A Short History of Ebooks

4. juli runda Project Gutenberg femti år (tenk på dét!), og meir eller mindre i samband med dette utgav bibliotekaren og omsetjaren Marie Lebert i går ei e-bok med ambisjon å fortelje (den korte) historia til fenomenet. «A Short History of Ebooks» er frå første dag gratis tilgjengeleg på Archive.org. På tre av verdsspråka.

Éin pussig ting, i tillegg til at boka ikkje har ISBN-nummer, er at vi ikkje finn eitt ord om det norske Nasjonalbiblioteket si unike og omfattande digitalisering av bøker. Forfattaren skriv grundig om pionérarbeidet til CENL, nettverket av europeiske nasjonalbibliotek. Dei har ein solid tekst om NB-basen, men likevel ingenting om denne i boka. Forfattaren definerer ikkje nokon stad kva ho meiner med e-bok, men når Gutenberg altså er med, og blant anna Google Books og Internet Archive, så burde jo «Bokhylla» til NB vore med.

Likevel er dette ei bok å kikke på for å sjå situasjonen i dag i perspektiv.

PS: Ei anna e-bok-e-bok 🙂 som set ting i perspektiv:

I 2005 utkom «E-book publishing success : How anyone can write, compile and sell e-books on the Internet» på London-forlaget Chandos. Om eigenpublisering av e-bøker. Svært instruktivt og i detalj. Alt frå skriveprosessen til val av betalingsløysing; Paypal o.l.

På den tida sat bibliotekfolket her i landet og las med ærefrykt slikt som pioneren Thomas Brevik fortalde oss, men vi var aller mest opptatte av kva som var det beste, eller minst dårlege, lesebrettet, for norske e-bøker var det lite av. Men boka frå 2005 var av ein nigeriansk forfattar, Kingsley Oghojafor. Og vi skjønte då at om det var muleg å kome på marknaden med ei e-bok i Nigeria kunne det vere muleg over alt. Han fortalde i ein samanheng korleis det var å gå frå internettkafé til internettkafé fordi det var rasjonering på nett-tilgang. Men det har skjedd mykje der sidan 2005.

Boka kan du låne på Internet Archive.

Leave a Reply

Translate »
%d bloggers like this: