Biblioteket er i vinden! Men i USA, og i Sverige, handlar det mykje om motvind. Vi har fleire gongar skrive om det stadig meir oppsiktsvekkjande biblioteklandet USA (sjå tæggen «USA), der lokale, for så vidt demokratiske*, debattar om bibliotektilbodet no risikerer å øydeleggje heile institusjonen. Dei omfattande aktivitetane til Alt-right, det såkalla alternativhøgre, kan stadig oftare speglast i den lokale bibliotekpolitikken. Særleg har det toppa seg rundt LHBT+, abort og kreasjonisme versus evolusjon. Kva blir det neste og kor alvorleg kan det ende?
* For så vidt demokratisk, for i US-amerikanske kommunar har dei politisk valde bibliotekstyre med stor makt (med variasjonar). Mens vi i Noreg har ei biblioteklov som gir biblioteksjefen nærmast alle fullmakter.
Det mest dramatiske dei siste vekene må vere rapporten frå Jamestown i Michigan, der det har blitt fleirtal i ei avstemming for å «definansiere» biblioteket om ikkje LHBT+-bøker for unge vaksne blir fjerna. Det som vil skje, er at …
… kommunen ikkje som før om åra vil søkje tilskot frå eigedomsskatten, noko som vanlegvis utgjer 84 prosent av driftsbudsjettet. Det vil bety stengde dører etter første kvartal. Kombinert med offentlege hatmeldingar har det ført til at både biblioteksjefen og den mellombels tilsette sjefen har valt å slutte.
Men faktisk skjer noko av det same i Sverige. I nettutgåva av Bibliotek i Samhälle skriv Martin Persson frå eit ope møte om tilstandane i enkelte kommunar i Skåne. Her har særleg tilbodet til brukarar av innvandrarspråk vore eit stridstema. Det blei sagt om Sölvesborg, der ytre høgre-partiet Sverigedemokraterna har fleirtal, at partiet forsøker å «genomföra eller testa moderpartiets rikspolitik på lokal nivå». Ein forskar meinte dette er eit døme på «weaponizing», at biblioteket har «kapats för politiska syften». Ikkje ulikt USA, ser det ut til. Lena Lundgren har tidlegare i sommar grundig argumentert på BiS for at slik overstyring av biblioteket er ulovleg. Men at sentrale instansar som SKL (tilsvarande norske KS) og KB (nasjonalbiblioteket) ikkje gjer noko med saka. Ei skjerping av lova må til, seier ho, slik at KB «inte bara ska ”följa upp” utan också kontrollera att biblioteksplanerna följer bibliotekslagen» (kommunale bibliotekplanar er lovpålagde i Sverige, kanskje ingen dum idé?).
Eit par døme til:
I Lafayette i Louisiana er krenke-angsten absolutt. Her får ikkje biblioteket markere med utstillingar eller arrangement noko som helst som kan oppfattast som politisk, etnisk eller religiøst. Det omfattar alle religiøse høgtider og blant anna Pride og Black History Month – og den eigne cajun- og kreolske kulturen!
Og i staten Oklahoma har biblioteka fått ordre om ikkje å bruke ordet «abortion» og ikkje hjelpe lånarar som spør etter bøker om dette emnet.
Men samtidig:
Biblioteket i Brooklyn tilbyr no all ungdom mellom 13 og 21 gratis e-boktilgang til utreinska skeive titlar! Tilbodet gjeld i heile USA.
PS: Ilovelibraries.org følgjer library challenging i USA.
Leave a Reply