
Nettstaden Chytomo, som etter eige utsegn er «the largest independent media covering publishing and contemporary literary and cultural processes in Ukraine», har saker og ting å melde frå russiske bibliotek. Så med atterhald om mulege partiske haldningar frå eit okkupert land, her nokre smakebitar:
«Ifølgje ein russisk bokbransjekanal fekk biblioteka i Moskva lister over bøker som skulle fjernast og slettast data til, utan noka offisiell grunngjeving.
Lista omfattar 53 verk av hovudsakeleg utanlandske forfattarar. Blant desse er romanar av Haruki Murakami, Stephen Fry, Antonia Byatt, Jean Genet, Jaume Cabret, Michael Cunningham, Sarah Waters og boka “The Wave” av Todd Strasser om skoleeksperimentet som viser korleis fascismen veks fram i eit samfunn. … Når det gjeld innhaldet i dei fleste av titlane på lista, tyder mykje på at fjerninga skjer fordi dei på ein eller annan måte kjem inn på LHBTQ (IA+) eller fordi forfattarane deira er opne representantar for denne fellesskapen».
Fotoet: Haruki Murakami sine bøker skal no kasserast ved russiske bibliotek. For ikkje berre introduserer han skeive personar i nokre av romanane sine, men han kritiserer Russlands krig mot Ukraina. Ved å lansere ei liste med musikkstykke FOR FRED! Sjå lista med lenker på Youtube. Foto: wakarimasita (CC BY-SA 3.0).
Leave a Reply