Støy kan bli eit større problem i Wrocław enn i Bergen. Klikk for større bilete
KOMMUNIKATØR er ifølgje Magasin K ein type bibliotekjobb, i alle fall i Malmö, der fem tilsette har denne tittelen (kanskje heiter det slik ved norske bibliotek også, men i så fall nytt for bloggaren). Dei fem jobbar med moderering og svar på dei 29 kontoane på sosiale medium. Så debatten om bibliotekbruk av Facebook eller ikkje, ser ikkje ut til å gjelde lenger…
ENDÅ EIN MIKS? Demo Linderud i Oslo er «en kombinasjon av basis biblioteksfunksjoner, nærmiljøkontorfunksjoner, og en kulturell møteplass for barn og unge, lokale foreninger, frivillighet og befolkningen for øvrig». Vi har skrive om miksen med innbyggjartorg osv, men dette blir kanskje noko anna? PS: Filialen på Veitvet, nær Linderud (sjå foto frå 1961), blei nedlagd (når? Fyll ut år på lokalhistoriewiki!). Så kom eit kunstnarstyrt «Bok på Veitvet», men som ikkje levde lenge. Bytting av private bøker var ikkje det folk trengte. Og no?
NYTT FRÅ POLEN. Lesing for hund veit vi barn kan ha utbytte av. Men oppslaget i ei lokalavis i Wrocław seier ikkje om dette er bakgrunnen for at biblioteket i byen har opna dørene for kjæledyr. Dei har også laga «hundereglar og vettreglar for hundepassarar og andre besøkande». Ifølgje DeepL, som står for omsettinga, gjeld altså vedtaket kjæledyr, så om det også strøymer på med katt og kaninar … ?
Rapporten der NTNU-bibliotekarane er høgt profilertemed «Data analysis and literature searches».
NTNU-BIBLIOTEKARAR FÅR SKRYT – FOR BIBLIOTEKARBEID! Mens Google, ChatGTP osv. overtar mykje av kunnskapsformidlinga som biblioteka tradisjonelt har stått for, er UH-biblioteka framleis høgt på banen. Vi høyrer berre ikkje så mykje om det. Og Universitetsavisa på NTNU i Trondheim gnir det inn i ei overskrift at det er «et lite kjent tilbud», men følgjer opp med at det «gjør forskning bedre og enklere». Reportasjen bør brukast aktivt av alle med behov for å overtyde (dei mange) bibliotekeigarane med lågt medvit om kva bibliotekarar gjer og om nytta av det svært avanserte arbeidet. Og ikkje minst om kommunikasjonen mellom forskarar og bibliotekarar.
BOKBÅL FØR OG NO På svenske DagensArena skriv Lars Ilshammar om Bokbål som förändrat samhället. Dette konkrete bålet var Luther sitt i 1520, som førte til krig og elende, men som også innleia «den tidigmoderna tiden» med trykkekunsten, vitskapeleg framgang osv. Han minnar også om nyare bokbål, som nazistane sitt i Berlin i 1933, koranbrenningane i vår tid og russiske åtak på ukrainske bibliotek. PS: Han kunne også ha nemnd dei pågåande ukrainske utreinsingane av russiske forfattarar.
Ilshammar er historikar og inntil nyleg nestsjef ved det svenske nasjonalbiblioteket. Fleire vil også hugse han frå seminaret ”Biblioteket – en ljuspunkt?” som vi arrangerte i Stockholm 31. mai, saman med Världsbiblioteket og BiS.
«MOT EN SMALERE OFFENTLIGHET?» er tittelen på ein artikkel i tidsskriftet Gnist av Isak Lekve, sosiolog i De Facto. Utgangspunktet er falske nyheiter eller fakta, ein mykje brukt artikkel-kategori her på bloggen, og eit tema for tallause bibliotekseminar. Men Lekve tillet seg å stille spørsmål ved kjende tiltak mot fenomenet. Konkret blant anna: Faktisk.no.
Han oppsummerer slik: «Faktasjekk forutsetter at kompliserte politiske spørsmål kan besvares med to streker under svaret, det forutsetter en interessefri offentlighet, og det tar ofte utgangspunkt i at ens egne snevre interesser kan generaliseres. Alt er feil. I tillegg bidrar faktasjekk effektivt til å utdefinere standpunkter som illegitime, og slik innskrenke offentligheten og demokratiet – til tross for at nesten alt vi tar for gitt i dag en gang har vært kontroversielt og radikalt».
Dette er gamalt nytt, men ikkje for bloggaren: «Jobbe fra biblioteket». Tru om fleire enn biblioteka på Gol, Hemsedal, Hol, Kongsberg, Nesbyen og Ål har starta med dette etter 2020. Då Viken fylkesbibliotek opna prosjektet «Desentraliserte arbeidsplasser i bibliotek – en pilot for å teste ut bibliotek som fleksible arbeidsplasser». Det heiter at: «På bibliotekene finner du moderne og trivelige lokaler, hjelpsomme ansatte, gratis internett og tilgang til skriver og skanner». Og videoar bak lenka.
«Jeg kan til tider få følelsen av at leselystne, unge gutter er et like sjeldent innslag på bibliotekene som enhjørninger i granskauen». Og vidare, frå Heidi Bøhagen sin reportasje i Periskop frå Nordisk barnebokkonferanse i Stavanger i februar: «Det var derfor ikke overraskende at pågangen var enorm på seminarposten «Gutteleserne». Her skulle deltakerne endelig få se den hellige gral i levende live: Fire gutter fra Sandnes videregående skole som likte å lese. Og ikke nok med det, de skulle fortelle hva de trodde man kunne gjøre for å inspirere flere gutter til å lese. Det var lang kø utenfor auditoriet lenge før programstart, og en stappfull sal da vi endelig begynte. For meg ble dette det mest inspirerende og tankevekkende innslaget på hele konferansen».
Dette handlar ikkje akkurat om sensitivitetslesing, men om kontant utradering av artiklar frå vitskapelege databasar og tidsskrift: Nettstaden Retraction Watch, som følgjer med på og informerer om slike artiklar, har publisert ei liste over Top 10 most highly cited retracted papers. Dei har også ei laaang liste over grunnar til å heilt eller delvis fjerne artiklar. Utgivarane seier ifølgje Wikipedia «at tilbaketrekkingar også gir eit innsyn i vitskapens sjølvkorrigerande natur, kan gi innsikt i døme på vitskapeleg svindel og kan “vere kjelda til gode historier som seier mykje om korleis vitskap blir utført”».
Første side av «brukarkatalogen» til Storelvedalens Almuebibliothek i 1872.
STÅR DU PÅ FØRSTE SIDA I BRUKARKATALOGEN? Tidsskriftet Bok og bibliotek er meir enn eitt papirtidsskrift, i dag kjem dei med ferskt nytt om at NB-avdelinga Bibliotekutvikling råka av datasnoking. «Programvare med vonde intensjonar» lurte seg inn der. «… det som truleg var ein hackar-bot, [hadde] tilgang til administrasjonsgrense- snittet. … NB kan ikkje utelukka at brukarinformasjon er henta ut, … loggane viser at den første sida av brukarkatalogen blei henta fram. Den viser dei 20 første brukarane».
Nyleg åtvara vi på bloggen om at e-innhaldsleverandørar kan få tilgang til lånardata, men hacking kan føre til endå skumlare lekkasjar.
UH-BIBLIOTEKA KUTTA UTUniversitetet i Stavanger skriv om Studiebarometeret, der studentane blir spurde om «hvordan de opplever kvaliteten på studiene sine». Men for 2022 er «spørsmål knyttet til koronapandemien tatt ut. Det samme er spørsmål knyttet til fysisk læringsmiljø, som bibliotektjenester».
FARGEBLYANTAR PÅ BIBLIOTEKET Studentavisa UnderDusken i Trondheim skriv om Redningsaksjon for kjærestegarantien, om korleis universitetsbiblioteket hjelper einsame studentar på valentinsdagen: «Ser du etter venner, velg rød [blyant, eller penn]. Ser du etter romantikk, velg grønn». Og vidare: «Påstanden om at biblioteket er bedre enn Tinder, er riktignok ikke fremmet helt ut av det blå. … de bibliotekansatte på NTNU har god erfaring på dette området. – Vi vet at hvertfall én av de ansatte her fikk kjæreste på et bibliotek for noen år siden». Sjå detaljane i artikkelen.
FAKE PÅ EKTE Khrono.no er seriøst og bra, også om britiske komiseriar. I tv-serien Cunk on Earth møter vi Philomena Cunk, «en ikke-så-veldig-sjarmerende og ganske-så-kunnskapsløs kvinne som har fått jobb som programleder for en serie om den historiske utviklingen av menneskeheten over de siste to og et halvt tusen årene». Men dette er «Fake. På ekte. Altså en mockumentary. Philomena Cunk er så lite bevandret i kunnskapen om noe som helst, og så farget av egne fordommer at hun er en vandrende katastrofe i møte med temaer som krever kunnskap».
Kva ville Bjørnstjerne B. meint om leksefri? Men han er sentral på biblioteket i Moss
LØN FOR STREV? Nyleg i Fagbladet kom statistikken for lønsutviklinga i Noreg. Her ser vi at «Bibliotekarer og andre informasjonsarbeidere» ligg eit stykke bak midten, i lista er dei på side 7 av 12. Men i går på Forskerforum kom detaljar, men med eit atterhald: «Tallene er hentet fra Forskerforbundets medlemsundersøkelse og viser gjennomsnittlig lønnsnivå for forbundets medlemmer i disse stillingene. Statistikken er basert på frivillig innrapportering». Kor mange bibliotekarar er medlem der?
LEKSEFRI OG LESELYSTMoss Avis i dag intervjuar bibliotekarar og lærarar: «– Det er vanskelig å slå fast at det har med leksefri å gjøre. Men i barneavdelingen vokser utlån av gode gamle bøker kraftig». Bibliotekar Marthe Elisabeth Christoffersen «har lagt merke til at også lærere har brukt biblioteket mer i det siste. Men det kan ha en sammenheng med nedstengingen under pandemien å gjøre. – Jeg tror de rett og slett har blitt mer bevisste på hva de ikke kunne gjøre da. Og hvor viktig det er å ta med elevene hit. Mange blir jo tatt med av foreldrene, men så er det også mange som aldri blir det. Det er viktig at skolen viser hvor biblioteket ligger, at det er gratis og at det er for alle».
På Moss kommunes heimeside ser vi at «Alle skolene i Moss er leksefrie fra skolestart i august 2022. … Samtidig er vi som kommune tydelig på at alle former for lesing er viktig for barns utvikling. Forskning viser at lesing, uansett form, kan ha positiv påvirkning for barn og unges utvikling. Vi oppfordrer derfor alle foresatte å legge til rette for at elever leser hjemme hele året. Det kan være å lese bøker/tidsskrifter/tegneserier, høre på lydbok eller bli lest for». (vår utheving)
IS SOMETHING ROTTEN IN THE STATE OF FINLAND? Bok og Bibliotek har denne veka ei interessant sak om europeisk bibliotekstatistikk: «Finland spends six times as much as Germany on public libraries». Byråkraten som blir intervjua er rimeleg nøgd: «Library statistics show a slight increase from 2010 to 2021». Men nyleg fann vi ein artikkel i Hufvudstadsbladet med statistikkar der både utlån og bruk går dramatisk ned. Så kva er eigentleg stoda i Finland i dag?
SYNTETISKE FOTO. Journalisten skriv om slikt, og er innom redaksjonar som no har utforma politikk for dette: «- Vi skal aldri benytte oss av KI-genererte bilder eller video som fremstår som reelle, uttalte NRKs etikkredaktør Per Arne Kalbakk. … Også Aftenposten har innført lignende interne retningslinjer, omtaler avisa selv tirsdag». Her på bloggen støtter vi oss på lesargruppa sin framifrå kjeldekritiske kompetanse. Illustrasjonen ovanfor kunne ha vore frå eit ukrainsk bibliotek med hol i taket, men er heimelaga med Crayion og kommandoen: «Snow in a library».
MUSIKKBIBLIOTEK ANNO 2023. Strøyming har no lenge vore den dominerande måten å lytte til musikk på, noko som har fått mange bibliotek (men ikkje alle) til å skrote samlingane av CD-ar o.a. Men det finst måtar for bibliotek å formidle strøymt musikk på også. Til dømes har biblioteket i Halden ei speleliste med lokale «nye spotifyutgivelser». Bergen offentlige bibliotek har sett saman p.t. 132 «public playlists». Den ikkje heilt uvesentlege ulempa er at brukarane må vere tingarar av Spotify. Her har trass alt lydboktilbodet i norske bibliotek blitt gratis via eigne appar. PS: Viken fylkesbibliotek ser ut til å vere det einaste norske biblioteket som framleis har denne skiva som, i tillegg til litt Beethoven og dyrelåtar, har vore på veg til Det Ytre Rom sidan 1977 med romskipet Voyager.
LANDETS VIKTIGASTE BOKHYLLE. Forfattaren av eit lesarinnlegg i Morgenbladet har sett statsminister Støre sin nyttårstale, men av ein eller annan grunn blitt meir hekta på bokhylla bak han enn formaningane hans til nasjonen. Og innsendaren blei like lite imponert som av forgjengar Solberg sin bokhyllebakgrunn frå fjor. Han kjem derfor med forslaget: «Hvert år gis det ut masse spennende og viktige bøker i Norge. Hvorfor ikke fylle bokhylla med dem? De vil garantert åpne for spennende samtaler og vekke en bokhylle som fortjener bedre, til live. Så legg bokhylla i statsministerboligen inn under Kultur- og likestillingsdepartementet, og fyll den opp med de samme bøkene som bibliotekene kjøper inn».
Operasjonsbord for hest, ifølgje Karl Bernhard Schjoll, 1902.
IKKJE PÅ NB.NO, ENNO. Internet Archive har ein god del norsk materiale. Noko av dette har NB ikkje, blant anna denne: Vore husdyr : praktisk dyrlægebog av Karl Bernhard Schjoll. Utgitt i Chicago i 1902. Men NB skal jo ha alt på norsk språk, så no kan dei frå IA laste ned boka i 12 ulike format! Og lytte til. Sjølv om du lågt tempo blir opplesinga på amerikansk-engelsk uforståeleg, men på svensk blir det litt betre. Norsk stemme har dei ikkje. Boka blei faktisk trykt opp i USA i 2016, både innbunden og i mjukband. Så du kan kjøpe henne på Amazon. Dei skriv at boka «has been selected by scholars as being culturally important, and is part of the knowledge base of civilization as we know it».
DIGITALISERING MOT RASERING. Euronews.com skriv om digitaliseringa som no skjer i høgt tempo ved arkiv i Ukraina, for å kunne sikre i alle fall tekstane i dokumenta. Alle originalane flyttar dei no ned i sikringsarkiv som skal tole brann og bomber. Ut frå kva Putin seier om Ukrainas historie (at landet berre er eit påfunn av den polske eliten for halvtanna hundre år sidan), vil han sikkert, om/når han får kontrollen på materialet, luke ut eitt og anna…
KVA ER ÅTTE KRONER. I leiarartikkelen i Agderposten 6. november handlar det om nedskjeringane på biblioteket i Arendal på 2 millionar dei siste tre åra, som blant anna betyr to stillinger færre. og bortfall av tidligere inntekter. Denne samanlikninga likte vi: «Til innkjøp av analoge bøker har biblioteket tilgjengelig åtte kroner per innbygger. Det skal holde til både voksenbøker, barnebøker og fagbøker. Åtte kroner! Til sammenligning kostet siste nummer av Se og Hør 59 kroner».
ARBEIDSPLASSBIBLIOTEK. Dette var ei rørsle her i landet for ein generasjon sidan og lenger tilbake, og forsøkt oppfriska gjennom eit prosjekt i 1986-87. Rundt tjue år seinere var det optimisme rundt tre transportarbeidarbibliotek, men då prosjektpengane tok slutt, gjekk det som det ofte går… Men i Sverige er dette oppe og går i større omfang. Årets arbetsplatsbibliotek er, ifølgje Sveriges Radio, i Borås, på verksemda Ellos.
POPULÆRT ÅRSSTUDIUM. Khrono.no skriv om oppmøte ved studiestart, og her er OsloMet sine bibliotekstudium nær toppen av statistikken: «Ved årsstudiet har det møtt opp 27 studenter til 10 plasser, 2,7 studenter per plass, ved bachelorutdanningen er det 148 studenter til 120 planlagte studieplasser, 1,23 frammøtte per studieplass». Insituttleiar Tor Arne Dahl seier at årsstudiet «er et veldig populært fag med høyt kvalifiserte søkere. Her ser vi ofte at det kommer erfarne studenter som samler studiepoeng for å gå rett videre til master. Vi ser også flere fortsetter på bachelor etter det første året, da årsstudiet følger undervisningen i førsteår på bachelorutdanningen».
KØ VED PRINTEREN. Også på Khrono.no: «Vi ønsker pensum i papirformat». Éitt lesarinnlegg er ikkje prov på noko som helst, men studenten lyg vel ikkje direkte her: «Seminarlederen vår ble svært overrasket over vårt engasjement rundt papirbøker, og spurte om vi opplevde at det var konsensus blant studentene på Universitetet i Bergen at papirbøker er foretrukne fremfor digitale bøker. Hun ble møtt med et rungende «Ja!».
LØYSINGSORIENTERT. For første gong siterer vi VVS-Forum: «Hundrevis av skolebygg har alvorlige mangler i anleggene som skal sørge for god inneluft. Ved Tromsdalen skole måtte man rydde bort skolebiblioteket for å få en SFO-avdeling med forsvarlig inneklima» …
Ifølgje Wikipedia er det giftig grønfarge i Woman Embroidering av Georg Friedrich Kersting (1812)
ALL THAT JAZZ. Nasjonalbiblioteket overgår seg sjølv heile tida med spennande utstillingar og arrangement. No handlar det om musikkjournalisten Randi Hultin. Opningsarrangement 10. november for fysisk utstilling, digital utstilling av fotografi ho tok, og bok kjem det også. Underteikna si, ikkje face-to-face, men ganske spesielle Randi Hultin-oppleving står det om lengst nede i denne bloggposten.
DEI GIFTIGE BØKENE. Ein blogg til kunnskap, men ofte også glede er Ebla to E-Books av Kathleen McCook (også kjend frå arrangementet vårt i Stocholm i mai). Direkte glede skaper rett nok ikkje fortellinga om den giftige grønfargen som blei vanleg på bokband frå rundt 1800. Fleire nye fargestoff på denne tida inneheldt arsenikk, og særleg ein av desse, Scheele’s Green, blei populær. Han var billeg å produsere, heldt seg bra og gjorde seg godt estetisk. Men mange med stort forbruk av dette grøne døydde, og mot slutten av Viktoriatida førte dette til at grønt generelt blei lite brukt.
TWITTER, FACEBOOK OG BIBLIOTEKET. Vi har tidlegare problematisert den omfattande bruken av Facebook for å nå brukarane. Og no kjem Twitter/Elon Musk-debatten for fullt. Men finnest det alternativ? Til valkampen i Danmark laga kulturnettstaden SøndagAften eit eige valprogram. Der heiter det i punkt 12: «Rundt omkring eksperimenteres med lokalt funderede alternativer til Facebook. Ingen er flyvefærdige, men PubHubs, Mastodon og Friendica forsøger sig frem. Understøttes sådanne forsøg af et dansk biblioteksvæsen, kan vi både påvirke og udvikle. Bibliotekstanken er i princippet open source – længe før begrebet blev opfundet. Bibliotekerne kan fascilitere og formidle de lokale samtaler».
SKRIVEDUGNAD for Kongressbiblioteket. Prosjektet heiter By The People og handlar om å tyde og taste inn handskrivne brev og dokument så dei kan bli søk- og lesbare for historikarar og andre interesserte. Arbeidet blir typisk konsentrert om avgrensa prosjekt, til dømes dei etterlatne dokumenta etter borgarretssaktivisten Rosa Parks.
BOKLOVA. Du kan påverke boklova, seier den nye redaktøren av Bok og bibliotek, Arne Olav Hageberg, på nettsida til bladet: «Innrettinga på boklova vil til dømes kunna påverka kva som er mogleg å få til framover når det gjeld formidling av lydbøker i bibliotek». Eit tema vi også har skrive ein god del om her på bloggen.
BIBLIOTEK =VARMESTOVE. Cilip, det britiske bibliotekdirektoratet, på eit vis, har laga ei rettleing for bibliotek når dei skal opne for bustadlause og andre som går i fare for å fryse. Fleire hundre tusen husstandar på øya vil måtte velje mellom «heating and eating», heiter det. For mange bibliotek er ikkje dette noko nytt, og rettleiinga inneheld «best practise» frå nokre av desse. Dette kan også bli ein realitet her i landet. Bibliotekaktivisten og twittraren @wylie_alan kommenterer ironisk: «Poor people who can’t afford to turn their heating on, sitting in Public Libraries that can’t afford to turn their heating on, run by Library Workers who can’t afford to turn their heating on is the new levelling up vibe».
NYTT DEBATTBIBLIOTEK PÅ KARL JOHAN. Uniforum skriv om at UiO «Åpner ny debattarena». Det handlar om det restaurerte Domus Bibliotheca på vestsida av Universitetsplassen i Oslo sentrum. Dei har fått seg skreddarsydde lokale for møteverksemd og skal der vidareføre debattserien «Ubehagelige samtaler».
MEDIENORGE kan bibliotekarar gjerne følgje med på. I bakgrunnen lurer Institutt for informasjons- og medievitenskap ved UiBergen. Oppslaga per 3. oktober 2022 handlar mest om aviser, men også nytt frå bokbransjen. Statistikk er viktig for dei, også bibliotekstatistikk saman med mykje om bokbransjen.
STALINS bibliotek og lesevanar. I Vagant nr 2 omtaler Johanne Elster Hanson boka Stalin’s Library: A Dictator and his Books av Geoffrey Roberts. Diktatoren var ein ivrig lesar med mange kommentarar i margane, men som verken «førte til mer humanitet eller militær klokskap». Paranoiaen hans retta seg ikkje berre mot politiske fiendar men «for eksempel “en vaskedame som gjør rent rommene, eller en bibliotekar som besøker leiligheten under dekke av å skulle sette i stand bøkene”». Han hadde eit eige klassifikasjonssystem for dei 25 000 bøkene i det tretti kvadratmeter store biblioteket. Der han også døydde.
Fenomenet BOKBAD. Dette vanlegaste norske ordet for «levande» forfattarintervju byggjer på NRK-serien Bokbadet frå scena Rockefeller i det tidlegare Torggata bad i Oslo (også påtenkt som nytt hovudbibliotek rundt 1988). NRK ønska i alle fall tidlegare å nekte bibliotek o.l. å bruke ordet om eigne arrangement, men om dei skulle gå til sak, kan ein no vise til artikkelen «Kultur og sundhed – et mangfoldigt felt»: «Askelepion-templet Epidauros fra ca. 500 f.Kr. … bestod af et idræts- og badeanlæg, en koncertsal, et bibliotek, en festsal samt et stort amfiteater. Med denne holistiske tilgang kunne man som en del af et behandlingsophold få stimuleret sanserne ved at lytte til musik, ved at bade og udøve fysiske aktiviteter, ved at læse litteratur og opleve teater og ved at betragte udsmykningen på bygningerne».
Bibliotekarane som ikkje les. Biblioteksbladets redaktør: «Det talas mycket om bibliotekens viktiga roll för att främja läsandet i Sverige. Men bibliotekspersonalen ges ingen eller väldigt lite tid för egen läsning. Och allra konstigast är att de inte ens pratar om det själva». Nokre som kjenner seg igjen?
Boklova og samfunnsansvaret. Høgst lesbar gjennomgang av norsk forlagshistorie av Erik Rudeng i Aftenposten. Så til 2022: «Nyliberalistisk tankegods har sådd skepsis til regulering av bokmarkedet. Samtidig har finansielle aktører kastet seg inn i oppkjøp av bestselgerforfatterskap i håp om høye gevinster. Imens krever teknologiske og markedsmessige strukturendringer forståelig nok massiv oppmerksomhet i forlagsledelsene. Lovutkastet tar sikte på å fremme faste og forutsigbare forhold i bransjen og å begrense tilløp til spekulasjonsøkonomi. Bokloven vil neppe kunne forsvares hvis ikke de største forlagene søker å reaktivere sitt samfunnsoppdrag og sin samfunnsmessige kompetanse».
Geriljabibliotek! Studentavisa Universitas ved UiO skriv om ei gruppe studentar ved Økonomisk institutt, tilslutta Rethinking Economics Blindern, som har gått saman om ei alternativ pensumliste. Ingen frå biblioteket er intervjua, men vi vil jo tru at studentane har dei alternative titlane sine frå ein stad, til dømes biblioteket… Bloggaren har ikkje gløymt at for 1976-kullet på dåverande Statens bibliotekskole var alternative kollokviegrupper i studentregi vel så godt besøkte som forelesingane …
Planar om bibliotektur til Helsingfors? Då handlar det sjølvsagt om Ode, men dette nye hovudbiblioteket er ikkje fantastisk – berre. Lena Lundgren har vore der for Bibliotek i samhälle (BiS) og skriv: «Jag hittade inga tecken på inflytande eller medverkan av barn i form av boktips, utställningar, projekt eller bokklubbar». Og: «Medierna spelar en mindre roll, medan mötes-, upplevelse- och aktivitetsfunktionaliteterna framstår som de viktigaste». To ungar som Hufvudstadsbladet har snakka med på eit anna bibliotek i byen, seier rett ut: «På Ode är det färre böcker och mer annan slags service, men här finns många böcker, speciellt barnböcker». Dei snakkar om det 140 år gamle/unge Richardsgatans bibliotek, « … den första byggnad i Norden som byggts för att vara bibliotek». Ei estetisk nyting også. Bloggaren var der i 2001.
Informasjonsflaumen. I Klassekampen 1. september skriv Roar Høstaker om informasjonskrisa. Utgangspunktet er Tor Åge Bringsværds novelle, «Mannen som samlet på 1. september 1972» frå 1974. Om ein mann som ville ha oversikt over alt, men berre makta denne éine datoen, i form av avisklipp i store mengder. Så tar Høstaker føre seg den digitale ettertida, med stikkord som blant anna Vannevar Bush og hans Memex, J.C.R. Licklider og Borges. Og så Googles Pagerank osv osv. Lesbart.
Bibliotekarisk slendrian. Han fekk i alle fall ein stein reist etter seg, den ukjende mannen som i Goldfield, Nevada, USA, i 1908, utsvolten, åt eit glass med «library paste». Det må vel vere lim for reparasjon av bokryggar og slikt. Moralen er, held alltid slike remedium innlåste og varsku HMS-ansvarleg.
Leselysteleg. Spinoff frå Sølvberget: «Klassikerlørdag med litteraturprofessor Tone Selboe, som tar for seg lesingens vesen, med en rekke eksempler som gir garantert leselyst. Opptak fra foredrag på Sølvberget i februar 2019».
Høgare utdanning etter koronaen: Debatt i dag om digital versus fysisk undervisning på Khrono.no: «Førsteamanuensis Oddveig Storstad droppet all digital undervisning etter pandemien og mener det gjør undervisningen bedre. Pedagogikk-nettverk frykter at akademia går for raskt tilbake til slik det var før». Helge Høivik ved OsloMet skuldar i kommentarfeltet på «krisedigitalisering 2020-22».
Bilateralt bibliotek. I småbyen Stanstead i Quebec, Canada, som faktisk henger saman med Derby Line, Vermont, USA, går nasjonsgrensa tvers gjennom det lokale biblioteket (sjå foto nummer to frå toppen).
Bra bibliotekblekker. Den aktive svenske bibliotekbloggaren Peter Alsbjer har planar om pensjonering og vil no dele ressursane han bruker med lesarane sine. Ein nyleg bloggpost har tittelen «Omvärldsbevakning: 18 vetenskapliga bibliotekstidskrifter (Open Access)». Underteikna repliserer med ein solid blogroll, sjå lengst nede her på sida, til høgre.
Sommarmodus framleis i bloggredaksjonen, og det kjem inn småplukk som vi kanskje ikkje ville publisert når det haustlege alvoret trengjer seg på. Som dette med underjordiske krigsbibliotek, norske småbybibliotek som turistmål og nyord i biblioteknorsk.