VIKTIG bok om bibliotekas for- og framtid

Følgjarar til Internet Archive har ikkje problem med å slå i hel tida. Éin ting er det omfattande innhaldet, nedlastingar heilt frå nettets barndom og mengdar av stoff som seinare er digitalisert. Men IA publiserer også eige materiale om bibliotek, til dømes heldt dei eit webseminar 20. juli med forfattarane av boka The Library – a Fragile History. Historikarane Andrew Pettegree (UK) og Arthur der Weduwen (NL) har skrive ei svært lesbar bibliotekhistorie, der dei altså vågar å fokusere også på institusjonens skøyre sider, om ulike trugsmål mot og åtak på biblioteket gjennom tidene, målretta eller ikkje.

PS: I dag skriv også bibliotekhistorikar Mats Myrstener varmt om denne boka på BiS!

Og dei ser også på notida og framtida. Frå den første «dataalderen» nemner dei, ikkje utan ironi, leiaren for RAND Corporation som i 1979 spådde bibliotekets snarlege død. Og forsøka på å lage bibliotek heilt utan papirbøker. Og sjølvsagt digitaliseringa og spreiinga av kunnskap elektronisk, i regi av ideelle eller kommersielle, med eller utan intensjonar om å konkurrere ut offentlege bibliotek. Men framleis har vi 4,6 millionar bibliotek i verda, og det har kome mange flotte bibliotekbygg dei siste åra, slår dei fast.

Så har vi den nye trenden med biblioteket som møteplass og som møtearrangør. Dette blir hos desse forfattarane utgangspunktet for hovudkonklusjonen – at dei trykte bøkene framleis må og vil vere avgjerande viktige. I sluttkapitlet («Reading Without Boooks») har Pettigree og der Weduwen nokre avsnitt der dei, kanskje betre enn nokon annan, set ord på dei unike eigenskapane både ved boka og biblioteket, og på kvifor dei begge må – og vil – overleve. Bloggaren har fått forfattarane og forlaget si tillating til å omsetje nokre avsnitt til norsk:

«Lat oss førestille oss … ei verd der byen, kommunen og biblioteket berre gav opp bøkene for å skape meir plass til alle dei andre aktivitetane; kurs, gruppemøte, datamaskiner, sosiale tenester. Ville det framleis vere eit bibliotek? Fjern bøkene, og det er vanskeleg å sjå kva som skil desse institusjonane frå andre offentlege samfunnsrom eller offentlege kontor. Dei ville snart miste mange av brukarane sine. For bøker har ein avgjerande eigenskap som skil desse brukarane frå kvar einaste av dei andre gruppene som møtest i bibliotekrommet. Alle som ønskjer det kan bli med i fellesskapen av boklesarar når som helst i livet, og dei kan like gjerne forlate eller seie opp medlemskapen (ein eigenskap biblioteket deler med organisert religionsutøving). Mange bruker biblioteket intensivt i delar av livet – som studentar eller mødrer med små barn – og så kanskje aldri igjen. Dei kan begynne å bruke biblioteket for første gong når dei går av med pensjon.

Dette frivillige, tilfeldige og mellombelse som avgjer leselivet for mange menn og kvinner er svært forskjellig frå det fokuserte formålet til dei som bruker bibliotekbygget til eit møte eller eit kurs. Dei som går gjennom døra til eitt av dei 400 000 folkebiblioteka som opnar på ein gitt dag over heile verda for å lese, låne eller slå opp i bøker, har ikkje nødvendigvis nokre som helst andre interesser, behov eller sosiale eigenskapar til felles. Dei som har felles problem, politiske synspunkt, håp eller ambisjonar vil langt meir sannsynleg ha funne kvarandre andre stader, mest sannsynleg på nettet. Det er bra at biblioteka no har tatt kontakt med slike grupper og gitt dei stader der dei regelmessig kan være saman. Men slike samlingar ekskluderer per definisjon dei som ikkje har denne eine tingen felles.

Gressing (browsing) er nøkkelen til institusjonsbiblioteket sin suksess, og ein viktig skilnad frå personlege samlingar. Etter at digitale miljø begynte å utvikle nye modellar for sal på nett har dei investert mykje i å prøve å kopiere opplevinga av å gresse i eit bibliotek. Resultata er imponerande, for ikkje å seie litt skumle, med tanke på tilrådingar du får, baserte på assosiasjonar både i søkeresultata (“om du kjøpte dette, kan du også like dette”) og den mikro-målretta betalte annonseringa. Men kva om vi vil ha noko anna enn meir av det same? Kva om vi ikkje veit at vi vil ha noko anna, men at det er ein slump som vekker interessene våre? IT-miljøet har heller ikkje funne ein måte å kopiere denne ikkje planlagde situasjonen på, og slett ikkje den taktile rytmen i å vende sidene i ei bok, i å merke seg tidsforløpet og i å gjennomgå ein tekst. For å bli den ideelle brukaren av digitale tenester, må menneska sjølve bli mykje meir robotiserte, føreseielege, innskrenka og ettergjevande.

Det er vanskeleg å ikkje tru at helsa til biblioteket framleis vil vere knytt til helsa til boka. Boka, den fysiske gjenstanden, har vist seg uvanleg motstandsdyktig gjennom hundreåra: å overleve samanbrotet av Romarriket, medieendringa frå manuskript til trykk, reformasjonen og opplysningstida, teppebombing og mange forsøk på å avgrense tilgangen til uønskte tekster. Mange av dei teknologiske kisteberarane som var sende for å fullføre dette løpet har biblioteket i steden følgt til krematoriet; mikrofilmen, CD-ROM-en og no e-lesaren. At boka ganske enkelt er så handgripeleg er eit sentralt element for suksessen, og det same kor allsidig ho er; som handbok, samlingsmerke, leksikon og kjelde til underhaldning. Og biblioteket, som stad og konsept, har delt denne fleksibiliteten».

2 Trackbacks to “VIKTIG bok om bibliotekas for- og framtid”

Leave a Reply

Translate »
%d bloggers like this: