Dette berre for å minne om den såkalla blogroll-en nede til høgre på bloggen. Altså lenker til nettstader vi har samla på i nokre år, med innhald som lesarane av denne bloggen truleg kan ha nytte og glede av. Vi ser no at nokre har mest berre historisk interesse.
Sira Myhre på eit bibliotekpodium for … lenge sidan
Nettstaden Bok365.no hadde fredag ei ganske omfattande og detaljert sak om dette: «Aslak Sira Myhre går først inn i en prosjektdirektør-stilling i forlaget, og Jenssen [noverandre direktør, vår merknad] og Sira Myhre skal deretter jobbe side ved side i en periode før sistnevnte overtar roret. De to skal i fellesskap med styret avgjøre eksakt når dette skal skje».
Dei siste dagane, for ikkje å seie åra, har fleire påpeika at i vår falske-fakta-alder har aprilspøken utspela rolla si. Dermed gikk underteikna fem på og hadde i går halvferdig ein lett ironisk kommentar særleg til avslutninga på intervjuet med NB-sjefen og boklovutgreiaren, der han blei spurt «– Ligger det an til å bli en god boklov for Cappelen Damm?»:
«– Å nei. Du klarer ikke å lokke meg utpå der, svarer en lattermild Sira Myhre. – Mitt håp – og min tro – er at det skal bli en boklov som hele bokbransjen og litteraturfeltet kan leve godt med».
Så hadde vi tenkt å spekulere litt rundt kva han i dag meiner med «hele litteraturfeltet». Er biblioteket «inne» i dag? Og korleis? For gjennom hausten og vinteren har …
I UK og USA er det kampanjar mot «staffless libraries» der løysinga brukast for å spare pengar.
I eit lesarinnlegg i Hamar Arbeiderblad i dag rettar Henriette Stranger Gulseth, tillitsvald ved biblioteket i Stange, og Mailin Toft, tidligare biblioteksjef, svært skarpe skyts mot lokalpolitikarane sine negative signal om bibliotekøkonomien. Dei opnar for at lovas minimumskrav kan vere bra nok, og for sparing ved hjelp av auka meirope, ubemanna bibliotektilbod.
Bibliotekarane i Stange skriv blant anna:
«Kommuneleiinga har for det første «bedt om en utredning for å innføre såkalt meråpent, altså ubetjent bibliotek, i kommunen.
Dette er for å kunne kutte ytterligere i driftskostnadene på biblioteket gjennom økt bruk av selvbetjeningsløsninger. I dette forstår vi at politikerne foreslår økonomiske kutt ved å nedbemanne. I tillegg ber politikerne om et notat om hva Lov om folkebibliotek (Folkebibliotekloven) sier om hvilke tjenester en kommune må tilby.
Det er kanskje flere som har et inntrykk av at bibliotekaren rydder og låner ut bøker, og lite annet?
Det vitner i så fall om uvitenhet rundt bibliotekarens arbeidsoppgaver og hvilken rolle biblioteket har i et lokalsamfunn. Hvis man i tillegg tror at et meråpent bibliotek er en ren mulighet for å spare penger, har man misforstått konseptet om ubetjente bibliotek».
Med eit anna ord kan dette ende med regelrett nedbygging av bibliotektilbodet. I Stange er dei tidleg ute med slikt, men vi vil nok dessverre sjå liknande i fleire kommunar. Ein del kommunar har i år fått betre økonomi, men KS er samtidig klar på at betringa kjem av at «2021 var et spesielt år». Det handlar særleg om koronakompensasjonen og at kommunar med netto innflytting har fått auka skatteinntekter. Og det siste gjeld slett ikkje alle kommunar.
Dette er sannsynleg om det blir som dei foreslår i utvalet bak den ferske NOU 2022:2: «Akademisk ytringsfrihet». Kritikken let ikkje vente på seg, blant anna på Khrono.no i dag, men forslaget om premiering av ikkje berre tunge forskingsartiklar, men også populærvitskapelege artiklar, foredrag og deltaking i offentlege debattar, ser ut til å «overleve» på eit vis. Formidling er eit heit sentralt omgrep i utgreiinga. Utvalet seier at dei:
«… i lys av mandatet [har] sett den akademiske ytringsfriheten til formidling som det mest sentrale for denne utredningen. Akademisk ytringsfrihet og formidling henger tett sammen, som kunnskapsbasert, sannhetssøkende kommunikasjon. Formidling er viktig innad i akademia, mellom fagfeller og mellom og blant ledelse, ansatte og studenter. I tillegg er den avgjørende for oppfyllelsen av akademias brede samfunnsoppdrag gjennom formidling utad – fra fag til folk, og fra folk til fag» (vår utheving).
Denne boka av Jo Straube blei kåra til Årets vakraste i 2017. Men ho er ganske avslørande om biblioteka i Bygde-Noreg. Klikk og kikk
Kulturanalys Norden (etablert på oppdrag av Nordisk ministerråd) kjem no med ein rapport om ei side ved kulturlivet i dei nordiske landa som sjeldan får merksemd i media, nemleg den store skilnaden på tilbodet i by og bygd; meir presist mellom tettbefolka kommunar og dei med spreidd busetnad. Dette overraskar ikkje oss her i Noreg, men så får vi også stadfesta at i Norden er det vi som har aller mest «glesbygd».
