Denne fekk i 2018 prisen «Norges vakreste bok», så få fekk med seg at ho skildrar kor dårlege mange små bibliotek er.Klikk og kikk.
Eit ofte tilbakevendande tema i bibliotekfaglege og -politiske debattar og dokument er dei store skilnadane på bibliotektilbodet i små og store kommunar. Blant anna i Elin Golten si avhandling om problema med «debattbiblioteket» kjem dette tydeleg i dagen. Og med utgangspunkt i bibliotekstatistikken har vi skrive om følgjene av at majoriteten av kommunane har berre to årsverk eller mindre og at 89 (2019) hadde berre null komma noko årsverk å rutte med. – Kan det bli bibliotek av slikt?
Her om dagen kom NOU 2023: 9 med tittelen «Generalistkommunesystemet— Likt ansvar – ulike forutsetninger». Biblioteket er nemnt nokre gongar. Blant anna kan vi lese om ei spørjeundersøking som viser at «Når det gjelder fastlege, legevakt, brannvesen og folkebibliotek er innbyggerne mer fornøyde jo større kommunen er». Og mellom desse fire er skilnadane størst når det gjeld bibliotek; frå at ca. 58 prosent er nøgde i kommunar under 5000 innbyggjarar til 73 prosent i dei med 110 000 eller fleire.
NOU-utvalet skulle vurdere alternativ til generalistkommunestystemet for å utjamne slike skilnadar. Men dei konkluderer med at «generalistkommuneprinsippet videreføres. Utvalget vil derfor ikke anbefale oppgavedifferensiering… » og heller «ikke å flytte oppgaveansvar bort fra alle kommuner over til fylkeskommunene eller staten».
Men om tiltaka er det ulike meiningar i utvalet. Fleirtalet går inn for større kommunar for «å løse utfordringene med mangel på kapasitet og kompetanse». Dette fleirtalet vil «oppmuntre og legge til rette for lokale sammenslåinger, og bidra til en framtidsrettet kommunestruktur». Utvalet meiner samtidig at «det bør føres en aktiv politikk for interkommunalt samarbeid», blant anna «mer veiledning» og meir «interkommunalt samarbeid i faste konstellasjoner». Og det heiter at «mange kommuner særlig bør samarbeide mer på planområdet, for eksempel gjennom etablering av interkommunale plankontor».
Her, sør for Ågotnes i Øygarden, er Canada neste. Ingen land eller øyer i vegen
I verdas (?) lengste og smalaste kommune, den nye storkommunen Øygarden i Vestland, er det no eit folkeopprør på gang til forsvar for det lokale biblioteket i tidlegare Sund kommune. Det handlar i stor grad om at politikarane har gått inn på «innbyggjartorgmodellen», der kvart lokalt bibliotek også er blitt innbyggjartorg. På Facebookgruppa Fullverdig bibliotek tilbake til Sund senter! (per i dag 449 medlemmar) kan vi lese at dette har gått sterkt ut over bibliotektilbodet.
I kommunereforma i 2020 blei tre kommunar slåtte saman; Øygarden, Fjell og Sund. I 2016 gjorde underteikna, for prosjektet «Nye kommuner – nye bibliotek?», ein reportasje frå eit debattmøte i Bergen om samanslåinga og framtida til biblioteka. Då var alle politikarane svært opptatte av å sikre biblioteka i kvar av dei dåverande kommunane. Men mange meiner no at dette ikkje har gått bra. Det er store avstandar og dårlege vegar i denne kommunen, så det relativt bra hovudbiblioteket på Sartor senter (i tidlegare Fjell), er ikkje til mykje hjelp for folk i nord og sør.
Også i lokalavisa Vestnytt er det kome mange skarpe innlegg og oppslag om denne saka (bytt filteret frå Relevans til Dato). Blant anna seier biblioteksjefen 9.2. til avisa: «Vi har mista over halvparten av stillingane. Før hadde vi tilsaman 11 årsverk ved dei tre biblioteka. Akkurat no har vi fem årsverk. Per no har kommunen lyst ut eit par midlertidige stillingar i 20 og 40 prosent … Nedtrappinga i nord og sør har ikkje gjeve auka aktivitet ved biblioteket på Straume. Vi har stengt biblioteket på Straume kvar onsdag, grunna bemanningssituasjonen».
Før kommunereformen var det ikkje mange som trudde at biblioteka ville bety nedlegging av tidlegare hovudbibliotek, men vi ser no at «løysinga» med innbyggjartorg er metoden nokre nye kommuneleiingar bruker for å oppretthalde biblioteka – på eit vis. Dette blir langt på veg stadfesta i ein reportasje i Bok og bibliotek frå Indre Østfold, der ein av biblioteksjefane/«enhetslederne» seier: «Antakeligvis hadde vi ikke fått beholde alle fem bibliotek dersom bibliotekene skulle stått «alene» i ny kommune».
Bak betalingsmuren kan vi blant anna lese at «Det gjer kommunen fordi kommunedirektøren meiner dei tilsette treng meir tid til arbeid med vurdering og reorganisering av tenestene».
Vi skreiv her om dagen om fenomenet nytale og får her litt av den same kjensla, særleg når vi veit ein del om kor dårlegøkonomi den nye storkommunen har slite med heilt sidan samanslåinga av Øygarden, Fjell og Sund kommunar.
Reorganisering av tenestene handlar vel her om at Øygarden er ein av fleire kommunar som i det siste har fusjonert biblioteka med innbyggjartorg/sørvistorg. Men, seier fungerande leiar for serviceavdelinga, Grethe Bergsvik:
«– Innbyggartorga har vore lite brukt. Difor går me ut og undersøkjer kva folk treng hjelp med og korleis dei vil ha den hjelpa. Mange ønskjer å greia seg sjølve med digitale løysingar, men det vil alltid vera nokre som ønskjer fysisk hjelp». Vidare heiter det:
«Innbyggartorga har politisk vore høgt profilerte, som garantistar for at den nye kommunen er fysisk tilgjengeleg for innbyggarane, også sør og nord i dagens Øygarden».
23. september blogga vi på grunnlag av eit oppslag i Klassekampen om faren for nedlegging av tidlegare hovudbibliotek i den nye storkommunen Stavanger. 9. oktober i same avis kallar biblioteksjefen i Stavanger, Anne Torill Stensberg, dette for «Skivebom». Ho forsikrar at «Det foregår ingen slåsskamp på Rennesøy. Biblioteket er ikke truet».
Ho argumenterer blant anna med at:
«Det styrende flertall i Stavanger har skrevet at bibliotekstrukturen i kommunen skal bestå
I avtalen mellom de tre kommunene står det at bibliotekene skal bestå».
Slike vedtak blei sjølvsagt gjorde i alle dei nye storkommunane, men vil dei halde når salderinga skal gjerast i desember? Eller neste desember? Bra at blant anna Norsk Bibliotekforening følgjer med på dette.
Frå Finnøy til Sølvberget i Stavanger er det 42 km med bil. @Kartverket
Framtida til dei små biblioteka har for tida ein viss appell i media. Måndag hadde Maria Almli, biblioteksjef i Steigen, eit forslag i Nationen: «Norge trenger en nærbibliotekreform», og i dag handlar hovudoppslaget på Klassekampens kultursider om den foreslåtte nedlegginga av to tidlegare hovudbibliotek i kommunar som ved nyttår blei samanslåtte med Stavanger.
«– Vi ble lovet at bibliotekene på Rennesøy og Finnøy skulle fredes, men slik ble det ikke. Ved første budsjett kom det forslag om å kutte en halv stilling og flytte biblioteket ut av Vikevåg sentrum – og til det gamle kommunehuset, som er vedtatt revet», seier Bjørg Kristin Helleland Bø, som «gikk … fra å være biblioteksjef på Rennesøy til å bli en rådgiver/koordinator for Sølvberget bibliotek i Stavanger».
Avisa intervjuar også NBF-leiar Vidar Lund og Svein Arne Tinnesand, avdelingsdirektør ved Nasjonalbiblioteket. Begge er merksame på problemet, men håpar dette ikkje blir ein trend, i alle fall ikkje som i Danmark, der kommunereformen i 2007 førte til nedlegging av 131 bibliotek, rett nok mange av dei «små og mindre bærekraftige filialer».
Tradisjonsrikt bibliotek. Låneprotokoll frå Eiker 1806-37. Klikk for meir
Aldri før har politikarar av alle fargar gjeve så mange lovnader om å ikkje leggje ned bibliotek som i kommunereformdebattane dei siste åra. Pessimistar har spådd at tidlegare hovudbibliotek kan ryke i budsjettdebattane i storkommunane, men tidlegast i 2021 (valflesk held seg ikkje kor lenge som helst, men det gjer heller ikkje det kollektive minnet, satsar fleskeprodusentane på).
Men Folkestyre-lista – ei «bompenge-liste» i Nedre Eiker kommune (som blir del av Drammen til nyttår) – vil ifølgje Drammens Tidende alt i den pågåande valkampen «kjempe for at helsestasjon, bibliotek og andre institusjoner skal bli værende i Nedre Eiker.» Er det røyk utan eld, eller?
På bloggen vil vi følgje med på utviklinga der og i andre nye kommunar. Tips oss gjerne på frilanders [at] gmail.com.
Fra Jenny Jordahls tegneserie Ski-Fi. Klikk og kikk
Snart er det bare ett år til de nye kommunene er en realitet. Det er ingen vei tilbake, men mye gjenstår av forberedelser de fleste steder. Ikke minst av den mentale typen. Hva kan biblioteka i de rundt 120 berørte kommunene gjøre for å lette dette arbeidet?
På Oppegård bibliotek si Facebookside finner vi info om utstillinga «Å bygge en kommune». Initiativtaker er Folloarkivet, og i presentasjonen skriver de: «Her finner du eksempler fra Drøbak og Frogn ved opprettelsen av kommuner i 1837, du kan se hva Oppegård gjorde ved utskillelsen fra Nesodden i 1915 og hvordan Frogn og Drøbak slo seg sammen i 1962. Gjennom historien er det en helt tydelig tendens: Kommunene har gradvis fått flere oppgaver og det stilles langt større krav til både oppgaveutførelsen og dokumentasjonen om den.»
Om ikke tilsvarende arkiv, museer eller andre gjør noe tilsvarende, kan vel biblioteka gå sammen om lokale initiativ? Tenker vi.