Biblioteket er mest truverdig. Men …

Skjermbilde 2019-03-20 13.05.01Danmarks biblioteksforening annonserte måndag: «Ny Megafon-måling placerer Facebook som bundskraber, og bibliotekerne som en klar topscorer i forhold til troværdighed.» Meiningsmålarane har spurt «hvor troværdig, de [danskane, vår merknad] oplever forskellige medier i forbindelse med informationssøgning.»

Men dei ulike «informasjonsleverandørane» som er lista opp (sjå illustrasjonen) er verkeleg hummer og kanari. Ikkje at vi har behov for å nedsnakke biblioteket, men mens dei fleste på lista er informasjonsprodusentar på ulike vis, er biblioteket …i all hovudsak berre formidlar av dei andres informasjon. Biblioteka, i alle fall folkebiblioteka, publiserer lite sjølv.

Men kor mykje informasjon, av den typen dei leverte i den før-googleske æraen, leverer biblioteka i dag?

Okei, alt som står i alle bøkene, tidsskrifta og avisene er per definisjon informasjon. Og så lenge bok- og medievalet går på kvalitet og ikkje utlånstal, er biblioteket ein vinnar. Det same gjeld samansettinga av eit debattpanel, får vi håpe. Men folk har for lengst slutta å gå på biblioteket med spørsmål om når elgjakta startar, kven som skreiv Kristin Lavransdatter eller kva sa Trump til Kim Jong-un? Dette er blitt «Google-mat».

Dette blir stadfesta i rapporten frå prosjektet til Tønsberg og Færder bibliotek, Morgendagens veileder: «Oversikten over hvilke kilder vi først og fremst henter informasjon fra viser at så godt som alle støtter seg på nettbaserte/ikke-fysiske kilder. Innen kategoriene familie og barn, jobb og karriere, skole og utdanning og delvis kjærlighet og samliv ser vi at også personlige kilder i stor grad benyttes.»

Bibliotek høyrer her til dei fysiske kjeldene, men tala er ikkje brotne ned på undergruppene. Men vi kjem attende til denne på mange måtar interessante rapporten.

Og kven kallar seg referansebibliotekar i dag? Blir slike utdanna lenger? Eller skal det heite veileder/rettleiar i framtida? Det blir ein konferanse om dette i Stavanger i september.

Kan hende har folk betre føresetnader for å tru på biblioteket som informasjonsleverandør i Danmark, dei har trass alt framleis tenesta Biblioteksvagten og kunnskaps- og nyheitstenesta Faktalink.dk.

Vi har tidlegare skrive om «forvitringa av kunnskapsbiblioteket». Vi må nok halde fram med dét.

2 Responses to “Biblioteket er mest truverdig. Men …”

  1. Godt poeng om biblioteket som formidler, da er det jo også viktig å minne om at Google også «bare» er dette.

Trackbacks

Leave a reply to Nils Pharo Avbryt svar