Oppsnappa veke 3

SYNTETISKE FOTO. Journalisten skriv om slikt, og er innom redaksjonar som no har utforma politikk for dette: «- Vi skal aldri benytte oss av KI-genererte bilder eller video som fremstår som reelle, uttalte NRKs etikkredaktør Per Arne Kalbakk. … Også Aftenposten har innført lignende interne retningslinjer, omtaler avisa selv tirsdag». Her på bloggen støtter vi oss på lesargruppa sin framifrå kjeldekritiske kompetanse. Illustrasjonen ovanfor kunne ha vore frå eit ukrainsk bibliotek med hol i taket, men er heimelaga med Crayion og kommandoen: «Snow in a library».

MUSIKKBIBLIOTEK ANNO 2023. Strøyming har no lenge vore den dominerande måten å lytte til musikk på, noko som har fått mange bibliotek (men ikkje alle) til å skrote samlingane av CD-ar o.a. Men det finst måtar for bibliotek å formidle strøymt musikk på også. Til dømes har biblioteket i Halden ei speleliste med lokale «nye spotifyutgivelser». Bergen offentlige bibliotek har sett saman p.t. 132 «public playlists». Den ikkje heilt uvesentlege ulempa er at brukarane må vere tingarar av Spotify. Her har trass alt lydboktilbodet i norske bibliotek blitt gratis via eigne appar. PS: Viken fylkesbibliotek ser ut til å vere det einaste norske biblioteket som framleis har denne skiva som, i tillegg til litt Beethoven og dyrelåtar, har vore på veg til Det Ytre Rom sidan 1977 med romskipet Voyager.

LANDETS VIKTIGASTE BOKHYLLE. Forfattaren av eit lesarinnlegg i Morgenbladet har sett statsminister Støre sin nyttårstale, men av ein eller annan grunn blitt meir hekta på bokhylla bak han enn formaningane hans til nasjonen. Og innsendaren blei like lite imponert som av forgjengar Solberg sin bokhyllebakgrunn frå fjor. Han kjem derfor med forslaget: «Hvert år gis det ut masse spennende og viktige bøker i Norge. Hvorfor ikke fylle bokhylla med dem? De vil garantert åpne for spennende samtaler og vekke en bokhylle som fortjener bedre, til live. Så legg bokhylla i statsministerboligen inn under Kultur- og likestillingsdepartementet, og fyll den opp med de samme bøkene som bibliotekene kjøper inn».

Leave a Reply

Translate »
%d bloggers like this: