– Bibliotekvektaren er komen for å bli

Ei åtvaring som har fått nytt innhald under pandemien

Den USA-baserte nettstaden «Ditto Press : Bold Ideas for Libraries» skriv no om «Designing for the Future — The Post-Pandemic Library». Her peiker dei på fleire tilhøve vi må ta omsyn til i bibliotekplanlegginga i tida som kjem. Det handlar om både ny kompetanse og nytt innhald og utforming av biblioteka. Arkitektur og design blir kopla med psykologi og antropologi.

«Ny relevans for territorialitet», heiter eitt kapittel. For første gong på hundre år har fysisk nærkontakt blitt eit eksistensielt trugsmål for folk. Med tape på golvet har bibliotek under pandemien merka skilje mellom inn- og utgang, og i framtida må dette bli permanent, eventuelt må ein byggje fysiske skilje. Men ved bibliotek der det er trangt må ein vurdere å byggje om eller byggje nytt. For éin ting er at det kanskje ikkje blir så ille på lang sikt som pessimistane spår, éin annan at angsten vil halde seg hos mange menneske og grupper.

Slikt har vi vore inne på tidlegare, til dømes: Koronabibliotek på gang! / «Pandemi-arkitektur» viktig også for biblioteket / Korona-omstillinga for biblioteka vil KOSTE, herr kulturminister!

Eit anna kapittel heiter «Vektaren (the consierge) har kome for å bli». Det same gjeld «take-away»-tilboda. Og i nybygg bør ein vurdere ei «drive-through»-teneste, heiter det. Og datasystemet må ha meir …

… brukarvenlege mulegheiter for tinging, også i eigne appar for mobil og nettbrett.

Fleksible, flyttbare løysingar og fleirbruksareal blir viktigare enn før, og sitjeplassar av ulike slag må ikkje stå tett. Takhøgder kan vi også lese om. Vi veit jo no at trange, låge lokale aukar smittefaren.

Det er også eit kapittel her om «The Library as a Municipal Point of Service». I USA, særleg i fattige bustadstrok, har biblioteket lenge vore den klart viktigaste møtestaden og tenestepunktet for folk med få andre alternativ. Dette har også med å gjere at andre offentlege etatar og kontor har låg tillit i store grupper, mens biblioteket er nesten aleine på «tillitstoppen»: «Public libraries are overall the most trusted institution in the country and fully 78% of adults say libraries help them find trustworthy and reliable information».

Biblioteka i USA er blitt uoffisielle offentlege sørviskontor eller -torg som hjelper folk med kva som helst. Her i landet er det siste på veg inn fleire stader (men noko som med god grunn er eit debatt-tema), men den uoffisielle varianten bør vi opne for og vere førebudd på i framtida. I nokre bibliotek i USA har sjukepleiarar fått fast plass. Liknande inkluderande tenester har bloggaren skrive om blant anna frå UK og Canada, i det svenske tidsskriftet BiS.

Og ein ting til: Mykje publikumskontakt kan bli ei påkjenning, så «Rethinking the workflow to include a frequent rotation of tasks is vital in the post-pandemic library».

I januar hadde vi ei oppmoding om å melde inn kommunar som er i prosessen med å planleggje nye bibliotekbygg. På under tre veker har vi kunna føre opp 14 slike her i landet (og kom gjerne med fleire). Planleggjarane og arkitektane bør få artikkelen vi lenker til her i rekommandert brev 🙂

Takk til Peterals.

Leave a Reply