrainsk litteratur med tre av dei viktigaste norske autoritetane på feltet.

Etter flott ukrainsk sang og gitarspel ved Anna og Viktor Dremhiula, opna omsettaren Marina Hobbel med å ta utgangspunkt i den omskiftelege ukrainske historia frå mellomalderen til i dag og presenterte dei viktigaste forfattararane undervegs. Snart kjem ho med Oksana Zabuzjko sin store roman «Museet for etterlatte hemmeligheter», ein gjennomgang i romanform av den same, lange historia. Dina Roll Hansen er omsettar frå russisk, noko som er viktig for å kunne formidle ein annan svært viktig ukrainsk forfattar i våre dagar, Andrej Kurkov. For han skriv på russisk, som framleis er førstespråket for mange (han skriv også jamleg for Dag og Tid). Tora Vassnes avslutta kvelden med ein presentasjon av det komande nummeret av tidsskriftet Mellom, tidsskrift for omsett litteratur. Der ho sit i redaksjonen. Neste nummer er ein antologi med omsettingar av ein rad ukrainske forfattarar. Tinge bladet kan du gjere her.

Mette Lindelin Bernhardsen er styreleiar i venneforeininga til det flotte, berre sju år gamle biblioteket i Rygge ungdomsskole på Breisand. Styret stod aleine for både ideen til og gjennomføringa av møtet. Ho vedgår at det ikkje var heilt enkelt å få sett saman programmet, men etter 15-20 telefonar i aust og vest var ho til slutt trygg på at det blei bra. Og ho kan gjerne formidle kontakt til dei tre om andre venneforeingar eller bibliotek er interesserte. Sjå e-postadressa hennar her. Dei tre verkar alt godt samkøyrde og er ikkje framande for å stille opp fleire stader.

Leave a Reply