1 av 4 er skeptisk til bibliotek + innbyggjartorg

I biblioteket i Århus valde dei etter kvart å skilje dei to tenestene, bl.a. etter intens debatt i det danske bibliotekmiljøet

5. april var det lansering av rapporten «Samlokalisering av bibliotek og innbyggertorg : En innbyggerundersøkelse utført i Drammen og Indre Østfold kommune». Til no, 14. april, er det berre Forum for offentlig service (FOS) som har publisert noko om dette; dei har då også til no vore den største pådrivaren for denne løysinga. Samlokalisering, og samorganisering, slik det er blitt i Indre Østfold, er ein lenge uforløyst debatt i Bibliotek-Noreg. Her på bloggen har vi forsøkt å oppmode til debatt, men lite har skjedd enno.

I den grad ei spørjeundersøking blant publikum er viktig, for dette omfattar berre éin stor bykommune og éin typisk mellomstor kommune, og begge på Austlandet, synst vi poenget i overskrifta vår er det viktigaste å formidle. Det heiter om respondentane:

«…nær 1 av 4 [svarer] at bibliotekets uavhengighet blir utfordret ved samlokalisering. Dette begrunnes blant annet med at det blir en uklar sammenblanding av to ulike tjenester, at det gir kommunen mulighet til å påvirke tilbudet på biblioteket og at det blir mer folk/støy på biblioteket».

Alt biletstoffet i FOS sitt oppslag er frå Nye Deichman. Flotte foto. Der fann lanseringa av rapporten stad, men vi har ikkje høyrt éitt pip om at Oslo vil velje denne løysinga.

Bodø sett frå London

Kva får denne bloggaren ikkje tips om?! Vi kunne hatt mange fleire innlegg, men må gjere eit utval. I dag fell valet på ei sak i engelske The Guardian: «Bodø/Glimt, the Norwegian minnows catching Europe’s elite cold» (minnows = «småfisk»). Det handlar altså om fotball, men også om kulturskilnader i Europa og internt i Noreg.

Biblioteket Stormen i Bodø er sentralt, aller først i teksten. Der får vi nemleg historia om det store svart-kvite fotoet i trappa til andre høgda på biblioteket. Historia om korleis kommagane til menneska på fotoet er klussa over eller skrapa vekk, truleg for over hundre år sidan av …

Les mer «Bodø sett frå London»

New York Public Library saboterer boksensuren!

Vi har skrive mykje om den aukande «folkerørsla» for å fjerne «upassande» bøker frå bibliotek i USA. Men no har folkebiblioteket i New York i samarbeid med tre store forlag sikra gratis digital tilgang til førebels fire av titlane som er forbodne eller utfordra lokalt eller i enkeltstatar. Og her gjeld ikkje «eksemplarmodellen» som er vanleg for e-bøker. Alle får tilgang kor som helst, utan ventelister og faktisk utan lånekort!

Breaking News: Sosialist blei president i ALA!

Vi skreiv om det her om dagen, at den erklærte, profilerte sosialisten Emily Drabinski var den éine av dei to kandidatane til toppvervet i verdas største (?) bibliotekforeining. No er det klart at ho vann! Det er enno ikkje på topp på ALA sin nettstad, men du finn ei sak under News. Og Twitterkontoen hennar er sprekkfull av gratulasjonar.

I ALA-oppslaget seier ho dette:

«Thank you to everyone who participated in this election. I am humbled and excited to serve as your President-elect. Thank you to Kelvin Watson for standing for election with me. I have the deepest respect and gratitude for Kelvin and his commitment to libraries.

As we face an uncertain and challenging future, I know this: we have each other, and we are enough. I am ready to get to work with all of you to strengthen our association and our field to support library workers and the communities we serve. Thank you for your confidence and support of my vision for ALA and your role in that vision. We have a lot of work ahead to build collective power for the public good. I can’t wait to get started with all of you.»

Ho tiltrer i 2023 og har vervet eitt år, men dette vil gi meirsmak!

«Siste kapittel»

Bloggaren prioriterer fiksjon framfor faglitteratur på raude dagar som desse. Då blir det også tv-titting, og i desse tider såkalla påskekrim. Den ovanfor namngitte serien på NRK er blitt ein snakkis trass i at skjermane våre no flyt over med mord og elende, både fiktive og dessverre høgst reelle.

Denne serien er innfløkt og spanande heile vegen. «Magpie Murders», som er namnet på utanlandsk, er mysteriet med det manglande, og sjølvsagt avgjerande, siste kapitlet i eit oppdikta krim-manus. Kor er det blitt av og kven var mordaren?

Prioriteringa vår av fiksjon omfattar også lesing og lytting. Og jammen er det ikkje ein tapt tekst også i lydboka som i går var med på tur rundt Tunevannet ved Sarpsborg (20 988 skritt). Det handlar om «Liknelseboken», den aller siste romanen etter Per Olov Enquist. Han er høgst sjølvbiografisk og ein oppfølgjar til «Ett annat liv» frå 2008 (her nemner vi dei svenske utgåvene, då berre desse finst på den eigne lydbokappen, og fordi betre lytteoppleving ikkje finst enn når P.O. les sjølv, i den folkelege, vesterbotniske stilen hans og med innslag av dialekt).

Men til dette med tapte tekstar: I Liknelseboken er blant anna faren i fokus, han som døydde då «Per Ole» var under eitt år gamal. Men brått i 2001, fortel han, sonen, kom ei skriveblokk etter faren til rette. Det viser seg at også faren hadde hang til det litterære, og blokka inneheld …

Les mer ««Siste kapittel»»

Kultursamarbeid, men kulturmjølkboikott

Svenskrussisk kulturkræsj

I Klassekampens Bokmagasinet laurdag skriv Magnus Nilsson, i samband med det russiske overgrepet mot Ukraina, om svensk boikott og det motsette. Vi får lese om den svenske kefir-debatten, der den største nasjonale produsenten har slutta å levere kefirmjølk, då dette «blir «assosiert med Russland» på eit vis som ikkje er sett på som «passande under desse omstenda». I akkurat dette tilfellet er det altså det russiske allment sett som er sett på som eit problem, ikkje den russiske staten sine brotsverk». Mens det er døme både i Sverige og Tyskland på at samarbeid med russiske forfattarar og kunstnarar held fram. Nilsson oppsummerer:

«Å demonisere eit land og ein kultur er farleg, fordi det gjer vegen til framtidig fredeleg sameksistens – og kanskje forsoning – vanskelegare. Og historia viser faktisk at nettopp litteraturen kan vere noko som hjelper oss til å sjå det komplekse i ein situasjon der statar står hardt mot kvarandre som fiendar. Under den andre verdskrigen blei eksilforfattarar som Thomas Mann og Bertolt Brecht symbol for at det tyske ikkje kunne reduserast til nazismen. Og etter krigen kom diktarar som Goethe og Schiller til å bli emblem for det Tyskland som blei forrådt av nazismen – det som hadde gått under og som no skulle gjenreisast og nyskapast». 

Og vidare: «Det er gledeleg at ein no jobbar på høggir ved mange bibliotek for å løfte fram ukrainsk litteratur». 

Sjå også: Böcker till flyktingförläggningar i Polen og Ukrainskt kulturarv räddas med svensk hjälp.

«Missing Movies – Where did they all go?»

Starten på lista over tapte filmar. Klikk og kikk

I Morgenbladet denne veka kan vi lese om ein nettkampanje og organisasjon med dette namnet, sett i gang av den kjende kanadiske filmskaparen Mary Harron. Ho seier til avisa: «– Fordi så mange filmer er tilgjengelige for strømming, finnes det en illusjon om at vi også har tilgang på en haug med filmhistorie. Det stemmer ikke. Mengden eldre film som er tilgjengelig, er i ferd med å bli ganske liten. Hva er det som skjer med vår forståelse av filmhistorie, når vi stort sett bare ser det som Netflix legger ut?»

MB intervjuar også Kim Tallerås ved Oslomet. Han har forska på utvalet i strøymetenestene og seier blant anna:

«Å vise til at en tittel likevel er tilgjengelig i et lite hjørne av internettet er ikke alltid en tilstrekkelig form for tilgjengelighet, hevder Tallerås. Spesielt ikke når strømmetjenestene legger opp til en brukeradferd der man skal gjøre minst mulig for å få tilfredsstilt ens behov, der man sjelden har tid eller overskudd til å lete etter noe som bare kanskje vil dukke opp. – Du må få innholdet inn på en plattform der folk faktisk blir eksponert for en viss bredde».

Her på bloggen har vi tidlegare foreslått eit enkelt fjernlånssamarbeid mellom norske folkebibliotek som framleis har DVD-samlingar. Dette har vel ikkje blitt noko av, men dei same biblioteka ville kunne opprette og bidra til «Missing Movies – Norsk avdeling»!

Oppsnappa

Boklukt

I overgangen frå papirboka til e- og lydbøkene går blant anna også lukta tapt; lukta av papiret, limet og trykksverta. Som mange, med god grunn, assosierer med bibliotek. Ifølgje Svt.se har ein svensk luktforskar også kome til at «många förknippar doften av ny bok med att få en present».

Eit søk i Oria.no viser at av bøker om lukter i norske bibliotek er 110 av 159 trykte. Enn så lenge.

Bakka

Vi ser ikkje mange riksavisomtalar av pensjonerande bibliotekarar, andre enn éin og annan på direktørnivå. Men i Klassekampen i dag skryt journalist Anne Kari Hinna uhemma av Pål Hermod Bakka på SV-bibl på UiBergen, som nyleg gav seg som lønsmottakar. Hinna, forstår vi, er ei av dei som har hatt han som «sin bibliotekar». For han har hatt like stor omsorg for studentane som for å halde liv i faglege debattar i bibliotekmiljøet pluss pluss. Hinna baserte seg også på eit lengre intervju med han i Studvest.

Brødskive

Minst like sjeldan som riksavisomtalen ovanfor er nok intervju i US-amerikanske riksmedia med sosialistiske (det har aldri skjedd før) presidentkandidatar til bibliotekforeininga ALA med deira 50 000 medlemmar. No snakkar vi ikkje om hovudstraums media, men Jacobin er ein av dei klart mest lesne blekkene på venstresida over there. Kandidat Emily Drabinski har røynsler frå lønskampar og fagforeiningsverksemd, budsjettnedskjeringar og kampen mot ytre høgre sin sensur av «uønska» litteratur i biblioteka. Kjend Drabinski-sitat: «Labor struggle is a struggle. It is not a sandwich». Les og forstå samanhengen (valet vil vere avgjort når du les dette).

>>PS 11.4.: Denne siste parentesen er feil. Fristen for å stemme var 7.4., men som ved andre val i USA Tar Teljing Tid.

 

Deichman, det nye universitetsbiblioteket i Oslo?

Nettstaden Vårt Oslo hadde i går eit debattinnlegg av to studentar: «- Som studenter må vi på kafé for å lese fordi Deichman Bjørvika er full. Byen trenger et bedre bibliotektilbud!» Dei vil ha «flere biblioteker med lengre åpningstider».

>> Dette blogginnlegget er litt omskrive 7.4.

Og det er ikkje urimeleg, til dømes samanlikna med den finske hovudstaden som, med sine 650 000 innbyggjarar, «har 37 bibliotek och två bokbussar». Mens Oslo, med 699 000 sjeler, har 19 bibliotek, og dei skrota vel den siste bokbussen for tjue år sidan eller meir.

Men så trur du kanskje at etter opninga av Nye Deichman har Oslo mykje større areal? Neida, for tre år sidan stod det ferdig eit nytt hovudbibliotek i Helsingfors på 17 000 kvadratmeter. Mens biblioteket i Bjørvika er på 8 340 (det kunne vore 13 900).

Men til dette med studentane på Nye Deichman: Vi har vore der to gongar sidan den siste opninga, og vi har sett nesten berre …

Les mer «Deichman, det nye universitetsbiblioteket i Oslo?»

729

Dette er talet på klagar og krav om fjerning av bøker frå folkebibliotek i USA i 2021. Klagane omfatta i alt 1597 titlar. Dei fleste av desse var skrivne av eller handla om farga eller LGBT-personar. Tala er mykje høgare enn nokon gong før, og no kjem det klagar i alle delstatane.

Slike saker har fått stor plass i den US-amerikanske bibliotekforeininga sin årlege rapport om «rikets tilstand»: State of America’s Libraries Report 2022. Denne aukande tendensen er ei påkjenning for dei tilsette. Til dømes fortel ein skolebibliotekar:

«Det som plagar meg mest, er at innsatsen min for å følgje retningslinene for bokval førte til at skoleleiarane både lokalt, i distriktet og lokale lærerforeiningar stilte spørsmål ved profesjonaliteten min … Eg hugsar eg gret under skrivebordet på kontoret mitt, eg hugser eg skalv av sinne etter møtet der min tillitsvalde og distriktsadministratorar mildt, men tydeleg skulda meg for å ha brote dei etiske pliktene mine som lærar» (vår omsetting).

Blant anna også kampen mot falske fakta er grundig dokumentert.

Viktig for møtearrangørar!

I Universitetsforlaget sin sakprosaserie «Hva er» (p.t. 67 titlar) er Anine Kierulf si bok «Hva er ytringsfrihet» ei av dei nyaste. Akkurat no er forfattaren hyperaktuell som leiar av utvalet som såg på ytringsfridom i akademia. Men temaet er breitt. Ho minnar om dette i innleiinga:

«Som idé og rettighet har ytringsfriheten forbindelser til personvern, tankefrihet, forsamlings- og forenings- frihet, akademisk frihet, religionsfrihet, informasjonsfrihet og pressefrihet». Dermed noko for alle landets «debattbibliotekarar».

Saka har altså fleire sider, og Kierulf kjem inn på svært mange av dei, og sett frå ulike ståstader. Ein kunne ønskt seg ei meir detaljert innhaldsforteikning enn bokas oversikt over dei sju hovudkapitla, men eit bra register kompenserer for dette. «Bibliotek» finn vi ikkje i registeret, men ho har likevel god peiling på det nye «debattbiblioteket». Her tar ho klar stilling for ytringsfridomen og dermed mot grupper som måtte kjenne seg krenka og mot bibliotektilsette og organisasjonane deira som ved nokre høve ønskjer å setje grenser (s. 77):

«Alle er enige i at offentlige biblioteker skal være en uavhengig møteplass og arena for offentlig samtale og debatt. Det er likevel lett å forstå at mange føler seg mer utrygge og uønskede når islam- eller innvandringsfiendtlige grupper får leie bibliotekene til debattmøter enn når Amnesty gjør det. Kan man da nekte de førstnevnte, og bare leie ut til de siste? At ytringer skaper utrygghet, medfører ikke at de kan …

Les mer «Viktig for møtearrangørar!»

Den norske kreativitetskløfta

Via den utmerka danske kulturnettstaden SøndagAften får vi 2. april vite ikkje berre at De kreative bor i hovedstæderne, men at skilnaden mellom Oslo og resten av Noreg er større enn tilsvarande i dei andre nordiske landa. Det som er målt her, er kor kunstnarar og andre i kreative yrke bur. Bibliotekarar er medrekna, men det er inga inndeling etter yrke i rapporten. Men det ville neppe gjort nokon skilnad …

I Danmark er det også ganske stor konsentrasjon om hovudstaden.

På kartet viser blåfargen på hovudstadsregionane at over 6 prosent av innbyggjarane er i slike yrke. I dei mørk brune regionane er det færrast. Her på bærje er altså Innlandet den einaste regionen i ein mellomkategori.

.

Let’s roll!

Dette berre for å minne om den såkalla blogroll-en nede til høgre på bloggen. Altså lenker til nettstader vi har samla på i nokre år, med innhald som lesarane av denne bloggen truleg kan ha nytte og glede av. Vi ser no at nokre har mest berre historisk interesse.

Slik ser starten på lista ut >>

Sira Myhre ny toppsjef i Cappelen Damm …?

Sira Myhre på eit bibliotekpodium for … lenge sidan

Nettstaden Bok365.no hadde fredag ei ganske omfattande og detaljert sak om dette: «Aslak Sira Myhre går først inn i en prosjektdirektør-stilling i forlaget, og Jenssen [noverandre direktør, vår merknad] og Sira Myhre skal deretter jobbe side ved side i en periode før sistnevnte overtar roret. De to skal i fellesskap med styret avgjøre eksakt når dette skal skje».

Men så går Bok365 ut 2. april med eit aprilspøk-dementi

Dei siste dagane, for ikkje å seie åra, har fleire påpeika at i vår falske-fakta-alder har aprilspøken utspela rolla si. Dermed gikk underteikna fem på og hadde i går halvferdig ein lett ironisk kommentar særleg til avslutninga på intervjuet med NB-sjefen og boklovutgreiaren, der han blei spurt «– Ligger det an til å bli en god boklov for Cappelen Damm?»:

«– Å nei. Du klarer ikke å lokke meg utpå der, svarer en lattermild Sira Myhre. – Mitt håp – og min tro – er at det skal bli en boklov som hele bokbransjen og litteraturfeltet kan leve godt med».

Så hadde vi tenkt å spekulere litt rundt kva han i dag meiner med «hele litteraturfeltet». Er biblioteket «inne» i dag? Og korleis? For gjennom hausten og vinteren har …

Les mer «Sira Myhre ny toppsjef i Cappelen Damm …?»