I alle landa ser det ut til at folkebiblioteket er den einaste institusjonen som finst i kvar kommune. Og det finst eit underkapittel med den ambisiøse tittelen «Biblioteken utgör en grundstruktur för kultur» (side 27). Men kva ligg i dette?
Det einaste vi kan finne er: «Det har också konstaterats att bibliotek idag ofta står för en breddad verksamhet som erbjuder fler kulturaktiviteter än enbart utlån av böcker och medier. Biblioteken intar i dessa skepnader hybrida former av kulturverksamhet där det är vanligt att den fysiska lokalen används till allt från utlån av media och informationssökning till utställningar och publika arrangemang. Den fysiska lokalen får betydelse för att arrangera även annan kulturverksamhet och att fungera som en kulturell mötesplats».
Her om dagen skreiv ein fortvila biblioteksjef i ei austnorsk bygd på lista Biblioteknorge at ho har fått i oppgåve å «utrede muligheten for meråpent bibliotek (…) og se på aktuelle selvbetjeningsløsninger som kan kutte ytterligere i driftsutgiftene ved biblioteket». Og samtidig produsere eitnotat om «hva bibliotekloven beskriver av hvilke tjenester en kommune må tilby». Og dette er ikkje det einaste teiknet på at dyrtida vil råke kulturlivet ekstra sterkt. Mange bibliotek må no slå seg saman med innbyggjartorg for å overleve. Korleis då utgjere «en grundstruktur för kultur»?
Rapportforfattarane tar ei viss høgde for dette og skriv at det «finns överhängande risker att graden av variation kan inskränkas om resurserna krymper – det finns en sårbarhet som särskilt präglar landsbygden».
The United Nations» 17 Sustainability Development Goals (SDGs) have become a major issue in library communities across the world thanks to an enthusiastic follow-up by IFLA and several national library associations. But in few other areas is there a static consensus as strong as here. The UN represents something almost indisputable both in wide political circles and in mainstream media. This consensus also exists with the sustainability goals, in the Western world at least.
Bloggaren har faktisk vore i Stormen – biblioteket i Bodø. I februar 2015. Sjå fotoserie av Anders Ericson (CC BY-NC)
Frå ei sak i Morgenbladet denne veka: «Ei romanbestilling har gått ut frå Bodø i samband med at byen skal vere Europeisk kulturhovudstad i 2024, og pressemeldinga som annonserer det nye verket, startar slik: «Den verdenskjente forfatteren Stef Penney er engasjert av Bodø2024 til å skrive en bok om Nordland – uten å noen gang ha vært her. … Då hennar fyrste roman vann Costa-prisen (den prestisjefulle Bookerprisens folkelege bror), vart det gjort eit stort nummer av kor stemningsfullt forfattaren hadde skildra landskapet i Canada utan å ha vitja det sjølv. Sidan då har Penney gjort dette med å skrive bøker frå miljø ho ikkje kjenner – frå det nordlege Grønland til romanisamfunnet i London – basert på «klimavennleg» research på sitt lokale bibliotek, til eit slags varemerke» (vår utheving).
Det er Fagmagasinet til det danske Forbundet Kultur og Information som melder dette. Dei siterer driftsansvarlig på folkebibliotekernes fælles statistikløsning, FAKTOR. Ho er overraska:
– Især, at vi ikke kunne se noget på besøgstallene er ret vildt. Jeg havde helt klart en forventning om at kunne se en lille sammenhæng, når det for eksempel stormer voldsomt. Men det fortæller os jo bare, at biblioteksbrug er så integreret en del af vores hverdag, at vejret ikke har nogen indflydelse.
Men ho meiner likevel «at undersøgelsen kan bruges. – Vi havde håbet på, at vi kunne støtte op om for eksempel vagtplanlægning. Nu handler det måske mere om at få udryddet den opfattelse, at det er vejrets skyld, når der ikke kommer nogen».
Om du er aktiv på Wikipedia kan du vere kvalifisert til å bruke The Wikipedia Library. Dugnadsleksikonet gjer avtalar med databaseeigarar om fri tilgang for å gjere leksikonet til ei stadig betre kjelde for alle på kloden med kunnskapsbehov. Sjå også lenke til den norske «filialen» lengst nede.
Deichman har tatt med seg Pusjkin frå det gamle til det nye
Også norske folkebibliotek er no i denne situasjonen at dei skal stille opp for ikkje berre dei sterkt råka flyktningane, men også «eigne» engstelege (og forbanna) brukarar, med nyheiter, analysar og litteratur for å kunne takle kvardagane og kanskje leite etter løysingar.
I Morgenbladet har Ingrid Grønli Åm (også kjend som vikarierande redaktør av NBF sitt salige tidsskrift Bibliotekforum i 2014) eit lengre intervju med den franske filosofen Edouard Jolly: Er det mulig å vinne en krig i 2022? Jolly seier blant anna:
– Det spesielle med krig som filosofisk objekt er at vi først kan forstå den etterpå, når den er over. Hvis man spekulerer om krigen mens den pågår, står man i fare for å sette seg i rollen som kampfilosof og gi næring til fiendskapen. Henri Bergson gjorde det i 1915, da han knyttet sin filosofi om élan vital – den skapende livskraften – til de franske soldatene, som et sivilisatorisk særtrekk mot de tyske barbarene. Jeg tror man har mye å vinne på å analysere krig som et historisk objekt. Da kan man vise dens politiske rasjonalitet».
Elles er intervjuet med NRKs Charlotte B. Bergløff lesbart på Journalisten.no. Ho var blant anna også i Srebrenica i 2006 og Ocean Viking i 2019.
PS: Kva med eit forum om bibliotektenester til flyktningar på Bibliotekutvikling? Med vekt på ukrainarar akkurat no.
Her ein tv-sketsj med ei (viss) tilknyting til bibliotek, men berre heilt i starten (peckish og esurient skal vere synonym til hungry, for dei som ikkje er oppvaksne på London Vest).
Nokre av skodespelarane er også med i sketsjen Thief in the Library, kanskje meir kjend som Quiet in the Library, men denne inngår faktisk ikkje i den klart mest kjende tv-serien til dei (u)nemnde skodespelarane, men i ein forløpar. Go hælj.
Nasjonalbiblioteket har nyleg lagt ut informasjon om Bruk av bilete på internett- opphavsrett og bibliotek: «Kva som er lov og kva som ikkje er lov å legge ut av fotografi og bilete på nett og i sosiale medium, kan skape hovudbry for dei fleste som jobbar med nettpublisering».
Men mange vil då spørje seg kor ein kan søkje og finne foto og illustrasjonar som kan brukast heilt fritt eller på visse vilkår. Her kjem nokre av kjeldene vi bruker for å illustrere artiklar på denne bloggen. Lenkene er til søk på t.d. bibliotek, lesing, library, librarian osv. (nokre av tenestene har fleire søkespråk):
Danmarks bibliotekforenings tidsskrift Danmarks biblioteker har laga ein «mini ABC» for «nyvalgte kommunalpolitikere».
Meiropnare blir det ikkje
Ifølgje The Guardian var ein datafeil grunnen til at inngangsdøra stod ope i eit bibliotek på New Zealand på nasjonaldagen. Dei ansvarlege oppdaga feilen etter nokre timar, men då hadde 380 personar vore innom og hadde hjelpt seg sjølve med utlånsregistrering av 147 bøker. Ingenting var stole eller øydelagt.
PS: «The most important asset of any library goes home at night – the library staff». – Timothy Healy
Sagalitteratur og sjeldne dyr
Kva er likskapen mellom eit ukjent mellomalderverk og ein ukjend dyreart? Ifølgje ein ny studie, referert i Scentific American, kan statistiske modellar som forskarar bruker til å estimere mangfaldet og storleiken på tapte dyrepopulasjonar også brukast på andre felt: «Eit dokument er som eit spesifikt dyr, mens eit verk er som ein art – og ein art blir ikkje rekna som utdøydd før alle dei levande representantane døyr. Då forskarane brukte modellen på mellomalderlitteratur, fann dei at 68 prosent av desse verka truleg har overlevd til i dag» (vår omsetting). Og overlevinga av både dyreartar og verk har vore noko større på relativt isolerte øyer, som Irland og Island.
«Drinker og heftige dansetoner»
«Vårt Oslo» melder: «Nye planer viser at gamle Deichman på Hammersborg kan bli bar og nattklubb». Eventuelle gullkorn om motseiinga bibliotek – festlokale går vi glipp av takk vere betalingmuren. Men underteikna har faktisk røynsler med den omvende prosessen; frå pub til bibliotek! I 1980 flytta Vestby folkebibliotek, avdeling Son, inn i dei tidlegare lokala til «Naustet», puben etter underhaldningsartisten Elisabeth Granneman. Vi fekk med på kjøpet mange dusin halvliterskrus, ein pizzaovn og fleire «spanske boger» som hadde skilt dei intime sitjegruppene. Men dette var i ein underetasje. Nokre år seinare flytta biblioteket til mykje betre lokale.
Ukrainian librarians also publish photographs every day
There are probably tens of thousands of library Facebook pages around the world, but as of March 2022, the page of the Ukrainian Library Association is very special. Here librarians from different parts of the country write, also in cities under attack. Facebook has an automatic translation program; see links below each text for that purpose.
Today, March 21, there have been four posts. One of them goes like this (my translation into English from Norwegian):
«We have blown out some glass, in one department some bricks came in – well there was no one there at that time. But compared to the ruined school next to us, we have nothing to speak of! The collective is determined to win, support each other and help as much as we can. And if we can not – also 😉 We will stand and we will win! Honor to Ukraine!»