Sensur på russisk – og US-amerikansk

Denne russiske aksjonisten skal no vere «vel forvart» i ein såkalla «rett» i Moskva

Bak Journalisten.no sitt stikkord «Sensur» blir det no aller mest putinske døme på sensur. Der har sentralmakta i lang tid dominert media og ekskluderer stadig fleire uavhengige kanalar og ytringar med valdelege metodar. Men i USA, «the home of democracy», skjer det også ting, men for tida er det størst «aktivitet» på kommunalt plan – og det er bibliotek som blir råka.

Til no har vi blogga mest om typiske sørstatar der lokale bibliotekstyre med særleg republikanske politikarar har kravt fjerning av ulike typar «upassande» bøker frå barneavdelingar og skolebibliotek. Men no kom ei kanskje endå meir illevarslande melding frå …

… staten Idaho: «Idaho librarians could face jail time for lending «harmful» books». I denne staten har det sidan 1972 vore ulovleg å gi «explicit material» til barn, men det har vore unntak for offentlege bibliotek til no.

Den nasjonale bibliotekforeininga, ALA, har ei omfattande ressursside om sensur. Og dei har blant anna ei verkeleg omfattande liste over bibliotek der litterære klassikarar er blitt fjerna eller forsøkt fjerna. Med ulike grunngjevingar. Les og sjå sjølve.

PS: I Noreg har vi i moderne tid berre hatt fire døme på statleg sensur av bøker, når vi ser bort frå nazistene sine gjerningar under 2. verdskrigen. Men det har vore ganske alvorlege døme på bibliotekarisk sjølvsensur, både med og utan politisk press, noko vi tok relativt grundig føre oss for to år sidan.

2 Comments to “Sensur på russisk – og US-amerikansk”

  1. Måske er sammenligningen i denne artikel lige på kanten🙄 Vi ved godt at der i specielt republikanske områder i USA findes censur i biblioteker/skoler eller forsøg på det samme. Men at sammenligne med Rusland, en aggressor i krig og med systematiseret censur og fane news – det er ikke legitimt😡

  2. Nei, samanlikning var aldri i tankane mine. Håpar ikkje fleire ser slik på det

Leave a Reply

Translate »
%d bloggers like this: