Lånaraksjon mot innbyggjartorg

Her, sør for Ågotnes i Øygarden, er Canada neste. Ingen land eller øyer i vegen

I verdas (?) lengste og smalaste kommune, den nye storkommunen Øygarden i Vestland, er det no eit folkeopprør på gang til forsvar for det lokale biblioteket i tidlegare Sund kommune. Det handlar i stor grad om at politikarane har gått inn på «innbyggjartorgmodellen», der kvart lokalt bibliotek også er blitt innbyggjartorg. På Facebookgruppa Fullverdig bibliotek tilbake til Sund senter! (per i dag 449 medlemmar) kan vi lese at dette har gått sterkt ut over bibliotektilbodet.

I kommunereforma i 2020 blei tre kommunar slåtte saman; Øygarden, Fjell og Sund. I 2016 gjorde underteikna, for prosjektet «Nye kommuner – nye bibliotek?», ein reportasje frå eit debattmøte i Bergen om samanslåinga og framtida til biblioteka. Då var alle politikarane svært opptatte av å sikre biblioteka i kvar av dei dåverande kommunane. Men mange meiner no at dette ikkje har gått bra. Det er store avstandar og dårlege vegar i denne kommunen, så det relativt bra hovudbiblioteket på Sartor senter (i tidlegare Fjell), er ikkje til mykje hjelp for folk i nord og sør.

Også i lokalavisa Vestnytt er det kome mange skarpe innlegg og oppslag om denne saka (bytt filteret frå Relevans til Dato). Blant anna seier biblioteksjefen 9.2. til avisa: «Vi har mista over halvparten av stillingane. Før hadde vi tilsaman 11 årsverk ved dei tre biblioteka. Akkurat no har vi fem årsverk. Per no har kommunen lyst ut eit par midlertidige stillingar i 20 og 40 prosent … Nedtrappinga i nord og sør har ikkje gjeve auka aktivitet ved biblioteket på Straume. Vi har stengt biblioteket på Straume kvar onsdag, grunna bemanningssituasjonen».

Før kommunereformen var det ikkje mange som trudde at biblioteka ville bety nedlegging av tidlegare hovudbibliotek, men vi ser no at «løysinga» med innbyggjartorg er metoden nokre nye kommuneleiingar bruker for å oppretthalde biblioteka – på eit vis. Dette blir langt på veg stadfesta i ein reportasje i Bok og bibliotek frå Indre Østfold, der ein av biblioteksjefane/«enhetslederne» seier: «Antakeligvis hadde vi ikke fått beholde alle fem bibliotek dersom bibliotekene skulle stått «alene» i ny kommune».

På bloggen har vi skrive om innbyggjartorg/sørviskontor før: Er slaget om innbyggjartorget avlyst?

Leave a Reply