Dette skreiv politisk redaktør Geir Ramnefjell i Dagbladet 27.12., berre éin av svært mange kronikkar og kommentarar dei siste vekene om ChatGPT, for tida einaren på robot-kjendistoppen. Med relativt få ord får han fram dei mest sannsynlege pluss- og minussidene til nyvinninga for eit større publikum.
Men utan å gå i djupet. Nettstaden Khrono er éi kjelde for å bli klokare på dette. Der finn vi blant anna ein polemikk (og starten på ein større debatt?) mellom Petter Bae Brandtzæg – «Kunstig intelligens vil ta jobben frå mange forskarar» – og NHH-professor Tor Wallin Andreassen, som meiner det diametralt motsette.
Andreassen kallar ChatGPT ein «gjetteteknologi», som «kjem til å pumpe ut enorme mengder tekst og informasjon, eller på fagspråk: predikasjonar. Det er nettopp dette som vil føre til stigande etterspurnad etter kunnskapsarbeidarar».
Blant dei etterspurde kunnskapsarbeidarane nemner han ikkje bibliotekarane. Naturleg nok sidan …
… dei (i alle fall i folkebiblioteka) tapte denne kampen alt for tjue år sidan, og då mot ein endå meir mangelfull konkurrent, Google. Då mista bibliotekarane den delen av jobben som gjekk på å svare på alle slags spørsmål frå folk. Folk flest blei sjølvhjelpne (trudde dei).
Då falske nyheiter kom i fokus forsøkte biblioteket seg igjen, men det gjekk ikkje mykje betre.
Bibliotekarane omstilte seg til X-utlån, nokre til innbyggjartorg og/eller vertskap for skaparverkstader og ikkje minst møtearrangørar. Det siste har i alle fall med kunnskap å gjere, men snart kjem vel den kunstige intelligensen til å overta der også.
PS: Bloggaren var innom ein forløpar til ChatGPT alt i 2009, men på ein annan blogg. Då handla det om søkemotoren WolframAlpha, av nokre spådd å bli sjølvaste Google-dreparen. Den gongen snakka vi ikkje om kunstig teknologi, men om «den “semantiske verdsveven”, der vi kan stille spørsmål i naturleg språk og få ”komplette” svar, ikkje berre trefflister som i Google. Svært kort fortalt sankar WA data frå fakta-, statistikkbasar m.m. og set dei saman til nye tabellar, grafar og ”artiklar”».
PS: Sjå fleire bloggpostar om AI – Kunstig intelligens.
Leave a Reply