Filantropi og bibliotek – då og no

«Andrew Carnegies filantropi», karikatur i magasinet Puck av Louis Dalrymple, 1903. Offentleg eigedom, Wikimedia.

Bloggaren, eigentleg ex-bloggaren, hadde fredag dette lesarinnlegget i Klassekampen, ein liten replikk til ei heilside av ein av avisas aller tyngste økonomi-skribentar:

“Økonomiprofessor Erik S. Reinert forsvarer filantropi i Klassekampen 23. august: “… uten dem hadde verden vært et litt mindre åpent sted”. Ja, kanskje “litt”, men likevel ein replikk når det gjeld magnaten Carnegie sitt “viktigste prosjekt” for drygt hundre år sidan; oppføringa av “2.509 biblioteker – med flott og varierende arkitektur”: 

Etter at eit av desse blei opna i Atlanta i 1902, gjekk det 19 år før dei fekk på plass eit for dei farga i byen. Eitt anna blei opna i stålbyen Braddock, Pennsylvania, i 1888, men ifølgje historikaren Paul Krause, var det først etter at Carnegie hadde knust fagforeininga ved stålverket ved hjelp av steikebrytarar og vaktselskapet Pinkerton. Han gjorde det ved å gi “dei angrande arbeidarane sine eit bibliotek og kalle det eit monument over samarbeidet sitt med dei”. Kjelde: “Confronting the Democratic Discourse of Librarianship – A Marxist Approach” av Sam Popowich, 2019” (mi omsetting).

Kort og godt, synast no eg, sjølv om eg lar Reinert få siste ordet. Han seier jo ikkje imot meg.

Men dette er eit høve til å utdjupe eit interessant tema. Og i fleire retningar:

Først historisk. Aller først handla bøker og lesing for allmenta om religiøs fostring og, dermed, demping av tendensar til opprør. Seinare, i opplysingstida og samtidig industrialismen, blei motiva klart meir pragmatiske. Filantropi i Noreg på 17- og 1800-talet blir gjerne framstilt som genuin omsorg for fattige, mens det også låg bak eit sterkt behov for auka fagkunnskap for å fremje produksjonslivet – og profitt. 

Geir Vestheim og Erling Annaniassen skriv i “Bok over land” (1999): 

“… de første folkebibliotekene eller allmuebibliotekene [ble] stiftet av rikfolk eller embetsmenn. Pionerene var opplysningsmenn og filantroper, velgjørere som hadde en idealistisk innstilling til opplysning og kunnskap, men de hadde også standsinteresser å ivareta: Dersom man sørget for at folket fikk den rette kunnskapen, dvs. den kunnskapen som de privilegerte definerte som rett og god, ville folket holde seg på plass og ikke stille spørsmål ved den maktposisjonen som de styrende hadde. Opplysningsfilantropenes holdning var paternalistisk – faderlig velgjørende – og folket ble sett på som uskyldige barn med tomme hjerner som måtte fylles med kunnskap og moral. Dette var opplysning for og over folket – ikke ved folket. I virkeligheten dreide seg om å ha kontroll over kunnskap og moral som et ideologisk maktmiddel”. 

Så overtok arbeidarklassen og vanleg folk initiativet utover 1900-talet, og bibliotek blei eit offentleg ansvar. 

Utsnitt: Adbar/Wikipedia. (CC BY-SA 3.0)

Men likevel er det ikkje slutt på filantropiens klamme hand over bibliotekfeltet. Faktisk har dette eskalert dei siste åra, men no på høgaste nivå, i den internasjonale organisasjonen vår, IFLA. Særleg Mikael Böök har her på bloggen skrive om korleis ein av notidas Carnegie-ar, Bill och Melinda Gates (GMBF), har klart å “kome innanfor” hovudkvarteret til IFLA i Haag. Såpass at dei no står for 60% av økonomien til organisasjonen. Böök oppsummerte for tre år sidan

“Det är inte fel att ta emot pengar av Bill och Melinda Gates stiftelse för att finansiera goda biblioteksprojekt i olika länder med sikte på hållbara samhällen. Problemet är hur IFLA (eller enskilda biblioteksföreningar eller bibliotek) ska bevara sin självständighet i förhållande till bidragsgivaren”. 

Det er sjølvsagt grunn til å frykte kopling til Gates sine nesten monopolistiske IT-verksemder, sjølv om han i dag ikkje lenger har detaljstyring av dei. Vi har sett at i Kenya har dei etablert “Microsoft IT Academies” i folkebiblioteka sine, der tilsette får kurs i bruk av Microsoft sin Office-programvare og operativsystemet Windows.  

Men Böök er i eit blogginnlegg på engelsk også uroleg for Gates sin allmenne samfunnsmakt gjennom filantropien sin: “The BMGF´s philanthropic contribution to the library field is of course small potatoes compared to its investments in the pharmaceutical industry, the mining industry and other important industries. The BMGF is also currently one of the largest funders of the World Health Organization. Here we are not talking about a meager million (compare the grants to IFLA) but about hundreds of millions. Thus, the Gates Foundation contributed $ 629 million, more than 14%, of the WHO’s entire budget in 2017 – something to keep in mind in these corona times”.

Det konkrete frå Gates si side handlar om SIGL, ei stifting spesielt knytt til IFLA. Denne er i dag blitt nærmast ukontroversiell, ikkje berre for IFLA-leiinga, men også, ser det ut til, for storparten av medlemmane og bibliotekmiljøet generelt. I alle fall har det vore lite kritikk. Og tidlegare i månaden køyrde IFLA-leiinga SIGL-samarbeidet offensivt fram før årets WLIC-konferanse i Rotterdam, jamfør dette utspelet med slike formuleringar som “… through the generosity of the Gates Foundation and close cooperation with SIGL, IFLA has been able to develop unique and high-impact tools such as…”. osv. 

Men kor mykje kjem det ut av det, og kva kan følgjene bli? Hadde biblioteket vore eit større fagfelt, ville samfunnsforskarar interessert seg for dette og jobba fram uavhengige analysar.

I eit intervju med eit tysk bibliotektidsskrift heiter det om IFLA-president Lison (mi omsetting): Ho “… bagatelliserer … den 60% sterke økonomiske bindinga Gates + IFLA gjennom SIGL med slikt som at stiftinga «blei oppretta spesifikt ikkje for å støtte IFLA, men for å støtte Global Library Field generelt. Det er andre globale bibliotekarorganisasjonar som gjer godt for biblioteka. Desse organisasjonene kan teoretisk finansierast av SIGL på same måte som IFLA». 

Så velkomne, NBF & co, også?

Eit godt lesetips, sjølv om boka er åtte år gamal

PS: 

SIGL blei også eit element i den mangefasetterte IFLA-skandalen. Mens Gerald Leitner etter sterkt ytre press fekk sparken som generalsekretær i IFLA, fekk han halde fram som GS i SIGL. 

Leitner var utan tvil “Gates’ mann” i IFLA. Ifølgje eit intervju med Leitner i Biblioteksbladet i 2018 er Gates og SIGL ein “game changer” for heile bibliotekfeltet.

I intervjuet med Lison, sjå ovanfor, meinte ho “det er problemfritt at Leitner held fram som … GS for Bill Gates-stiftinga SIGL, til skilnad frå den førre IFLA-presidenten Christine Mackenzie, som nyleg trekte seg frå dette styret

Leave a Reply